onsdag 31. mars 2010

Panneband - take one

Fritt litt etter her og der. Treng teknikk for å feste trådane når eg er ferdig å knyte. Men til fyrste forsøk å vere er eg litt imponert over meg sjølv.

søndag 28. mars 2010

3. runde - Litt meir tilbake til normalen

Utan at det akkurat er ein fordel

AaFK - Stabæk 2-2

Heilt isolert sett; superresultat. Stabæk er ikkje akkurat eit lag ein berre plukker poeng mot. Og igjen slår det meg at vi gir bort dødball etter dødball ad nauseum ad infinitum. Og som vi fekk beviset på i dag; held vi på sånn kan sjølv ikkje Anders Lindegaard redde oss i lengda.

I dag var det mykje stang ut. I dag kjende eg att favorittlaget mitt litt, om enn på ein negativ måte.

MEN

Eg akter framleis å nyte det som er bra. Som overnevnte Lindegaard. Sjølv om han samanliknar det å sleppe inn to mål med å ha kraftig impotens. Har lyst til å kome med ein kommentar om at akkurat det kan eg sikkert bistå med, men skal halde meg for god til slikt usakeleg fjaseri.

Eller at Magnus Sylling Olsen opna målkontoen i Tippeligaen. Og det angrepet åleine er nok til å smile av, genial prestasjon! Tor Hogne har blitt noko så uventa som god med beina. Fredrik Carlsen kan eg ikkje anna enn like, sjølv om han er eit vandrande friskpark waiting to happen.

At målet skulle kome akkurat på overtid var nok det suraste med heile greia. Men, vi ligg framleis på topp. Vi ligg der rett nok kun på målforskjell, men likavel. Og dei ansikta som gjekk i garderoba etter kampen i dag var faktisk litt gode å sjå. Misforstå meg rett, eg unner ingen å sjå så nedfor ut som mellom anna Ville og Anders gjorde i dag. Men eg er glad for at dei ikkje tok lett på poengtap.

Og om alle er like forbanna som Tor Hogne var i etterkamp-intervjuet, då skal det ikkje bli lett å vere Kongsvinger 2. påskedag...


Musikk og sånn

Av og til, ut av ingenting, finn eg artistar og grupper eg ender opp med å elske etter berre ein tone.

I juli 2006 fekk eg oppfylt ein draum eg aldri trudde eg skulle få; Eg var på Sting-konsert, under Moldejazz. Og eg tusla ut av konsertområdet etterpå med ei nyforelska kjensle.
Og det var ikkje for Sting.
Oppvarmingsbandet var nemlig Fiction Plane, fronta av Joe Sumner (sonen til overnevte Gordon). Dei hadde spelt om lag tre takter då eg var solgt. Og det har eg vore sidan;


For ikkje så lenge sidan dukka Paolo Nutini opp hjå Graham Norton. Sidan har eg nesten ikkje høyrt på noko anna:


Heilt sidan fyrste gong eg høyrte "I don't say much", har eg vore frelst på Johnny Hide sin musikk. Denne er framleis ringetonen min;


Eller den gongen Sondre Lerche stod på scena under HitAwards på TV2. Alle andre hadde stilt med sceneshow av dimensjonar, playback og gudane veit kva. Sondre kom åleine med gitar, mikrofon, knall blå auge og sin heilt eigen koreografi. Eg var solgt;


Robert Post er og ein sikker vinner. "High Tide" fekk meg over eit ganske knust hjarte.


Etter at eg gjekk over CDane mine sist fann eg at Babel Fish.


Eg veit ikkje heilt kva poenget mitt var her... kanskje berre ei oppmoding om å gi noko nytt ein sjanse av og til...

Eg er kanskje innekatt


men jaktinstinkta mine er det ikkje noko i vegen med

lørdag 27. mars 2010

It's funny 'cos it's true


(klikk for større versjon... obv)

Bakgrunn

Mørk blogg

Ikkje det at eg har de så fælt i dag eller noko. Men noko må eg finne på under Earth Hour...

... nei, det er ikkje juks å bruke Mac'en. Den går på batteri akkurat no...

