mandag 30. august 2010

Ny blogg-vår

... eller, strengt tatt haust. Uansett. Det har vore stille her i sommer. Det har eg tenkt å ordne no.

Eg må erre finne ut kva eg skal ordne det med først...

lørdag 14. august 2010

Skade-oppdatering

I tillegg til støttebandasjert kne har eg no denne tå'a på høgre foten:


Korleis, spør du? Eg støtte den på ei av krykkene mine.

Unnskyld meg, skal berre innom nettbutikk og lage t-skjorte med "Queen of stupid" på

onsdag 11. august 2010

Sjeleven

Ein av dei fyrste tinga vi lærer når vi blir gamle nok til å skjøne dette med romantikk er 'sjelevener'. Den eine personen der ute som er der for deg, han eller ho som skal gi livet ditt meining. Som du har alt til felles med (i alle fall alt som er viktig).

Då eg var om lag 16 år oppdaga eg at sjelevener slett ikkje treng å ha noko med kjærleik å gjere i det heile teke. Du treng ikkje vere forelska i denne personen. Det treng ikkje å vere ein mann, treng ikkje å vere nokon du skal tilbringe resten av livet ditt med. Det kan vere kven som helst. Til og med ein oppdikta figur.

For i mitt tilfelle er det Ally McBeal.

Som kvinner flest har eg fått eit hovud som kan gjere ei fjør til eit heilt hønseri. Alt må igjennomtenkjast minst 34 gonger, helst frå alle tenkjelege (og utenkjelege) vinklar. Og dette er ikkje noko eg har byrja med dei siste åra. Nei nei, slik har det alltid vore.
Vi har jo alle lurt på om ikkje den guten likte oss fordi han kasta viskolær på deg. Eller gått og surra i dagesvis over ein kommentar vi var sikre på var tvetydig, vi visste berre ikkje kva tvetydinga var.

Eg trur dei fleste kvinner kjenner seg att her (og kanskje ein del menn og?). Men då eg var 16 år var eg ganske overbevist om at eg var åleine om sånne tankar. At eg var den einaste som skreiv utallige sider i dagboka mi om den gongen han smile til meg, eller forbanna meg sjølv i månadsvis fordi eg ikkje hadde utnytta det betre då vi var åleine dei fem minutta. Eg trudde, heilt ærleg, at eg var heilt åleine på akkurat det punktet.

Det var då Ally redda meg.

Ally McBeal har alltid vore, er framleis og vil alltid vere den absolutte favorittserien min. Ikkje berre fordi den var morosam, spanade, hjarteknusande og herleg eksentrisk. Men aller mest fordi Ally hadde (frå ein 16-åring sitt synspunkt) akkurat dei same problema som meg.

... neida, eg data ikkje tre menn på ein gong då eg var 16. Ei heller hadde eg for vane å angripe folk på gata. Eller sjå dansande babyar.

Men, eg har til dømes alltid hatt songer i hovudet, lik henne. Ein overaktiv fantasi, der dagdraumane utspeler seg som scener i hovudet (dog utan hallusinasjonar ... enno) Og, kvar gong eg hadde hjartesorg eller var generellt forvirra rundt temaet "menn", så kunne eg skru på TV'en og der var ho. Med "same" problem som meg. Berre ti gonger verre.

Kvar gong ho traff nokon som kunne vere den rette, så fekk eg att trua på kjærleiken (det bør nemnast at eg var 21 før eg traff den fyrste kjærasten min). Var eg lei meg, kom det alltid ein eller annan trist episode som gjorde at eg kunne grine i lag med henne. Det høyrast nok klin tulent ut, at ein TV-serie skal bety så mykje. Men Ally McBeal gjorde det for meg.

Dessutan har eg alltid vore litt ... pussig. Eg snakkar med meg sjølv, har rare små quirks. Tek meg ofte i å nynne eller synge offentleg (dog skjeldan høgt nok til å bli oppdaga). Eg kan høyre ein songtekst og heilt ærleg tru at denne songen er skrive for å fortelje meg noko, eller koble ein kvar song eg høyrer til kva enn eg føler nett no. Eg burde eigentleg hatt min eigen CGI-mann som sneik seg rundt og laga figurar for meg.
Kort sagt; eg er litt rar. Og med tida har eg lært meg å vere stolt av det.

Men det var ikkje så veldig stas då eg var 16. Så då var det godt å ha i alle fall ein person i verda eg kunne kjenne meg att i. Sjølv om ho kom frå sidene i eit manuskript.
Og tenk så glad eg var den dagen Larry tussla inn i livet til Ally. Det tok to replikkar å skjøne at han var drømmemannen hennar. Og dermed drømmemannen min.

