søndag 24. januar 2010

Henført

Eg skjøner ikkje heilt kvifor eg utsett meg for det. Eg veit korleis det ender, kvar gong. Men, nokon ting her i livet kan ein ikkje seie 'nei' til, sjølv om ein veit det er til eins eige beste. Og så akkurat i dag. Akkurat midtvegs i ei kjærleikshistorie som hadde fått terningkast ein i VG, men som er akkurat slik eg elsker dei.

Var det verkeleg så lurt å sjå New Moon to timar etter at eg blei ferdig med bok to i Vampire Diaries-serien?

Eg veit ikkje kva det er med desse historiene... eller, det veit eg. I Twilight og i Vampire Diaries. Eg veit akkurat kva det er. Og det er ikkje berre vampyrane.
Edward, med sin uendelege melankoli og sitt dårlege samvit (eg hadde klikka lenge før Bella gjer), sine bronsefarga krøller og glitrande hud.
Eller Stefan, som Edward, knust av si eiga skjebene, men med eit lite håp om å leve som alle andre, uendeleg vakker og uendeleg trist.
Begge to sett ut av spel av kjærleik. Begge to fast bestemt på å leve livet sitt i skuggen, usynleg, som ein statist mellom resten av oss. Heilt til ho dukkar opp. Jenta som snur alt på hovudet, jenta som får det til å gå rundt for dei. Jenta dei ikkje kan motstå, på meir enn ein måte...

Og der ligg det. Denne kjærleiken, denne uendelege kjærleiken som overvinn både onskap og instinkt. "You won't hurt me. You can't." Og det er sant. Dei kan ikkje, vil ikkje. Dei finn styrka til å motstå det som fell dei mest naturleg. Og alt på grunn av kjærleik.

Eg har ingen problem med å innrømme det; eg er romantiker. Realist, ja visst. Men romantiker likevel. Eg veit at prinsen ikkje kjem til å kome ridande på den kvite hesten sin, eller i den sølvgrå Volvo C30'n sin. Eg veit at det som verker for godt til å vere sant ofte er det. Eg veit jo alt dette så innmari godt. Men kven i allverda har bestemt at det ikkje er lov å drøyme?

Mange ler av oss Twilight-elskarane. Vi som sluker kvar ord frå Edward Cullen sine lepper med henførte sukk og blanke auge. Dei gjer narr av den fanfiction-aktige skrivinga, og av ein eller annan grunn har dei hengt seg noko voldsomt opp i at Cullen-vampyrane glitrer.

Dei har verkeleg ikkje skjønt eit fnugg.

Det er då ikkje det at vi for alvor går rundt å trur at livet er slik. Hadde livet vore slik, hadde dei fleste kjærleiksforhold vore ein tornado av kjensler som ein må bruke 3 sider på å beskrive, då hadde vi ikkje hatt bruk for Twilight. Eller Vampire Diaries. Eller fanfiction. Robert Pattinson hadde framleis berre vore "han som speler Cedric i Goblet of Fire", og Ian Sommerhalder hadde framleis berre vore Boone frå LOST.
Og eg er 100% einig; vampyrar glitrer ikkje i sola. Dei går opp i flammer. Så enkelt er det. Men dette har absolutt ingenting med saka å gjere. Vampyrane er berre det som gjer desse historiene litt ekstra spanande. Høg, mørk, mystisk og med ein forferdeleg løyndom...

Det er KJÆRLEIKSHISTORIA! Det er den som tel! No kan eg rett nok berre svare for meg sjølv, men eg er ganske sikker på at eg ikkje er den einaste i verda som rømmer inn i fantasien, på jakt etter det eg sjølv ikkje har funne enda. Når Edward ser på Bella med triste, bronsefarga auge og seier "you are my life now"... då smelter eg. Det er så enkelt. I to timar i ein kinosal kan eg sitje der, augene klistra til skjermen, og late som det er så enkelt. At du kan kaste eit blikk på nokon ein gong, og berre vite. Og at når du veit, då er det ingenting som kan stå i vegen. Ikkje vampyrar, ikkje varulvar, ikkje noko.

