onsdag 30. juni 2010

Filmtips: An Education

Sometimes an education isn’t by the book


Det er 1960-åra. Jenny Mellor er 16 år, og jobber hardt for å komme inn på Oxford. Så dukker David Goldman opp. Dobbelt så gammal som henne sjarmerer han henne likevel i senk. Smaken på eit liv i glamour og flotte resturantar, og Jenny sine eigentlege planer om utdanning havner etter kvart lenger og lenger bak på hylla.
Men er ikkje ting som verker for bra til å vere sant, ofte nett det?

Du kan ikkje slå feil med Nick Hornby, det er praktisk talt umogeleg. Ei heller denne gongen. Søte, varme, gode lille filmen. Samstundes som du heilt fra starten sit å venter på at dette ikkje kan vare. Og likevel sit du att med ei god kjensle.

Denne var berre skjønn. Heilt klart å anbefale!

tirsdag 29. juni 2010

Boktips: Labyrinth av Kate Mosse

Med om lag 300 sider att av Labyrinth våger eg meg til å anbefale den.

Labyrinth (eller Labyrinten) fyljer to historier parallelt. Begge utspeler seg i, og rundt, den franske byen Carcassonne, den eine i 1209 og den andre i 2005.

I 1209 treff vi Alaïs Pelletier Du-Mas (ja, eg er berre kry fordi eg kan stave det), dottra til intendanten til Raymond Roger Trencavel (ekte person, gjett om eg skal lese meir om dette). Med ein krig på trappene, betrur far til Alaïs henne med ei av tre løynde bøker som skal skjule sanninga om Den Hellige Gral. Med ein fransk armè på veg mot byen, blir det Alaïs si oppgåve å sørge for at løyndomen ikkje blir oppdaga.

Under ei arkeologisk utgravind i 2005 finn Alice Tanner heilt tilfeldig ei hole i fjellsida. Inne i hola finn ho mellom anna to skjelett, og ein ring med eit labyrint-møster på. Samstundes byrjer ho å få rare draumer, og lynerindringar frå eit liv ho ikkje hugser å ha levd. Etterkvar som funnet av hola blir kjent hender det ting med dei rundt henne, og ho sjølv byrjer å skjøne at ho er i fare.

Eg elsker alt som har med tempelriddarar og gral-søken å gjere. Frå DaVinci-koden, til Broken Sword og no til denne mursteinen av ei bok. Men la deg ikkje skremme. Om du liker slike historier, går denne ganske fort å lese. Og akkurat når du har lese nok 1209-engelsk, slår forfatteren tilbake til 2005 (eg rekner med at skillet er like tydelig på norsk).
Nydelig språk, spanande historie og meir enn nok gåsehud-augeblink.

Anbefalast på det sterkaste og varmaste!

søndag 27. juni 2010

Eitt år eldre, men berre på papiret

Vaksen kjem eg tydeligvis aldri til å bli. Ikkje vil eg heller, eigentleg. For 27 eller ikkje, i går brukte eg store deler av dagen på å skravle RDJ med eit nyfunne bekjentskap i eit LJ-samfunn. Og det var kjempegøy!

Dessutan hadde vi opptil fleire andre kjekkasar og fangreier til felles. Eg lurer faktisk litt på om det bor ei tvilligsjel av meg kvar det no er ho er i verda.

Eg burde sikkert vurdere å tvinge meg sjølv til å bli vaksen. Til å vekse av meg desse fangirl-greiene. Til å slutte å sjå same filmen sju gonger på ei veke.

Eg ser berre ikkje heilt kvifor. Det er gøy. Eg liker det. Og før eller seinere kjem eg i ein livssituasjon der eg ikkje sit oppe åleine til kl. 03.30 for å sjå film. Før eller seinere blir det mann, barn og golden retriver på meg og.

Kan eg ikkje berre nyte det medan det varer?


lørdag 26. juni 2010

Herlige herlige menneske!

Som eg traff for 10 minutt sidan på VintageMeat. Og som laga dette då ho oppdaga at eg hadde bursdag.


Eg elsker internett!

Openbering

Då eg vakna i dag var ein av dei fyrste tinga eg tenkte at "herregud Linn, no bjynn du å bli gammal".

Men så hugsa eg Alan Rickman.

Ikkje fordi han er så mykje eldre enn meg, så bædi-bæ. Men fordi han var like gammal som meg då han starta skodespeler-utdanninga si. Han var 26 år då han sa opp jobben og byrja på RADA (han var forøvrig og grafisk designer).
Han var faktisk nesten 45 før han fekk si fyrste filmrolle. Han er 64 no, og still going strong.

Så eg har kanskje bikka 27 i dag. Men herregud så mykje tid eg har att til å finne på gøye ting :D

fredag 25. juni 2010

Gratulerer med dagen! Du skal trekke ei visdomstann!

... happy frickin' birthday to me ...

Altså, bursdagen er ikkje før i morgon. Heldigvis. For om eg hadde fått ei slik nyheit på bursdagen min så ja. Det er litt over igjennomsnittet kjipt.

MEN, eg treng i alle fall ikkje uroe meg før 10. august. For eg skal ikkje inn att før 13. august. Og då skal eg berre borre.

... då veit du det er gale, når EG snakker om "berre borre".

13. august er ein fredag, forresten. Sånn for å setje toppen på kransekaka med ein gong.

U. ÆK!

torsdag 24. juni 2010

Friends without faces

Rydder på tullebloggen min, og fann dette. Aner ikkje kven som har skrive det, men det er like fint enda:

Friends Without Faces
We sit and we type and we stare at our screens.
We all have to wonder, what this possibly means.
We chat with each other,we share all our woes,
Small groups we do form and gang up on our foes.
We wait for someone to type out our name,

We want recognition and offer the same.

We give kisses and hugs and sometimes we flirt,
In rooms we chat deeply and reveal why we hurt.
We form friendships but why is a thing we don't know,
Through most of them flounder some flourish and grow.
Why is it that on screen, we can all be so bold,
Telling out secrets that have never been told?
Why is it we share those deep thought in our mind
With those we can't see, as though we were blind?
The answer is simple, it's as clear as a bell.
We all have our problems and need someone to tell.
We can't tell "real" people, but tell someone we must
So we turn to the 'puter', and to those we can trust.
Even though it is crazy, the truth still remains,
They are friends without faces and with odd little names.

15 blogger på ein gong*

1. Den der "blomer-under-puta"-greier trur eg vi tek med ei klype salt. Drøymde rett nok at eg var i eit ganske romantisk forhold med ein innmari flott mann. Men i og med at det var Robert Downey Jr., trur eg vi konkluderer med at det ikkje var blomane si forteneste ...


2. Eg er om lag 3 IKEA-prøveligg annonser unna å kjøpe Spotify Premium. Då får eg trass alt brukt det på iPhonen min og. Og 99,- i månaden er jo ikkje store summen. Eg bruker sikkert meir på sjokolade, om eg rekner over. Og sjokolade og musikk er jo dei to viktigaste tinga livet mitt ... ja, og AaFK.

3. TIPPELIGAABSTINENS! VM er vel og bra det, men no sakner eg verkeleg norsk fotball med middles ballmottak, spelarar eg stort sett kan namnet på og det å faktisk få sitje på ein arena og rope og skrike i lag med 10.000 andre gærningar.


4. Eg vil ha sommer. NO. Det var sol i går, rett nok. Men i dag vakna eg til skyer og duskregn att. Eg veit eg bur på Sunnmøre, men bittelitt finevêr må det då gå an å få be om?

5. Eg byrjer å lure på om overskrifta var litt vèl optimistisk. Men men, er det noko eg kan så er det å legge ut om ingenting.

6. Eg er framleis forvirra, forresten. Og no er eg attpåtil forvirra over at eg framleis er forvirra. Det skal søren ikkje vere enkelt. Deler av livet burde absolutt ha bruksanvisning. Eller kanskje fasit.

