lørdag 27. februar 2010

Personleg siger

For ganske nøyaktig 12 år sidan skreiv AaFK-speler John Arne Riise under for Monaco. Han var 17, eg var 15. 15 år, og blyg som pokker. Eg hadde og nyleg starta som autografsamler, ein hobby som ikkje heilt let seg kombinere med det å vere sjenert. Sjølv om eg hadde funne ei løysing; eg budde tross alt midt ut i ingenstades, så alle dei eg ynskja meg autografen til kunne berre skaffast via post. Å skrive var ikkje skummelt, og metoden var ganske effektiv (sjølv om eg framleis venter på svar frå til dømes Jostein Flo og Tony Adams).

Men ja, er du autografsamler så må du vere om deg når sjansen byr seg. Så då John Arne Riise kom in på McDonalds laurdagen etter at Monaco-kontrakta var i boks, slapp eg ikkje unna. Mamma og pappa meinte at no måtte eg gå å få namnetrekket hans, det var ikkje sikkert når eg fekk sjansen igjen. Så eg røyste meg, og gjekk med forsiktige skritt bort til han. Pirka han på skuldra (han stod med ryggen til meg), og stotra "kan eg få autografen din?" Og det fekk eg sjølvsagt, sjølv om han virka noko overraska over at eg ville ha den. Eg skunda meg tilbake til bordet og dumpa meg ned på stolen. Og fekk skjelven. Store-skjelven. Eg hugser det enno som det var i går, så flaut var det.

I dag, 12 år seinere, dekka eg konsert i det lokale kulturhuset. Og ikkje for fyrste gong. Det er tredje gong eg har dekka "storfint besøk", tidlegare har eg skreve om både Kaizers og Vidar Johnsen&Peter Nordberg. På konsertar som Kaizers Orchestra er det takksamt å vere journalist. Knipse eit tonn bilete, notere deg nokre vittige kommentarar og nyte musikken. Flat sal og scene, ingen legg merke til journalisten frå lokalavisa.

Men så snart det er sete i salen, blir saken ein annan. Då får gjerne journalisten plass på fyrste rad, og har ingen plass å gjøyme seg. Dette fekk eg erfare då Vidar Johnsen og Peter Nordberg var på besøk.

Dette var det fyrste "viktige" skriveoppdraget eg hadde fått sidan eg starta i jobben min. Her var det viktig med gode bilete, mellom anna. Dessutan er eg ein skribler, dvs at kjem det ein i ide til ei god formulering så må eg skrive denne ned. Uansett om det er midt i "Kim du nå va". Så, i min iver etter å gjere ein god jobb, knipsa og skribla eg som best eg kunne. Hadde eg hatt plass ytterst på fyrste rad, hadde dette kanskje gått ubemerka henn. Men akk, eg sat midt på. Praktisk talt i fanget på Johnsen&Nordberg (noko som i seg sjølv ikkje er ein ubehageleg tanke...). Og dei lot ikkje den ivrige journalisten gå ubemerka henn.
Eigentleg var det berre stas. Og eg innrømmer at når Peter Nordberg sette augene i meg og sa "du tar inte med den akkorden jag spelade fel. Förr det va inte jag, det va... han *peiker på mann i bandet*", så verkeleg storkosa eg meg. (Hadde Peter Nordberg sett augene i deg så hadde du skjønt kva eg meinte) Men eg fekk ikkje til meir enn å smile og riste forsikrande på hovudet. 15 minutes of fame.

I kveld hamna eg på første rad igjen, om enn ikkje heilt på midten. Og med Jørn Hoel og Steinar Albrigtsen på scena slo det meg at dette fort kunne gå same vegen. Det slo meg faktisk så tidleg at eg rakk å tenkje over kva eg evt skulle seie om skriblinga mi av ein eller annan grunn skulle bli bemerka i kveld og.