Du kjem fort nok til deg sjølv at når lysa kjem på, rulleteksten startar og den verkelege verda kryp tilbake til deg.

torsdag 21. januar 2010

Latskaps-blogging

1. Start iTunes
2. Sett den på 'random'
3. Skriv ned dei 2o fyrste songane du får (jukser du lurer du berre deg sjølv)

1. Robert Downey Jr - The Futurist
2. Christian Waltz - Wonderchild
3. Wicked - What is this feeling?
4. Gitarkameratene - Heksedans / Bysommer / Vippetangen Konditori / Levende Lyd
5. Øystein Sunde - Møte seg sjøl i døra
6. Paolo Nutini - Pencil full of lead
7. Midio - Complice (San Marion ESC 2008)
8. Hos fru Eneberg på Torget (jul i skomakergata)
9. Renè Froger - To make my life beautiful
10. Ole Edward Antonsen - Men går jag över engarna
11. Manic Street Preacher - The masses against the classes
12. Secret Garden - Sortie
13. Jan Werner Danielsen - Mitt hjerte alltid vanker
14. Josh Groban - Gira con mequesta notte
15. Kaizers Orchestra - Blitzregn baby
16. Dean Martin - How sweet it is
17. Vamp - Tir N'a noir
18. Roger Cicero - Frauen regier'n die Welt (Tyskland ESC 2007)
19. Green Day - See the ligh
20. Jason Donovan - Sealed with a kiss

... på tide å rydde vekk julemusikken, trur eg...

lørdag 16. januar 2010

MGP 2 - skikkelig blogg

Eg har liksom ikkje kome i gong med MGP-blogging i år. Forrige veke hadde eg faktisk besøk under MGP, trass at ingen eg kjenner er spesiellt glad i konseptet. Men eg hadde i alle fall selskap då eg såg det, og dette døyva trongen til å blogge. For kva er vel MGP, om ikkje ein sjanse for folk å meine akkurat det dei vil om ein haug med melodiar, kjolar, koreografi o.l utan nokon bakgrunn for det. Elsk eller hat, er det ikkje det som er morroa med MGP?

Sjølv elsker eg MGP. Og ESC. Heilt sidan eg var 8 år, og fekk sete oppe å sjå alle sangane i Roma i 1991, har eg vore spikra framfor skjermen kvart år. Eg hugser enno at den fyrste MGP-favoritten min var Kjetil Stokkan sin Brandenburger Tor frå 1990. Og sidan har det går slag i slag. Og eg har vore like indignert kvar gong vi ikkje har vunne når ein av favorittane mine har vore med.

Første gong eg verkeleg hadde trua på ein norsk MGP-vinnar var i 2001. Då sendte vi Haldor Lægreid med On My Own. For den som ikkje hugser korleis det gjekk, fekk vi 3 poeng av Portugal og måtte dele sisteplassen med Island. Gedigen nedtur for underteikna. Og Haldor Lægreid forsvann frå... nei, la oss vere ærlege; Haldor Lægreid vart mobba ut av rampelyset. Avisframsidene fekk sisteplassen til å sjå ut som eit brotsverk på høgde med overlagt drap. Sidan har vi diverre høyrt fint lite frå mannen som har ei av dei beste stemmene i Noreg.

Det har skjedd noko med MGP dei siste åra. Eg hugser framleis med gru 1997, då vi presterte å sende Tor Endresen til Dublin. Det gjekk som det berre måtte gå; Norway, zero points. Etter det trur eg det var fleire som fekk opp augene. No skal eg ikkje kome å sei at alt vi har sendt til ESC sidan har vore i verdsklasse, men det skjedde noko etter den sisteplassen.

Meeen, det var ikkje svunne tider eg skulle blogge om. Er berre så utrulig lett å rote seg vekk i mimring når ein leiter etter ein spesiell MGP-sang på youtube.

Forrige fredag må eg seie meg nøgd med utfallet. At Maria Haukaas Storeng gjekk videre var vel like overraskande som at Siv Jensen er sur på noko. At
Keep of Kalessin gjekk videre er eg heller ikkje videre overraska over. Ser gjerne at Bjørn Johan Muri fyljer dei etter sistesjansen. Og det slår meg at kanskje nokon burde hindre Gaute Ormåsen i å skrive fleire av songane sine sjølv *grøss* Men men, kvar si lyst.

Kveldens finale veit eg ikkje heilt kva eg skal seie om. Bevares, Maria Arrendondo kan synge (de veit vi jo strengt tatt frå før), men eg tviler på at denne sangen stikk seg ut i den internasjonale finalen. Heine Totland er kanskje den mest sjarmerande mannen i Noreg, men eg må innrømme at eg er overraska over at han gjekk videre. Nøgd, men overraska. Venke Knutson sin song har eg lite til overs for.