... altså, ikkje det at eg går rundt og venter på at figuren Larry Paul skal ringe på døra mi. Pussig, ikkje gal. Det var mannen han representerte eg forelska meg i. Mannen eg visste eg måtte finne ein gong.

Han som såg alle dei rare små quirks'a mine, og elska dei. Som laga snømann på trappa mi som ei "vi sjåast snart"-helsing. Som alltid sa dei rette tinga. Sjølv om dei berre var rette for meg.

Eg var rasande då Robert Downey Jr. fekk sparken. Rasande! Og ikkje på Robert, overhodet ikkje. Eg var sinna på David E. Kelly. Den dagen han skreiv Larry Paul ut av serien for godt, døyde Ally McBeal in mine auge. For det var alt for tydeleg, då han dukka opp bak flyttekassene i den fyrste episoden i sesong fire, at dette var mannen. Han ho skulle gifte seg med. Slutten på endelause timar med 'searching my soul'. Larry Paul var fyrste steg mot slutten på favorittserien min. Og det var heilt greit.

Men då Robert, og Larry, forsvann, forsvann og den perfekte slutten. I mine auge eksisterer sesong fem knapt. For meg slutta serien den dagen Larry vart borte.

Dette byrjer å bli alvorlig lenge sidan. Og sidan då har Ally McBeal dukka opp på TV med ujamne mellomrom. Og ein ting har slått meg kvar gong; ho er framleis sjelevenen min.

Eg kunne skru på ein tilfeldig episode på ein tilfeldig kanal, og uansett hadde ho framleis dei same problema som meg. Eg kunne sette meg ned, nikke igjennkjennande og tenkjer for meg sjølv etterpå at eg ikkje var åleine. Eg delte rett nok skjebne med ein rollefigur i ein TV-serie. Men det var likevel betre enn ingenting.

I det siste har eg kjent meg håplaust singel. Ikkje at eg har jobba så hardt for å gjere noko med det heller, eg har liksom gått litt tom for idear. Men etter to dager med Ally McBeal-episodar (i dag byrja eg på Larry-sesongen) så er det liksom ... greit.

For, same kor innmari ho roter det til, så ordner det seg på eit vis til slutt. Og når det ordner seg for henne, så veit eg at det kjem til å ordne seg for meg.

Ho er jo sjelevenen min.

Ein gong må jo vere den fyrste

Eg er ikkje av typen som skader seg så veldig ofte. Altså, det var den gongen eg braut handa på barneskulen (omtrent tre cm frå handleddet, så litt flaks hadde eg trass alt). Og så var det blindtarmen då eg var om lag sju år. Men det var jo strengt tatt ikkje mi eiga skuld.

... ja, og så den gongen eg fekk det for meg at eg skulle bygge hytte av den gamle le-veggen pappa hadde rive ned. Eg var litt lita, den var litt tung, og heldigvis stod eg slik at da den ramla fekk eg berre eit 10 cm langt sår på baksida av leggen (rusten spiker, usjafysj). Og då var eg jo så lita at eg ikkje visste betre (arret har eg enno).

Eg har rett nok nokre bisarre småskader på rullebladet; eg skar meg på eit dørslag for nokre veker sidan, eg har klemra ledded på ventre peikefinger i ei klokkereim som ikkje var mi eiga og eg har ein stein innekapsla rett ved sidan av høgre øyre frå då eg tryna som 4-åring.
Men, no trur eg eg har teke den berømte kaka;

I ein alder av 27 år har eg fått senebetennelse for fyrste gong i mitt liv. Noko som seier meir om kor lite fysisk aktivitet eg har vore i, enn kor god fysisk form eg er i.

Uansett, eg har ikkje fått det av store, fysiske utfoldingar. Neida. Det ville vere for enkelt.

Mandag forrige veke stanga eg kneet i eit bord. Greit nok, sånt er vondt men går over. Tysdag gjekk eg på Fjellstua i Ålesund i lag med ei vennine. 418 trappetrinn, ein veg.
... altså, det hjalp nok ikkje på kneet. Men herregud; om eg skulle sitje i ro kvar gong eg slo kne/albue i ei eller anna, hadde eg ikkje kome meg ut av sofaen.

Etter overnevte 418 trappetrinn (x2) gjekk vi på Egon. Der eg greidde å slå same kne i eit nytt bord. Greit nok; vondt, men går over. Og eg merka ikkje så mykje, litt smerte men ikkje meir enn at eg ikkje tenkte videre over det.
Laurdag var eg ein smule verre. Søndag og, men det gjekk over søndag kveld (det eg gløymte i farta var at eg tok ibux grunna ei himla hovudpine).

Så då eg vakna mandag var eg heilt fin. I to timer. Då byrja det å verke. Mandag kveld sat eg på sofaen heile kvelden med to puter og kald klut. Tysdag morgon var kneet dobbelt så stort. Og tysdag kveld måtte eg til med ispose.