Og joda, midtveis i konserten kjem det; Jørn Hoel bemerker at han mellom anna har oppdaga ein ivrig journalist i publikum. Som "skriv så blække spruta".
For ti år sidan hadde eg blitt raud som ein tomat, og trekt meg så langt ned i stolen eg kunne. I alle fall ikkje turt å sjå opp på skumle kjendismannen som snakka til meg. Mest truleg hadde eg ikkje bedt om plass på fyrste rad heller, men langt langt bak, og tatt bilete som var 90% hovud og to skikkelsar lengt framme som kunne ligne på Hoel&Albrigtsen, om du la godvilja til.

Men, og her kjem den personlege sigeren, det har skjedd noko med meg dei siste tre åra. Eg var ein gong jenta som opna kjeften og sa det ho tenkte, uansett kva andre meinte. Den jenta forsvann med tenåringshormon og mobbing. Men dei siste åra har ho kome att, sakte men sikkert. Og i kveld fekk ho sin revansj.

For i det Jørn Hoel ser på meg og seier eit eller anna om at "æ veit ikkje heilt ka de e ho skriv" så møter eg blikket og seier "ej bruka store ord, veit du".

Eg, lille meg, sett augene i ein av Noreg sine mest kjende artister, og er kjapp i replikken tilbake. Kanskje ikkje ein kommentar verdig Knut Nærum, men den blyge 15-åringen inni meg jubla stille for seg sjølv.

Sjølv no, timar etterpå, sit eg med ei kjensle av å ha kryssa ei personleg grense. Teke eit nytt steg på vegen mot å bli den personen eg ein gong var, før verda prøvde å få meg til å tru at eg var "feil".

Ikkje reint lite kry no...

Det var ikkje det at eg *trengte* ein ny hobby...

... men eg fann ein likevel eg;














Makramè - et knytt, og du er hekta!

torsdag 25. februar 2010

Fredagsboka

OK, å starte og halde på tradisjonar er ikkje det eg gjer best. Men eg tenkte at eit fast innslag på denne bloggen kunne bli at eg føreslo ei god bok kvar fredag. Eg kan ikkje love Nobels Literaturpris-kandidatar kvar veke, for som med alt anna er bok-preferansane mine ganske sprikande. Men, sjølv om det ikkje ser slik ut, så les eg meir enn berre vampyr-bøker.

... og ja; eg veit at det er torsdag i dag. Men eg tenkte det var best å starte medan ideèn var fersk.

Eg starter tradisjonen med ei av dei første, og framleis absolutte, favorittbøkene mine;

I et speil, I en gåte - Jostein Gaarder


"Når jeg dør, ryker en sølvstreng med glatte perler som triller gjennom landet og renner hjem til muslingmødrene på havets bunn. Hvem vil dukke etter mine perler når jeg er borte? Hvem vil vite at de var mine? Hvem kan gjette at hele verden en gang har hengt rundt min hals?"

Cecilie skriv ned tankane sine i den kinesiske notisboka ho har fått av ein lege på sjukehuset. Så får ho besøk av engelen Ariel. Cecilie freister å få engelen til å røpe nokre av løyndomane om himmelen. Men Ariel er og nyfiken på korleis det er å vere eit menneske at kjøt og blod

Samtalen mellom dei to utvikler seg til eit skjeldan møte mellom himmel og jord. "I et speil, i en gåte" er ei varm, vakker og open forteljing om å leve og å døy.


(aschehoug.no)


* * *


Eg hugser ikkje når eg last denne boka fyrste gongen, men eg hugser at eg gret opptil fleire gonger. Og at eg har lest den mange, mange gonger sidan. Etter at eg mista ein av bestevenane mine frå barndomen til kreft for fem år sidan, har denne boka blitt enda nærare for meg.

Historia er verkeleg vakker. Cecilie, som dei fleste av Jostein Gaarder sine unge hovudpersoner, er ei reflektert jente og det smerter verkeleg å etter kvart forstå korleis boka til slutt vil ende. Du ler og gret litt om kvarandre, og opp i det heile får du tenkt deg litt om. Igjen karakteristisk for Jostein Gaarder sine bøker, men det er noko spesielt over denne. Eg fekk litt same kjensla då eg las Appelsinpiken, men har ikkje på langt nær same forhold til den.

