mandag 27. september 2010

Ingen skulle tru

I det siste har eg sett veldig mykje overnaturlege ting.

... på TV, altså. Eg har bytta mellom BBC-serien Dr. Who og NBC-serien Heroes.
Førstnevnte handler om The Doctor, den siste gjenlevande Time Lord som reiser rundt i universet i romskipet sitt (The Tardis), som komisk nok ser ut som ei britisk politi-telefonboks frå 1963. Skipet kan reise både i tid og rom, og saman med sin menneskelege kompanjong reiser han rundt i universet for å oppleve historia. Ein treff med andre ord alt frå romvesen til William Shakespeare, og det som verre er.

Heroes handler om ei gruppe personer på kryss og tvers av verda som er ein del av ein ny evolusjon av menneska. Dei har krefter som tankelesing, evna til å flyge eller gjere seg usynleg, telekinese, regenerering o.s.b.

Dessutan er eg midt i House of Night-serien, ein vampyr-serie der framtidige vampyrar ikkje blir bitt, men merka, og må gå på ein vampyrskule fram til dei gjennomgår Forandringa og blir ekte vampyrar. Dei ser akkurat ut som deg og meg, minus ei halvmåneforma tatovering i panna, og brenn ikkje opp i sollyset slik "vanlige" vampyrar gjer.

Eg er mildt sagt midt i ganske fantastiske verder. Og misforstå meg rett; eg veit at dette er fri fantasi. Men det er ikkje få gonger siste veka eg har undra meg litt.

Kva om det ikkje var fantasi?

Vi veks opp i eit land der kristendomen står sterkt. Vi som er døypt, og har vokse opp med gudstenester (nokon fleire enn andre), leirar, konfirmasjon og liknande får stadig høyre historiene i bibelen. Eit av hovudpunkta i religionen vår er jomfrufødsel.

Kven hadde trudd dette i dag? Om forloveden din kom heim og fortalde deg at ho var gravid, og at det var Gud sin son ho bar; hadde du trudd på ho?

No levde dei rett nok i ei anna, kanskje mindre promiskuøs tid. Men prinsippet er det same;
Ein slik påstand er hard å svelje. Det er berre ikkje logisk, det er ikkje rasjonellt.

Så medan eg ser Dr. Who, og Heroes, så kan eg ikkje anna enn tenkje; korleis veit vi at dette ikkje hender? Om vi tillet oss sjølv å legge logikken på hylla ein augeblink, korleis veit vi at det ikkje finns mennesker som kan flyge? Lese tankar? At det ikkje går lys levande romvesen rundt oss i forkledning, eller det svever skip ute i verdensrommet frå andre galaxar.

For la oss innsjå det; vi hadde aldri trudd på det. Somme av oss er så klart overbevist, men dei fleste av oss er for rasjonelle til å tru på slik. Lik julenissen og tannfeen, det kjem eit punkt der eventyr slutter å vere sanning.

For om du kom heim, og sa at du hadde sett eit romskip lande på veg heim frå jobb. Eller om du hevda at du hadde hoppa frå toppen av ein skyskrapar og overlevd fordi du kunne flyge. Eller om du var overbevist om at læraren din er eit romvesen.

Kven hadde trudd deg?

torsdag 16. september 2010

Filmtips: Charlie Bartlett

Popularity is a state of mind.



Charlie Bartlett har gjort det til ein kunst å bli utvist. Ivrig på å passe inn å bli likt ender han ofte opp med å gjere seg populær med ulovlige hjelpemiddel. Samstundes slit han med problem på heimebane; ein fråverande far, og ei kraftig medisinert mor som overhodet ikkje ser kva som eigentleg plager sonen.
Etter å ha blitt utvist frå enda ein privatskule, havner han på offentlig ungdomsskule. Her byrjer han som psykolog for sine med-elevar, inkludert utskriving av medikament som han skaffer igjennom sin eigen psykolog. Og som om han ikkje hadde nok problem med rektor frå før, så forelsker han seg i dottera hans.

Charlie Bartlett er herleg kaotisk og morosam, samstundes som den er eigentleg er forferdeleg trist. Livet er ikkje enkelt, anten du er tenåring eller godt vaksen. Anton Yelchin gjer ein kjempejobb som Charlie (spesiellt i scena der han er på audition til eit skodespel), og somme gonger må du berre le høgt. Andre gonger igjen sit du med klump i halsen.

Dette er ein herleg liten film, merkeleg og morosam på same tid. Anbefalast!