Alexander Stenerud derimot. DEN liker eg. Det har eg allereie sunge 200 gonger i kveld. Men, vinne den internasjonale finalen? Alas, no. Men når det er sagt så skal nivået ganske høgt opp i neste finale før eg ombestemmer meg.

MGP 2010: Alexander Stenerud FTW!

Foto: Fredrik Arff/Dinamo/NRK

MGP

Hmm... eg stemte to gonger på Heine. Han gjekk til Ekstrasjansen. Eg stemte tre gonger på Alexander Stenerud. Han gjekk til finalen...

fredag 15. januar 2010

"De e fredag"

Dette er favoritt-unnskyldninga mi. Eg bruker den heile veka. I dagane fram mot fredag, sleng eg berre på eit 'snart'. Bortsettfrå mandag. Då har eg ei anna unnskyldning; "De e mandag".

Desse unnskyldningane er fine, dei funkar på nesten alt av trivielle problem i kvardagen. Det er så klart ikkje det du seier til ein kunde som har fått feil i annonsa si, eller nokon som ikkje har fått avisa si på 2 veker. Men til alt anna er den ganske kurant;

Dårlig vits som ingen ler av?
Sleng på "De e fredag", då trekk dei i alle fall alltid på smilebandet. Evt kan den kombinerast med "bør vite betre enn å prøve å vere morosam etter 12 på ein fredag".

Mail som skulle vore sendt over til nokon for 3 timar sidan?
"Å herregud, he ej klart å glømt de? Jaja, de e fredag".

Fellesmail til alle kundane der bestillingsfristen for annonsa kjem mandagen etter at annonsa skulle stått på trykk?
... vel, denne gjekk rett nok ut på ein mandag. Så unnskyldninga her vart "bør nok ikkje sende mail før eg har fått i meg vekas første kaffi".

Litt for mange turar innom klikk.no/twitter/vgnett/younameit?
Her treng du ikkje ein gong seie at det er fredag. Her veit alle kvifor


Nugatti på brødskiva på ein litt-over-middels-slankeorientert arbeidsplass?
"De e fredag. De e snart helg. I helga e de løv å kose sej."

Eg slit forøvrig med å få gehør for mi favoritt-unnskyldning #2. Eller, 'rettferdiggjering' er vel eit betre ord. Eg meiner, trass at eg møter motbør kvar enn eg snur meg, at alt du et kan brytast ned til at det er sunt. La oss ta nokre glitrande eksempel:

Potetgull (m/paprika)
Paprika er ein grønsak. Grønsaker er sunt. Potet er sunt (med mindre du spør visse slankeekspertar).
Ergo; potetgull med paprika er sunt

Sjokoladekjeks.
Sjokolade kjem frå kakaobønner. Bønner står i alle slankeoppskrifter, ergo må de vere sunt.
Det er mjøl, sukker, smør og egg (t.d.) i kjeks. Mjøl kjem frå kornplanter. Plantar er sunne. Sukker kjem frå sukkerør. Igjen, ein plante. Plante sunn. Smør kjem frå melk. Melk er sunt. Og om du skal krangle; kvar kjem melk frå? Kua. Og kva et kua? Gras. Og kva er gras? Nettopp, ein plante. Sunt. Egg = sunnt.
Ergo; sjokoladekjeks sunt. Dessutan har mange sjokoladekjekstypar nøtter og/eller havregryn etc. Og det er i alle fall sunt!

Sjokolade
1. Sjokolade, igjen, frå bønner. Bønner sunt
2. Det finnast utallige forskningsraportar om sjokolade, som alle konkluderer at det er bra for t.d. stress. Stress i seg sjølv er usunt, som vi alle veit. Sjokolade hjelp mot stress.
Ergo; sjokolade = sunt

... føler denne blogposten sklei litt ut... men men. De' e fredag!

onsdag 6. januar 2010

Interview with the vampire

Med om lag 80 sider att, og vedvarande gåsehud, må eg vedgå at denne er på veg til toppen av favoritt-lista mi.

Heilt sidan eg starta har det slått meg kor nydeleg språket er, kor gripande forteljinga er. Rett nok har den ein del forhaldsvis ekle undertonar, men Anne Rice ballanserer på grensa og held seg akkurat innanfor kva eg orkar å lese.

Eg er kanskje meir fasinert av språket enn sjølve handlinga. Historia i seg sjølv er like tragisk som den er vakker. Men det er måten den blir fortalt på som fengjer mest. Eg ser for meg stadane; Point du Lac, dei mørke bakgatene i New Orleans. Claudia som eit lite lys i enden av ei mørk gate, ein stakkars person på veg bort for å hjelpe det uskuldige lille barnet. Middelhavet, svart under båten. Klosteret på toppen av fjellet, den haltande vampyren. Andleta til offera i det tennene til Louis, Lestat eller Claudia synk ned i dei.