7. Eg har nesten utelukkande høyrt på The Futurist i ei veke i strekk. Det er, om mogeleg, det finaste albumet eg nokon gong har eig. Den mannen burde låsast inn i eit studio, og ikkje sleppe ut at før han har spelt inn eit nytt. Gjerne med In my dreams på. For eg fann orginalen. Og fysj! Og Iris. For la oss innsjå det; han hadde gjort originalen til skamme.

8. City of Angels er forøvrig ein ond ond ond film. "Sjå den, den e KJEMPESØT!" Kjempesøt my ass. Har ikkje vore så forbanna sidan Sweet November. Usj!

9. Ondaste reklameplasseringa ever:

For det fyrste må du ikkje bruke orda 'sugen' og 'kjæreste' i same settning. Ikkje med den hjerna eg har. For det andre kjenner eg meg litt støtt. Sida roper liksom "kom dej te helsikke ut i den virklie verda å finn dej en mann, i staden for å sete her å sikkle på gifte skuespelera du aldri kjem te å kome i nærheten av!". Og for det tredje så ja. Har du sett det litt sånn bedande, kvalpe-blikket der?

10. Dette går jo så det suser!

11. Når det er sagt så byrjer eg å gå tom for idear. Kven trudde det gjekk ann, liksom.

12. Eigentleg har eg ikkje tid til å sitje her. Eg skal rydde leilighet, handle inn til "komponer-din-eigen-pizza"-bursdagsfeiringa i morgon, lage kjøttkaker og rekke å gru meg litt til tannlegetimen min i morgon.

13. Seriøst; kven i helsikke set opp folk med tannlegeskrekk til time dagen før dei har bursdag? Er dett hevn for den gongen eg spytta på han, liksom?
... altså, eg spytta ikkje med vilje. Eg gurgla berre, og så var han tilfeldigvis veldig i nær akkurat då. Han er snill altså, tannlegen min. Og han har ikkje akkurat fått den enklaste pasienten i verda. Sist eg hadde hol sat eg på venterommet og grein av nervøsitet. Så eigentleg burde han fått blomer. For han er flink altså. Verkeleg!

14. Alle uteplantane mine lev enda! Til og med den med blomer på! Og eg har hatt dei i over ein månad. Kanskje det er håp for meg enda.


15. Således. No skal eg gjere nytte for meg. Faktisk. Snart. Etter at eg har leika meg litt med Garage Band.


* referanse, så klart, til Odd Nordstoga sin 15 songer på ein gong. Men det skjønte dykk jo alle.

Man tager hva man haver

Pollenallergi (og dårleg hukommelse) fører til akutt mangel på blomer å ha under puta.
Men, er er då ikkje heilt 'råalaus'

onsdag 23. juni 2010

I like the way you think!

I'm thinking of buying a monkey. Then I think, "Why stop at one?" I don't like being limited in that way. Therefore, I'm considering a platoon of monkeys. So that people will look at me and see how mellow and well-adjusted I am compared to these monkeys throwing their faeces around.

(Robert Downey Jr.)

Offisiellt irritert!

Kjære norske bankane.

Hei, Linn heiter eg. Eg har forhaldsvis stabil økonomi, brukar skjeldan penger eg ikkje har (og om eg gjer det snakkar vi maks 200 kroner) og betaler regningane mine den dagen lønna kjem inn, ikkje den dagen dei forfell. Eg har betalt ned på studielånet mitt sidan den dagen eg slutta på skule, enda eg var meir eller mindre arbeidsledig fyrste året.

Eg er, kort sagt, milevis unna Luksusfellen.

Og eg skjøner kvifor dykk har gjort det, altså. Eg skjøner at det å stadig ligge på maksbeløp i minus er eit problem både for dykk og kundane. Så denne sperra dykk har lagt på "0 kroner, 0 kjøp" kan eg absolutt forstå. Det er faktisk på ein måte litt greit.

Men dette er ikkje greit;

Å stå på butikken (Coop, for å vere eksakt) med varer for 500 kroner, for så å få kortet avvist. Enda eg veit eg har penger på konto. Og når eg sjekker kontoen i minibanken, etter ein noko pinlig samtale med han i kassa, kva ser eg da? Det mangler 150 kroner på at eg skal ha nok pengar.

Et. Hundreogfemti. Kroner.

Kjære bankane; har dykk sett Luksusfellen? Har dykk sett kor mange som har skuffer og hyller fulle av regningar dei simpelten let vere å betale? Har dykk sett kor mange som tek seg forbrukslån opp over øyrene? Eller som får gjeldsanering, fordi dei bruker over evne?
Har dykk verkeleg tenkt å straffe folk som mangler 150,- kroner på å betale matvarene sine? Er dykk klar over for ein idiot eg kjende meg som?

Og det verste er at eg har dei 150 kronene og, på ein annan konto. Så om eg berre hadde tenkt på det, så kunne eg før dei over tidlegare i dag (akkurat det er eg mest irritert på meg sjølv for).

Eg skjøner at vi må ha lover og reglar og sånn. Eg er heilt med på den. Men å stå der og kjenne seg som ein idiot fordi 150 kroner står på feil konto. Det er eg IKKJE for.

Og på toppen av det heile var han i kassa dritpen.

/usakleg utbrot

tirsdag 22. juni 2010

Forelska

Sånn heilt plutselig har eg blitt forelska. I Argentina. Altså, ikkje landet. Landslaget. I fotball. For herrer.

... vi snakker VM, ja. Beklager. Eg veit eg har fotballblogg, men ja. Av og til kjem eg berre ikkje til å greie å halde meg.

Eg skulle heie på Nederland i år eg. Eller England. Utan at det stakk så veldig djupt. England har eg heia på sidan 1996. 90% av favorittspelarane mine var jo der. Nederland... dei har berre fine drakter. Som sagt, det stikk ikkje så djupt. Det er igrunn litt deilig med eit meisterskap der eg ikkje bryr meg det kvekk om kven som vinn. Så det var England og Nederland eg skulle halde med.

... litt glad for at det ikkje vart England...

For det hende noko uforutsett, sånn om lag 5 minutt ut i Argentina sin fyrste kamp. Eg blei rett og slett litt betatt. Av fotballen, altså.
Eg skulle jo i alle fall ikkje halde med Argentina eller Brasil. Førehandsfavoritter er det værste eg veit. I alle fall i fotball. Dessutan; Maradona? Uæk.
Ikkje det, prinsippa mine har det med å gå i grus. I alle fall dei litt meir flåsette prinsippa. Som det om at Didrik Solli-Tangen ikkje var pen. For han var ikkje det. Men så såg han sånn

på meg litt for mange gonger, og då blei han det gitt. Ikkje mi skuld, hass skuld. Han smiler for mykje ...

Men, avsporing. Fotball var det vi snakka om. Og mi nyforelsking i Argentina. Diego Maradona eller ei. For Argentina speler FIN fotball. Så der gjekk enda eit prinsipp i grus. I år er eg Argentina-fan. Sorry Wayne. Men, eg heier på deg elles i året da.

Dessutan vart eg minna på at ein av mine gode, gamle helter er argentinsk. Gabriel Iván Heinze;


Han var stor stor STOR favoritt då han var United-speler. Dessutan var han ganske anonym og skikkeleg av seg utanfor bana, noko eg ser som ei kjempestjerne i margen til stjernespelarar. Så eg verkeleg elska Iván.
... erm, ja. Eg bruker mellomnamnet hans. Eg har ein ... eg er liksom ... eg har dårlege assosiasjoner med namnet Gabriel. Det er så enkelt. Smålige dårlege assisiasjoner, men ja. Dei er mine assosiasjoner, eg bestemmer kor mykje dei skal ha å seie.
Men heldigvis har Ivàn eit mellomnamn. Så då vart det det. Ivàn. Ingen aner kven eg snakker om når eg ser kamp og roper "kom igjen Ivàn, stopp an!". Men eg veit det i alle fall sjølv.