Eg må innrømme at det slett ikkje er så verst å sitje her med berre stearinlys. Har krøpe godt under eit pledd, og saknar eigentleg berre ein kjekk mann å dele pleddet med. Kanskje det burde bli ei greie til EarthHour neste år?

torsdag 25. mars 2010

Av og til er det greit å ta feil

[sitat den engelske bloggen min, 5. august i fjor]

Ten games left, give or take a few due to the cup. Kjetil is determined to have cup-glory. *pats Kjetil* You're cute an' all, but I don't see it as very likely. Quarter-final on Saturday, Stabæk. Difficult, we just lost 3-0 to them in a game in which we we were totally and utterly played off the field. But Kjetil seems every the optimist... let's hope he's right.

onsdag 24. mars 2010

Burde-burde-blogg

I dag er ein slik dag der eg burde blogga. Eg har ein million ting i hovudet, og det beste hadde vore om eg berre fekk dei ned på... om ikkje papiret, så i alle fall noko som stiller i same kategori.

Men det er ikkje alt som verken let seg blogge, eller som bør bloggast. Så i staden for å skrive noko langt og meiningslaust for min eigen del, så skriv eg heller noko... vel, noko anna.

Langt og meiningslaust kan eg framleis skrive. Det har eg alltid vore god på. Om nokon gadd å lese ti binds bøker om ingenting hadde eg vore rik for lenge sidan...

Det var ein gong at eg hadde ein slik draum; om å bli forfattar. Den lev vel for så vidt enno, men den har moderert seg noko. Litt realist er eg, midt oppi alt. Men å skrive liker eg framleis. Sjølv om det dei siste åra mest har gått i fanfiction. På engelsk. Men det heng vel litt saman med at det har gått mykje i engelske bøker.

Dessutan let ikkje eit skrivehovud som berre virker mellom midnatt og halv fire om morgonen seg forene med ein 8-16 jobb. Så det blir bruddstykke, med eit auge på klokka, og ei formanande stemme i bakhovudet som tyt på at eg burde ha lagt meg for ein time sidan.

Ideane er der. Mange av dei og. Ein som eg så vidt har byrja på, ein annan eg framleis tygger på. 14.000 eg har forkasta. Nokre eg har skrive som stiler og innleveringar på skulen, men som eg har vurdert å blåse liv i att. Bygge på. Bruke på nytt.

Det var skrive eg eigentleg skulle gjere. Etter at eg rista av meg min fyrste draumejobb (advokat, takk til John Grisham som redda meg). Eg skulle bli journalist, eg. Det var berre det at eg blei så himla sjenert som tenåring, og sjølvtilliten stupte. No er eg så heldig å ha ein jobb der eg av og til får leike journalist likavel. Men ikkje halvparten så mykje som eg kunne tenkje meg.

Så draumen lev litt enno. For seint blir det nok aldri, men kanskje det er på tide å gjere noko med den no...

mandag 22. mars 2010

2. runde - galskapen held fram

Eg skjøner ingenting... ingenting...

Hønefoss - AaFK 0 - 2

Eg såg kampen, eg såg måla, eg veit at det skjedde men eg skjøner ikkje korleis... Kva har skjedd med favorittlaget mitt??

Ikkje at eg klager, nei nei nei nei. Overhodet ikkje. Etter x antall sesongar med "1 mål pr. 5.000 sjanse", er eg overlukkeleg over at vi ser ut til å ha blitt *gisp* effektive. Middels god kamp mot LSK sist helg, og tre mål. Elendig dårleg kamp mot Hønefoss i går, og to mål.

For la oss vere ærlege; det var ikkje bra i går. Stressa, upresist, oppjaga, passningane sat skjeldan, vi mista ballen heile tida. Og vi gir bort ALT for mange dødballar. No skal det heldigvis seiast at på desse dødballane har det og skjedd noko; vi har fått ein heilt annan kontroll enn før. Før gjekk dei ofte i mål, utan at nokon heilt forstod kva som hadde skjedd. No klarerer vi dei, meir eller mindre kontrollert.

Vi slapp til Angan alt for mange gonger i går... men vi stoppa han i siste liten kvar gong.


Men det var trass alt ikkje heiltsvart. Vi vann på ein dårleg dag, det er kanskje det viktigaste av alt. Det er ikkje lenge sidan vi hadde reist frå ein slik kamp med 2-2, eller enda verre 3-2. Sjølv om vi slapp dei til alt for mykje, haldt vi nullen.
Pablo klarte seg godt som erstattar for Ville. Sjølv om eg framleis håper sistnevnte er speleklar til Stabæk-kampen. Han har trass alt for vane å score mot dei...
Og det var utrulig moro å sjå Enar springe inn på bana i oransje igjen.

To kampar. To sigerar. Null baklengs og tabelltopp. Slett ingen dårleg start. No har eg starten på -08-sesongen friskt i minne, så eg har ikkje tenkt å ta av. Men, inntil videre kjem eg til
å nyte dette.

