fredag 30. april 2010

Nokre program burde aldri slutte å gå

Siste episoden av Lyngbø og Hærlands Big Bang i dag. Siste så langt i alle fall.

Eg har abstinensar allereie.

Program akkurat etter min smak. Litt moro, litt lærerikt, litt frekt. Og kjempekul intro-melodi-ting. Akkurat nok fakta til at eg trur eg har lært noko, og akkurat nok moro til at det ikkje kjennast som skule.

Kjære NRK. Eg er ein av få nordmenn som betaler lisensen min med glede. Kan dykk vere så snille å lage ein ny sesong. For min del?

onsdag 28. april 2010

Speilrefleks er vel og bra

Men av og til er det greit å få jukse litt :)

Pustepause

Det merkast at neste fredag blir ein merkedag. Allereie no ligg eg etter, og gler meg berre til siste sida har gått i trykk. Eg har ei kjempetjukk mappe ved sidan av meg merka 'Overtid onsdag', og det er berre det eg må vere ferdig med denne veka.

I dag har eg knapt hatt tid til å hente kaffi, det har gått pristilbod og annonseforslag i alle himmelrettningar. Lønsjen forsvann av seg sjølv, og kosten i dag har vore tørre kjeks, gulrøtter, farris og hasselnøtter.

No liker eg å ha det travelt. Men det går ei grense, sjølv for meg. Så no måtte eg ha ei pustepause. Før eg går laus på dagens siste ord. arbeidstime, etterfulgt av i alle fall ein time overtid.

Får eg dispensasjon til å lage pizza til middag... kvelds?

tirsdag 27. april 2010

Lynerindring*

Eg får litt flashback av heile denne Diego Silva-greia. Og ei snikande kjensle at her er det agenten, og ikkje Diego sjølv, som er hovuddrivkrafta.

No skal det seiast at eg er einig med Sindre Halkjelsvik (i alle fall til om lag midvegs i innlegget); Silva, slik han har fungert for Aalesund, har ikkje fungert. Han er spiss, jobben hass er utelukkande å score mål. Og han har aldri heilt innfridd. Korvidt han har blitt brukt på rett plass, fått tillitt og så bortetter, skal ikkje eg legge meg opp i.

Men at han ikkje har gjort seg fortent til nokon "hinsides" lønnsauke, det ser dei fleste. Og ja; eg veit han scora på søndag. Men det var også stort sett alt han gjorde i den kampen.

Men som sagt, eg har ei snikande kjensle av at dette er agenten og ikkje Diego. Litt som då Roy Carroll forsvann frå Manchester United. Då var det både italienske klubbar og betre tilbod inne i biletet. Til slutt enda han opp i West Ham...

Diego virker som ein herleg kar, og frå ein personleg ståstad kan han godt bli her. Han trivast, han liker klubben. Men no er han ein gong her for å spele fotball. Og det kan han kanskje gjere betre ein anna plass...

Og så får moralen i historia vere; Hadde det ikkje vore for at Roy Carroll enda opp i OB til slutt, hadde nok aldri Anders Lindegaard kome attende til oss. One good thing may lead to another...

*courtsey of @hvarfredriksen :)

søndag 25. april 2010

8. runde - Back on top

og ikkje heilt ufortent...

Sandefjord - AaFK 0-1
Eg skal slutte å vere overraska no, og slutte med "ka E DE so skje me favorittlage mitt?!"-uttalelsar. Utan at det på nokon måte tyder at eg har blitt høg på pæra og trur at det er slik det skal vere. Men etter 8 runder, og 17 poeng, må det berre konstanterast;

Vi er ikkje eit blaff.

Vi kjem ikkje til å vinne. Vi blir ikkje topp tre. Vi er framleis laget som vart nummer 13 i fjor, det er litt tidleg å kalle seg topplag enda. Men vi er ikkje eit blaff.

Vi slo LSK 3-0. Same LSK som i dag haldt Rosenborg til uavgjort på Lerkedal. Vi har spelt uavgjort mot nevnte RBK, og mot Stabæk. Vi grusa Viking på CLS. Og i dag slo vi heimesterke Sandefjord på komplett.no arena (kven sa at Color Line Stadion var eit idiotisk navn?).

Så kva er skilanden? Kva har skjedd med AaFK?

For det første vinn vi på dårlege dager. AaFK for eit par år sidan hadde reist frå Sandefjord i dag med i beste fall uavgjort, men mest truleg tap. Om det berre er Kjetil "hater-å-tape" Rekdal som skal ha æra for dette veit eg ikkje. Men nokon har fått ein vinner-mentalitet inn i AaFK. Som tidlegare nevt var det nesten godt å sjå Ville Jalasto sende ein ball halvvegs til stratosfæren i rein frustrasjon etter 2-2 mot Stabæk. AaFK for nokre år sidan hadde vore nøgd med å karre til seg eit poeng mot eit slikt lag.

For det andre sett vi sjansane våre. Ikkje alle, så klart, men klart fleire. Der AaFK før var Ole Alexander File-bom-bom-bom-bom har vi no blitt mykje betre på å faktisk treffe mål. I dag stod ein god Espen Bugge Pettersen i vegen for 2, kanskje 3-0-siger.

Eg kunne sagt at vi har forsterka laget. Men vi har faktisk ikkje gjort det så mykje. Når det gjeld spelarar inn det siste året, som har gjort ein markant skiland i start-ellveren, kjem eg berre på Ville Jalasto og Anders Lindegaard. Herrera, Phillips og Carlsen kjem hakk i hæl, men har av ulike grunnar (t.d skader) ikkje fått utmerka seg like jamt. Eg skulle ønske eg kunne legge til Magnus Sylling Olsen, men frå min ståstad har han ikkje innfridd enda.

Ellers er det stort sett det same laget i år som i fjor. Og i 2008. Skiri, Aarøy, Arneng, Jääger tilbake, Parr, Orry Larsen, Fredriksen, Mathisen, Tollås. Stallen er meir eller mindre den same.

Men det har skjedd noko med spelarane. Dei orker meir, dei vil meir. Som Ivar Hoff sa for nokre år sidan; hadde fotballkamper vart i 75 minutter så hadde Aalesund blitt seriemester.

Den tida er forbi.

Og eg liker det eg ser. Eg banner og kjefter rett nok medan det står på. Men eg liker det eg ser. Etter 1-0 scoringa i dag tok eg meg nesten i å slappe av litt. For eit år sidan hadde eg sagt at det farligaste i verda er å leie 1-0.

Eg har ikkje tenkt å ta av no heller. Eg veit at eit velplassert Tromsø-spark i mageregionen til Molde i morgon dytter oss ned att på andreplass. Men der ligg heile moroa;

DYTTER OSS NED ATT PÅ ANDREPLASS!


Det har gått 8 serierunder, Aalesund ligg på 1. plass i Tippeligaen, har scora 15 (!!) mål og sluppe inn 7. I fjor blei vi nummer 13.

Bakkekontakten får eg fort nok att. Inntil det skal dette nytast så lenge det varer.

Er du klar over kor himla gøy det er å vere AaFK-supporter for tida??

lørdag 24. april 2010

Den fyrste kjendisen eg kan hugse å ha vore forelska i er David Beckham. Eg har blitt fortalt av mamma at den alle fyrste var Jon Rønningen, då eg var om lag seks år. Men David Beckham er den fyrste kjendisen eg kan hugse å ha vore skikkelig forelska i. Så forelska at då han byrja å date Victoria, la eg heile Spice Girls-gruppa for hat av reint prinsipp.

Det er litt søtt å tenkje tilbake på. At det einaste some stod i vegen for at eg skulle få eit langt å lukkeleg liv i lag med David, var at han traff henne. Aldersforskjell, geografiske hindringar og det faktum at sjansane for at eg nokon gong skulle treffe han var mindre enn mikroskopiske... neida, det einaste som stod i vegen var den dumme dumme dumme Viktoria.