I et speil, I en gåte er ei slik bok eg kan ta fram å lese igjen og igjen. Treng eg å gråte ut ein dag, er den perfekt. Eg veit kva som kjem, eg veit når tårene kjem, eg veit korleis det ender. Og eg vil ha alt saman.

onsdag 24. februar 2010

Filmer eg gler meg til i år

Eg skal ikkje sjå "Alice in Wonderland". Eg skal ikkje sjå "Alice in Wonderland". Eg skal ikkje sjå "Alice in Wonderland".

... det er mogeleg eg må sjå "Alice in Wonderland".

Eg veit ikkje kva det er med den filmen, men eg har vore livredd for den så lenge eg kan hugse. Eg var ganske "gammal" då eg såg teikneserien, og eg var vettskremt. Trur kanskje det ligg i at eg har klaustrofobi, men syns likevel det er litt pinlig å vere vettskremt for ein barnefilm... nå ja, det er ikkje alle barnefilmar eg syns er barnefilmar heller.

Men det er nokre filmar eg verkeleg gler meg til i år.
Remember me. Ingen djupe, tunge analyser på kvifor. Hadde berre vore greit å sjå Robert Pattionson i ein film der han ikkje glitrer... i alle fall ikkje bokstaveleg talt.
The Last Station må også sjåast. Og ikkje *berre* på grunn av James McAvoy.

... ja, eg ser ein del film basert på skodespelarane. Men, eg oppdager til gjengjeld ein del film som dei fleste ikkje gjer. Som Dark Harbor, The Sin Eater, Stay, When Saturday Comes, The Winter Guest...

The Season of Witch er sjølvskriven. Nicholas Cage or no Nicholas Cage.

Men den første STORE kjem fyrst i juni; Eclipse. Eclipse er boka mi i Twilight, eg har lest den fleire gonger enn alle dei andre til saman. Eg drøymer meg langt langt langt inn i Eclipse, der høyrer eg heime. Ekte, knallsterk, "you are my life now"-kjærleik.

19. november er likevel datoen som får det til å gå kaldt nedover ryggen på meg.
Deathly Hallows - del 1
Del 1!! Endeleg har nokon skjønt det; du kan ikkje skvise ei heil HP-bok inn i ein film, for så å ikkje skjøne kvifor fansen klager. Endeleg får vi valutta for pengane.

Ikkje det. Eg har nytt kvar einaste HP film hittil. Sjølv om dei to første i etterkant vart litt sukkersøte så ja. Slik starta det då ein gong. PoA er fantastisk, GoF enda betre, OoTP er den eg liker minst (mest grunna Umbrigde). Og sist men ikkje minst; Half-blood Prince.

Når favoritt-figuren din i Harry Potter er Severus Snape, då har du måtte tole ein del pepper opp igjennom åra. Tru meg. Klapp på hovudet og "jada, du er berre forelska i Alan Rickman du". OK, Alan Rickman gjer seg j*** godt i svart parykk, svarte klede og bitter innpakning... og for så vidt alt anna... men Snape er ein eigen person. So to speak.

Eg likte jo så klart ikkje Snape i byrjinga eg heller, det sørga JK Rowling for ganske kjapt. Men, etter tre bøker byrja det og skurre. Spesiellt etter POA. Så bitter og sur er du jo berre ikkje utan grunn. Så eg byrja å forsvare Snape, sikker i trua på at her var det meir under overflata enn snipette kommentarar.
La oss berre konkludere med at eg, og alle Snape-fans med meg, fekk rett. Difor er Deathly Hallows ikkje berre avslutninga på ein fantastisk serie bøker og filmer. For meg er det revansj.

Og den starter 19. november.

... alt for lenge til...



