lørdag 31. juli 2010

Andreas Thorkildsen

Eg tek av meg hatten. Skoa. Sokkane. Buks... *kremt* uansett;

DU E RÅ!

onsdag 28. juli 2010

Ikkje-filmtips

Med nyskaffa DVD i går (som attpåtil byrja på -f) måtte eg ommøblere litt i DVD-stativet. Og då slo det meg; kanskje det er på tide å nemne nokre filmer ein ikkje bør sjå?

No er det så klart med film som med mannfolk, fotballag, brus osb; kvar sin smak. Men det står nokre filmer i samlinga mi som nok aldri kjem til å bli spelt igjen;

Envy
Tim og Nick er bestekompisar, naboar og kollegaer. Men vennskapet blir sett kraftig på prøve når Nick (Black) blir rik på oppfinninga si Vapoorizer, ein spray som bokstavelig talt får hundebæsj til å forsvinne. Etter kvart som formua til Nick veks, blir Tim berre grønere og grønere av sjalusi.

Kombinasjonen komedie, Ben Stiller og Jack Black kan umogeleg slå feil, ikkje sant? Envy er unntaket som bekrefter regelen.
Ikkje det, Envy freister å vere morosam. Litt for hardt, til tider. Og den feiler, gong på gong. Den blir faktisk litt flau. Og er ikkje verdt tida di.

A guide to recognizing your saints
Forfatteren Dito vender tilbake til nabolaget han vaks opp i etter 15 år, fordi faren hans har blitt sjuk. Vi blir teke med tilbake til ungdomstida hans i glimt, og får historia om kvifor han til slutt rømte frå livet der. Men er det for seint å kome heim?

Huff ... eg mista interessa fire gonger i løpet av det fyrste kvarteret. Denne er umåtelig keisam og langdryg. Og klaustrofobisk. Og trist. Har eg nemt keisam? Og klaustrofobisk?
Den kunne vore interessant. Ein sånn film du berre må sjå korleis det går i til slutt. Men det er den ikkje. I staden tek du deg i å sjå på klokka, ramle ut av historia utan å føle du har gått glipp av noko når du ramler inn att, eller bli meir interessert i Twitter enn det som foregår på skjermen.
Denne kunne vore god. Det er den ikkje.



Dr. T and the women
Dr. T (Richard Gere) er omringa av kvinner. Ikkje så rart kanskje, når han er gynekolog. Heime har han ei lesbisk datter som skal gifte seg (med ein mann), ei datter som ser konspirasjoner alle stader, ei kone som er i ferd med å få nervøst samanbrudd og ei svigersøster som roter seg borti alt. Livet er mildt sagt komplisert.

Denne har potensiale til å vere morosam og søt. Eller i alle fall litt interessant. Den er ikkje det. Ikkje i det heile teke. Ikkje litt ein gong. Du får rett nok fysisk vondt av situasjonen til kona hans, Kate, men du får og fysisk vondt av kor dårleg filmen er. Og før du veit ordet av det er den slutt. Og sjølv om eg forstod kor dei ville med slutten, så funker den overhodet ikkje.

Nei, nei og atter nei. Ikkje ein gong for Richard Gere.

Friends with money
Fire venniner. Tre gifte og rike, den fjerde (Olivia) tidlegare lærar og no hushjelp. Ekteskap i ulike stadier av 'lukkeleg' og problem problem problem.

Stort meir konstruktivt kan eg ikkje seie om plottet i denne filmen. Den freister nok å skildre korleis det er å vere "fattig" mellom rike, men ja ... nei. Dette går berre ikkje. Ikkje skjøner du historia, ikkje er den spanande, ikkje treff den deg på nokon måte. Det blir berre keisamt.

The 13th warrior

Ein araber fyljer med ei gjeng vikingar på tokt for å øydelegge Wendol. Filmen er basert på boka "Eaters of the dead", og har mellom anna Antonio Banderas i hovudrolla og vår eigen Dennis Storhøi som "sidekick".

Eg trudde ærleg talt ikkje at det var mogeleg at ein film med så spanande tema kunne vere så (for å bruke eit sunnmørsuttryk) dørgande kjedli! Eg brukte heile filmen på å studere engelsken til Dennis Storhøi og lure på kva for ei scene det var han nesten drukna under.