Uansett; mellom steikje fine fotball og Gabriel Ivàn Heinze så har det blitt Argentina-supporter av meg. Så får eg heller tilgi at Tevez og er argentiner. Var trass alt Ferguson som gjorde den blemma, ikkje eg ...

... ja, forresten. Eg må jo ha ei meining om vuvuzelaen. Og for å vere heilt ærlig så slutta eg å høyre den etter om lag to kampar. Einaste gongane eg høyrer den no er når nokon påpeiker at den er der. Kommentatorane til TV2 er mykje mykje mykje meir irriterande. Sådeså!

Nokon gonger...

... kan ein lure på om det i det hele teke er vits i å sette ord på ting. Når andre har gjort det så perfekt:

Drømmedrøm!

Sidan eg blogger og klager over dumme draumer så er det berre på sin plass at eg tek tak i dei gode og. For denne var råkul. Faktisk betre enn den der Mythbusters spelte inn episode i bygda, og eg fekk hjelpe dei å få ting til å seie 'pang'.

Eigentleg var den jo eit mareritt. For eigentleg handla den om ein seriemorder som gjorde grusomme ting mot offera sine. Som alltid var kvinner. Så eg stod naturleg nok på lista. Men det går heilt heilt heilt fint, når du blir passa på av Sherlock Holmes i moderne utgåve. Altså, då meiner eg ikkje Guy Ritchie si moderne utgåve (sjølv om det sjølvsagt var Robert Downey Jr.), men Sherlock Holmes anno 2010. Som eg tydelegvis var nær ven av, og som alltid i var i nærleika, klar til å redde meg om situasjonen krevde det. Så, seriemorder i hælane til trass; eg kjende meg heilt trygg. Var ikkje redd i det heile teke. Sjølv ikkje då eg vart jaga av han, og eg vakna før eg fekk vite korleis det gjekk.

Men det rare er ikkje sjølve draumen. Den kan enkelt forklarast; for mykje film i det siste. Med Robert Downey Jr. Og med element frå både Sherlock Holmes, Gothika og Wire in the blood så ja. Eg skjøner kvar akkurat det kom frå.

Nei, det rare er byen.

Eg budde i leilighet, i den same byen eg alltid bur i når eg drøymer at eg bur i by. Eg veit ikkje kva for ein by det er, men hadde eg hatt teikneferdigheter skulle eg teikna gatene eg går opp/ned. Den med parken i svingen på eine sida og rekkverk på den andre med utsikta over byen, og utover mot sjøen og fjella på andre sida av fjorden. Dei smale gatene, einvegskøyringane, utprega hus med bakgarder og balkongar. Utekafèane, skilta i butikkvindauga.
Og nei, det er ikkje Ålesund. Eg har ofte tenkt at det må vere Ålesund. Men samstundes har eg trudd at det er London. Og Oslo. Så eg aner verkeleg ikkje. Ein ting er å innbille seg korleis ein stad ser ut. Ein anna er å innbille seg ein stad som ikkje eksisterer. Og at det er den same staden kvar gong. Den same gata eg går langs for å kome dit eg skal (på jobb, på date, til politistasjonen).

Det ligg sikkert ei meining bak. Utan at eg er god nok på draumetyding til å finne den. Akkurat den biten med Robert Downey Jr. treng eg ikkje bok for å tolke.
Men den byen ...

Det sit masse ord fast i hovudet mitt

Eg bør absolutt skrive noko i kveld.

Men, eg kjenner meg sjølv såpass godt at eg veit kva som kjem om eg byrjer å skrive. Meir random crap. Som om eg ikkje skriv nok av det frå før.

Det er fortærande eigentleg. Å ha alle desse orda i hovudet, som gir meining der oppe men som berre blir tull med ein gong eg set dei på papiret. Dei heng liksom saman i hovudet mitt, historia verker. Men så snart eg forvandler dei til tekst så ser dei plutseleg ekte ut. Og då blir dei berre dumme.

Eigentleg har eg lova meg sjølv å skrive dei likavel. Å alltid skrive, uansett. For det er trass alt betre å skrive noko som kanskje kan omskrivast til noko, enn å ikkje skrive noko i det heile teke.
Men som vanleg er eg ikkje heilt på bølgelengde med meg sjølv.

Dessutan les eg på engelsk no. Og då skriv eg på engelsk og. Noko som er TOTALT vekkasta.
For det fyrste kan eg skyte både kvite, gule, oransje og blå piler etter å nokon gong gi ut så mykje som ein stensil på engelsk. Gløym det. Norsk forfatter, skriv på engelsk? Det skurrer om lag like mykje som ein stadion full av vuvuzela'ar (nokon må seriøst bøye det ordet på nynorsk).
For det andre er alt eg skriv på engelsk uoversettbart. Hadde eg kunne skrive det på norsk, så hadde eg gjort det. Men nokre ord berre har vi ikkje. Som annihilate, discombobulate, nefarious ... vakre vakre orda. Eller måten ein bygg settningar på;
Right now, with my stomach turning violently with every mile we inched closer our destination, our little vow of silence felt entirely wasted.

Beklager, men den berre går ikkje på norsk.

Eg har byrja på ei ... slags kjærleikshistorie på norsk. Det gjekk bra ei stund, fordi eg juksa. Eg jukser for så vidt framleis, men eg trur ikkje eg klarer å jukse meg igjennom heile. For når eg skriv det så ser det bra ut. Men i etterkant blir settninger som
"Jeg vet," mumlet han. "Jeg vet at jeg ikke kan få deg. Men kan jeg ikke late som, bare en liten stund?"

berre ... klisette. Og feil. Og rare. Har eg nevt feil?

Nei, eg skal skrive noko. Noko. Kva som helst. Om det så berre blir på In fictivity.

Men først skal eg gjere noko gøy. For Kristine hadde enda ei gøy utfordring på bloggen sin:D
Korleis ville DI hypotetiske kontaktannonsa vore?
Du kan bruka opp til 180 teikn, inkl. mellomrom.


Here goes nothing. Strek under hypotetisk folkens ;)
Distre 83-mod. type gammaldags. Har handjern og Kama Sutra, og ingen å dele dei med. Søker mann med hatt og drill, gjerne fotballintr. (ingen Chelsea-fans). Gir snart opp. Bill. merk. "prove me wrong".

Gudane må vite kva slags menn denne hadde tiltrukke seg...

mandag 21. juni 2010

Og sidan vi blogger om usansynligheiter...

Det er ein ting eg har kjempekjempekjempelyst til å gjere. Samstundes veit eg at eg aldri våger. Eg har sagt at om eg nokon gong gjer det skal eg vere så dritings at eg ikkje kjenner smertene. Og sidan eg ikkje drikk, så ja ... det ser mørkt ut.

... eg snakker om ei tatovering altså.

Ikkje nokke voldsome greier. Vi snakker ikkje sånn liksom


Meir noko lite, diskret, svart eller i alle fall ikkje mykje farge. Ein alvisk L for eksempel:


Eller eit teikn av noko slag. Eller Nemi-dragen. Eller '– gjør noe med deg'.

Det er innmari stilig med tatovering. Sjølv om det kan bli for mykje av det gode, så er det innmari mange kule tatoveringar rundt om kring. Og ja, eg er litt inspirert av kåringa til VG.

Eg hadde håpa at eg kanskje skulle våge når eg blei eldre. For eg har tenkt på tatovering LENGE. Men, eg er ei pyse. Ei skikkelig pyse. Og tatoveringar blir som kjent ikkje "licked on by kittens" (Rachel, Friends). Eg kunne fort enda opp som Phoebe i den episoden; ein liten blå prikk, som symboliserer jorda slik farfar og morfar ser den frå himmelen.