Det skal ikkje løne seg å vere singel

Har nettopp vore i banken for å sjå på sjansane mine til å få lån til eigen bolig. Vi kan trygt seie at dei er lik null. Med låg inntekt, billån og studielån sitt eg att med raude tal etter betalte avgifter.

Ikkje at dette kom som noko som helst form for bombe. Eg strauk kanskje nesten i matte på VGS, men nokre ting skjøner ein sjølv utan ingeniør-utdanning. Det einaste eg kan håpe på er at eg anten plutselig vinn i lotto, eller at mannen i mitt liv kjem ramlande.

Ingen av dei verker spesiellt trulege.

No hadde eg ingen planer om å flytte på dagen, eg bor fint og billig eg. Men før eller seinere må eg og kjøpe min eigen bolig. Og eg nekter å vere dame a'la Fornuft&følelser, og sitje fint å vente på at det skal kome ein mann å redde meg. Det er berre at det verker som det er slik det skal vere.

tirsdag 23. februar 2010

Fnisekveld

Har vore på "fnisekveld" i Husflidlaget i dag, og kome til at eg underblogger til den store gullmedalja. Så, dette er starten på eit nytt og betre blogg-liv. Må berre passe meg vel for å ikkje la dette bli som tullebloggen min.

Ikkje det, akkurat i kveld har eg ikkje så mykje å kome med. Anna enn at eg krysser fingrane for Aksel Lund Svindal. Og skulle det ikkje gå vegen, så må han gjerne kome hit så skal eg trøste eg...

Hadde eg hatt hatt hadde eg teke den av meg akkurat no

Petter Northug... eg bøyer meg i støvet!

Grattis til både deg og Pølsa!

Og ikkje minst til go'gutane våre i hoppbakken. Som også viste at dei kan.


God dag å vere norsk på!

fredag 19. februar 2010

Oppdatert nyttårsforsett

Har prøvd å krysse av heller enn legge til i det siste. Men blir nok lenge til kryssa tek overhand...

[X] Dune - Frank Herbert
[X] Dune Messiah - Frank Herbert
[] Children of Dune - Frank Herbert
[] Sandworms of Dune
[X] Appelsinpiken - Jostein Gaarder
[X] Begynnelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Fortsettelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Slutten - Hans Frederik Follestad
[] Menn som hater kvinner - Stieg Larsson
[] Jenta som lekte med ilden - Stieg Larsson
[] Luftslottet som sprengtes - Stieg Larsson
[] The Italian - Ann Radcliffe
[] Mysteries of Udolpho - Ann Radcliffe
[x] Den fjerde rytter - Agatha Christie
[] Kom til meg, død - Agatha Christie
[] Klokkene - Agatha Christie
[] Pride&Prejudice - Jane Austenx
[] Northanger Abbey - Jane Austen
[] Emma - Jane Austen
[] Salme ved reisens slutt - Erik Fosnes Hansen
[] Falketårnet - Erik Fosnes Hansen
[] Beretninger om beskyttelse - Erik Fosnes Hansen
[X] The Vampire Diaries; The awakening - L.J. Smith
[X] The Vampire Diaries; The struggle - L.J. Smith
[] The Vampire Diaries; The fury - L.J. Smith
[] The Vampire Diaries; Dark Reunion- L.J. Smith
[X] The lost symbol - Dan Brown
[] Deception Point - Dan Brown
[] A fire upon the deep - Vernor Vinge
[] A deepness in the sky - Vernor Vinge
[X] Interview with the Vampire - Anne Rice
[] Queen of the damned - Anne Rice
[] Paktens voktere - Tom Egeland
[X] Åndebrettet - Tom Egenland
[] Lucifers evangelium - Tom Egeland
[X] Sirkelens Ende - Tom Egeland
[X] Dead Until Dark - Charlaine Harris
[X] Living Dead in Dallas - Charlaine Harris
[X] Club Dead - Charlaine Harris
[X] Dead to the world - Charlaine Harris
[] Dead as a doornail - Charlaine Harris
[] Definitely dead - Charlaine Harris
[] Monster - Knut Nærum
[] Sneglemannen - Knut Nærum
[] A traitor to memory - Elizabeth George
[] A suitable vengeance - Elizabeth George
[] With no one as witness - Elizabeth George
[] Playing for the ashes - Elizabeth George
[] The Poe Shadow
[] Murder in the Rue Morgue - Edgar Allen Poe
[X] Tales of Beedle the Bard - JK Rowling
[] Silmarillion - JRR Tolkien
[] The Light Fantastic - Terry Pratchett
[] The Resurrectionist - James Bradley
[] A quiet belief in angels - R.J. Ellory
[] Dead Souls - Ian Rankin
[] The Host - Stephenie Meyer
[] The notebook - Nicholas Sparks
[X] The lost book of Salem - Kathrine Howe
[] Flammer - Ross Kolby
[] Jane Eyre - Charlotte Brontë
[] Kvinnen i kjøleskapet - Gunar Staalesen
[] The Associate - John Grisham
[] Dracula - Bram Stoker
[] Bridget Jones: The edge of reason - Helen Fielding
[] The boy next door - Josie Lloy&Emlyn Rees
[] Love, etc - Julian Barnes
[] The murder room - PD James
[] Not dead enough - Peter James