Så ung og naiv eg var...

Det har sjølvsagt vore fleire enn David Beckham. Mange fleire. Med det mylderet av boyband som eksisterte då eg var 13-17 var det berre å velge å vrake. No må eg riste litt på hovudet av dei eg ein gong meinte var drømmemannen, men då var eg sjølvsagt heilt forgapt. Det var berre eit spørsmål om å treffe han, så skulle alt bli rosenraudt.

Heldigvis har eg skjønt litt sidan den gong.

Men, med 2 månader att til eg blir 27 må eg ærleg innrømme at eg lurer litt på om dette er noko som nokon gong blir heilt kurert. Betre har det sjølvsagt blitt, sjølv om eg kan vitse med at kanskje eg berre skal kapre den eller den, og leve lukkeleg alle mine dager. Eg veit jo at det ikkje er slik det er. Men eg klare ikkje å legge av meg desse kjendis-forelskingane...

... eller, dei er jo ikkje det. Du kan ikkje forelske deg i nokon du ikkje kjenner. Eg har til gode å finne eit godt norsk ord for det, men det engelske 'infatuation' passer best. Det stikk kanskje ikkje så djupt, men likevel. Forelsking light, kanskje. Dessutan forelsker eg meg lett, kjendis eller ikkje.

Og dette slutter eg aldri med. Anten det er skodespelarar, bok-figurar, fotballspelarar eller politikkarar (!!). Eg har gått i fleire år og venta på å vekse av meg dette tullet, utan hell. Eg trudde det skulle bli betre når eg blei vaksen.

Men den gong ei. Det vil liksom ikkje gi seg. Eg er 27 år (best å øve seg på å seie det) og eg kan framleis ramle langt inn i dagdraumer om Eric Northman, eller visse krølla fotballspelarar eller politikarar med fotballdrakt eller kven det no skulle vere.

Det går nok over ein gong. Når eg treff den rette drømmemannen, Han med stor -H, som verken er toppalpinist, høgreback eller kjendisfysikker, men som likevel forvandler knea mine til gelè. Men fram til då tviler eg på at eg slutter å forelske meg light.

Og så må eg innrømme at det er litt sytalaust (som det heiter på Sunnmøre). For logikken er ganske enkelt; om det berre er ein draum, så kan han ikkje knuse hjarte ditt.

fredag 23. april 2010

Julas slemmeste triks? - magasinet - Dagbladet.no

Veit ikkje kvifor, men eg fekk plutseleg innmari lyst til å studere fysikk...
Julas slemmeste triks? - magasinet - Dagbladet.no

Defying gravity

Tysdag gjorde eg noko kjempeskummelt. Noko eg har hatt lyst til i nesten to år, men rett og slett ikkje har våga.

Men tysdag våga eg.

Eg har sagt opp jobben min.

Utan noko nytt å gå til, utan ein konkret plan om kva eg skal gjere no.

Som Elphaba i syng i Wicked:
It's time to trust my instincts
Close my eyes: and leap!

Det er ingen dramatikk over dette. Eg har berre mistrivast med sal og salsbudsjett lenge, og har endeleg funne styrka til å våge å slutte. Eg har lenge leita etter ny jobb, i håp om å kunne gå til noko nytt. Men i det siste har eg ikkje kjent meg sjølv att, eg har ikkje vore sprudlande meg på fritida ein gong. Påska gjekk med til å grue seg til arbeidsstart igjen, og dagen før eg skulle byrje på att var eg regelrett kvalm.

Eg bør sikkert vere dritredd, bekymra og lure på kva i allverda eg har gjort.

Men det er eg ikkje. Dette er det beste som har skjedd meg på lenge. Verda er vakrare, fuglane syng finere, sola varmer meir. Det er litt som å vere forelska.

Eg ser berre mogelegheiter.

It's time to try defying gravity.


onsdag 21. april 2010

"Dager kommer i alle farger, også grå"

(Dum og deilig, Knutsen&Ludvigsen)

Eg byrjer no å bli så vaksen at eg har eit "forhold" til fleste eldre, kjende norske personlegdomar som går bort. Og det er like trist kvar gong det forsvinn eit andlete du er så van med å sjå på TV eller i aviser. Som Pål Bang-Hansen. Han var liksom alltid berre der, det var ikkje meininga at han skulle forsvinne.

Men dette blir hakket verre.

Ludvigsen er død :(
Gustav Lorentzen vart berre 62 år.

Knutsen&Ludvigsen var to av dei
store barndomsheltane mine, og mange mange mange andre sine. Av den typen du aldri veks fra, dei som er like morosame når du er sju som når du er 27.

Grevling i taket, Eg ve te Bergen, Dum og deilig.

Dette er berre trist :( Berre trist.

Kvil i fred, Ludvigsen


(Foto: Vegard Eggen)

Vil berre opplyse om at det er vår...



... igjen

Fine fine fine boka!

Ikkje fin i den forstand at den er søt, og snill og pakke deg inn i bomull.

Nei. Mobbeboka er fin fordi den røsker tak i deg. Du må berre bli grepen av historiene, anten du har opplevd det sjølv eller ikkje. Dette er sanning, dette er ekte menneske. Sånn har dei det. Sånn har dei hatt det. Sånn har kanskje nokon du kjenner det akkurat no.

Dette er ei bok alle bør lese. Alle. Store, små, lærarar, mobbarar, politikarar, journalistar, banksjefar... you name it.

Fine fine FINE boka!

Gale nok for meg

Eg har lest ferdig mobbeboka. Og som lova; her kjem mi historie. Den er ikkje den verste. Ikkje den nest verste heller. Mange vil sikkert berre trekke på skuldra, riste litt på hovudet eller tenkje at det fins dei som har det så mykje verre. Og det gjer det så klart.

Men dette er då ein gong mi historie. Kanskje ikkje så gale for andre, men gale nok for meg.


"Du veit de at du ska ha dongribuksa uttapå bootsa, sant?"


Det var nok ikkje med den kommentaren det byrja, men det er ein av dei som sit att. Uskuldig nok, eg veit. Men ein hugser dei raraste ting.

Eg har alltid vore... eller, eg var i alle fall frittalande då eg var yngre. Byrja å prate tidleg, og var ikkje gammal då eg høglytt ba naboen som kom på besøk om å "Atte dølla!" (lat att døra).
Fantasien min er det heller ingeting i vegen med. Og så spurte eg om eg lurte på noko. Same kva det var. Det gjer eg enno, men med litt glimt i auge om eg veit at det er eit "dumt" spørsmål.
Dessutan plumpa eg ut med alt eg tenkte, utan å tenkje over det først. Aldri lurt...
Eg såg aldri nokon grunn til å halde hemmeleg kven eg var forelska i heller. Eg hadde vore så dum å nevne det for nokon rett etter at vi byrja i første klasse, og etter det visste alle det. Han og. Så kvifor nekte? Same greia på ungdomsskulen. Alle visste det. Kvifor late som?

Eg hugser verkeleg ikkje når på barneskulen det så smått byjra, men eg hugser episodar heilt på slutten, 5. - 6. klasse. Som den med bootsa, då det var så inn å ha boots. Og eg gjekk med buksa stappa nedi, i staden for utanpå slik det "skulle vere".
Eg veit det var meir, men det er den episoden som har brent seg fast. For eg hugser dagen etter, då eg hadde buksa utanpå, og same guten spydig kommenterte at "næh, he du buksa uttapå i dag?" Eg såg på han med eit litt skrått blikk, smilte sukkersøtt, klappa han på hovduet og sa "neimen, så fint at du la merke te det."

I den augeblinken var eg umåteleg stolt av meg sjølv. Det var den eine gongen eg svarte med hell.

Eg veit ikkje om det var då han fekk blod på tann. Eller om han allereie hadde bestemt seg.