Aal'sun på topp, Aal'sun på topp. Aal'sun, Aal'sun, Aal'sun på topp

onsdag 17. mars 2010

Sunn Sunn Møring Møring

Eg elsker dialekta mi. Eg hadde glatt blogga på sunnmørsk, om eg hadde trudd at nokon som helst utanfor Sunnmøre hadde skjønt eit kvekk (dette har og litt med å gjere at eg har mi heilt eiga oppfattninga av korleis ulike ord skal stavast).
Alle gamle ord og uttrykk eg kan karre til meg frå bestemødre, fedre o.s.b. er gull verdt. Her kjem nokre favorittar. Utan forklaring, du kan kalle det ein gjettekonkurranse om du vil :) Eg veit heller ikkje om alle desse er reine sunnmørsuttrykk. Men dog.
  • De e'kje pire
  • De heng'kje på greip
    eller min personlege vri (ofte brukt på fotballkamp):
    De heng'kje på nokke som helst form for greip
  • Røyte gale
  • Heile hørva
  • Istjøkel
  • Lykjel
  • Opponde
  • Nøvinj
  • Høke
  • Atteføkjin
  • Oppi/atti nøva
  • Fluksepålina eller Tultrepålina
  • Fineskrin
  • Manta
  • Nete
  • Grauthaud
  • Vasedallj
  • Stutakonge
  • Sirompa
Frå farfar (som døyde før eg i det heile tatt var på teiknebrettet) kjem eit av dei absolutte favorittordtaka mine:
Sjit oppi eine nøvinj, å ønsk oppi den andre, å sjå kar du fer mest

Eller eit anna uttryk frå same mann, som kanskje hadde vore aktuelt i somme toppklubbar i fotball...
De gjeng'kje to store oppi en sekk

Og for oss som er singel kan det vere greit å hugse at
Du koka'kje mykje suppe på et fint haud


Farfar var, i fylje pappa, eit bibliotek av gamle ord og uttryk. Han hadde alltid eit uttrykk som passa situasjonen. Som om han til dømes fekk spørsmål om kva det var til middag;
I dag ska oss slenge magen oppå ømnen å varme oppatt de oss ha i går

Farmor har og eit av favorittuttrykka mine, som mine eigne både barn og barnebarn skal få høyre opptil fleire gonger;
Den som kjøpe alt han ser, den fer gråte når andre ler

Russeavisa vår heite forøvrig Riv rus(s)skane gale, og igjenspeila heilte prosessen med å lage den.

Og til slutt den ulitmate utfordringa:

Pøytehøppandes ikønn me bastus å pjækert

Kursdag

Skal helse litt på InDesign igjen i dag. Merkeleg kor fort ein gløymer. Då eg byrja her hadde eg knapt peiling på Quark. No riv eg meg i håret om eg må bruke noko som helst anna.

Ikkje at eg trur kunnskapen sit så alt for langt inne. Men skal bli godt å få litt hjelp til å hugse.

Men fyrst; kaffi. MYKJE kaffi.

mandag 15. mars 2010

Dear brain

Plz to start working when I need you teh most.

Kthxbai

1. runde

Eg tenkte eg skulle vente til i dag før eg blogga om seriestart i Tippeligaen. Få det litt på avstand, kanskje eg kunne vere litt meir sakeleg.

... kjenner no at det er særs lite truleg...


AaFK - LSK 3-0
Det kunne ikkje starta stort betre. Det starta hinsides alle tenkjelege forventningar. Rett nok har vi godt tak på LSK på Color Line, men dog. Er det ein ting du lærer tidleg som AaFK-supportar så er det kor lett håp kan gå i tusen knas. Så eg drog på kamp i går med ei noko blanda kjensle.

Eg skal vel ikkje lyge på oss at det var nokon god kamp. Vi gav bort alt for mange dødballar, på eit tidspunkt 4-5 cornarar på rad. Men fotball handler om å score flest mål, og akkurat der har vi eit ganske godt våpen. Altså, ikkje i angrep. I andre enden. Anders Lindegaard.

Eg tør ikkje tenkje på det, eigentleg. Kor lenge vi kan behalde ein keeper som Anders. Bunnsolid i mål, vinnervilje av adamantium, kjeften i orden og eit engasjement som berre må smitte over på dei fleste. Og når han kjem med slike herlege sitat som etter kampen i går... du må berre elske Anders Lindegaard. Som jager framover, i det 91. minutt, når vi ligg under med to mål. Anders Lindegaard er gull både på og utanfor bana.