mandag 8. februar 2010

Tilståing frå ein gammal fotball-hater

I år har eg ikkje hatt den gode, gamle "herregud, de e evihete te seriestart!"-kjensla. Eg trur det heng saman med to ting. Den eine treng vi ikkje å seie så mykje om, anna enn å konstantere at den ikkje lenger er noko å gle seg til.

Den andre er cupfinalen.


Eg har vore ihuga fotball-fan sidan eg var 13 år, og Ole Gunnar Solskjær skreiv under for Manchester United. Før det hadde eg høglytt proklamert at eg hata fotball. Er ikkje ofte eg skifter meining, men når eg fyrst gjer det så er det ettertrykkeleg. Eg gjorde heilomvending.

At United blei laget mitt er ganske tilfeldig. Det handla (eg er ikkje lenger flau for å seie dette) rett og slett om å imponere den rette guten. Han var United-supporter, så eg blei det og. Det hjalp ikkje så mykje på kjærleikslivet mitt, men eg forelska meg i alle fall i raudtrøyene frå Manchester.

Dessutan hadde eg eit alibi. Han heite Ole Gunnar Solskjær, og hvis nokon spurde kvifor det vart Manchester United, så vart han svaret. Om dei trudde meg eller ikkje, fekk vere deira problem.

Det byrja i det små; lære meg litt navn på stadion, manager, spelarar. Kunne å ramse opp ei fungerande lagoppstilling, lære seg offside-regelen. Eg las ”Møte med Manchester United” av Ingebrigt Steen Jensen, med klump i halsen då eg kom til Munchen-ulykka. Til slutt måtte eg bite i det sure eple, og sjå kamp. Med pappa som ekspert-panel lærte eg sakte men sikkert at det var meir i denne sporten enn berre å sparke ball til kvarandre.

Slik vakna fotballinteressa for alvor. Og i fleire år var eg klistra til skjermen kvar laurdag, kvar gong United gjekk på TV. Eg var hekta.

Eg gløymer aldri onsdag 26. mai 1999. Finale i Champions League. Manchester United - Bayern München. Pappa og eg hadde benka oss, eg i drakt. Pappa hadde besøk av ein middels-fotballinteressert kompis. Kampen starta med mål til BM etter 6 minutt, og resten av den brukte eg sikkert til å kjefte. Så, i det 67. minutt kom Teddy Sheringham in. Og i det 81. kom Ole Gunnar inn. Då hadde eg gitt opp. Eg og pappa var fint samde om at det var tull å sette inn nokon så seint i kampen, dette skulle dei da gjort for lenge sidan.