Kommentarar i det små. Hånlege kommentarar. Nedlatande kommentarar om ting eg sa, ting eg gjorde, ting eg meinte. Eg hugser eg kjøpte Guns'n'Roses-kassett, for å passe inn. Men neida. Eg var liksom ikkje "kul", det var berre så enkelt.

Men det blei ikkje eit problem før ungdomsskulen. For då hadde Plageånda funne ein ny måte å ta meg på. Han kunne tulle-flørte. Det var jo genialt! Stadig kome med klissette kompliment som var så dynka i sarkasme og nedlatenhet at du måtte vere både blind å døv for å ikkje skjøne at han tulla. Det blei sport for han, rett og slett. Han lirte av seg kommentarar, og fekk latter som løn. Det mindre eg likte det, det meir eg ba han halde kjeft, jo lenger haldt han på.

Det høyrast kanskje banalt ut. Som noko eg burde latt passere. Kanskje var det ekte flørting, kamuflert som litt usikker erting?
Det var ikkje banalt for meg. Eg var 13, på full veg inn i puberteten sitt hormon-helvette, hadde låg sjølvkjensle frå før og hadde attpåtil fått puppar. Sjølvbilete mitt var mildt sagt dårleg, og det blei ikkje betre av å kvar dag bli tulle-flørta med på denne måten.

Slik haldt han på i tre år. Same kva eg sa, korleis eg ba han halde kjeft, korleis eg beit av han hovudet, så vart det berre gøyare og gøyare for han. Det var den responsen han ville han. Og dumme meg gav han den.

Til slutt byrja eg å tru det sjølv. At ingen alvorlege kunne seie at eg var "søt" eller "vakker" og meine det. Om nokon verkeleg hadde vore interessert i meg på ungdomsskulen, om nokon verkeleg var det, så aner eg ikkje. Eg slutta å høyre kompliment. Både frå gutar og jenter. Den dag i dag trur eg ikkje folk når dei seier fine ting til meg. Eg har lært meg å seie 'takk', men innerst inne trur eg det ikkje.

Eg burde sjølvsagt ha sagt det til nokon. Men kva i allverda skulle eg seie "___ flørter sånn ekkelt med meg, og eg liker det ikkje"? Kva skal ein lærar gjere med det?

Så eg haldt ut. Eg glefsa, ba han om å halde kjeft, rømte unna situasjonane. Og han lo. Og dei andre lo. Og der og då tenkte eg eigentleg at "dette er sånn eg må tole, det er mi skyld at eg ikkje klarer å stable saman ei kraftsalve tilbake." Men eg klarte det aldri. Eg ville berre, som eg sa, at han skulle halde kjeft. Ein gong small eg av til ei i klassa som hengte seg på, ba ho "gjer verden ei tjeneste å hold kjeften din." Ho lo så klart ho og. Det var jo berre gøy at eg blei så sinna.

No var ikkje ungdomsskulen beksvart. Eg hadde vener, nokre få men gode, som eg haldt saman med. Men ungdomsskule er tre år med helvette, og vi hadde alle vårt å stri med. Eg klandrer ingen av dei på nokon måte. Dei er framleis mine få, men nære, vener.

Tre år med Plageånda sette sine naturlege spor. Som nevt var eg døv for skryt og kompliment. Eg opparbeida meg eit slags immunforsvar mot kjenslene mine. Må for Guds skyld ikkje vise kva du føler, då gir du han ammunisjon. Den dag i dag er det flaut å gråte, anten det er av ein trist film eller noko fælt som har skjedd.

Eg hugser ein gong at eg sprakk. Det hadde eigentleg ingenting med mobbinga å gjere heller, men Plageånda såg så klart sitt snitt;
Matte har aldri vore mitt fag. Eg plar seie, på spøk, at eg slit med 2+2 på dårlege dager. Det er så klart ikkje så gale, men spør meg om 6+8 og eg må telle på fingrane. I seinere år har eg oppdaga at eg nok har dyskalkuli. Men det var knapt noko som heitte då, då var du berre litt treig.
Matte-tentamen var eit mareritt. Matte-prøver generellt var eit mareritt. Eg leverte til 12 kvar tentamen, og skunda meg heim på bussen. Kvifor prøve?
Så eit år var eg sjuk, og måtte ta opp att tentamen. Det var ein vanleg skuledag, vi var 5-6 stykker som skulle ta opp att, og etter endt prøve skulle vi tilbake til undervisning. No fekk eg ikkje fri likevel, no kunne eg like godt bruke dagen. Eg tok meg god tid, rekna, dobbelsjekka. Leverte kvart over to, og var særs nøgd med meg sjølv og overbevist om at NO hadde det gått bra.
Då eg fekk att tentamen, tre veker etterpå, med standardkarakteren Ng+ skribbla på førstesida, knakk eg saman. Eg hadde gjort mitt aller beste, og det hadde ikkje hjulpe litt ein gong. Læraren fekk heilt sjokk, han var ikkje van med slik oppførsel og ana ikkje korleis han skulle takle det. Plageånda (som satt framføre meg) måtte så klart lire av seg ein høglytt kommentar om at "ho grin forde ho fekk Ng". Heldigvis var det ingen som lo den gongen.
Og heldigvis hadde vi ein lærarassistent i den timen. Nyutdanna. Han kom bort, lurte på om det gjekk bra, trøsta som best han kunne og foreslo at kanskje vi skulle gå ut så eg fekk litt fred.
Eg hugser at eg blånekta. Eg skulle jo ikkje vise kjensler.

No skulle eg ønske eg kunne takke han for det, for det hadde eg ikkje vet til då. Men han har sikkert gløymt heile greia.

Heldigvis vart eg kvitt Plageånda på videregåande. Han byrja på ei anna linje, vi var på to ulike bygg og eg såg han nesten aldri. Eg hugser eg traff han ein gong i gangen, andre året, og han slengte ein kommentar som alltid. Eg såg berre dumt tilbake på han, og tenkte for meg sjølv at "herregud, har du ikkje kome deg lenger, stakkar?"

Men så vart det dette med ettervirkningar då. Det tok litt tid før eg forsto kor mykje han fekk å seie for kven eg blei. Eg var til dømes aldri på fest. Der var han. Det var då nok å sjå han på dagtid. Dessutan vart han nok ikkje spakare i fylla.
Som eit resultat var eg ikkje ein del av "gjengen" på mange år. Fordi eg isolerte meg. Traff dei på skulen, trakk meg unna utanfor. Hadde mine to, tre nære vener som eg haldt på. Men dei gjekk på same festane, så eg blei ikkje med dei heller.
Dessutan trekte eg meg tilbake. Eg var van med at det eg meinte ikkje var rett, at det eg kjente på ikkje var viktig. Van med å opne kjeften, og møte motbør. Då var det betre å halde den lukka.

Eller då eg traff han som blei den første kjærasten min. Eg var 21 år. Det tok så mange år før eg turde å tru at ein gut verkeleg
meinte det når han sa at eg var vakker. Det tok eit halvt år før eg i det heile tatt forstod at han var interessert. At komplimenta ikkje var tull. Knust hjarte til tross, han er det beste som nokon gong har skjedd med sjølvkjensla mi. Han løfta fram dei sidene av meg sjølv eg hata mest, meinte at dei var dei beste. Og det er eg evig takksam for.

Videregåande vel over, og eg ramla tilfeldig over eit studie å gå på. Webmaster. Design og sånn. Eigentleg meldte eg meg på mest for å ha noko å gjere medan eg skulle finne ut kva eg skulle gjere. To veker ut i studiet var eg solgt. Det var DETTE eg skulle gjere!
Men eg var framleis den inneslutta jenta eg hadde blitt. Kven ville bli ven med meg, uansett? Eg var stille, opna skjeldan kjeften, men gjorde jobben min. Og var flink. For fyrste gong var eg flink. Eg var fyrstemann ferdig, eg skjønte alt med ein gong. Skulen gjekk som ein leik, eg sat oppe til langt på natt å leika meg med dei nyaste funksjonane eg hadde lært.