Men ei tatovering er noko som krev mykje tankeverksomheit. Den skal trass alt vere der for alltid. Det er lenge det. Ein meir impulsiv person enn meg hadde sikkert ikkje teke det like tungt, men min evne til å tenkje alt for langt fram i tid. Dersom eg f.ks tek eit sitat frå ein Kevin Smith-film, som for eksempel Anyone who isn't dead or from another plane of existence would do well to cover their ears right about now (Metatron) så er det ikkje sikkert eg tykjer det er like gøy når eg er 85. Hvis eg lev så lenge.
... det håper eg. Og eg håper eg sit på gamleheimen og ser Dogma.

Eller om eg vel I just like to fuck with the clergy, man. I love to keep those guys on their toes (Loki) så får eg eit himla forklaringsproblem når eg får ungar.
Ikkje at eg hadde tatt det. Men ja; poenget var at det krev litt igjennomtanke.

Men det ligg veldig an til noko fan-relatert. Og nei, ikkje slik;

(innbill deg at den er laga av nokon som kan teikne)

Eg tenkte meir på noko som hardbarka fans kjenner att med ein gong. Som ordet 'Always'. Eller 'It does not do to dwell on dreams, and forget to live". Eller berre 'Erised'. Eller eit gammaldags reagensrør, med kork. Noko i den duren. Eg kan liksom ikkje skrive SS heller. 'Look... at... me' går også. Men det må vere noko ... lite. Enkelt.

Ikkje at det hjelp, eg kjem aldri til å våge. Men om eg gjer det... då hadde noko slikt vore innmari kult:


lørdag 19. juni 2010

Nei, eg skal ikkje gifte meg

... eller jo, det skal eg. Men ikkje no altså. Eg mangler eit par viktige ingredienser, som gjesteliste, kjole, fotograf ... ja, og så mann da.

Men, du kan ikkje sende eit heilt prinsessebryllup på TV og så forvente at eg ikkje går amokk og ser på brudekjoler. Det kan trass alt vere greit å ha ei viss peiling når dagen ein gong kjem ... ein gong ...

Så ja. Drømme;

Eg ser for meg noko slikt:




Gjerne med detaljer, ikkje heilt kvit liksom. Som denne;

Som kjem i fleire fine fargar:



Eller ein av desse;




Eller... eller... eller...

Unnskyld meg, eg skal berre drømme meg langt langt vekk...

Til opplysning

Om du finn det for godt å sjå A guide to recognizing your saints, så har eg eit lite råd:

IKKJE GJER DET!

Den er ikkje litt verdt det ein gong. Ikkje ein gong for Robert Downey Jr. Der er rett nok eit ganske fint stillbilete av han under rulleteksten, men alvorleg talt; det finn du på nett og. Utan tekst over.

Eg meiner det; ikkje sjå den filmen.

Ikkje gjer det.

... berre... ikkje

fredag 18. juni 2010

Kunsten å lese cover

Hadde filmkveld i går. Etter nøye gjennomtanke, og dilemma-lufting på twitter, enda eg opp med Short Cuts og Kiss kiss bang bang. Rekk jo fint to på ein kveld, skulle jo ikkje tidleg opp. Så eg poppa eit par kilo popcorn, stappa Short Cuts i Xbox 360'en, og rigga meg til i sofaen med det eg trudde var ein slags "amerika sitt svar på Love Actually".
... joda.

Fyrste feil var å tru at denne var ny. Kvar eg hadde fått for meg at den var ny veit eg ikkje, men til opplysning er Short Cuts frå 1993. Eg var altså 10 år då denne vart laga. Som sett litt perspektiv på kor mykje eldre enn meg Robert Downey Jr. er. Sidan han var vaksen allereie i denne.
... ja, eg kjøpte den for Robert Downey Jr. What else is new? Meeen, som så mange gonger før; came for the man, stayed for the plot

For for det andre; namnet på filmen bør ikkje brukast som måleeinheit for filmen si lengde. Med mindre du tek Tolkien-sitatet "Short cuts make for long delays" med i reknestykket. For SHORT cuts varer i 3 timer. Nei beklager. 3 timer og 18 minutt. Short my ass.

Men, desse to forhaldsvis store mistydingane sett til sides; For ein film! Tre timer gjekk fort som fy, eg blei heilt oppslukt i alle historiene. Samanlikninga med Love Actually var ikkje heilt på bærtur, men på same tid kjennast det heilt feil å nemne dei i same settning. To heilt ulike filmar. Utan at eg på nokon måte kort kan oppsumere Short Cuts. Annan enn å seie at det er ein haug historier som alle høyrer saman.
Så, om du har regn og tre timer til overs; sjå Short Cuts. Stol på meg, det er verdt det.
(dessutan regner det. kva anna skal du gjere?)

Men, det blir ikkje filmkveld av berre ein film. Og eg hadde bestemt meg for å rekke Kiss kiss bang bang i går og. Dessutan var det popcorn att.

Kiss kiss bang bang er GENIAL! Altså, ikkje sånn banebrytande haleluja-kvifor-har-ingen-laga-sånn-film-før genial. Genialt for meg er ting eg simpelten elsker. Og denne elska eg frå fyrste stund. Robert Downey Jr. som forteljar! #WIN

... ja, Robert Downey Jr. var i denne og. Det går mykje i Robert Downey Jr. for tida. Og, nei. Eg har ikkje tenkt å korte ned namnet til Robert Downey Jr., til for eksempel RDJ. Det er litt som med Bård Vegar Solhjell. Det blir berre feil å korte ned.

/sidetrack

Kiss kiss bang bang var det vi snakka om. Fine fine filmen. Rare, morosame og bittelitt romantiske filmen. Men fine fine fine filmen. Og Robert Downey Jr. i hovudrolla til tross; noko av det beste med heile filmen er Val Kilmer som homofil privatdetektiv. Trur samtlige av replikkane vart levert dryppande av sarkasme.

Seriøst; perfekt film. Sjå den!

Og så rakk eg ein av kortfilmane på Eros. Altså, den einaste kortfilmen eg hadde tenkt å sjå. Den med Robert Downey Jr. I svart/kvitt. Med hatt. Og dress. Og vannkjemma hår. Og den som trudde at denne skulle handle om erotikk tok skammeleg feil... sånt reint bortsettfrå den effekten du får av å sjå Robert Downey Jr. liggande....

ANYWHO; denne var faktisk litt søt. Og morosam. Alan Arkin som psykolog. Litt omstilling, sist eg såg han var han harsj-røykande bestefar i Little miss sunshine (som forøvrig er genial den og).
Men alvorleg talt. Denne var litt søt. Equilibrium heiter den. Må ikkje forvekslast med ekle Sean Bean-filmen.

Etter denne var det framleis popcorn att. Men klokka var og halv 3 på natta. Så eg får ta resten i kveld; A guide to recognizing your saints. Og Casablanca. Eller Lost in Austen. Eller Clarissa. eller alle fire.

... eg byrjer å bli litt for gla i å ha fri ...

torsdag 17. juni 2010

tirsdag 15. juni 2010

Vakraste ordet i det norske språk;

Leveringsbekreftelse

Filmane mine er på veg :D Noko som vil seie at eg mest truleg har dei i morgon. Som passer innmari bra, sidan det er meldt shtøggevêr i nokre dagar.

Gler meg til å omsider få sett Clarissa. Og Interview with the vampire. Og Lost in Austen.

Så får det heller vere at eg må vente på den eine filmen eg eigentleg gjekk inn for å bestille. Eg skal nok få å gjere likevel :P

mandag 14. juni 2010

Har gleda samleren i meg

Det som byrja som ein liten snartur innom Platekompaniet ... jammen der har vi jo feilen med ein gong. Det er ingenting som heiter "snartur innom Platekompaniet". Uansett;

Eg skulle berre ha Wonder boys. Som har gøymt seg for meg *host*kastavekk*host*

Men det var salg på Platekompaniet. Det er alltid salg på Platekompaniet. Så eg enda opp med sju filmar. Eller nei. Seks filmar. Og ein mini-serie. I'm a weak, weak person.

MEN, til mitt forsvar så kosta mange av dei berre 59,- Og så fann eg Clarissa, og den har eg leita etter i seks år.