Ikkje det. Heile forsvaret skal ha skryt. Arnefjord er kanskje den viktigaste spelaren vi har. Ville blir berre betre og betre for kvar kamp. Til og med Tollås hadde rista av seg mesteparten av feila sine i går. Det såg i det heile teke ganske solid ut. Med så mange "klabb og babb"-situasjonar, der vi tidlegare har sluppe inn alt for mange mål, fekk vi klarert eller redda alle i går.

Men tre mål. TRE mål. Både Aarøy og Silva. Og Arnefjord, som i fylje SMP hadde som mål å score på dødball i 2010. Mission accomplished :)

Nei, dette såg unekteleg bra ut, trass periodar med kløning. #optimist


torsdag 11. mars 2010

#sint

Eg plar som regel ikkje å vere sinna for slike ting før nærare sommar og feriertid, men saker som dette gjer meg verkeleg provosert!



Det er få ting eg blir så sinna på som folk som behandler kattar som forbruksvare! Du ser det kvar sommer; folk reiser på ferie, og let katten seile sin eigen sjø. Eller som over, dei dumper den i håp om at nokon forbarmer seg... eller kanskje bryr dei seg ikkje i det heile teke, kva veit vel eg?

Dyrebeskyttelsen sine kattehus renn over av stakkars, utsulta, gløymde kattepusar i alle aldrar som ikkje har gjort noko anna gale enn å bli adoptert av ein familie ikkje ser på dei som levande vesen.

Kor vanskeleg kan det vere? Då eg var lita hadde vi og katt, men det var alltid nokon i nabolaget som ville ta på seg å mate ho den/dei vekene vi var på ferie. Vi har katt no og, men han er innekatt så han sender vi på kattepensjonat. Er da tross alt vi som har bestemt oss for å ha katt, då skal ikkje han lide fordi vi skal på ferie.

Kva lærer eigentleg borna av dette? At det er heilt greit å kvitte seg med eit levande på same måte som ei øydelagt leike, eller eit par sko med hol i? Eller lyg dei til ungane, og seier at katten har blitt påkøyrd eller liknande? Eg hugser då katten min døyde då eg var 9. Eg var knust i vekesvis etterpå. Er det verdt det å sjå poden så lei seg?

Det er veldig enkelt; hvis du ikkje vil/har tid/har lyst på dyr; Ikkje skaff deg dyr!

tirsdag 9. mars 2010

All in a days work

Endeleg fann eg noko litt meir avansert:

No spørs det berre kva eg skal bruke det til...

mandag 8. mars 2010

Om dommarar, superfinalar og deffansive feil

Seriestart i går... eller, retter sagt sesongstart. Superfinale mot RBK, ein kamp som på papiret var endå meir opplagt enn cupfinalen mot Molde. Difor er det lite overraskande at det enda med 3-1 siger til RBK. Det er ikkje det at vi taper som plager meg.

Det er måten vi taper på.

Vi spelte slett ingen dårleg kamp. Anders stod som ei støtte i mål. Orry var brilliant på midtbana. Diego dribla av det som var av RBK-spelarar. Generellt sett var vi så gode at eg ikkje ein gong gidd å bruke energi på å irritere meg over at vi vart snytt for ei soleklar straffe, eller at Orry fekk eit totalt feildømt gult kort for at Steffen Iversen snubla i sine eigne bein.

Alt i alt; vi er i rute. Problema ligg der dei alltid har vore;

1. Vi scorer for lite ut frå kor mange sjansar vi har

2. Dei måla vi slepp inn er stort sett billig drit

Det vil seg berre ikkje. Stang ut, to mm over, ein halv meter til sida. Frispark som suser akkurat utanfor mål, eller keeper som får ein halv peikefinger på ballen... Den vil alle andre plassar enn i mål.
Eg er klar over at vi brukte opp stang-inn-flaksen vår i cupfinalen, men dog.

Og når vi først slepp inn mål så er dei av den superbillige typen. Det hadde vore heilt greit om vi hadde tapt etter tre Prica-susarar a'la seriekampen på Lerkendal i fjor. Men dei to fyrste måla, å i alle fall det andre, var berre for billig. Slik kan ein ikkje drive på. Og det veit nok gutane og. Og eg rekner med at Rekdal har minna dei på det.