Vendepunktet for meg? Det kom sakte men sikkert. Det å finne noko du er god til, finne folk som liker at du er litt småsprø, barnslig. Siterer engelske komiseriar som folk ikkje har høyrt om. Skriv med Jack Sparrow-blyant i ein alder av 27 år. Sett i gong ivrige diskusjonar på facebook om standarstorleiken på ein 'prikk'. Les Harry Potter. Snakkar med seg sjølv. Kjøper to sett av same øyredobbane, eit oransje og eit blått, for så å blande dei. Flirer seg skakk av "Much ado about nothing".

Eg har kome til eit punkt der eg ikkje lenger bryr meg om folk ler
av meg eller med meg. Sjølv gjer eg begge deler. Og så ler eg av det andre seier om meg. Latter er den beste forsvarsmekanismen i verda. Om du aldri tek deg sjølv høgtideleg, er det ganske vanskeleg å ta deg for noko som helst.

Plageånda kan eg heilt ærleg seie at eg ikkje har sett på snart ti år. Han flytta til utlandet for å gå på skule, og sjølv om han er heimom i ny og ne har eg ikkje sett han. Ikkje vil eg heller. Ikkje fordi eg er redd han, ikkje no lenger. Eg er ferdig med det. Han er ikkje ferdig med det, men det seier vel mest om han.

Eg er ikkje på jakt etter sympati, skriv ikkje dette for å syte å klage. Men eg kjende meg att i så mange av historiene i mobbeboka, og det gjorde godt på ein vond måte. Kanskje kjenner nokon seg att i mi?

tirsdag 20. april 2010

Runde 7 – RBK bit frå seg (bokstaveleg talt)

... åså sure vi vart

Om nokon hadde sagt til meg i fjor at vi skulle spele toppkamp mot Rosenborg i 7. runde, hadde eg ledd godt av dei. Men ja;

AaFK – RBK 1-1

Toppkamp vart det. Nummer en mot nummer to. Ikkje topp mot bunn denne gongen, topp mot topp. Eit poeng mellom laga før kampen. Det er slutt på å reise til Ålesund for å hente poeng.

Det er vel ikkje å overdrive å seie at vi knallopna. Åtte minutt, og Fredrik Carlsen smell inn 1-0! Rundens mål, sånn reint objektivt sett. Deretter spelte vi Rosenborg av bana i store deler av omgangen. RBK kom litt mot slutten, men vi gjekk til pause med 1-0. Stolte, oransje og blå.

Men å slå RBK er ikkje så lett. Rade Prica var fly forbanna allereie midtvegs i fyrste omgang. Og som kjent er det ikkje eit spørsmål om nemnte Prica scorar, men eit tidsspørsmål. Difor var ingen overraska då han laga 1-1 målet. Men det sluttar aldri å overraske meg kor fantastisk usympatisk den mannen er. Dette er andre gong han har scora mot Stormen, og andre gong han har feira med å gestikulere hånleg opp mot oss. Sist tok eg meg i å vise fingeren til han (fyrste og einaste gong eg har gjort dette på kamp). I går klarte eg å halde meg ganske rolig, men det er få i norsk eliteserie som får meg like forbanna som Rade Prica. Eg unner han det eigentleg ikkje, men sånn er det berre.

Andre omgang var eigentleg særs oppløftande, trass mål imot. På slutten heva vi oss igjen, og kunne fort avgjort kampen. Men i det fulle og heile; 1-1 mot Rosenborg er meir enn godkjent.

Eg prøver å vere litt sakleg, å ikkje klage på dommarar og motspelarar. For gudane veit at dei er ikkje akkurat englar gutane våre heller. Fredrik Carlsen skal vere glad han fekk avslutte kampen i går. Samstundes var han kanskje bestemann, og kjempa seg igjennom 90 minutt. Det er litt skrekkblanda fryd å sjå Fredrik gå inn i duellar; han ser heilt forrykt ut, men samstundes må du berre elske iveren og vilja til å vinne.
Målet var heller ikkje vondt å sjå...

Men, saklig til trass, litt må eg seie. Eg har lenge hatt ein slags... innebygd fordom mot RBK. Dei er best, så suverent best at vi tek oss i å nesten barnsleg vere mot dei på trass. Men i går fekk eg det endelege beviset på at eg kan mislike Rosenborg si haldning med godt samvit.
Makan til dårlege taparar! Og dei tapte ikkje ein gong! AaFK er kanskje AaFK, men vi ligg på andreplass og tabellen lyg ikkje. Eg veit ikkje kva motstand RBK trudde dei traff i går, men det var tydeleg midtvegs i fyrste omgang at dei var sure og frustrerte allereie. Dette har eg opplevd før, den einaste gongen AaFK har slått RBK på CLS; det var 1-1 15 minutt ut i fyrste omgang, etter m.a. sjølvmål av RBK, og Christer Basma og Vidar Riseth sto to meter frå kvarandre og kjefta så fråden rann.

Det hjalp vel ikkje på humøret til RBK at vi i går hadde gleda av ein dommar som faktisk dømte nokolunde upartisk. At store lag som Brann, RBK, Man United, Chelsea og så bortetter har ein dommar-fordel er opplest og vedtatt.
I går hadde ikkje RBK det. Dei heiv ut med armane, kjefta, dytta, beit. Eg talde 5-6 RBK-handsar som dommeren lot passere, men då Arnefjord handsa i andre omgang var samtlige svarte og kvite klar til å lynsje dommaren som ikkje bles. Rade Prica sat nede med skade i fyrste omgang, og nærast slo etter dommaren då han var borte for å høyre korleis det gjekk.

Alvorlig talt, Rosenborg. Dykk har hatt dommerfordelar og nytt einevelde i Noreg så lenge eg kan hugse (med unntak av eit par sesongar). Dykk har vore det beste laget i Noreg i mange år, teke seriemeisterskap etter seriemeisterskap. Dykk vinn sjølv på elendige dagar, dykk har alltid ein speler på benken som kan avgjere kampen. Dykk har pengar nok i banken til å redde eit underskot, handlekraft og eit rykte i Europa. Dykk har så mange pokalar at det snart er på tide med eit eige hus til dei.

Det einaste dykk mangler, er audmjukheit.

Eg har ingen problem med å tape for eit betre lag. Det året Stabæk vann serien, pulveriserte dei oss på CLS og det var heilt greit. Dei var berre så mykje betre.
Det eg har problem med er lag som kjem seilande som førehandsbestemte verdsmeistarar, for så å bli drita sure når ting ikkje går vegen.

Aalesund er eit lag å rekne med i år. Vi ligg faktisk pr. dags dato rett bak dykk og puster dykk i nakken. Kanskje, om dykk ikkje såg lett på all motstand som ikkje har Champions League-pokalar, kanskje dykk då slapp å rømme rett i spelerbussen etter kamp. Kanskje dykk slapp å bite motespelarar, eller gestikulerer til heimefansen.

Og kanskje folk likte dykk ein smule betre...


mandag 19. april 2010

Stranda

Det var kvite veger i dag. Og snøen fall tett. Og eg har vinterdekk. Så løysinga vart buss til jobb, for fyrste gong... vel, nokon gong.

Tidlegare i dag tenkte eg at "kanskje dette skal bli ein vane"? Sleppe å vere vaken, kunne lene seg tilbake å lese i eit kvarter. Slett ikkje dumt.

Men no har eg hugsa kvifor eg ikkje tek buss. For her sit eg. Fast. No skal eg rett nok ingen plass før fire, og då skal eg på fotballkamp. Men, om noko hadde hendt i dag. Om eg hadde fått (gud forby) spysjuke eller noko sånt, ja då sit eg fast. Då sit eg her, utan sjanse til å kome meg heim før ein evt buss går heim.