Så ja.

... so so so weak!

søndag 13. juni 2010

onsdag 9. juni 2010

Eg må blogge om noko eg ikkje kan blogge om

Altså, eg kan blogge om det. Men eg kan liksom ikkje blogge om det.

Og eg veit ikkje kvar eg skal byrje. For om eg byrjer med byrjinga så blir det ganske opplagt kva det gjeld, og då er det liten vits i å vere kryptisk. Dessutan er eg ikkje sikker på kva for ei byrjing eg skal byrje med.

Vanligvis hadde eg snakka med ei vennine om dette. Men eg liker ikkje å gi folk rett. Så det kan eg ikkje gjere. Dessutan blir alt så mykje større når ein deler det. I alle fall løyndomar. Og dette er ein løyndom.

Ikkje ein stor ein. Ikkje ein farleg ein. Ikkje ein ekkel, skummel eller straffbar ein. Men det er ein løyndom som må haldast på for min eigen del. Hovudet mitt klarer fint å analysere ting i hæl på eigenhand, eg treng ikkje hjelp. Og om eg fortel nokon dette så kjem eg til å få langt meir hjelp enn kva som sunt er.

Altså, dette er ikkje mi eiga skuld ... eller, det er det jo. Men det er krefter eg ikkje rår over; hjartet mitt, og draumane mine. Ikkje dei eg har på dagtid, dei har eg nokolunde kontroll over.
Men dei eg har på nattestid. Dei har laga trøbbel for meg mange gonger. Men vanligvis skal det litt meir til en berre ein.

No skal det seie at denne eine ikkje hadde betydd noko om den ikkje hadde glidd fint inn i ei linje av andre ting eg har grubla over det siste året. Eg har ein tendens til å slå til med innmari levande draumer (vi snakker "kjenner lukta av parfyma til morderen"-levande), og den i natt var ... oh man! Altså, ikkje skitten. Berre levande.

Litt for levande. Eg kjenner det framleis i mellomgolvet når eg tenkjer på den. Og det er fyrste gong eg faktisk har kjent det i mellomgolvet. Eg har kjent etter i eit år, og konkludert med at "nei, sorry." Men no, plutseleg ...

Uff. Dette gjer veldig mykje veldig mykje meir komplisert. Sjølv om det eigentleg er ganske enkelt. På papiret. Og i praksis og. Trur eg. Kanskje. I alle fall frå mi side. Berre at no er det sikkert for seint. At det har blitt enkelt, altså.

Av og til skulle eg VERKELEG ønske eg visste kva eg ville!!

tirsdag 8. juni 2010

Sitat Øystein Sunde

Jeg har vondt for å motstå en utfordring, jeg tar'n på strak arm som ingenting bar' jeg slepper å hoppe fra en flymaskin, eller stramme opp fjæra i en rullgardin.
(Øystein Sunde)

Og sidan utfordringa frå Klisjee ikkje inneber verken flygemaskiner eller rullgardiner så hopper eg i det:

Skriv 6 positive ting om deg sjølv, legg inn eit bilete av deg sjølv som du er nøgd med, og send utfordringa vidare til (ikkje mindre enn) 6 nye (og fine) mennesker).

... berre 6? Høhøhø...

Ok, seriøst; audmjuk skal ikkje på lista.
Meeeeen, det skal desse;
  • Eg kan, om du gir meg nok tid, finne alt (og då meiner eg ALT) på nett. Eg skulle hatt sertifisering i googling. Some call it stalking, I call it skills.

  • Eg er eit stykke over gjennomsnittet god i engelsk (trur det veg opp for at eg er langt under gjennomsnittet god i f.ks matte). Og eg har amerikansk aksent. Så bra at ein amerikaner eg snakka med ein gong trudde eg var født og oppvakse der. Og så har eg og britisk aksent. Dei skifter på, alt etter kven eg snakker med/kva eg ser på TV.

  • Eg røyker ikkje. Den bør tale for seg sjølv.

  • Eg er ganske flink til å sitje barnevakt. Sist fekk eg vite i etterkant at ungane hadde fortalt foreldra at dei ville ha meg til mor. Om det skuldast dyktigheit, eller snillheitsgrad, går for det same.

  • Eg er dyktig på kjøkkenet (trass den manglande husmorskulen farmor stadig klager over).

  • Eg har store store store mengder sjølvironi. Som veg opp for noko lavere mengder sjølvtillitt. Det speler inga rolle om folk ler av meg eller med meg. Det viktigaste er at dei ler. Ein god latter forlenger livet, så sånn sett har eg hjulpe ein del folk opp gjennom åra.
Bilete er litt verre. Mest fordi eg oftast befinn meg bak kamera. Men etter å ha leita i PhotoBooth-mappa (jeeper eg tek mykje rare bilete av meg sjølv) fann eg eit i lag med favorittmannen min:


Tango. 4 år gammal hankatt.

Og så var det å utfordre; Heidi (som bør skaffe seg blogg :P), Lappverk, Unni, Liv, Morten Johan og Ole-Morten.

Målet helliger middellet

Eg er film-nerd.

Det kom nok ikkje som ei bombe, men greit å stadfeste det grått på lysere grått; eg er film-nerd.

Spør nokon meg kva som er favorittfilmen min, har dei akkurat stillt meg det vanskeligaste spørsmålet i verda. Så mange gode filmar, i ulike sjangarar, med ulike budsjett, ulike forutsettningar ... you name it. Det er mildt sagt umogeleg å velge berre ein.

Når eg kjøper film, går det etter tre hovudreglar;
1. Innfallsprinsippet - også kjent som "den såg spanande ut". Ofte er den då nett det. Often likner den ikkje grisen. Men eg tek ikkje så mange sjanser elles i livet, så akkurat på filmfronten er eg Daredevil (den var for øvrig sjiiiiiitdårlig)

2. Storfilmprinsippet - Harry Potter, Ringenes Herre, Iron man, Twilight, Millenium-trillogien, X-men. Filmar som berre må bli bra. Ofte fordi eg har lese boka og veit kva det går ut på.

3. Finemannenprinsippet - Kva får du om du tek ein kvinnleg filmnerd, med forkjærleik for pene menn (eller menn generellt eigentleg) og blander det med ustoppeleg samlemani? Svar; meg.
Det byrja med Sean Bean ... eller Alan Rickman. Eg hugser ikkje. Men det byrja i alle fall med ein heftig infatuation for anten Sean eller Alan. To karar i godt vaksen alder, som har rukke og sette namnet sitt på ein del filmplakatar. Så, med samlemanien i ryggen, gjekk eg inn for å skaffe ALT dei hadde spelt i. Inga lett oppgåve. Eg er framleis ikkje heilt a'jour, sjølv om eg ENDELEG fekk ta i Mesmer og Quigly down under (Alan), samt ein Sharpe-film (Sean).

Uansett; å samle alt ein skodespeler har vore i gjer sitt for å fylle DVD-stativet. Og når eg til stadig finn nye å samle på så ja ... har eg nevt at eg har over 300 filmar?

Men så kjem det noko positivt ut av det. Litt som med Innfallsprinsippet, så ender du opp med ein del film du aldri hadde kome på å kjøpe. Og då finn du ein del perler;

The Winter Guest er Alan Rickman sin debut som regissør. Den fyljer fire historier på ein iskald dag i Skottland. Ikkje noko voldsomt drama, ingen eksplosjonar, ingen store, skumle ting. Berre ein liten, søt film som du blir heilt varm i hjartet av.

An awfully big adventure er eigentleg både ekkel og trist. Og vond å sjå (for ikkje å snakke om lese). Men av og til må ein tole det som ikkje har Hollywood-slutt og.

Då er Truly, madly, deeply hakket betre. Trist, rett nok. Men annan type trist enn vanlig. Nina er enke, men i sorga får ho besøk av spøkelset til ektemannen Jamie. Lenge er alt fryd og gammen, men før eller seiner må ho velje mellom draumane og den verkelege verda.