Liker du gudar og mytologi og moster og di greian der er det mist 20 filmer som kjem før denne på lista. Kanskje til og med fleire enn det.



Dette er filmer eg aldri skal sjå igjen (i alle fall ikkje frivillig). Det finnast sikkert nokon som liker desse og. Men huff. Nei. Berre. Huff

Filmtips: Fur: An imaginary portrait of Diane Arbus

Nokre filmer kan ein anbefale fordi ein veit akkurat kva ein likte med dei. Den var morosam (Dogma), eller søt (You stupid man), eller spanande (Shutter Island), eller kanskje historia hadde ein eller annan genial vri du aldri såg kome (Secret Window).

Som regel kan du setje fingeren på eit eller anna, eller kanskje opptil fleire ting som var heilt fantastiske med nett den filmen.

Andre gonger veit du verkeleg ikkje kva du skal seie. Og på ein bra måte.

Der har du Fur.

... altså, eg har snakka sidan eg var forholdsvis lita. Mykje. Og heile tida. Og no veit eg ikkje kva eg skal seie. Det burde vere attest nok.

mandag 26. juli 2010

Fine fine FINE albumet!



Om du ikkje på eit eller anna vis (Spotify, Wimp, iTunes, butikk, you name it) har skaffa deg Melissa Horn sin Säg ingenting til mig, er det på tide at du gjer det med ein einaste gong.

Ja, eg meiner no. Husj, avgårde med deg!

tirsdag 20. juli 2010

Elementært

Har bestemt meg for å blogge. Har overhodet ingenting å blogge om. Så dette kan bli spanande.

... eller, jo. Eg kan jo blogge om Sherlock Holmes.

Eg er om lag halvvegs i boka The adventures of Sherlock Holmes. Joda, eg les dei på engelsk. Eg les ikkje engelske bøker på norsk, så langt det let seg gjere. Eg vil liksom ha orda til forfatteren akkurat slik han eller ho skreiv dei.

Men det er ei anna historie. Dette skulle handle om Sherlock Holmes.

Eg aner ikkje kvifor eg ikkje har lese Sherlock Holmes-bøkene før. Eg veit eg har tenkt tanken mange gonger, men det har berre blitt med det. Vanligvis kaster eg meg over alt eg kan kome over av engelsk krim, gammalt som nytt. Men Sherlock og eg har liksom aldri møttast. Før no.

... og greit. Eg kan jo ikkje stikke under ein stol at Guy Ritchie og Robert Downey Jr har ein smule med det å gjere. Men ikkje berre fordi den eine er eit geni og den andre er eit megasexy geni (det med megasexy er jo berre ein bonus). Filmen var mitt fyrste skikkelige møte med Sherlock. Og eg vart ikkje skuffa.

Og når eg finn noko eg liker så berre MÅ eg lese bøkene. For filmane lev som kjent aldri opp til papirversjonane. Og når Susan (kona til Robert Downey Jr) oppfordra oss til å lese bøkene for å leite ette filmreplikkane så var eigentleg skaden skjedd. Då måtte eg lese dei.

Eg veit ikkje heilt kva eg forventa då eg byrja på A study in Scarlet, men det blei klart etter om lag to sider at eg ikkje kom til å bli skuffa. Det har vore mykje snakk om "reinventing Sherlock Holmes" i samband med filmen, men eg må ærleg innrømme at eg ikkje ser heilt kvifor. Den er rett nok ganske ulik dei gamle TV-seriane og tidlegare filmane, Sherlock er meir... hands on, i mangel på eit betre norsk ord. Men, om du les bøkene kjem du ikkje langt før du oppdager at Guy Ritchie sin versjon slett ikkje er så ulik bok-versjonen som ein skulle tru.

Kamp-scenene er kanskje det som er mest "kontroversielt" med den "nye" Sherlock Holmes. Altså, sitat Watson, når han lister opp Sherlock sine kunnskapar;
Is an excellent singlestick player, boxer and swordsman.