I dag var eg hjå legen, som sendte meg heim med betennelsesdempande piller og ordre om støttebandasje, krykker, joggesko (inne og ute), kvile men litt belastning (belast til "oh" men ikkje til "au"). Og beskjed om at dersom det ikkje var over innan slutten på neste veke så måtte eg kome att og få fysioterapeut til å sjå på det. Kanskje til og med røntgen.

... ok, så langt går det ikkje. Dette går over det. Altså, det var det eg tenkte forrige tysdag, men no har eg medisin og alt. Så dette går over det.

Men frå to ublide møte med to ulike bord, og til fysioterapeut og røntgenbilete?

Det må då vere ein slags form for rekord?

søndag 1. august 2010

Grinefilm

Inspirert av denne artikkelen; eit knippe grinefilmer.

Eg tykkjer grinefilmer er litt greit, av og til. Det er liksom godt å få gråte skikkelig, ein kjenner seg jo betre etterpå.

Det bør takast med i betraktninga at eg grin for den minste lille ting. Og eg må nesten fortelje kvifor dei får meg til å grine, så om du ikkje vil ha slutten på nokon av dei øydelagt så bør du kanskje styre unna.

Bridge to Terabithia
Uff ... denne overraska meg. At Leslie døyr kom heilt ut av ingenting, og det var vondt. Eg såg den heldigvis åleine fyrste gongen, for eg hiksta meg igjennom siste halvtimen. Heilt forferdelig.

Sense and Sensibility
Erm, altså. Ja. Slutten på denne, når Edward dukker opp att, og ikkje har gifta seg med Lucy likevel. Og Elinor berre knekk saman. Og når Marianne, Margareth og mora står ute, og Margareth klatrer opp i hytta si for å sjå kva som skjer. I den augeblinken ho seier "He's sitting next to her... He's kneeling down!". Då knekk eg saman. Aner ikkje kvifor. Men det hender kvar gong.
Eg har fresten aldri grine så mykje av ei bok som eg gjorde når eg las Sense&Sensibility. Bortsettfrå kanskje Deathly Hallows

Life is beautiful
Fine fine fine fæle fæle filmen! Denne er så fantastisk god i seg sjølv. Men HERREGUD som eg grin på slutten! Denne vil eg ikkje øydelegge for folk ein gong, men hvis du ser denne og ikkje bryt saman av måten den slutter på, så hadde eg bestillt legetime pronto. For då er det noko seriøst gale med deg!


Courage under fire
Dette er ikkje sånn stortute-film, akkurat. Men det er sånn "klump-i-halsen-heile-filmen"-film.

Sweet November
Eg hater denne filmen. HATER. Fine filmer skal ikkje slutten sånn. Eg stortuter på slutten, og kjefter og smell på dei som har laga den. DUMME filmen!

Anna and the King
Kjempegrinefilm! Folk som ikkje får kvarandre på slutten er genrellt noko tull, men det som gjer denne ekstra gale er at du veit at det ikkje er nokon måte det kan ordne seg på heller. To personar som verkeleg er så umåteleg forelska, men som ikkje kan få kvarandre fordi absolutt alt står i vegen. Hulk!

Atonement
Denne bør vere sjølvforklarande. Har du ikkje sett den; sjå den. Ta med Kleenex. MYKJE Kleenex.


Just like heaven
Denne filmen går inn for at du skal grine, og bruker alle hjelpemiddel. Og det skal som kjent ikkje så mykje til hjå meg. Snfs, hulk, snufs.

Hamlet
Det må vere Kenneth Branagh-versjonen, for meg. Eg elsker måten han speler Shakespeare på. At Hamlet får deg til å grine er vel akkurat slik William ville ha det. Kan jo ikkje skuffe mannen, heller.

Sliding Doors
Denne filmen er, i mangel på betre norsk ord, innmari sneaky. Den kunne blitt ein sånn Sweet November/City of Angels-film, men den lurer seg unna i siste augeblink.
... ikkje at det hindrer meg å grine så eg rister når Helen blir påkøyrt og døyr.

Og sist men ikkje minst, og dette er FLAUT men;

Free Willy

Ja. Denne får meg til å grine. Og eg veit AKKURAT kvifor; eg hater tanken på å måtte gi slepp på kjæledyret sitt, anten det er ein hund som må avlivast eller ein spekkhoggar som skal setjast fri. Eg hater det. Eg hugser framleis med gru kor knust hjartet mitt var då den fyrste katten vår døydde. Det er den verste kjensla i verda. Og den kjem att kvar gong ungar (eller vaksne) på film må ta farvel med eit dyr dei er glad i. Så ja. Spekkhogger over steinrøys og ut i havet = Linn stortuter.

Sånn er det berre.