fredag 25. september 2009

Ord blir fattige

Her skulle det vore eit innlegg om cupfinale. Om siger. Om glede, og tårer og skjelvande bein.

Men.

Eg har rett og slett ikkje ord som beskriv kjenslene. Kan berre tenkje meg at no veit eg korleis det er når nokon ringer å seier at du har vunne 4,7 millionar i Lotto.

VI SKAL TIL ULLEVÅL!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

onsdag 23. september 2009

Mageknip

Eg har mageknip. Skikkeleg mageknip. Ikkje den typen som gjer at du står dobbel, meir som ei konstant murring. Graving. Kiling. Eg prøvar å trekkje pusten djupt, men det hjelp berre der og då. Like etter er eg tilbake der eg starta; knip, murring, graving.

Det er ikkje noko eg har ete. Det er ikkje eit virus. Det er ikkje fordi eg er forelska, eller fordi eg må ta ein vanskeleg telefon på jobb i morgon.

Eg har ein date.

Ikkje med ein mann, men med 11. 11 menn i oransje skjorter og blå shorts. 11 menn som spring etter ein fotball, og febrilsk prøver å halde den unna dei andre 11 i svart og kvitt. Og skulle dei oransje miste ballen, miste kontrollen, tape kampen. Ja, då er det ikkje poeng det står om.

Dette er cup. Semifinale. Vinn eller forsvinn.

På denne tida i morgon veit eg. Då veit eg om det blir cupfinale i godstolen, godt tilbakelent med nervane i sjakk. Eller om det blir eit rotterace etter flybillettar, eller togbillettar, eller bussbillettar og ikkje minst finalebillettar. Om søndag 9. november berre blir ein søndag som alle andre, eller om eg kanskje kjem til å sitje på Ullevål for fyrste gong i mitt liv, og heie fram mitt lag til siger. Og sjå mine gutar løfte pokalen... eller sitje oppløyst i tårer. Knust. Over ein fotballkamp.

Det kan ikkje forklarast, ikkje illustrerast. Det må opplevast. Denne kjensla av at akkurat no heng ALT i verda på dei 90 minutta (+ evt ekstraomgangar) du skal oppleve. Du veit det er krig i verda, du veit folk svelt. Du veit at midt oppi alt så er fotball kanskje det minst viktige av alt.

Du berre bryr deg ikkje.

Molde gjekk til finalen i dag, etter ein kamp som vart berre verre og verre å sjå på. Tippar Andreas Nordvik søv dårleg i natt. Tippar Kjell Jonevret ikkje søv i det heile tatt. Tippar at Molde by står på pinne.

Håpar at vi får oppleve det same.

Men er livredd for å tru.

Det verste du kan gjere i fotball er å tru. Håpe, ja. Be til den guden du trur på; heilt klart. Men faktisk tru at noko er mogeleg... kanskje for dei som held med Rosenborg eller Molde. Men ikkje for oss i andre enden av tabellen. Vi startar kvar sesong, klokkeklar i trua på at NO. NO tek vi steget opp frå myra, opp frå nedrykksstrid. Opp frå sumpa i norsk fotball. Om ikkje anna så til trygg grunn og midten av tabellen.

Vi får skjeldan rett. Nokre oppturar, mange nedturar. Heldigvis er nokre av oppturane så store at dei gir oss styrke igjennom nedturane.

I morgon er ein slik opptur.

Berre det å vere i semifinalen er ein siger. Kampen mot Stabæk var kanskje noko av det beste eg har vore med på på CLS. Men det er langt ned att. For semifinale er så nær du kan kome. Å tape denne blir som å bli stemt ut av 71º Nord i siste program før finalen, eller å ha 9 rette i Tipping. Du er der nesten. Men du er så uendeleg langt unna.

Likevel, i morgon stiller eg. Stolt, oransje&blå. Med sjerf. Drakt. Fleecejakke. Stilongs. Lykkesokkar. Og nypussa songstemme.

Og om ikkje med tru, så i alle fall håp.

Og kjærleik.


... Aalesund. 11 stolte kara, ofra alt på bana. Vi ELSKA Aalesund...