Singlestick er (sitat wikipedia); "also known as cudgels, refers to both a martial art that uses a wooden stick as well as the weapon used in the art." Som vist på denne videoen. Så då tenkjer eg vi kan frikjenne opningssekvensen av filmen.

Og i kapittel 2 av The Sign of the Four snakkar han med ein proff-bokser han har boksa mot for nokre veker sidan. Og denne boksaren meiner at Sherlock kunne blitt proff sjølv, om han ikkje hadde kasta seg bort på detektiv-arbeid. Så då var denne scena grei.
(elsker forøvrig den sangen)

Nei, berre fordi ingen andre har tenkt tanken at Sherlock kan vere både barsk og brainy så tyder ikkje det at dei har dikta opp ein heilt ny versjon i denne filmen. Dessutan er det nok av action-sekvensar i bøkene.

Og eg elsker dei verkeleg! Ikkje er dei så kompliserte at eg blir heilt oppgitt, men ikkje så enkle å løyse at eg blir kjempeskuffa heller (seriøst, les aldri "On the street where you live" av Mary Higgins Clark). Underhaldande, spanande, morosame og eg simpelten ELSKER engelsken dei er skrive på. Sjølv om Sir Arthur Conan Doyle har eit overforbruk av ordet 'ejaculated'.

Dessutan er Sherlock Grissom anno 1878. Eller, Grissom er Sherlock anno 2004. Det er jo strengt tatt CSI-arbeid han driv med. Han har berre ikkje så kule hjelpemiddel. Og, om du skulle vere forvirra midtvegs i boka/historia, så er alt verkeleg 'elementært' når du får det forklart. Og så kjenner du deg himla kry når du skjøner at du har byrja å tenkje litt som Mr. Holmes.

Boktips? Ja, eg vil absolutt seie at desse er boktips. Utan at eg kan gå god for dei på norsk. Men dei er ikkje så tunge på engelsk heller. Og då får du det herlige herlige språket. Som;
- It is a capital mistake to theorise before one has data. Insensibly one begins to twist facts to suit theories, instead of theories to suit facts.
(den replikken er for så vidt og med i filmen, og ein av seks eg har funne hittil)

Sherlock er absolutt selskap eg kan anbefale dei fleste, no når haustmørket kjem krypande ganske snart.

onsdag 14. juli 2010

Lazy days

Det har vore stille her i det siste. Og det er fordi det har vore stille her [slår ut med armane] i det siste. Eg har nett kome heim frå slektsbesøk, og det skjedde ingenting der heller.

Bortsettfrå at eg har konstantert at eg ikkje får sove i same rom som ei som snorker, og ei som snakker i søvne. Og at sofaen til mormor er ganske god å sove på.

Elles kan eg summere opp den siste veka ganske greit; regn, regn, sol, regn regn, ostehornbaking, regn, fjelltur m/regn, lokaloppgjer (men eg har jo lova å ikkje fotballblogge her) og ja, du gjetta det; meir regn.

Ja, og så hadde eg besøk av vennine med sjarmør på åtte månader forrige torsdag. Han var veeeeeldig skeptisk til meg i om lag fem minutt, heilt til han oppdaga at eg laga rar grimase når han såg på meg. Etter det var eg godtatt.

... vil ha sånn eg og ...

Altså, ikkje no på sekundet. Men ja. Eg vil havne i ein situasjon der eg i alle fall har ingrediensane klar, sånn at når begge vi to som er i den situasjonen begge er klar for å havne i den situasjonen saman så er det berre å sette i gong.

... altså, kortfatta; vil ha mann. Og romantiske kveldar i mange år framover. Og så baby. Når vi begge er klare. Og hus. Men ikkje stasjonsvogn. Med mindre han går med på å køyre den. Men den tid den sorg.

Så ja. No som eg har skremt vekk alle potensielle friarar som les denne bloggen så kan vi gå over til mindre kontroversielle tema.

Det regner forøvrig framleis ute. Og det er mørkt. Og kaldt. Og eg er ikkje heilt sikker på om det framleis er juli ...

Eg går framleis med den kjensla av at eg berre har ferie. At eg skal byrje å jobbe att snart.

Og det skal eg jo, for så vidt. Eg veit berre ikkje når. Eller kvar. Eller med kva.