Eg er rett og slett stranda. Og eg hater det.

I morgon blir det bil igjen. Lese får eg heller gjere ein annan gong.


søndag 18. april 2010

Eg har ombestemt meg

Fotballtrener må vere den verste jobben i verda.

Seks kamper i Tippeligaen, seks tap og ut med treneren. Seks kampar. Fyrste gong nokon sinne i Tippeligaen, 8 nye spelarar, i praksis nesten eit heilt nytt lag. Og seks tap.

Ut med treneren.

I somme tilfelle er eg for sparking av trener. Som til dømes då AaFK sendte Søren Åkeby på dør. Vi låg an til nedrykk, og han stod med hendene i lomma etter kvar kamp og "tykte vi va bra dom första fem minuten".

Men etter seks kamper i den fyrste Tippeligasesongen nokon gong? Veit ikkje heilt om eg kjøper den der...

Sitat Karl, Mot i brøstet

NEI! NEI NEI NEI NEI NEI!

NEI

lørdag 17. april 2010

- Nei, det var det ikke

Søstra mi er autist. Det er ikkje slik at eg presenterer meg med "Hei, søstra mi er autist", men det er ikkje noko eg gøymer vekk heller. Søstra mi er autist, og ho er kanskje den aller aller kulaste personen eg veit om.

Ho var tre år då ho fekk diagnosen, og då hadde vi igrunn sett at noko var litt annaleis lenge. Eg var ikkje så gammal, men eg skjønte likevel at det å legge skeier i rad på bordet ikkje var vanleg leik for ein tre-åring. Mamma og pappa hadde noko skjønt meir. Ho mangla mellom anna språk. Dei første orda kom, men forsvann igjen. Dessutan hadde mamma lese ein artikkel i eit vekeblad om ein gut som var heilt lik søster'n, og hadde igrunn innsett kva det var før dei fortalde det hjå BUP.

Sidan då har eg lært mykje om kva ein autist er. Og kva ein autist ikkje er. Og kva ein autist kan bli, tross alle odds. Søster'n hadde mellom anna ikkje språk, og mamma gjekk på teiknspråkkurs. Men samstundes starta vi med det som berre gjekk under namnet "trening". Veldig grunnlegjande trening. Ein av øvelsane gjekk ut på å peike på ein kropsdel, seie "ta på (t.d.) nasen", og så skulle ho gjenta. Dette var noko sjølv eg kunne hjelpe til med. Og sakte men sikkert kom språket. Og når det fyrst kom, kom det for fullt.
Ho herma og etter det ho såg på TV. Då vi fekk Cartoon Network, på engelsk, snakka ho flytande engelsk i lang tid. I ein kort periode var kanalen svensk, før vi fekk norsk oversetjing. I denne perioden snakka ho svensk.

Heile tida har vi fått hjelp. Tilrettelegging på barnehagen, skulen, ungdomsskulen. Avlastning, støttekontakt. Hjelp. For eit år sidan flytta ho i eiga leilighet, der ho til ei kvar tid har ein assistent til stades. Ho lager mat, vasker klede, baker, heklar, syr... you name it. Jenta kan alt, berre ho får sjansen til å prøve. Og ho har det godt med seg sjølv.

I vårt tilfelle har alt nesten gått på skinner, utan at foreldra mine har måtte skrike seg hese etter meir hjelp og støtte frå kommunen. Samstundes veit eg om folk i same situasjon som har flytta frå same kommune, fordi dei ikkje har fått den hjelpa dei treng. Eit venepar i ei anna kommune måtte gå til sak for at dattra skulle få den hjelpa for trong og hadde rett på.

Det slår meg som så blodig urettvist at det skal vere så stor skilnad på kva hjelp ein får. At kvar du bor, nesten kven du er, skal ha så mykje å seie. Ein høyrer til stadighet om folk som må sloss for dei tinga dei har krav på, som bruker tusenvis av kroner og fleire år på å sloss mot si eiga kommune.
Eller kor lett det er å ta frå dei som ikkje kan klage. Spare i kommunebudsjettet? Vi kutter i løna til den tilrettelagte bedrifta vår, eller fjerner den heilt. Dei får jo trygd likavel, dei treng jo ikkje pengane.

Eg skjøner at nesten alt i samfunnet har blitt eit spørsmål om økonomi. Og eg skjøner det er lett å ta fra dei som ikkje kan forsvare seg. Det eg ikkje skjøner er korleis folk har samvit til det.

Derfor er det deilig så sjå saker som den til Hanne som NRK viste i dag. Altså, saka i seg sjølv er tragisk; vi tek frå ho det tilbodet vi veit fungerer, mot legen sitt råd, fordi sånn er det berre.
Men det er løysinga som gjer meg varm om hjartet. Å høyre den ansvarlege i kommunen få spørsmål om det var et vanskeleg val å ta. I mine auge burde svaret hans vere opplagt for alle:
- Nei, det var det ikke

Små barn

små gleder:

Det skal ikkje mykje til å glede meg

fredag 16. april 2010

Den verste jobben i verda

Vi har vel alle dårlege dagar på jobb. Når eg har det prøver eg alltid å tenkje at det fins dei som har det verre. Dei som møter mykje større utfordringar enn meg. Eg kunne til dømes aldri vore ambulansesjåfør, eller politi. Eller patolog.

Men det er ein jobb som stikk seg ut i kategorien "verste jobb". Ein jobb der du alltid får kjeft, uansett kva du gjer. Same kor få feil du gjer, er det alltid nokon som skal ta deg for noko.

Det kan ikkje vere lett å vere fotballdommar...

Joda, eg har kjefta min del på dommarar opp igjennom åra eg og. Kven har ikkje det? Det kunne jo umogeleg vere offside. Og den straffa der var i alle fall feil.
Eg har slutta litt med det dei siste åra. Kva hjelp det vel? Og oftast har dommaren rett. Sjølv om vi aldri innrømmer det.

Men, likevel; eg tør påstå at ingen yrkesgrupper får så mykje kjeft som fotballdommarar (eller dommarar i andre idretter for den saks skuld).

Dei får kjeft av spelarar, sjølv om spelarane veit at deira medspeler var den som spelte ballen over linja og at dei slett ikkje skal ha innkastet.

Dei får kjeft av trenarane, som desperat treng nokon å skulde enda eit tap på. Så den straffa som ikkje vart idømt, den skal ikkje dommaren få gløyme så lett.

Dei får kjeft av supportarane. Mest i kampens hete, men likevel. Nokon finn alltid noko å klage på. Er du gira nok så speler det inga rolle om ein kunne sjå at det var offside frå månen.

Dei får kjeft av media. Rett nok berre når dei dømmer vekk (les; tør å blåse mot) populære lag. Ein kompis hevdar at det fins ein "spele til United scorer"-regel i England. Og likevel kjefter Alex Ferguson.

No høyrer det med til historia at dommarar og gjer feil. Nokre gonger digre feil. Men stort sett jamner dette seg ut i løpet av ein sesong. Og "The goal that never was" er det heldigvis få av.

Så neste gong du får kjeft på jobb, det vere seg av sjefen eller ein kunde eller kven det måtte vere; tenk på Anders Frisk. Du har det eigentleg ikkje så gale...

onsdag 14. april 2010

6. runde - Inevitably

... nokre ord har vi berre ikkje på norsk...

Haugesund - AaFK 2-1

No trur du sikkert at eg er sur. At det går på innventaret laus. At eg gjer som dei i den reklama, og pælmer drakta i søpla.

At eg skal kjefte på dommaren. På grasmatta. På linjemannen. På feildømte offsidar og billige frispark.


Du har sikkert ana at du tek feil.

Eg er skuffa. Klart er eg skuffa, laget mitt har tapt sin fyrste kamp i år. Men, det tok faktisk fem runder før det tapet kom. Så eg har ingenting å klage på. Ei heller trudde eg Haugesund blei lett match. Eg såg dei mot Brann i sesongstarten, og dei var slett ikkje å kimse av.

