tirsdag 18. mars 2014

verdensfinestestillingledig.no

Som andreårs barnehagelærar-student midt i praksisperiode, var eg i dag med på å dele ut aviser og informasjon om yrket. Barna fekk fortelje kva slags vaksne dei ønska seg i barnehagen, og eg (og medstudentane mine) skulle seie nokre velvalgte ord om kvifor vi har valgt studiet.

Etter om lag fire år i skule og barnehage, hadde eg ei viss formeining om kva eg ville seie. Men med lettere mikrofonskrekk, og haudet fullt av ting eg skulle hugse, fekk ej berre mumla fram nokre ord om den gleden som ligg i å arbeide med barn, om små auge som lyser opp når dei har lært/meistra noko nytt og om kor godt det kjennast å vere den som har hjelpt dei mot målet.

Eg er rett nok nøgd med dei orda. Men eg skulle sagt så inderleg mykje meir.

Eg skulle snakka om å bli møtt kvar morgon av smil, klemmer og minst fem stemmer som snakker i munnen på kvarandre for gjett kva eg såg i dag/gjorde i går/fekk i bursdagsgåve!

Eg skulle snakka om kor fort ein time går når ein sit der med blyantar, papir, saks og lim, og tre-fire små oppfinnarar som har veldig klare meininger om korleis bulldozarar, høner og mobiltelefonar skal sjå ut.

Eg skulle snakka om alle dei samtalane vi har rundt matbordet, der det kjem finurlige refleksjonar som nesten får deg til å ramle av stolen.

Eg skulle snakka om alle gullkorna, dei som er så vaksne og gjennomtenkte, eller rettt og slett berre gode, at ein hugser dei i årevis etterpå.

Eg skulle snakka om stille stunder med ein nyvakna liten tass eller ei tutte på fanget, der samtalen går i mumling og gjesping til han eller ho er klar til å leike igjen.

Eg skulle snakka om å våkne litt trøtt og utanfor ein dag, for så å bli møtt på jobb av eit hav opne armar og eit kor av "Liiiiiiiiiinn", og plutselig er alt som var tungt borte.

Eg skulle snakka om han eller ho som nett har lært å gå, og som går fram og tilbake på golvet heile dagen med verdas største smil ford "ej kan!".

Eg skulle snakka om kor godt det kjennast å vere den som kan trøste når nokon har ramla eller krangla, eller kanskje berre har ein litt lei dag. Kor godt det er å vere det "rette" fanget, eller den som kan finne på noko gøy som gjer at det leie kan gløymast.

Eg skulle snakka om små føter som spring mamma, pappa eller kanskje bestemor i møte med "veit du ka oss he gjort i barnheagen i dag??".

Eg skulle snakka om kor lite snø som skal til før ein kan ha akekonkurranse.

Eg skulle snakka om stille stunder rundt bålet, med kakao og brødskiver som aldri har smakt betre.  

Eg skulle snakka om dei som kjem troppande opp den første dagen din og lurer på "ka du heite? ska du ver her med oss?", for så å ta deg i handa å gi deg omvisning på heile barnehagen. Og dei som er litt meir forsiktige, men som sakte kryp nærare, heilt til dei føler seg trygg nok til å klatre opp på fanget ditt med ei bok.

Eg skulle snakka om permen eg har full av teikninger, fingerhekla armband, brev og nabbi-figurar fordi "dinne he ej he laga te dej".

Eg skulle snakka om kor høgt sandslott ein klarer å bygge om alle hjelper til. 

Eg skulle snakka om roa som senker seg etter kaoset av våte sokker har blitt skifta, støvlar som har funne att partneren sin, utedressane har blitt rista tom for sand og barna sitt ved kvart sitt bord med lego, spel eller teiknesaker.

Eg skulle snakka om dei gode samtalane i slike stunder. 

Eg skulle snakka om å vere arkeolog på jakt etter dinosaurbein i sandkassa. Eller om kor lang tid ein snegle bruker på å krysse ein skogssti. Eller kor mange krabber ein kan finne i fjøra på ein halv time.

Eg skulle snakka kor mykje du lærer, både av barna og om barn. 

Eg skulle snakka om bakedager der det til tider havner meir deig i magen enn på brettet. Ein ekte kokk kvalitetssikrar jo det han lager.

Eg skulle snakka om så uendeleg mykje meir. Om at eg smiler kvar dag, heile tida. At det alltid er nye ufordringar, ofte av den uventa sorten. Om at du aldri har to like dagar. Om kor mykje du lærar om deg sjølv i samspel med barna, om dine eigne verdiar og kva som er viktig for deg.

Men det aller viktigste eg skulle seie var; prøv det. Du finn heilt sikkert ein barnehage i nærleiken som treng vikar, og som gledelig tek imot deg. Opplev alt dette sjølv, og sjå om eg ikkje har rett.

verdensfinestestillingledig.no heiter nettsida. Og den har i alle fall heilt rett. For sjølv om det er ein jobb med mykje ansvar, så får du så uendeleg mykje att for det.