I den andre enden av skalaen finn vi Judas Kiss. Ein IT-gründer blir kidnappa, og under aksjonen blir guvernørfrua skoten og drept. David Friedmann (Rickman) får, meget uvillig, i oppdrag å granske saka. Samstundes må ham samarbeide med FBI-agent Sadie Hawkins, eit samarbeid som ikkje akkurat går knirkefritt.
Eit typisk tilfelle av "ingenting er slik det ser ut". Ikkje la deg skremme av dei fyrste fem minutta, denne er verdt tida di. Om ikkje anna for å høyre Alan Rickman snakke med sørstatsdialekt.

The singing detective såg eg for nokre dagar sidan. Sjølv om dette var ein særs ... vel, sær film, vil eg likevel anbefale den til dei fleste. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal oppsumere den, så eg seier berre "sjå den". Robert Downey Jr. er verdt det åleine, mannen er eit funn!

Bænken er kanskje ein av dei filmane som har overraska meg mest. Den vart kjøpt eine og åleine for Jens Albinus (som eigentleg berre har ei birolle), men eg blei heilt sjarmert av dette danske dramaet. Kan ikkje anna enn anbefalast!

Og medan vi er inne på Jens Albinus (du hugser han kanskje frå Ørnen på NRK) kan eg, under sterk tvil, anbefale At kende sandheden. Om du lover å ikkje seie det til vennina eg såg den saman med. Den handler om kirurgen Richard Mamlros, som under 2. verdskrig må nytte stoffet Thoratrast i samband med hjernekirurgi. Det viser seg etterkvart at stoffet er sterkt kreftframkallande. Filmen handler om livet til Richard, der jobben eigentleg berre speler ei rolle. Denne er ... fæl. Litt morosam til tider, umåteleg trist til andre. Og fæl. Mykje fordi den er i svart/kvitt. Og ikkje rosemaler noko. Sterk, men god.

Så du skjøner det; det er ikkje alltid det å kjøpe film etter Finemannenprinsippet treng å vere så gale likevel ...

mandag 7. juni 2010

Har funne ein sånn sang igjen

Du veit, ein sånn sang som kryp inn øyrene dine og gøymer seg i ein krok. Som dukker opp heile tida, som du konstant går og nynner på.

Men dett er ikkje I kissed a girl and I liked it, eller Poker face eller (gud forby!) Rosa helikopter. Nei nei nei. Dette er ein fin sang. Ein sånn sang det ikkje går ann å mislike. Ein sang eg nynner på med glede. Og syng, etter at eg endeleg lærte meg teksten. Ein sånn god liten sang, ein sånn du let att augene og nyt.

Og sidan eg er generøs av meg så kan eg jo ikkje la vere å dele;


Robert Downey Jr - Man like me. Kanskje den vakraste sangen nokon gong. Enjoy.

Og når du har forelska deg; sjekk ut albumet The Futurist frå same mann. Spesiellt hans versjon av Smile. Vakkert!

søndag 6. juni 2010

Eg lærer liksom aldri eg...

For om lag 2 år sidan, rundt desse tider på året, fekk eg det for meg at eg skulle vere lur. Altså, eg er jo lur. Kjempelur. Men akkurat det eg fekk for meg då var ikkje lurt i det heile tatt.

Eg fann ut at sidan det var midt på sommeren, og lyst og sånn, så kunne eg endeleg sjå The Dark.

Altså, la oss fastslå noko ein gong for alle; IKKJE SJÅ THE DARK! Seriøst, stay clear! Einaste grunnen til at The Dark står i DVD-stativet mitt (og der har den stått sidan sommeren for to år sidan, utanom når eg dreg den fram, viser den til gjester og seier 'for Guds skyld, må ALDRI sjå dinne filmen') er Sean Bean. Onde onde Sean Bean. Som verkeleg må slutte å spele i ting som The Dark, Silent Hill, The Hitcher ...

Uansett; eg skulle sjå The Dark. Midt på sommeren, på lyse dagen. Då måtte det jo gå bra.

... sitat Raske menn; eh, neeeeeeej

Eg sov ikkje ein time den natta. Eg har ikkje vore så skremt av ein film i mitt liv. No ser eg rett nok ikkje mykje skrekkfilm, men er til gjengjeld lettskremt. Og den skremte vettet av meg.

... 2 år seinere, og eg har gløymt alt. Og, sidan eg er i ferd med å drukne meg sjølv i Robert Downey Jr-filmar (har sett Iron Man tre gonger på ei veke), så ja. Etter elendigheta som var U.S. Marshals (seriøst; du får aldri att dei to timane og 13 minutta) trong eg meir. Som kjent; too much of a good thing is delicious.

Kvifor eg valde Gothika er derimot eit mysterie.

Eg har prøvd å sjå Gothika ein gong før. Stikkordet i den settninga er prøvd. Eg skrudde av etter ti minutt, vel overbevist om at ikkje ein gong RDJ var verd dette. Og det er jo ikkje som eg ikkje har andre filmer med Robbie; Wonder boys (awesome, forresten), Chances are, Zodiac, The singing detective ... for å nemne nokon. Så kvifor, i allverdas land og rike, eg valde Gothika er hinsides mi fattning. Men eg gjorde då ein gong det.

Så, med puta mi klar i tilfelle æsjascener, gjekk eg laus. Og det gjekk bra. Eg har sett Gothika ... eller, eg har sett halve Gothika. Andre halvparten forsvann bak ei pute. Meeeen, eg fekk sett slutten. Og då har eg jo pr definisjon sett den. Og den var slett ikkje verst. Og så ... ja, altså; SPOILER

Det einaste som redder meg frå mareritt er om skumlingen døyr på slutten. Då søv eg som ein stein. Skulle han/ho derimot overleve, som fks Henry Darius i CSI:NY, då er det verre. Eller om han/ho allereie er daud, men likevel dukker opp (The Dark) så ja. Då slit eg.
Men, skumlingane døyde i Gothika. Og ho som var skummelt og blondt gjenferd var eigentleg ikkje skummel likevel. Så då er det greit, liksom.

Likevel; eg legg meg ikkje i kveld før eg har kome gjennom eit heftig antall RDJ-intervju på youtube. Sånne der han verken er mistenkjeleg FBI-agent eller litt tvetydig metalsjukehus-lege. Dessuten rekner eg med at min nye helt Iron Man redder meg om nokon skumlingar kjem for å ta meg.

... jo takk, eg har det heilt fint i mi ega lille verd eg. Ska'rru vær'la?

lørdag 5. juni 2010

E'kje berre berre

Har hatt to særs lange dagar. Det som starta som eit legebesøk for søster'n, enda på sjukehus med overnatting og narkose. Utan at det er så alvorleg som det høyrast ut, det er berre snakk om ein tvilling. Men å forklare ein generellt skeptisk autist at det berre er å lokalbedøve og tømme, det er ikkje så lett. Då blir einaste løysing full narkose. Og overnatting.

Men no er jenta frisk og rask att, tvillingen er tømt og ho er heime i leiligheta. Men det har vore ein lang både fredag og laurdag, både for oss og henne. Mest for henne, så klart. Så med den månaden farmor hadde tidlegare i år, og desse to dagane her, så ser eg helst at vi slepp fleire sjukehusopphald i denne familien på ei stund.

Bygones

Eg skulle berre ein liten tur innom youtube, for å finne litt Ally/Larry-klipp og mimre om gamle dager. Så fann eg denne, og då var det gjort.



Ally McBeal er, den dag i dag, den absolutte favorittserien min. CSI, NCIS, Bones, Cold Case, Wire in the blood, Waking the dead... dæven, eg ser mykje krim! Men uansett, det var ikkje poenget. Poenget var at ingen av dei slår Ally.

... før eg fortsett bør det poengterast at eg veit at Ally McBeal er ein TV-serie. Det visste eg då og. But bear with me.