Du vender ikkje laget ditt ryggen etter ein dårleg kamp. Du vender ikkje laget ditt ryggen etter to dårlege kampar heller. Du blir kanskje skuffa, du blir sinna, du blir oppgitt. Du veit at dei kan så mykje betre, du vil så gjerne at dei skal gjere det betre. Og i kampens hete seier du ting du i etterkant ikkje meinte. Slik er vi alle. Men du vender ikkje laget ditt ryggen.

Du vender ALDRI laget ditt ryggen.

Du pip ikkje på eigne spelarar. Du går ikkje før kampen er slutt. Og du klagar ikkje når laget som blei nr. 13 i fjor speler dei 5 fyrste kampane utan å tape. Då syng du heller "Aal'sun til vi DØR!" og meiner det.

Det var ikkje Terje Hauge si skuld at vi tapte. Det var ikkje grasmatta si skuld heller. Ingen feildømte offsidar, ingen billige frispark. Vi har berre oss sjølve å takke. I dag var vi rett og slett ikkje gode nok.

Haugesund hadde iver, giv, pågongsmot. Vi knota, rota og snubla oss igjennom heile kampen. At vi berre tapte 2-1 skal vi takke Lindegaard og dårleg innstillte Haugesund-skuddføter for.

For i dag var vi dårlege. Så enkelt er det.

I skrivande stund leier RBK mot Brann, og Aalesund er dermed tabelltoar. Og det er greit. Som tidlegare nevt Ivar Hoff-sitat seier; En fotballtabell er det ærligste som finnes.

Eg gruar meg til FotballExtra. Ikkje fordi eg ikkje toler dette tapet, men fordi eg veit at dette er det media har venta på. Forkjølelsen AaFK har gått over, no kan vi endeleg snakke drit om dei igjen. Kunstgras-laget som ikkje takler naturgras. Serieleiaren som ikkje toler presset. Toppscoraren som ikkje innfrir når han blir hausa opp.

Vi speler ikkje fotball for Davey Watne og Carsten Skjelbreid. Vi speler ikkje fotball for VG, eller Dagbladet eller kven det no skulle vere. Vi legg ikkje ambisjonane våre etter avisoverskriftene.

Vi speler for poeng. For videre Tippeligaspel. For å ta eit steg oppover. Og trass tap mot nyopprykka Haugesund i dag, har vi teke eit gigasteg allereie i år. Dessutan er det ingen løyndom at nyopprykka lag ofte er vanskelege å slå. Har du først karra deg opp i øvste divisjon så held du deg fast som best du kan. Kven hugser vel ikkje då seriemester Brann berre skulle til Ålesund og plukke heim dei siste tre poenga for nokre år sidan?

Så om du hadde håpa å treff ein drita sur AaFK-supporter med dårlege unnskyldningar og usaklege kommentarar, må eg berre beklage. Her i distriktet er vi van med å tape.

Mandag venter RBK heime på CLS. Speler vi som i dag, går det til helvette. Speler vi som på søndag, kan det bli rett gøy...

Men Olsenbanden var ikke død

og det er ikkje eg heller. Det er berre det at det ikkje er plass til fleire ballar i lufta mi akkurat no. Bortsettfrå fotballar. Så det kjem ein fotballblogg seinere i kveld. Eg lovar å freiste å vere underfundig og morosam att snart.

mandag 12. april 2010

5. runde - Eg trur ikkje mine eigne, uskuldige gråblå

Aldri i mitt liv hadde eg trudd!

AaFK - Viking 3-1
Aalesund har aldri slått Viking. 10 oppgjer, ingen sigarar. Aldri slått Viking!

Før i dag.

Det snakkast mykje om spøkjelser i fotball; nedrykkspøkjelse er populært frå midten av sesongen, og samtlege lag har sine heilt personlege spøkjelse som lager trøbbel ein eller to gonger i løpet av ein sesong.

Aalesund hadde ein del. Men det var før Kjetil Rekdal tok over. Før kampen i dag vart det nevnt at Viking var eit av dei siste spøkjelsa. I fjor sprengte vi dei eit etter eit.

Eg var nervøs. Særs nervøs. Eg elsker Aalesund, eg elsker gutane og eg elsker at vi ligg på topp. Men eg veit at det ikkje er på permanent basis. Likevel liker eg ikkje tanken på at dagen kjem då vi ramler ned. Om det så er berre ein plass. Og med bunnsolide Tromsø i ryggen, og ein mostander vi aldri hadde slått på andre sida av bana var eg mildt sagt skeptisk. Sanninga er at eg var litt kvalm...

Og det viste seg å vere heilt utan grunn. Kvar kamp i år har eg tenkt "vinn vi med SÅ dårleg spel, korleis blir det då når vi speler GODT?" I dag fekk eg svaret mitt. Det blir 3-0 til pause, og total bulldoserfotball. Viking blei spelt av bana, det var så gøy at eg gliste frå 1-0 til dommeren blåste.

Viking-spelarane hadde det nok ikkje like gøy, og kom 5 minutt for tidleg ut frå garderoba klar til å ta revansje. Og det klarte dei til ein viss grad. Tollås kunne nok hatt betre kontroll på Ingelsten. Men etter det gjekk det stort sett greit. Vi rydda unna, hadde kontroll. Som eg sa til pappa på veg heim; Aalesund for 2 år sidan hadde glatt sluppe inn tre, kanskje fire mål i ein slik andreomgang.

Ein kan ikkje anna enn å vere nøgd. Aarøy er toppscorar, Pablo spelte så godt i dag at det nærast er skandale om han ikkje starter neste kamp. Ville tilbake på plassen "sin", og hokus pokus så var eine kanten til Viking nærast nøytralisert. Anders, som alltid, trygg som banken i mål. Fredrik kjempa som ein tiger på midtbana, og for ein gongs skuld utan å få gult kort.

Onsdag venter Haugesund borte. På naturgras, som visstnok likner meir ein potetåker enn ei fotballbane. Og eit lag som kjemper med nebb, klør og kva anna dei måtte finne for å halde på Tippeligaplassen. Det er lenge sidan eg konstanterte at det ikkje finns lette kampar i fotball.

Men likevel; det blir ikkje lett...

Opp med begge hendene den som er toppscorer i Tippeligaen!

lørdag 10. april 2010

Fin dag, laurdag

Laurdag er den einaste dagen i veka eg får gjort noko som helst. Eg kan så klart glimte til, og gjere husarbeid innimellom laurdagane, men det er stort sett laurdag som er den store "få ting gjort!"-dagen.

Som klesvask. Her har eg fått høyre at eg er ein smule sær, men eg dreg aldri frå/legg meg til å sove med trommel og vaskemaskin gåande. Så skal eg rekke å få vaska litt klede, må eg ta det på kveldstid. Dessutan samlar eg ofte opp, og tek ein laurdagskveld med film- og klesvaskmaraton.

Eller rydding. Eg rydder jo litt sånn hist og pist, men skal eg skikkelig, verkeleg rydde, då må eg ha ein heil dag. Og då tømmer eg gjerne heile hyller, og byjer heilt på nytt.

I dag burde eg eigentleg vore ute, sola skin og det er vår overalt. Men, eg har rett og slett ikkje tid. Eg har kampsokkar (og ein del anna) som skal vaskast, eit kjøkken som ser ut som etterlevningane av ein "Can't cook, won't cook"-episode og eit klesstativ med reine klede som skulle vore lagt saman for lenge sidan. Og ei bursdagsgåve som skal pakkast før eg skal i selskap klokka fire...

... KVIFOR sit eg eigentleg her og sosar??

fredag 9. april 2010

Motvekt mot det meiningsfulle

... er det eigentlig nokon andre enn eg som hugser den Dagbladet-reklama? "Jeg er veldig opptatt av krig, og fred og religionspolitikk og sånn. Åsså syns jeg det er innmari viktig at skjønnhet kommer innenfra"-eller noko i den duren...