Defying gravity; not sho bad axchually

fredag 9. juli 2010

Omsider fjelltur

Ikkje så langt opp denne gongen, og ein god del meir bortover. Men fint var det!

torsdag 8. juli 2010

Kjeder meg - lager blogg-ting

Eller, lager? Stel frå Førkveld, heiter det.

Du kan invitere fem personar til middag, uavhengig av om dei er ekte, eller framleis er i live. Kven inviterer du, og kvifor?

Prinsesse Diana

Ho er alltid den fyrste eg tenkjer på i sånne samanhengar. Eg slit litt med å heilt forklare kvifor, men eg har alltid likt henne. Ho var ein fantastisk person. Ikkje perfekt, men fantastisk. Eg kunne lært så mykje av henne, ho må ha så mykje å fortelje. Eg hadde nesten ikkje trengt fleire gjestar.

Farfar
Farfar døyde lenge før eg var på teiknebrettet. Lenge før pappa i det heile teke hadde truffe mamma. Så eg har berre høyrt pappa fortelje om kven han var. Og eg får for meg at han var ein ganske kul person. Alltid med ein god kommentar, ein liten ertekrok, men snill og god på bunn. Då eg var liten brukte eg å snakke med han, eg hugser eg alltid tenkte at han passa på meg på eit vis. Det hadde berre vore så gøy å kunne treffe han.

Ole Gunnar Solskjær

Favorittspelarar kjem og gjeng, men Ole Gunnar kjem alltid til å sitje att. Mykje fordi han er så utypisk englands-proff som dei kan bli. Han stiller litt i same klasse som Diana, dog på ein litt annan måte; ein person eg sikkert kunne snakka med i evigheter (om eg hadde våga å spørre om alt eg lurer på). Dessutan må eg jo fortelje han om særoppgåva eg skreiv om han på ungdomsskulen.

JK Rowling

Så klart. Og eg skulle prøvd å la vere å spørre om ALLE HP-relaterte tinga eg ville. Utan at eg trur eg hadde lukkast med det. Men eg kunne absolutt spurt ho ut om det å vere forfatter, om korleis det er å ha ei heil VERD ventande på den neste boka, om å takle forventningspress. Og litt om Lily og Severus. Eg må jo berre.
Og takka for for Harry Potter-serien, som har vore så mykje meir for meg enn berre ein bokserie.

Robert Downey Jr.

Før du slutter heilt å ta meg seriøst, så høyr grunnen min:
Han verker sjølvklart som eit logisk val kun fordi han har vore det einaste eg har snakka om i tre veker. Men, tenk på dette;
Tenk for eit liv! For ei historie. Og han snakker jo gjerne om det, virker det som, så lenge det går på hans eigne premiss. Og det skulle det jo gjort. Dessutan er det meir enn det; yrket hans, musikken hans. Eit innblikk i livet som skodespeler, kva gjer at du vel akkurat den filmen, det skriptet, den rolla? Korleis forberede seg til ei spesiell rolle. Og dette er jo eit middagsselskap, ikkje eit intervju med Vanity Fair, så svara ville kanskje vore ærlegare.


Så, der har du min gjeng. Eg skulle sikkert vore skikkelig djup og valgt Jane Austen, eller Abraham Lincoln eller Graham Bell eller nokon i den duren. Men, då hadde nok samtalen gått over hovudet på meg. Så eg står for vala mine. (med forebehald om at eg ombestemmer meg ;)

Kven er dine?

Filmtips (med fare for fabling etterpå)

Only you

A love story written in the stars



Som liten leiker Faith og bror hennar med eit Ouija-brett, og der får ho opp namnet på sjelevenen sin. Når ei spåkone ser det same namnet i krystallkula si er ho overbevist; Damon Bradley er mannen ho skal gifte seg med.
15 år seinere skal Faith gifte seg. Men ikkje med Damon Bradley. Ti dager før bryllupet ringer det faktisk ein ved det namnet for å snakke med forloveden hennar, og ho hiv seg på eit fly til Italia på jakt etter drømmemannen.
Og ho finn han. Det er berre eit problem; han har feil namn.