Orda åleine er rett og slett nok til å skape levande bilder. Kanskje har nokon det slik med alle bøker dei les. Eg innrømmer at fantasien min er nok så god, og at eg ofte ser for meg det eg les. Men ikkje på denne måten. Ikkje så detaljert, så ekte.

Blir nok til at eg ser filmen, Tom Cruise til tross. Eg må berre sjå korleis dei har festa ei slik historie til film.

fredag 1. januar 2010

2009 - ei "kort" oppsumering

Fødd fem minutt for seint som eg er; her kjem 2009 "kort" oppsumert, ved hjelp av LJ'en min (tullebloggen, som eg kallar den)

Januar
2009 startar. Eg bloggar 2. januar om at eg ynskjer meg ny jobb, mann og ein stabil sesong for AaFK. Eg har og eit mål om å gå ned 14 kilo. #fail
Twilight kjem på kino. Eg fell for Peter Facinelli #dåååååån


Eg bloggar meg igjennom harde arbeidsdagar med Monkey Island-sitat, og skjermdumpar av DNB Nord annonser med Andreas Thorkildsen #rawr

Bård Vegar Solhjell inspirerer meg, og eg byrjer så smått å blogge på nynorsk. Eg får dilla på Bruce Springsteen.

Eg drøymer mykjer rart om ein viss person. Det er alt for lenge til seriestart.

Blir gjort narr av for å oversette 'spørretime' til 'question-thingy from the government-place'.

Eg skriv mi første (og hittil einaste) førsteside-sak.

Eg drøymer om gamle flammer #fail. Og James McAvoy #WIN

Februar
Eg ser Becoming Jane, og forelsker meg for alvor i James McAvoy #dååån. Dette resulterer i at eg bryt saman å kjøper Wanted, som eg eigentlig ikkje liker. Og ser Penelope 4 gonger på ei veke.

Eg kjøper nye briller. Eg ser framleis på høyringar i Stortinget.

Alexander Rybak vinn den norske ESC-finalen. Alle syng Fairytale. Eg inkludert.

Går på den første kampen i 2009 den 9. februar. Det er bikkjekaldt.

NRK viser 'Cooking in the dangerzone' med Stefan Gates #kjempeopptur

Drillo tek over landslaget. Vi vinn kampar. Folk er i ekstase.

Det er pluss minus 20 dagar til sesongstart. Eg lister opp (på oppfordring) 'Topp 10 sexy norske politikarar'.

Eg drøymer framleis for mykje om ein viss person. Jobben går så trått at eg må lage liste over ting å gle meg til for å kome igjennom dagane.

Eg har tydelig vis vore singel for lenge, då eg finn ut at David Caruso er pen #big #fat #fail


Eg forelsker meg i Life on Mars. Både serien og sangen. Og John Simm.

Mars
SESONGSTART!


Men ikkje før midt i månaden. Som eit resultat drøymer eg framleis for mykje om ein viss person.

Eg lagar post-it vegg. Den er 75% bøker 20% fjell og 5% faktiske mål.

Eg bestiller Dune-bøkene. Eg nekter å tru at Stefan Gates er 40. Eg drøymer framleis for mykje om ein viss person.


15. mars: SERIESTART. AaFK speler ein brukbar kamp. Eg er nøgd. Det viser seg at ikkje alle menn har dårleg hukommelse.

Eg ser 'Menn som hater kvinner', og slit med mentale bilete i 3 veker etterpå #pyse

April
NRK vinn min uofisielle pris for beste aprilsnarr. Eg byrjar å venne meg til Laurence Fishbourne i CSI. Sjølv om eg framleis venter på at han skal byrje å gi bort raude og blå piller.

AaFK taper. AaFK vinn. AaFK speler uavgjort. Rekdal og eg er oppgitt.


Jamie Campbell Bower får rolla som Caius i 'New Moon'. #win

Svein Erik Edvardsen dømmer AaFK-Start. Det går faktisk bra.

Det er faktisk fint ver på sunnmøre. Eg saknar Lasse Olsen.


Mai
Eg byrjar å spele FB-spel. Eg får eit nostalgi-kick, og bestiller 'The adventures of the black stallion' på DVD.