Ally er liksom tvillingsjela mi. Overaktiv fantasi, overanalyserande hovud, og den der kjensla av å ville krympe til Tommelise-storleik og gøyme seg bak eit stolbein... been there! Så då serien kom på TV var det det beste som kunne hende meg. Ein kveld i veka kunne eg sette meg ned i selskap av ei som var like nevrotisk og småsprø som meg.
Eg greidde alltid å finne ein identifiserande faktor i Ally McBeal-episodane, alltid noko eg kunne koble til hendingar i mitt eige liv. Eg hadde jo også ein Billy.
Snakke til meg sjølv; check
Egen bakgrunnsmusikk; check (no danser eg til denne både titt og ofte)
Problem med å finne den rette; check check and double-check

Skalerte ned til ein 16-åring si verd var alle problema til Ally også mine. Hadde eg kjærleikssorg, hadde ho det alltid og ... ok, her var oddsa rett nok gode, ho hadde alltid kjærleikssorg. Men i bunn og grunn kjende eg meg att. Eg hadde nokon å dele mine sære, lille ting med.

Eg følte med Ally. Kanskje litt vel mykje, med tanke på at ho var ein figur på TV. Men eg håpa håpa håpa at det skulle ordne seg for henne. Innerst inne fordi eg tenkte at når vi hadde alt anna til felles, kom vi til å få det til felles og. Det var derfor eg var så glad då Larry dukka opp.

Larry Paul. Han var ... perfekt. Både for meg og Ally. Morosam, eksentrisk, sjarmerande. Men med ei melankolsk side, ting du måtte lokke ut av han. Ein mann som kunne redde oss, men som vi samstundes måtte redde og. Han var siste brikka i puslespelet Ally McBeal, og eg var sikker på at serien kom til å ende med dei, lukkelege.

Eg tilga aldri David E. Kelly for at han gav Robert Downey Jr. sparken då rusproblema hans blussa opp att. Eg skjønte heile den greia med godt eksempel og skikkeleg folk og alt det der. Men David E. Kelly skjønte ikkje at han hadde knust Ally og min sin illusjon for alltid.

For Larry var perfekt. Larry var mannen Ally venta på, den som kunne gi verda hennar meining. Og Larry enda opp med å bli mannen eg venta på og. Altså, ikkje Robert Downey Jr. eller Larry Paul. Men ein mann som han. Ein som såg alle dei søte små raritetane våre, men som likte oss likevel. Som ikkje lot seg skremme. Som skaffa Sting som underhaldning på bursdagen vår.

Dette tok David E. Kelly frå oss. Og serien vart aldri det same etterpå. Eg håpa kvar veke, kvar nye episode og kvar sesong at nokon hadde ombestemt seg. At Ally skulle opne døra når det ringte på om kvelden (det var jo alltid nokon som ringte på om kvelden), og der skulle Larry stå. Og så skulle dei leve lukkeleg alle sine dager.

Men nei. I staden rota dei inn ei dotter teke ut av ingeting og Jon Bon Jovi. Nei nei nei.

Den dag i dag blir eg irritert, nesten litt lei meg, når eg ser klipp av Ally og Larry. Det er noko anna å sjå Wendy og Hodges (CSI). Den serien pågår enda, ting kan skje.

Men Ally og Larry får aldri kvarandre. Og eg veit, eg skreiv nett eit blogginnlegg der eg argumenterte for det stikk motsette av dette. Men det var annaleis. Dette er annaleis. Det handla om den perfekte mannen, den perfekte kjærleiken, det perfekte alt.

Verken Ally eller Larry var perfekte. Men dei passa perfekt saman.

fredag 4. juni 2010

Skrivesperre

If you want to be a writer ... write. (Epictetus)

Så det gjer eg. Før har eg bere skrive ting eg var nøgd meg, og gitt opp midtvegs i ting eg ikkje var nøgd med. Den tida er det slutt på. No skriv eg alt. Anten det er sprø blogginnlegg, rare dikt, eller berre side opp og side ned om å ha skrivesperre.

Og i morgon gjer eg det eg har planlagt i månadsvis; eg reiser til Ålesund, finn ein kafè og skriv. Og skriv. Og skriv. Så lenge eg kjøper mat der kan dei trass alt ikkje hive meg ut ... sant?

torsdag 3. juni 2010

Damn you, Richard Curtis!

Det er di skuld, alt saman!

Til opplysning; Richard Curtis er mannen bak Love Actually, Bridget Jones, Notting Hill og Four weddings and a funeral. Han representerer ein gjeng menneske som har øydelagt mykje for mange. Deriblandt meg.

Det er Richard Curtis si skuld at eg framleis venter på mannen som bretter underbuksene sine, som lærer seg portugisisk for meg eller som bur i hus med blå dør. Det er Richard Curtis si skuld at eg har hovudet i skyene.

... det bør nemnast at eg som regel berre er sinna på Richard Curtis ein gong i året, sånn om lag midtvegs i februar. Men eg blei nettopp bakhaldsangrepe av ein Hotel Babylon-episode om Valentine's day, og er litt på krigsstien.

Eg er veldig god på å ha svara når problema ikkje er mine eigne. Så når vennina mi utbryt, heilt på slutten av 27 dresses, "kor e dissa mannfolka i de virklie liv!?" har svaret mitt alltid vore det same;
Dei finns ikkje i det verkelege liv. Hadde dei gjort det, hadde Richard Curtis vore arbeidslaus.

Og ja, eg kjenner meg ekstra singel i dag. Det gjorde eg eigentleg før den hersens TV-serien.

Romantiske filmer er det best, og verste, eg veit. Og grunnen er enkel;
ALT ordner seg i dei.

Dette er bra fordi då kan eg i alle fall leve i den illusjonen. Om at alt ordner seg for snille piker. Om at mannen i ditt liv dukker opp, heseblesande, heilt på slutten for å erklære at han ikkje kan leve eit minutt lenger utan deg. Sjølv om han har snubla i kvar einaste setning så langt i historia, så kjem dette klokkeklart ut. Du er den einaste einaste eine, og det er berre deg. Berre deg.

Problemet er berre at dette gjer at eg lev i illusjonen. Eg har ei slags innebygd mekanisme, ei overtyding, om at alt ordner seg berre eg venter. Eg har jo vore snill jente heile livet. Eg fortener jo Richard Curtis-slutten min. Den perfekte mann kjem dalande kvart augeblikk. Han som veit alle dei rette tinga å seie, som heldt ope dører, dreg ut stoler, bretter boxershortsa sine og går ned på kne når han skal fri.

Det er ikkje sånn det fungerer. Hadde det vore slik, hadde vi ikkje sukka henført kvar gong nokon fortalde om ein slik mann dei faktisk hadde møtt. Eller kvar gong Richard Curtis set namnet sitt på noko.

Eller, Richard Curtis skal ha litt cred. Han starter trass alt Love Actually slik;
(...) It seems to me that love is everywhere. Often, it's not particularly dignified or newsworthy, but it's always there (...)

Og Love Actually er litt grei sånn ... actually. Alt går ikkje bra. Alt ender ikkje perfekt. Men du gløymer at Alan Rickman er utro (?) mot Emma Thompson, fordi Natalie får Statsministeren sin. Du gløymer stakkaren som er ulukkeleg forelska i kona til bestekompisen, fordi Colin Firth hopper på eit fly på juleaftan for å fri på (noget ustø) Portugisisk. Og som om ikkje det var nok, så har ho lært seg engelsk og. Just in cases.

Det er urettvist. Eg vil og treffe kjekk mann som skriv dårlege krimbøker og er livredd for ål! Evt berre ein mann. Som ikkje skriv bøker i det heile tatt. Og som fisker ål. I don't care.

Tru om Gud morer seg over slike som meg? Oss William Thacker'ane of the real world. Vi som snubler i orda heile tida, men som ikkje har nokon Richard Curtis som kan skrive dei rette replikkane for oss når det går for gale.