Eg skal aldri aldri aldri snakke stygt om gamle filmar igjen. Aldri! Eller, gamle? Only you er fra 1994. Ikkje så gammal, trass alt.

Eg drit i at denne er forutsigbar. At du skjøner kva som kjem til å skje den augeblinken Marisa Tomei dulter borti Robert Downey Jr. i ei travel, italiensk bakgate. Det er sukkersøtt, klisette, romantisk som berre juling og eg elsker kvart eit minutt.

Om du kjenner deg håplaust singel... så kjem ikkje denne til å hjelpe i det heile teke. Men sjå den likevel.

- * -

Det er eigentleg sånne filmer eg ikkje bør sjå. Eg har ein god porsjon håplaus romantiker i meg frå før, denne hjelp overhodet ikkje på den diagnosen.

Ikkje det, det var verre før. Då trudde eg at det skulle vere sånn. No drøymer eg berre om at det skal vere sånn. Det treng ikkje å stå skrive i stjernene, han treng ikkje å dukke opp som ein ridder på kvit hest. Det hadde berre vore ein ekstra bonus.

Men eg liker å drøyme meg vekk. Å sjå slike filmar, og så tillate meg sjølv å tru at det er sånn. I alle fall ei stund. Dessutan veit vi alle at når vi blir forelska så er det sånn. Då står det skrive i stjernene. Du berre såg det ikkje sjølv.

Det hadde forøvrig ikkje skada å sett ut som Marisa Tomei. Just saying ...

onsdag 7. juli 2010

Små barn, små gleder



Og dei er faktisk små. Bittesmå. Altså, ikkje uleselig små, men sånn søte små. Og skikkelig fine. Med gullkant på sidene, og bokmerke og fine, skikkelige cover.

Og best av alt; eg har lese ei side, og eg veit allereie at eg kjem til å elske dei!