Eg kjem meg på jobb til rett tid (!!). Det er styggever på Sunnmøre. Aalesund taper. Dommaren er dårleg.

Eg ser min første bortekamp. Den er 25 minutt nærare meg enn heimekampane. Aalesund vinn. Rekdal er misnøgd. Eg prøver meg som sportsfotograf

#fail

Eg oppdagar Ville Jalasto #win

Eg får musesjuka... i handa... dette blir skittent uansett...

Eg bloggar meg igjennom ESC. Jostein Pedersen sit trygt enda.

Eg skriv sak om viking-utgraving, og skifter nesten yrke på dagen #kjempespanande

Eg blogger meg igjennom ESC-semi nr. 2. Får nesten hjarteinfarkt når Norge ikkje blir lest opp før heilt til slutt.

Noreg vin ESC. Vi går amokk. Alexander Rybak blir møtt av 5000 menneske på Gardemoen 17. mai. Alle syng Fairytale.

United blir seriemester. AaFK slår Lyn 2-0. Desse poenga må Sparebanken Møre betale for seinere.

Juni
Aafk vinn. Peter Kopteff scorer mål. Det gjer Tor Hogne Aarøy og.

Eg drøymer framleis for mykje om ein viss person. Eg kjem meg på Veten, 790 meter over havet #gigawin


Eg konstanterer at den 2. juni ikkje er ein mandag. CBS insistere på å gjere livet surt for meg. Eg høyrer framleis mykje på Bruce Springsteen.


Cristiano Ronaldo går til Real Madrid. Eg saknar talentet, men ikkje egoet. PC'en min byrjar å trøble. Eg drøymer om Mac.

AaFK taper mot Odd. Rekdal er misnøgd. Eg er ikkje overraska. Eg går på cup-kamp åleine. AaFK vinn.

OB henter attende Anders Lindegaard. Eg depper. Det gjer resten av byen og.

Eg set mine eigne ynskjer først, til ei forandring. Det ender med tap for AaFK. #aldrimeir

Kjetil Rekdal kallar Eirik Bakke ein alkis. Det blir mykje bråk.

Eg kjøper MacBook Pro for skattepengane #epicwin

Eg blir 26 #nevermind

Juli
Eg er overferieklar. Ferien kjem. Det er kjempever. Eg blir ekstrem-solbrent fyrste dagen.

Eg får dilla på Fringe. Joshua Jackson er framleis kjekk.

Etter mediestorm mot Rekdal, vinn AaFK #inyourface

Peter Kopteff scorer mål. Anders Lindegaard reiser. Alle depper. Til og med Anders sjølv.

Eg kjøper t-skjorte med teksten 'Norge er ikke skapt for å sitte på ræva'. Eg går på 3 fjelltoppar til. Dog betydelig lavere enn 790 moh.

Eg blir flau over å ha gløymt at John Noble speler Denethor i LOTR.

Eg oppdager Big Bang Theory.


Halfblood Prince kjem på kino. Eg ser den tre gonger. Eg grin kvar gong. 2. gong får eg latterkrampe då ein heil kinosal skvett synkront under ei av scenene. Eg skriv ferdig min fyrste fanfiction på minst 3 år.

Eg reiser til Bergen på ferie. Vegen er eit helvette. Det regner i Bergen. Eg bruker mindre pengar enn kalkulert, og kjem heim med pluss på kontoen.

Manchester United kjøper Michael Owen. Eg les 'The lost book of Salem'. Kvepsane er ENORME i år.

August
Eg har framleis dilla på Fringe. Jobb-hausten er så deprimerande at eg begraver meg i gamle Buffy-episodar som trøst.

Eg oppdagar Avenue Q. Kjetil Rekdal snakkar om å kvile spelarar i serien for å konsentrere seg om cup'en. Folk ler.

Eg saknar tida som 14-åring. Men berre litt

Eg prøver å lære meg GIMP. Det er like før Mac'en går ut vinduet. Ikkje Mac'en si skyld. GIMP si skyld #bildebehandlingsprogramFAIL

SV lagar oppavsofaen.no. Vennane mine blir ikkje spesiellt glad for å få personlig tale frå Kristin Halvorsen.

Eg kårer Nicholas Brendon til den nye, uoffisielle kongen av stygge skjorter:


AaFK slår Stabæk 3-1, og går til semifinale i cup'en. Rekdal vil ha cup-gull. Folk smiler litt av det.

Eg kjøper DAB-radio. Eg blir sint på media som er slemme mot John Arne Riise. John Arne Riise tek at med å score mål for Norge.