12 minutt seinere var dette gløymt. Sheringham sette ballen i nettet, og det var 1-1. Nervane small tilbake på plass. Neglane gjekk unna i rekordfart. Og så, tre minutt på overtid kom scoringa som framleis gir meg gåsehud berre ved tanken; Ole Gunnar Solskjær får ei tå på ballen, tupper den i nettet og det står 2-1. Like etter bles dommeren av, og stemninga gjekk i taket heime hjå oss.

Eg trudde aldri eg skulle oppleve ein slik fotball-opptur igjen. Det var det mest fantastiske eg hadde vore med på som supporter.

Dette var før eg rettleg hadde oppdaga at vi hadde ein liga i Noreg, før eg hadde tenkt tanken at det gjekk ann å ha eit norsk favorittlag. Eg hadde så vidt haldt med Brann på barneskulen, men det var mest fordi onkel fortalde meg eg hadde ein slektning der. Og eg skulle innom ei par klubbar til, før eg i 2005 fann klubben i mitt hjarte.

Det skulle ein kamp til på CLS før eg var hekta. Ein kamp. Eg hadde vore på fotballkamp før, både på gamle og nye Molde Stadion, og Fosshaugane. Men ingen av dei levde opp til det eg opplevde fyrste kampen på CLS. Stemninga var ubeskriveleg.

Og sidan då har det berre vore AaFK. Vi fekk skaffa sesongkort til 2006-sesongen, og har hatt dei sidan. S-feltet, rett over Stormen. Eg syng og roper i 90 minutt. Eg elsker det, elsker klubben. Det kan ikkje beskrivast, om du ikkje sjølv har det slik. Tru meg, eg har prøvd å forklare det fleire gonger, utan å kunne setje ord på det.

Det er ekte kjærleik.

Som AaFK-supporter blir du fort vandt med at forhåpningar er skjøre ting, og at ein god kamp ikkje gjer ein god sesong. 3 trenarar har forlatt klubben i den korte perioden eg har vore supporter. Nedrykksstrid har det vore kvart år. Så den dagen media proklamerte at Kjetil Rekdal skulle ta over favorittklubben min, trudde eg det nesten ikkje. Perry Hansen var rett nok eit namn. Søren Åkeby hadde få av oss haurt om, men vi var villige til å gi han ein sjanse. Men Kjetil Rekdal...

Dette lukta det suksess av.

Rekdal var tidleg ute med å proklamere at om seriegull var ute av rekkevidde, så var cup'en noko vi kunne strekkje oss etter. Vi likte å høyre dette, men vi drog litt på smilebandet. Jada Rekdal, cup-gull. Mhm...

Første runde mot Brattvåg gjekk greit. Eg såg kampen, min fyrste bortekamp (rett nok 45 nærare enn heimekampane). 5-0, og Rekdal var misnøgd. Med rette. Men vi var videre. Neste kamp var Kristiansund, dette gjekk og vegen. Stavanger og Sogndal blei og slått. Vi var ferdig med dei "lette" laga. I neste runde trakk vi Stabæk.

Veka før kvartfinalen slo Stabæk oss ettertrykkeleg. Og etter 8 minutt leia dei på CLS. Dei fleste av oss (og vi var flaut få på stadion den dagen) tenkte nok at 'dett var dett'. Men, noko hadde skjedd med AaFK under Rekdal. Han skulle ha cup-gull, og dette smitta. 35 minutt ut i kampen kom scoringa. 1-1. Håp.

77. minutt. 'Typisk AaFK', vil mange seie. Klabb og babb framfor mål. Plutseleg bles dommeren, og det er 2-1. Ville Jalasto såg meir forvirra enn glad ut dei fyrste sekunda. Og i det 84. minutt set Khari Stephenson spikeren i kista. Vi skulle til semifinale.

No byrja vi faktisk å vere einige med Rekdal; her lukta det cupgull. Det kom berre ann på kven vi trakk i semien. Gud forby det skulle bli Molde borte. Men det blei Odd, heime på CLS.