tirsdag 6. juli 2010

Oppdatert nyttårsforsett

[X] Dune - Frank Herbert
[X] Dune Messiah - Frank Herbert
[] Children of Dune - Frank Herbert
[] Sandworms of Dune
[X] Appelsinpiken - Jostein Gaarder
[X] Begynnelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Fortsettelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Slutten - Hans Frederik Follestad
[] Menn som hater kvinner - Stieg Larsson
[] Jenta som lekte med ilden - Stieg Larsson
[] Luftslottet som sprengtes - Stieg Larsson
[] The Italian - Ann Radcliffe
[] Mysteries of Udolpho - Ann Radcliffe
[x] Den fjerde rytter - Agatha Christie
[] Kom til meg, død - Agatha Christie
[] Klokkene - Agatha Christie
[] Pride&Prejudice - Jane Austenx
[] Northanger Abbey - Jane Austen
[] Emma - Jane Austen
[] Salme ved reisens slutt - Erik Fosnes Hansen
[] Falketårnet - Erik Fosnes Hansen
[] Beretninger om beskyttelse - Erik Fosnes Hansen
[X] The Vampire Diaries; The awakening - L.J. Smith
[X] The Vampire Diaries; The struggle - L.J. Smith
[] The Vampire Diaries; The fury - L.J. Smith
[] The Vampire Diaries; Dark Reunion- L.J. Smith
[] NW Secret vampire - L.J. Smith
[] NW Daughters of darkness - L.J. Smith
[] NW Enchantress - L.J. Smith
[] NW Dark angel - L.J. Smith
[] NW The chosen - L.J. Smith
[] NW Soulmate - L.J. Smith
[] NW Huntress - L.J. Smith
[] NW Black Dawn - L.J. Smith
[] NW Witchlight - L.J. Smith
[X] The lost symbol - Dan Brown
[] Deception Point - Dan Brown
[] A fire upon the deep - Vernor Vinge
[] A deepness in the sky - Vernor Vinge
[X] The wire in the blood - Val McDermid
[] Beneath the bleeding - Val McDermid
[X] Interview with the Vampire - Anne Rice
[] Queen of the damned - Anne Rice
[] Paktens voktere - Tom Egeland
[X] Åndebrettet - Tom Egenland
[] Lucifers evangelium - Tom Egeland
[X] Sirkelens Ende - Tom Egeland
[X] Dead Until Dark - Charlaine Harris
[X] Living Dead in Dallas - Charlaine Harris
[X] Club Dead - Charlaine Harris
[X] Dead to the world - Charlaine Harris
[X] Dead as a doornail - Charlaine Harris
[] Definitely dead - Charlaine Harris
[] All Together dead - Charlaine Harris
[] From dead to worse - Charlaine Harris
[X] House of night: Marked - PC and Kirsten Cast
[X] House of night: Betrayed - PC and Kirsten Cast
[X] House of night: Chosen - PC and Kirsten Cast
[X] House of night: Untamed - PC and Kirsten Cast
[] House of night: Hunted - PC and Kirsten Cast
[] House of night: Tempted - PC and Kirsten Cast
[] House of night: Burned - PC and Kirsten Cast
[] House of night: Awakened - PC and Kirsten Cast
[] Over Sea, Under stone - Susan Cooper
[] The Dark is Rising - Susan Cooper
[] Greenwitch - Susan Cooper
[] The Grey King - Susan Cooper
[] Silver on the Tree - Susan Cooper
[X] Darke Academy: Secret lives - Gabriella Poole
[X] Darke Academy: Blood ties - Gabriella Poole
[] Darke Academy: Devided souls - Gabriella Poole
[] The Morganville Vampires: Glass Houses - Rachel Caine
[] The Morganville Vampires: The dead girls' dance - Rachel Caine
[] The Morganville Vampires: Midnight Alley - Rachel Caine
[X] Percy Jackson and The Lightning Thief - Rick Riordan
[X] Percy Jackson and The Sea of Monsters - Rick Riordan
[] Percy Jackson and The Titan's Curse - Rick Riordan
[] Percy Jackson and The Battle of the Labyrinth - Rick Riordan
[] Percy Jackson and The Last Olympian - Rick Riordan
[X] The Adventures of Sherlock Holmes - Sir Arthur Conan Doyle
[] The Case-book of Sherlock Holmes - Sir Arthur Conan Doyle
[] The Memoirs of Sherlock Holmes - Sir Arthur Conan Doyle
[X] The Hound of the Baskervilles - Sir Arthur Conan Doyle
[X] The Valley of Fear - Sir Arthur Conan Doyle
[] The Return of Sherlock Holmes and his Last Bow - Sir Arthur Conan Doyle
[X] A Study in Scarlet - Sir Arthur Conan Doyle
[X] The Sign of Four - Sir Arthur Conan Doyle
[] Monster - Knut Nærum
[] Sneglemannen - Knut Nærum
[] A traitor to memory - Elizabeth George
[] A suitable vengeance - Elizabeth George
[] With no one as witness - Elizabeth George
[] Playing for the ashes - Elizabeth George
[] The Poe Shadow
[] Murder in the Rue Morgue - Edgar Allen Poe
[X] Tales of Beedle the Bard - JK Rowling
[] Silmarillion - JRR Tolkien
[] The Light Fantastic - Terry Pratchett
[] The Resurrectionist - James Bradley
[] A quiet belief in angels - R.J. Ellory
[] Dead Souls - Ian Rankin
[] The Host - Stephenie Meyer
[] The short second life of Bree Tanner - Stephenie Meyer
[X] Labyrinth - Kate Moss
[] The winter ghosts - Kate Mosse
[] Sepulchre - Kate Mosse
[] The notebook - Nicholas Sparks
[X] The lost book of Salem - Kathrine Howe
[] Flammer - Ross Kolby
[] Jane Eyre - Charlotte Brontë
[] Kvinnen i kjøleskapet - Gunar Staalesen
[] The Associate - John Grisham
[] Dracula - Bram Stoker
[] Bridget Jones: The edge of reason - Helen Fielding
[] The boy next door - Josie Lloy&Emlyn Rees
[] Love, etc - Julian Barnes
[] The murder room - PD James
[] Not dead enough - Peter James
[] Map of bones - James Rollins
[] Sweetheart - Chelsea Cain
[] The silence of the lambs - Thomas Harris
[X] Robert Downey Jr: The Fall and Rise of the Comeback Kid - Ben Falk
[] Pilot - Div.
[] Gone - Mo Hayder
[] 1984 - George Orwell
[] The picture of Dorian Gray - Oscar Wilde
[] How to be good - Nick Hornby
[] The summer that never was - Peter Robinson
[] Anna Karenina - Leo Tolstoy
[] The Distant Hours - Kate Morton

søndag 4. juli 2010

Filmtips: Dorian Gray

(eg lover det kjem ein skikkelig blogpost att snart)

Forever Young. Forever Cursed.