Men spelemessig er eg nøgd. Fullt på høgde med RBK i store deler av kampen, direkte brilliant til tider. Flotte angrep. I fleirtal. Det skortar berre på den siste lille biten framføre mål. Og ein må berre elske vinnervilja til Anders Lindegaard som, sjølv 3 minutt på overtid, jager laget framover enda vi ligg under med to mål og det er 1 minutt att av kampen.

Konklusjonen må bli at dersom vi har tenkt å spele slik i år... då kan det fort bli gøy å vere AaFK-supportar.

Om vi berr scorar på sjansane da...

søndag 7. mars 2010

Eg trur eg nettopp fann opp noko

Eg har lenge tenkt tanken å skaffe/strikke/produsere ein form for nett til å henge øyredobbar i. I dag slo det meg; makramè er perfekt til det bruk. Resultatet 1 time knyting blei... ja, kva kaller ein noko slikt?




Knytte enkelt og greit berre ei lang remse makramè, utan perler. Utan å ha laga mange av desse, vil eg tru at lause knutar og tjukk tråd er ein fordel.

torsdag 4. mars 2010

Jah...

... no bør eit samla norsk pressekorps og hylekor vere nøgde med seg sjølv. Har nettopp sett pressekonferansen med Bjørn Einar Romøren, og har vondt langt inn i hjarterota.

STAKKARS MANN!

Som tidlegare overivrig hoppentusiast har eg sett Bjørn Einar både forbanna, oppgitt, skuffa og sur. Eg har sett han slenge med leppa, høyrt han fortelje historier om fingrar knust i frustrasjon og lange joggeturer i skogen med Metallica på full guffe.

Men uansett kva som har skjedd. Korleis han har bomma. Kva som har vore grunnen til det dårlege humøret, eller kor dårlig det har vore;

Eg har aldri aldri aldri sett Bjørn Einar Romøren på gråten.

Og NO skal alle vere snille.
NO syns alle straffa er for streng.
NO meiner alle plutselig at han bør få fred.

Kvar i helsikke var denne haldninga i går kveld, då fansida has på facebook rann over med skjellsord? Då alle avstemningar på nett hadde 90% fleirtal for å hive han på hovudet ut av både landslag, verdscup og land for den saks skuld?

Nei, no skal vi vere snille. No skal vi vise sympati. Stakkars guten er jo lei seg...

KLART HAN ER LEI SEG!! Det prøvde han jo også å seie i går, men då var det også gale!

Kjenner eg blir sintere enn eg har godt av, spesielt med tanke på at eg ikkje får gjort ein dritt med noko av dette. Anna enn å vere ein av hittil 312 medlem av FB-gruppa "Vi som støtter Bjørn Einar Romøren". Som heldigvis dukka opp ganske kjapt. Hvis ikkje hadde eg starta den sjølv.

Chin up, Bjørn Einar! Vi er mange som ikkje vil lynsje deg og...

Tenk så kult

Om Nytt på Nytt byrja slik på fredag:
Romøren (i stolen til Almaas): Hei og velkommen til nytt på nytt-
(enter jon almaas)
Almaas: Du du du, det var faktisk jeg som skulle åpne programmet
Romøren: Joda, men jeg bare prøveåpner

#forvirra

Først er det han gjer gale? Og så er det gale at han legg seg langflat å ber om orsaking etterpå?

FORVIRRA!

onsdag 3. mars 2010

Har bestemt meg for å gjere meg upopulær

Ikkje akkurat noko eg gjer ofte, men når eg fyrst skal gjere det så kan det like så godt vere noko eg verkeleg meiner. Og noko ingen andre er einige i.

Støtte til Bjørn Einar Romøren!

Han har kanskje tabba seg ut. Men alvorleg talt. Jo meir fokus folk legg i å hetse han, jo mindre blir det att til det som skal skje i kveld.

Har det skjedd?
Ja.

Var det dumt?
Ja.

Hjelp det på situasjonen å kalle Bjørn Einar idiot, amøbe, drittunge og det som verre er?
... tja, kanskje for dei som får letta frustrasjonen sin. Men i det store og heile; nei.

Eg er sikkert inhabil. Eigentleg veit eg at eg er inhabil. Men dette meiner eg faktisk, samme kor inhabil eg er; så himla mykje pes fortener han faktisk ikkje.

Så kan andre meine det dei vil. Og dei meiner sikkert det stikk motsette. Eg støtter i alle fall Bjørn Einar.

... og forøvrig håper eg han tek ein John Arne Riise, og vinn neste WC-renn...