Eg blir hekta på Rottenetter-spelet.

Roy Carroll går til OB. Eg drøymer ei natt at Anders Lindegaard kjem att til AaFK. Alle klappar meg på hovudet og kallar det ynskjetenking.

Anders Lindegaard kjem att til AaFK!!

Eg kjem som førstemann til ei bilulukke, og får konstantert at eg er ubrukeleg i krisesituasjonar.

Eg når nye høgder av politisk interesse, kjøper t-skjorte med 'heller kolje enn olje'-påskrift.

AaFK speler uavgjort mot Bodø/Glimt. Anders Lindegaard blir tatt så varmt imot at han er rørt etter kampen. Rekdal er misnøgd.

September
Eg drøymer framleis for mykje om ein viss person.

Eg går på Øystein Sunde-konsert, og ler meg skakk enda eg kan alle vitsane. Alle norske politikarar kranglar med kvarandre.

Eg får meg turkamerat. Resten av bygda kallar det 'kjærest' #confused

Tor Hogne Aarøy scorer mål, Aalesund vinn. United slår Tottenham, turkameraten min blir dritsur. SV gjer eit drittvalg, men får likevel sitje i regjering.

Aalesund slår Brann. Rekdal er nøgd:


Eg gir opp ein viss person. Eg kjøper oransje iPod Nano. Andreas Nordvik slår Vålerenga ut av NM. AaFK møter Odd. Tor Hogne Aarøy scorer. Kenneth Dokken ser raudt. AaFK går til cupfinalen. Rekdal er særs nøgd.

Eg starter norsk blogg. Søster'n dreg på bading same dag som AaFK-spelarane.


Oktober
Eg oppdagar True Blood. Og Twitter. Eg melder 14 personar på NFF si cupfinalebillett-trekning. Pappa og eg får til slutt billett igjennom AaFK #ekstase

Stephen Gately døyr #RIP

Eg blir HEKTA på True Blood. Ingen kjøper 'eg såg stephen moyer fyrst'-argumentet mitt.

Eg tell dagar til cupfinalen. Rekdal vil ikkje høyre snakk om cupfinale. Ingen høyrer på han.

True Blood gjer at eg bannar dobbelt så mykje. Alt eg les på engelsk får sørstats-dialekt.

Eg drøymer om ny jobb. Det kjem invitasjon til Ungdomsskule-reunion. Eg takkar blankt 'nei' #threeyearsofhell

AaFK berger plassen i Tippeligaen #epicwin


November
Cupfinale-helga kjem. Eg oppdagar at nattbuss er noko drit. Thon hotell får ei stjerne i margen, då vi får sjekka inn halv 7 om morgonen. Karl Johan er oransje. Saras Telt er stappa. Det er 10.000 sunnmøringar i spikersuppa. Kjetil Rekdal blir så rive med at han byrjer å seie 'e'. Det hevdast at Snåsamannen har sett AaFK vinne.

Ullevaal er oransje og blå. Kanskje mest oransje. Eg syng nasjonalsong for fyrste gong på kamp. Molde scorer. Fredrik Carlsen blir utvist. Glen Roberts scorer. Det blir ekstraomganger.

Molde scorer igjen. Maktar Thioune er halvdaud etter 10 minutt. Tor Hogne Aarøy kjem inn. Det er 10 minutt att. Tor Hogne Aarøy scorer. Det blir straffekonk.

Jose Mota bommar. Amund Skiri treff. Aalesund tek cupgull. Eg blacker ut i 15 minutt av pur glede.


Nattbuss er ikkje så gale likevel. 10.000 møter opp på Sankten for å hylle spelarane. Livet er herlig.

Eg går på jobb utan søvn. Resultatet blir 2 veker med svineinfluensa. Det er verdt det.

Det byrjar å snø første søndag i advent.

Desember
Eg oppdagar Xbox 360, speler ferdig det 4. CSI-spelet på 8 timar. Speler ferdig Secret Files; Tunguska på 24 timar. Får dilla på Fable igjen.

Snøen smelter. Kollegaen min skader eit leddband. Eg får kopp med 'Forget love, I'd rather fall in chocolate' i adventskalenderen.

Eg er ferdig med julegåvene 2. desember.

Eg har fått dilla på Twitter. Aalesund kjøper Magnus Sylling Olsen. Adin Brown dreg heim #vinke #vinke Jula kjem overraskande fort.

Aalesund ansett Kent Bergersen som assistent-trener.

/2009

Bring on 2010