Unge Dorian Gray (Ben Barnes) kjem til London. Han har arva hus og formue etter bestefar sin, og blir introdusert for fiffen i byen. Der møter han den sjarmerande og kynisk Lord Wotton (Colin Firth), og fell snart for hans sjarm. Samstundes blir det laga eit portrett av Dorian, og biletet viser seg etterkvart å ha ei urovekkande effekt. Trass eit liv der Dorian gir etter for alle tenkjelege fristelser, forsett han tilsynelatande å vere evig ung. Men alt har sin pris.

Denne anbefalast under tvil. Ikkje fordi den ikkje er verdt å sjå, men fordi eg må sjå den ei par gonger til før eg verkeleg kjem under huda på den. Filmen er basert på ei bok av Oscar Wilde, og det aner meg at store deler av boka har blitt utelatt i filmen. Samstundes må ein liksom berre sjå korleis det heile ender.

Dessutan er det verdt å sjå ein kvar film der Colin Firth freister å spele skurk.

lørdag 3. juli 2010

Filmtips: Zodiac

There's more than one way to lose your life to a killer



Basert på den sanne historia om ein seriemorder i San Francisco Bay-området i 1970-åra. Han kaller seg Zodiac, og sender brev til politiet og pressa med koder, der han utfordrer dei til å ta han før han drep fleire. Både politimenn og reportarar blir besatt av å fange han.
Filmen er basert på boka til Robert Graysmith, som vi også treff i filmen.


Eg elsker gåter. Og krim. Og puslespel. Og koder. Og alt sånt. Så faktisk; denne filmen kjøpte eg heilt uavhengig av at Robert Downey Jr. er med i den. Denne går under Innfallsprinsippet. Den såg berre innmari spennande ut.

Eg tok ikkje feil.

Dessutan er det noko med sanne historier, anten dei er litt pussa på eller ikkje. Og til å vere amerikansk så er denne overraskande bra pussa på. Ikkje noko Hollywood her i garden. Historia er spanande nok i seg sjølv, og det faktum at den er sann gjer det berre enda verre. Dessutan er skodespeler-prestasjonane knallgode (mellom anna Jake Gyllenhaal, Mark Ruffalo og Robert Downey Jr.)

Om du liker krim og gåter er denne absolutt for deg.

fredag 2. juli 2010

Filmtips: Chances are

Alex has a lifetime full of wonderful memories. Unfortunately, they're not his.



Louie Jeffries har det perfekte liv. Og det er i ferd med å bli enda meir perfekt; kona Corinne ventar deira fyrste barn. Men på deira eittårs-bryllupsdag blir Louie påkøyrd og drept, rett framfor augene på Corinne. Han finn seg derimot ikkje i å døy så lett, og forlanger å bli gjenfødd.
23 år seinere og Louie sin reinkarnasjon, Alex Finch, treff tilfeldigvis Miranda, dottera til Louie og Corinne. Det heile ser ut som starten på noko ganske vinduderlig. Heilt til Alex byrjer å hugse sitt gamle liv ...


Denne filmen er ikkje genial. Den er ikkje banebrytande. Den er fra 1989, den er gammaldags og dei har brukt alt for mykje "soften edges". Den er ein smule ekkel, og ein tanke flau. Og veldig rosa. Dialogen er noko forutsigbar og det fyrste fine eg kan kome på å seie er at den i alle fall er morosam.

Og likevel funker den. Som berre juling. Den er søt, romantisk, forutsigbar ja, men vil vi ikkje alle ha ein 'happy ending'? Du sit der med den 'håper alt order seg for ALLE'-kjensla, og veit at du ikkje blir skuffa.