To-delt

Eg kjenner meg splitta i dag. Ein del av meg er pottsur på at Annette Sagen ikkje blir første hopper i ny-Kollen likevel. Den andre har berre lyst til å gi Bjørn Einar Romøren ein "stakkars-liten-kom-hit-skal-trøste-eg"-klem.

Ein del av meg syns det heile er idiotisk. Den same delen kan ikkje forstå kvifor Sagen ikkje kunne prøvehoppa sjølv. At nokon måtte teste før det første "offisielle hoppet" seier seg litt sjølv, men har du sagt 'første hoppar' så har du sagt ' første hoppar'.

Den andre delen skjøner ikkje heilt problemet... eg mistenkjer at den andre delen er litt partisk. Men den delen slit litt med å vere forbanna. Den delen passer seg vel for å halde meir eller mindre kjeft, for den delen veit at den tek feil. Men den kan ikkje noko for det.

Bjørn Einar Romøren har alltid vore favoritten min. Eigentleg burde han slutte å vere det no... men eigentleg ikkje. Eigentleg burde han ha sagt 'nei' til å hoppe først. Men eigentleg, etter 6 år som Romøren-fan, kan eg skjøne kvifor han ikkje gjorde det.

På same tid er eg litt skuffa. Men ikkje så skuffa at eg ikkje tykjer synd i han. Han har fått sin del kjeft allereie, og det blir nok ikkje betre utover dagen. Og på ein måte har han fortent det. Men på ein annan måte er det ikkje han som fortener det mest.

Uff... eg er i det heile teke veldig splitta. Skulle ønske folk ikkje laga slike problem for meg *sukk*

Og så kan ein jo spørje seg, som denne twitraren;
Hadde folk vært like forbannet om Anette Sagen hadde sneket seg til et hopp om kommunen hadde valgt Romøren?

Same procedure as every year

Det byrjer å nærme seg ei kritisk tid på året igjen. Og eg hadde igrunn lova meg sjølv å ikkje stresse med dette i år. Eg fekk igrunn svar på det eg lurte på i fjor, i slutten av mai. Så eigentleg er det vekkasta både tid og energi.

Men, hadde det vore så enkelt at ein berre kunne fortalt det til hjartet sitt, då hadde eg ikkje hatt dette problemet i det store heile. Då hadde eg teke knekken på det med enkel logikk for lenge sidan. Då hadde eg spart meg all grublinga, både før og etter mai i fjor.

Eg slit med å skjøne det, eigentlig. Kvifor all evene til å kommunisere stopper opp når han er i nærleika. Kvifor eg ikkje klarer å konstruere setningar, kvifor eg ikkje klarer å koble hjerna og munnen. Kvifor eg ikkje kjem på dei rette tinga å seie før eg er vel heime, og irritert på meg sjølv. Det er jo ikkje det at eg ikkje vil komme på smarte ting å seie. Å dei få gongane eg får stokka orda, og faktisk opna kjeften, så er vi jo einige. Eg er jo ikkje ein komplett idiot. Og kjeften fungerer ganske bra ellers om dagane.

Berre ikkje saman med han.

Det verker for meg heilt ulogisk. At det du treng mest for å bli betre kjent med ein person, det du er avhengig av i selskap av andre, skal kollapse så totalt. Korleis i all verda skal to personer bli kjent med kvarandre om den eine ikkje klarer konstruere enkle setninger ein gong?

Eg har prøvd å gi opp og. Fortelje meg sjølv, lure meg sjølv til å tru at eg like godt kan vere meg sjølv, for eg kjem ingen veg med den eigentlege agendaen min. Så dette tullet med å vere nervøs, og redd for å seie feil ting er det berre å slutte med. Han er ikkje interessert, det er ikkje vits å prøve å imponere han på den måten.

Det går bra... heilt til dagen er der. Heilt til eg veit eg skal treffe han igjen. Då blir eg brått nervøs, bekymra, får sommarfuglar i magen. Så byrjer eg å tru det kan gå bra. At kanskje alt går betre denne gongen. Og så er eg så dum at eg tek med meg den innstillinga.

Og så blir eg skuffa. Igjen.

Eg har ingen illusjoner om at det skal bli annaleis i år. Håp, ja. Men eg veit at det same skjer. Eg trudde kanskje eg hadde tatt knekken på det no, men etter kvart som dagen nærma seg så viser det seg at neida; her er alt ved det same gamle.

Somme dager hadde det vore innmari om hjerna hadde ein av-knapp...

mandag 1. mars 2010

Makramania

Erm... altså... når du har knytt opp om lag... 30-35 meter band på to dager... Er du då hekta?