Eg var kvalm den torsdagen. Fysisk kvalm, heile torsdagen. Eg sat på jobb, åleine på deadline, og med klar beskjed til mine medarbeidarar om at avisa skulle vere ferdig seinast fem over fire. Eg skulle på kamp. Og ganske nøyaktig fem over fire kunne eg hoppe i bilen og sette kursen mot CLS. Framleis uvel. Fysisk uvel. Det kjendes som eg skulle til tannlegen.

Kampen er eit uklårt minne; eg hugser nerver. Eg hugser at vi sang og heia som vi aldri har gjort før. Eg hugser brølet då Tor Hogne Aarøy sette inn kampens einaste mål i det 59. minutt. Og eg hugser at eg tenkte, med 7 minutt att av kampen, at 'står dette seg, er vi i cupfinalen.' Då gav beina etter.

Då dommeren bles av kampen, eksploderte det. Og byen landa ikkje på fleire veker. Pappa og eg booka transport og hotell dagen etter. Billettane kom via griseflaks av dimensjonar, og fredag 6. november, rundt midnatt, sat vi på nattbuss til Oslo. Stapp full nattbuss til Oslo. Ein av 7 nattbussar til Oslo, berre frå det selskapet. Det blei opplyst om at det kom til å gå bussar heim både kl 18, 20 og 22 på søndag, og vi diskuterte at vi i alle fall rakk den kl. 20. Kanskje til og med kl. 18. "Med mindre det blir ekstraomgangar og straffekonk," sa eg. Og så lo vi litt av det.

Og gå innpå helga i Oslo i let eg vere akkurat i dag. Denne posten har allereie overstige normal leng med opptil fleire avsnitt. Men kort oppsummert; søndag 8. november stod eg på Ullevall med glis som gjekk heilt rundt, hol i hukommelsen, sviktande stemme og tårer i augene. Eg såg Amund og Johan løfte pokalen, og jubla i lag med resten av den oransje horden.

Og den dag i dag slit eg framleis med å skjøne det. Den dag i dag kan eg sjå eit bilete, eller eit klipp, eller høyre Modesty sin "Aalesund tar seier'n hjem", eller "You raise me up" for den saks skuld. Og då er eg der igjen.

"Dette kommer de til å feire til lille juleaften", sa Nils Johan Semb etter kampen.

Åneida Semb. Dette skal vi nyte mykje, mykje lenger!



#frustrert

Jada, eg veit det. Eg køyrer Yaris. Den er liten. Og dei fleste andre som køyrer Yaris er frå 70 år og oppover (ikkje medrekna dei som har Yaris som jobb-bil... noko eg merkeleg nok og har). Folk frå 70 år og oppover held skjeldan fartsgrensa, dei ligg som regel litt under. Er det glatt/snø/regn/mørkt, ligg dei ofte enda lenger under.

Så i teorien kan eg forstå at folk som ser ein Yaris automatisk tenkjer på å køyre forbi så snart dei har sjansen. Det er som kjent bil nummer 2 som skaper køa.

Det eg derimot ikkje skjøner er dei som må forbi uansett. Dei som må forbi sjølv om du ligg på fartsgrensa, eller i mitt tilfelle litt over. Dei som ser ein liten bil og tenkjer at stakkars børstraktoren deira ikkje kan nedverdigast til å ligge bak noko slikt. Og eg skjøner i alle fall ikkje dei som køyrer forbi, for så å køyre saktere enn meg!!

Kjære alle som har større bil enn meg; det er ikkje det at Toyota Yaris ikkje går fortere en 60-65 km i timen i 60-sona/70-75 km i timen i 70-sona/80-85 km i timen i 80-sona and so on and so forth. Det er heller ikkje det at eg ligg her å køyrer lovlig for å plage deg.

Det er rett og slett berre slik at eg ikkje har råd til å få bot fordi du har det travelt.