Men det var ikkje poenget. Poenget var at eg skulle vere litt fredag på bloggen min og, og berre liste ein haug med gode sitat... Tenkte eg. Liksom.

Eg vurderer å freiste å få innført 'fredag' som eit adjektiv. Who's with me?

Men eg sporer av, igjen. Glupe ting, versågod. Tema for kvelden;
Fotball presentert av Ivar Hoff (ikkje ofte einig med han, men ler alltid godt)

Det beste du kan gi en god venn er en god pasning.

Da kan du kalles optimist. Står stille og skyter fra 43,5 meter.

Etter et slikt innlegg bør i alle fall et par av innbytterne LATE som de varmer opp.

Han hadde spenst som en tepose.

Han løper opp sin egen feilpasning. Da er du kjapp!

I Fredrikstad kommer det jo 500 tilskuere når de henger opp draktene til tørk.

Når noen pirker deg på ryggen, da faller du ikke forover, da snur du deg og ser hvem det er.

Bjørn Wirkola skjøt hardere med hoppski på beina!

Viking spiller så vakker fotball at den burde tonesettes.

Straffespark er nesten like enkelt som å ta avspark.

Og sist men ikkje minst;
En fotballtabell er det ærligste som finnes.

Fordi jeg fortjener det?

Det er om lag eit år sidan eg for alvor kom inn i Twitter, og byrja å fylje andre, norske twitrarar. Og twitre på norsk sjølv. Og eg hadde ikkje vore der lenge før eg snubla over "Mobbebokprosjektet" til Kristin Oudmayer (@vrangest).

For den som ikkje veit, har ho skrive ei bok om mobbing. "Fordi jeg fortjener det?" Ei bok der ho har samla inn historier, mange historier, frå folk som blei og blir mobba. Deira opplevingar og kjensler, med deira ord.

Eg bestemte meg raskt for to ting;
1) Denne boka skulle eg lese
2) Etterpå skulle eg blogge mi eiga historie

Eg er halvvegs i punkt 1. Dei siste to timane har eg sitte spikra, med boka i fanget. Og nikka litt for meg sjølv. Mykje, faktisk. Og tørka ei tåre eller to.

Eg visste, med ein gong eg høyrde om denne boka, at her kom eg til å kjenne meg att. At dette ikkje var noko eg kunne lese i lunchen på jobb, men noko eg måtte låse meg inne med når eg kom heim. Eg har gledd meg, på ein litt bisarr måte. Ikkje til å lese om andre som har hatt det fælt, men til å få bekrefta at det er fleire av oss.

For eigentlig blei jo ikkje eg mobba. Ikkje då de stod på. Eg blei erta, og litt sånt må ein jo som kjent tåle. Gutar er jo gutar, hormonar fyk i alle himmelrettningar og ungdomsskulen er trass alt ein stad der du ikkje stikk deg ut med mindre du er klar for å ta konsekvensen. Det er jo berre å ta att, eller å ikkje bry deg om det...

Med det same eg opna boka vart eg litt redd. Kva om mi historie ikkje var mobbing? Kva om eg eigentleg burde ha haldt ut med ertinga på ungdomsskulen? Kva om mine erfaringer var heilt uskuldige og snille, og berre tåpelege i forhold?
Frykta forsvann med den fyrste historia. Eg kjenner meg så inderleg godt att. I den, og i alle dei andre. Kanskje ikkje akkurat i kva dei har opplevd, men i kva det fører til i etterkant. Kven du blir.

Personen som ikkje vil ta opp plass. Personen som ikkje stikk seg fram. Personen som eigentleg meiner ting, men som ikkje tør å meine dei høglytt for "herregud så dum du er". Personen som sluttar å tru på seg sjølv. Slutter å tru at han/ho er verdt noko. Personen som ingen kan like. For om nokon kunne like deg, så hadde det vel skjedd no? Personen som stiller seg sjølv på utsida, fordi han/ho berre er til bry for andre når dei er på innsida.

Personen som framleis står der ute, til ein viss grad.

Det er fælt og godt på same tid, å vite at det er fleire av oss. At eg ikkje er dum. At eg ikkje har brukt "ertinga" som ei orsaking for at eg ikkje våger. Eg våga nemlig før.

Eg trur eg venter med punkt 2, i alle fall til eg er ferdig med punkt 1. Ikkje at historia mi er ein løyndom på nokon måte. Han veit, han som mobba. Og dei veit dei andre og.
Ei heller er eg redd for å seie det høgt. Eg har eigentleg aldri vore redd for å seie ting høgt. Det har alltid vore litt av problemet.

Men eg vil lese ferdig boka først. Om alle dei andre. Om alle oss.

tirsdag 6. april 2010

Jeg hater måker

... eg gjer eigentlig ikkje det. Det passa berre så bra å starte slik. Eg har ingenting imot måker (eller 'måsa', som det heiter her). Men, medan sola stadig kryp høgare opp på himmelen, dukker det litt etter kvart opp ein del flygande faenskap eg har fint lite til overs for.

Fluer har eg ikkje så mykje imot. Dei er irriterande, rett nok. Men dei summer liksom berre rundt og rundt og rundt og rundt. Og dei er innmari lette å lure inn i sylteglas og sleppe ut av vindauge. Dessutan har dei ikkje brodd.

Humler er heller ikkje så verst. Dei har rett nok brodd, med dei er ikkje akkurat nokre drapsmaskiner. Dei virrer litt sånn småforvirra rundt, stakkarane, og ser ut som dei verken veit kvar dei skal, korleis dei skal kome seg det eller kva dei eigentlig skal der. Merksnodig proposjonert, og med summing som en litt utslitt moped. Litt som insekta sitt svar på Ole Brumm berre virrer den rundt på sine daglege gjeremål. Du treng ikkje springe frå ei humle.

Kveps, derimot. Kvepsen er OND. Du høyrer det på lyden. Der ei flue surrer litt sånn prøvande, og ei humle summer litt sånn bedagelig for seg sjølv, der simpelten snerrer kvepsen. Kvepsen er SINT, og han er sint HEILE TIDA. Det er ikkje det at du har gjort kvepsen noko, det held at du er der. Om humla er Ole Brumm, då er kvepsen Siv Jensen. Han er sinna støtt. Og han stikk. Gjerne to gonger.

Medan humla surrer frå blome til blome, nøgd med å drasse med seg litt gul pollen før den sjangler videre, har kvepsen andre planer. Så simpelt som blomar finn han seg ikkje i, når det fins ting som syltety, brus og saft.

Dessutan veit dei at du er redd. Humla er sikkert like redd deg som du er henne, men kvepsen. Han NYT frykt, han kan lese det i augene dine. Han VEIT at du ikkje liker å vere omsverma, og jo reddere du er, jo vanskelegare er han å bli kvitt. Han forfølger deg, gjerne i fleire kilometer (ei vennine vart forfulgt av ein kveps frå leiligheta til butikken, igjennom heile butikken, og tilbake til leiligheta si).

Då er det nesten betre med mygg. Sjølv om mygg bit. Uansett. Dyreriket sitt svar på vampyren. Berre at i staden for at dei er høge, mørke og sjarmerande, er dei små, irriterande og alltid i fleirtal. Mygg er faktisk den einaste gode grunnen eg kan kome på for å
byrje å røyke...

Eg skal ikkje ein gong seie noko om flygemaur. Det einaste som er verre en maur, er maur med venger.

Nei, takke meg til ein saftig edderkopp på veggen bortanfor uteplassen. Blir litt som å ha ein vakthund. For kva et våre 8-beinte vener...

... nettopp.

mandag 5. april 2010

4. runde - Dazed&confused*

... fy dæven...