Chances are er kanske ikkje Oscar-materiale. Du sit kanskje ikkje att med hakeslepp eller tårer i augene. Men den er absolutt å anbefale!

torsdag 1. juli 2010

Elsk/hat-forhold

Det slo meg, midtvegs i Chances are i dag, at tre romantiske filmar på ein dag umogeleg kunne vere bra for den håplause romantikeren eg er.

Eg tok faktisk feil.

Eg aner ikkje kva det er med meg for tida, men det kjennes som nokon har gitt meg ei sprøyte med optimisme. Sånn romantisk optimisme.
... altså, det må vere ein form for injeksjon, for på den reint praktiske sida er det ingen grunn til at eg skal kjenne det slik.

Eg elsker eigentleg å vere forelska. Både på godt og vondt. Elsker å alltid ha noko i tankane som får meg glad. At berre tanken på eit litt skeivt smil, eller måten luggen fell på, eller korleis han sparker i bakken når han er flau, kan få meg til å smile. Eg elsker den kjensla av at alt betyr noko, om enn berre for meg. Alle blikk, alle ord, det faktum at han har gissa kva favorittlaget mitt er enda eg ikkje har fortalt han det.

Eg elsker å drøyme meg vekk. Å la dagdraumane ta overhand, og la dei gå så langt at eg til slutt må riste kraftig på hovudet for å finne tilbake til røynda. For så å drøyme meg rett tilbake att, like etterpå.

Elsker å gå å spare på små settningar, kanskje berre eit ord, i fleire dager og smile ved tanken på korleis det vart sagt. Elsker å tenkje på at kanskje akkurat denne gongen, så tyda det noko anna. At kanskje det smilet skulle seie noko meir.

Eg syng heile tida når eg er forelska. Eg ser berre dei positive tinga. Eg gløymer rett som det er at vi to ikkje er dei einaste i verda. Og dette sjølv om eg kanskje eigentleg berre beundrer han på ein viss avstand.

Eg rett og slett elsker å vere forelska.

Og nett derfor uroar det meg at eg ikkje er meir uroa over at eg ikkje er forelska akkurat no. *

Eigentlig burde eg ha panikk. For eg har på ein måte gått tom for prospekt. Og eg er ikkje den flinkaste i verda til å finne nye. Det er trass alt skummelt, det kan jo hende eg faktisk finn eit. Eg er litt pyse sånn. For tenk om nokon skulle forstå at eg er forelska. Og, om vi ser på alt det overnenvte, så er eg ganske sikker på at eg har 'forgapt' skrive i panna med raud tusj når eg er på mitt verste. Tenk så fælt om nokon skulle forstå at eg er det. At eg faktisk har funne nokon som kanskje kan gjere meg lukkeleg.

Eller tenk om han skjøner det. Det er enda verre. Det blir påstått at "it's better to have loved and lost, than never to have loved at all". Eg er ikkje heilt med på den. For den augeblinken du fortel nokon kva du føler, kor sterkt du føler, då er du den mest sårbare personen i heile verda. Og det skal ikkje mange orda til for å knuse deg til pinneved, og redusere hjartet ditt til ein hard, iskald liten klump som sig ned i magen. Eg er stadig like forundra over at folk våger. Å gi andre ei slik makt over seg sjølv. Å gi nokon sjansen til å knuse deg med eit enkelt 'nei'.

Då er det faktisk nesten betre å leve i uvissa. Då kan ein i alle fall late som den personen kanskje kunne kjenne noko av det same.

Samstundes vil eg gjerne og. Finne nokon eg kan gi den sjansen. For uansett kor mange gonger eg feiler, uansett kor mange gonger eg har måtte innsjå at dette ikkje går vegen heller, uansett kor mange gonger eg har hatt bruk for Someone like you som terapi ... eg gir liksom ikkje opp, uansett.

Om det er ei form for styrke, eller berre sjølvpining, har eg enno ikkje funne svaret på.


* (Robert Downey Jr. tel ikkje då han er; kjendis, gift og langt utanfor mi rekkevidde (både geografisk og reint praktisk (altså, som i 'kjem-ikkje-til-å-ha-sjans-om-eg-prøver-ein-gong" (for han er ikkje så høg da, han er faktisk ganske liten (av vekst altså (usj, dette blir berre feil uansett))))))