Du veit det, Gud, at eit av kriteria for at vi menneska skal halde fram med å reproduserer oss og leve på denne planeten du har putta oss på, så er det ei aldri så lita forutsettning at vi faktisk finn saman. Og held saman. Det hadde vore på sin plass med ein software-update.

Eller kanskje du kan open ein app-store. Eg melder meg frivillig som produktutviklar.

Alternativt kan du finne meg ein mann. Så skal eg slutte å klage. Lover.

tirsdag 1. juni 2010

En sånn der bøk

Rundt mars i fjor laga eg eit nyttårsforsett.

... ja, eg veit. Lovlig seint. Men dei ein lager nyttårsaftan held aldri likavel.

Uansett. Nyttårsforsettet bestod av ei milelang liste bøker eg ville igjennom. Ei liste som vaks for kvar handletur, eller for kvar nye forfatter eg oppdaga. Så, litt over eit år seinere er det på tide å oppsumere og anbefale litt bøker.

Akkurat her hadde cut-funksjonen som LiveJournal har vore eit gode, men eg finn no ein gong ikkje noko tilsvarande på blogspot. Så denne blir lang. Beklager.

Vi byrjer med lista i si oppdaterte tilstand:
[X] Dune - Frank Herbert
[X] Dune Messiah - Frank Herbert
[] Children of Dune - Frank Herbert
[] Sandworms of Dune
[X] Appelsinpiken - Jostein Gaarder
[X] Begynnelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Fortsettelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Slutten - Hans Frederik Follestad
[] Menn som hater kvinner - Stieg Larsson
[] Jenta som lekte med ilden - Stieg Larsson
[] Luftslottet som sprengtes - Stieg Larsson
[] The Italian - Ann Radcliffe
[] Mysteries of Udolpho - Ann Radcliffe
[x] Den fjerde rytter - Agatha Christie
[] Kom til meg, død - Agatha Christie
[] Klokkene - Agatha Christie
[] Pride&Prejudice - Jane Austen
[] Northanger Abbey - Jane Austen
[] Emma - Jane Austen
[] Salme ved reisens slutt - Erik Fosnes Hansen
[] Falketårnet - Erik Fosnes Hansen
[] Beretninger om beskyttelse - Erik Fosnes Hansen
[X] The Vampire Diaries; The awakening - L.J. Smith
[X] The Vampire Diaries; The struggle - L.J. Smith
[] The Vampire Diaries; The fury - L.J. Smith
[] The Vampire Diaries; Dark Reunion- L.J. Smith
[X] The lost symbol - Dan Brown
[] Deception Point - Dan Brown
[] A fire upon the deep - Vernor Vinge
[] A deepness in the sky - Vernor Vinge
[X] Interview with the Vampire - Anne Rice
[] Queen of the damned - Anne Rice
[] Paktens voktere - Tom Egeland
[X] Åndebrettet - Tom Egenland
[] Lucifers evangelium - Tom Egeland
[X] Sirkelens Ende - Tom Egeland
[X] Dead Until Dark - Charlaine Harris
[X] Living Dead in Dallas - Charlaine Harris
[X] Club Dead - Charlaine Harris
[X] Dead to the world - Charlaine Harris
[X] Dead as a doornail - Charlaine Harris
[] Definitely dead - Charlaine Harris
[] Monster - Knut Nærum
[] Sneglemannen - Knut Nærum
[] A traitor to memory - Elizabeth George
[] A suitable vengeance - Elizabeth George
[] With no one as witness - Elizabeth George
[] Playing for the ashes - Elizabeth George
[] The Poe Shadow
[] Murder in the Rue Morgue - Edgar Allen Poe
[X] Tales of Beedle the Bard - JK Rowling
[] Silmarillion - JRR Tolkien
[] The Light Fantastic - Terry Pratchett
[] The Resurrectionist - James Bradley
[] A quiet belief in angels - R.J. Ellory
[] Dead Souls - Ian Rankin
[] The Host - Stephenie Meyer
[] The notebook - Nicholas Sparks
[X] The lost book of Salem - Kathrine Howe
[] Flammer - Ross Kolby
[] Jane Eyre - Charlotte Brontë
[] Kvinnen i kjøleskapet - Gunar Staalesen
[] The Associate - John Grisham
[] Dracula - Bram Stoker
[] Bridget Jones: The edge of reason - Helen Fielding
[] The boy next door - Josie Lloy&Emlyn Rees
[] Love, etc - Julian Barnes
[] The murder room - PD James
[] Not dead enough - Peter James
[] Labyrinth - Kate Mosse
[] Map of bones - James Rollins
[] The wire in the blood - Val McDermid
[] Sweetheart - Chelsea Cain

Det har blitt mindre lesing i det siste, av ymse grunner.

Så, kva anbefaler ein frå ei slik liste?
Vel, TrueBlood-bøkene er sjølvsagt. Om du liker vampyrar, varulvar, romantikk og snikskytarar og sånt. Det er kanskje ikkje litteratur i Jane Austen-stil, men det er fornøyeleg nok. Dei har forøvrig og kome på norsk no. Har lest ei linje, og fraråder på det sterkaste å lese dei på norsk. Fydda!

Liker du magi og hekser, er The lost book of Salem absolutt å anbefale. Eg handler bøker etter innfalls-prinsippet, og denne vart kjøpt på måfå. Utruleg kor ofte ein finn dei beste tinga slik. Den handler i alle tilfelle om ei som bruker sommerferien på å rydde det gamle huset til bestemora. Her finn ho ei eldgammal oppskriftsbok, og starter jakta på historia bak boka. Parallelt fyljer vi historia til ei av heksene i Salem.

Interview with the Vampire
er den vakraste boka eg nokon gong har lest. Ikkje reint historie-messig, den var både ekkel og fæl. Men språket er så nydeleg at du knapt treng å bruke fantasien. Bileta teikner seg i hovudet ditt heilt utan hjelp.

Eg er kanskje ei enkel sjel, men eg elsker De fire og han som gjør galt verre. Min type humor. Eg veit ikkje kva som fekk meg til å kjøpe dei bøkene ... eller, det gjer eg. Men det er ikkje så viktig. Det viktige er at dei er kjempemorosame. Frå Jesper Schtadig, damemagnet og arving til Turtle Wax-formua, til oppfinnaren Hai Tekk med sine smått galne oppfinningar ... det er berre herleg, morro, sprøtt, til tider direkte flaut og faktisk spanande oppi heile greia.

Den fjerde rytter var ei ganske utypisk Agatha Christie-bok. Vanlegvis styrer eg unna hennar bøker på norsk, men denne har eg hatt liggande ganske lenge og tenkte det var på tide å lese. Ingen Miss Marple eller Poirot, men ein hovudperson som roter seg inn i eit opplegg kalla "Den gule hest", som kan hjelpe deg å få tatt av dage personar du skulle blitt kvitt, utan mistanke.
Du ser deg litt over skuldra etter denne boka. Som i mitt tilfelle er eit kvalitetsteikn.

Åndebrettet er den verste boka eg har lese på ei stund. Ikkje det, boka i seg sjølv var ikkje så fæl. Eller, historia har jo gåsehudfaktor så det held. Men det er det overnaturlege aspektet i denne boka som laga trøbbel for meg. Eg vakna kvar natt, medan eg haldt på, overtydd om at nokon stod på soveromsgolvet mitt. Ein gong hugser eg at eg sa til meg sjølv "no må du få lest ferdi dinna helvettes boka". Igjen, eit kvalitetsteikn. Kudos, @tomegeland.

Akkurat no held eg på med Labyrinth av Kate Mosse. Eg er på side 86 av om lag 700, og det er litt tidleg å anbefale den til nokon som helst. Men den verker spanande. Eg har eit mål om å lese den ferdig i løpet av juni, og lover å gi tilbakemelding etter det :)

PS: Ser forøvrig at eg har ein tag som heiter 'fredagsboka'. Denne skulle da vitterlig brukast kvar fredag. Skjerpings, Linn!