KIL - AaFK 1-2
Berre... fy dæven...

Desse post-game-postane byrjar å likne mistenkjeleg på kvarandre, men ja. Hva ska'n si? Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at vi ikkje spelte videre bra i dag heller. Folk ler av Kjetil Rekdal som aldri blir nøgd, men eg vil heller ha "knote oss videre"-Rekdal enn "bra-dom-första-fem-minuten"-Åkeby.

Men bevares, tre poeng. Enda ein middels dårleg dag, og tre nye poeng. 6 poeng på to vanskelege bortekampar, 10 poeng etter fire runder. Og vi leier søren meg framleis heile driten! *forvirra*

Litt kritisk må eg få lov til å vere, trass alt. Deilig som det var å sjå Enar springe på bana att frå start, så er han vel ikkje heilt tilbake der han var. At eg meiner det er feil at han skal gå rett inn att på den plassen etter å ha vore borte eit år, når han som speler der til vanlig har vore bunnsolid (med eit par unntak) sidan Jääger reiste, for vere ein annan sak.

Eg meiner framleis at Parr er litt for stressa til å spele i forsvar. Roe seg ned, gut. Du treng ikkje pælme ballen i hytt å gæver med ein gong du får den. Have a little faith :)

Eg treng vel ikkje ein gong å seie at Glen burde sett den målsjansen. Og sidan når bommer Tor Hogne med hovudet?? Fire mål i år, og alle fire med beina... *forvirra*

Men, det som er bra er framleis bra. Dødballar og knoting til tross, vi held bra unna. Før eller seinere måtte vi byrje å sleppe inn mål. Og tre baklengsmål hittil i år kan eg fint leve med.

Vi har spelt fire runder. Vi har møtt to gode lag på heimebane, og to vanskelege lag på bortebane. Vi har scora ni mål, og sluppe inn tre. Vi leier Tippeligaen. Tor Hogne er toppscorar (saman med Christer Kleiven). Eg veit at det ikkje kan vare, men dog... eg har hatt nok nedturar som AaFK-supporter, eg akter å nyte denne oppturen.

Det er lenge til november, men ein kan ikkje fri seg heilt for tanken; kvar skal dette ende...


* Nokon som hugser kven som gav ut den plata? Kall det ein sein påskequiz ;)

E du tul'n, så he du de i haude

Det er kamp om meir eller mindre fire timar. Eg er heime hjå mamma og pappa, har hatt "påskeferie" her (sjølv om eg bor 10 minutt unna). Eg skal så klart heim i kveld, etter Tippeliga-runda.

Meeeeeeeeen.

Eg kom nettopp på at eg eigentleg hadde tenkt å dra heim laurdag. For så å kome att i dag. Noko eg altså ikkje gjorde.

Resultatet; drakta mi, den trufaste, (litt for) tettsittande, oransje og blå AaFK-drakta mi som har vore med på både cupfinalar, treningskampar og seriestarten i år, ligg heime. Altså, hjå-meg-heime. I leiligheta.

Det blir ikkje kamp utan drakt. Eg vurderte om kanskje cupfinale-genseren kunne gjere nytta for seg. Den er jo oransje og blå den og, det står AaFK på den.

Men nei. Den er ikkje drakta mi. Og det er drakta mi eg har på når eg ser kamp. Kva om gutane mine taper i dag, berre fordi eg ikkje gadd å stikke heim å hente den? Kva om vi taper tabelltoppen i dag, berre fordi eg er så lat at eg ikkje gidd ein 10-minutters biltur? Kva om alt snur i dag, og det er berre mi skyld?

Då kjem eg aldri til å tilgi meg sjølv.

Så, når kaffikoppen er tom (og det er den snart) sett eg meg i bilen. For å hente ei fotballdrakt.

Kven det no var som sa "E du tul'n, så he du de i haude"... du hadde rett.

søndag 4. april 2010

Eg ber ikkje om så mykje

Av og til skjøner eg verkeleg ikkje kvifor eg er singel... eg er jo ikkje kravstor.

Han kan for eksempel godt snuse, det er heilt greit. Snus lukter faktisk nesten litt godt. Så det gjer ingenting. Litt verre med røyk, men ja. Not a deal-breaker.

Han kan godt vere Liverpool-supporter. Liverpool-supportarar kan vere kjekke folk dei. Han kan derimot ikkje halde med Molde eller Strømsgodset, eller Chelsea eller Arsenal. Men alvorleg talt;
det er då vel ikkje så mykje å be om?

Skulle han halde med Manchester United eller AaFK så er jo berre det ein bonus...

Han må nok like fotball. Men altså, mann som ikkje liker fotball? Dei er det vel langt imellom vel?

Han kan godt vere høg og mørk. Eller liten og lys. Eller midt imellom. Vaskebrett eller vaskeball speler inga rolle.

Blå auge er fint. Men det er grøne og. Og brune... Dei treng ikkje å vere bronsefarga i alle fall.

Han treng ikkje å vere heilfrelst på verken CSI eller Harry Potter eller noko sånt. Han kan godt berre smile litt, klappe meg på hovudet og seie "du er søt du" når eg sit oppløyst i tårer over slutten på Ringenes Herre.

Det hadde vore fint med sjølvironi. Så skal eg halde vitsane på eit nivå over (hans) beltestad. Sånt spøker ein uansett ikkje med.

Han treng ikkje vere poet. Eller politiker. Eller filosof. Han treng ikkje å snakke i det vide og breie om tema eg eigentleg ikkje skjøner. Altså, det er fint om han gjer det og. Men han treng ikkje det.

Han må vere trufast. Altså, han kan godt tykje at Tone Damli Aaberge er vakker (herregud, det tykjer jo tilogmed eg), og han kan godt bemerke det. Men då må han tole at eg sukker henført kvar gong Jonas Gahr Støre er på TV.

Han må vere litt sånn... solid, i mangel på betre ord. Stødig. Ikkje typen som fyk opp for alt, gjerne litt laid back. Kanskje til og med litt sjenert. Det er jo berre søtt.

Han treng ikkje å kome med blomar kvar dag. Ikkje annakvar dag heller. Eg treng ikkje kjemperomantisk overrasking på Valentine's Day. Eg vil heller ha kvardagsromantikk eg. Og så hadde det vore greit med ein som hugser bursdagen min (for det gjorde ikkje den forrige).

Han kan høyre på akkurat den musikken han vil... til og med danseband... kanskje... i alle fall alt anna enn danseband.

Han kan ha akkurat den favorittfilmen han vil og. Og det kan godt vere skummel film. Så lenge eg kan gøyme meg i armkroken hans når det blir for skummelt.

Han treng ikkje å sitere Shakespeare. Eller Mr. Darcy. Eller kven som helst av Hugh Grant sine figurar. Han treng ikkje å halde dører for meg, eller dra ut stolen eller noko sånt. Altså, han kan godt gjere det. Men han
treng ikkje.

Han treng ikkje å køyre sølvgrå Volvo. Eller glitre i sollys. Eller ha hoggtenner. Då hadde eg faktisk blitt litt redd...

Han treng ikkje å seie ting som "You must allow me to tell you how ardently I admire and love you". Eller "what value will there ever be in life if we are not together". Det held lenge med "glad i deg".

Han treng ikkje vere italiensk. Eller fransk. Eller britisk. Han kan godt vere frå Ålesund, eller Vinje eller Ørsta eller Mold... ja, i alle fall
nesten kvarsomhelst.

Han kan seie 'e' eller 'eg' eller 'je' eller 'jag' eller 'i'... eller, kanskje ikkje de siste...

Han treng i alle fall ikkje vere lege. Eller advokat. Eller visepresident i eit eller anna viktig. Han kan godt vere snekker, eller bussjåfør, eller sveiser...

Men det er ein liten ting han godt kan gjere;
Han kan godt finne meg snart. For eg byjar å lure litt på kvar eg skal leite etter han.