lørdag 28. november 2015

Avlysning: Fredagsboka

Fredagsboka er avlyst denne veka grunna pensumprøve i 'Organisasjon og ledelse' neste veke. Eg kunne så klart anmeldt pensumboka i det faget, men så vondt vil eg ingen ...

tirsdag 24. november 2015

Kistefornøyelse

I år har eg ønska meg ein ting til jul. Berre ein einaste ting.

Platespeler.

... og fornya sesongkort på CLS, men det har eg allereie fått så det tell ikkje ...

Eg har sagt klart ifrå til alle baugar og kantar i familien at det er platespeler, platespeler og platespeler som står på lista.

Og eg har oppført meg eksemplarisk i år, så eg kjenner meg ganske trygg på at eg får viljen min.

Så eg har tjuvstarta samlinga mi.

Den fyrste plata kjøpte eg fyrste oktober, etter GISKE sin konsert. Den andre kjøpte eg ei veke seinere.

Etter det var det eigentleg gjort. To plater, og eg var allereie hekta.

No har eg alltid vore fasinert av LPar, heilt sidan eg var lita og det stod ein stabel i lag med platespeleren til pappa. Eg kan ikkje hugse å ha spelt dei akkurat (eg trur ikkje eg fekk lov). Men eg hugser at eg og ein kompis brukte å snike oss til å ta dei ut av lommene for å sjå på desse rare greiene som visstnok spelte musikk.

(då eg var lita var det kassett som var tingen)

Etter kvart som eg vart eldre, og musikkinteressa mi vaks, vart platene berre meir og meir fasinerande. Men eg hadde på ein måte forsona meg med at det nok ikkje var mogeleg å få tak i platespeler sånn heilt utan videre.

(og pappa sin har vi frå før konstantert at nokon har øydelagt)

Så dei stod framleis på rad og rekke, utan å eigentleg bli nytta til anna enn hyllefyll. Til slutt rydda pappa dei vekk for å få plass til noko anna. Men han fekk streng beskjed om å lagre dei, spare på dei, til den dagen eg vann i Lotto og kunne reparere platespelaren hans.

Sidan då (men ikkje før no i det siste) har eg oppdaga at ikkje berre er platespeler relativt lett å få tak i, men det er ikkje ein tredjedel så dyrt som eg hadde trudd.

Så forrige veke leita eg fram lommelykt, og klatra opp på mørkeloftet (der eg ikkje har vore sidan eg var 13-14 og oppdaga at det var kvepsebol der oppe). Eg visste at ein plass mellom julepynt, gamle leiker, leikekomfyrar og uendelege mengder dyner og soveposar så stod det ei kasse med singel-plater.

... EPar? Sjutommer? Eg er ikkje heilt inne i språkbruken enno.

Uansett, eg gravde meg gjennom kassevis av gamle skulebøker og trakka på minst fem daude humler. Men til slutt dukka den opp. Ei kasse med ei heil grødemasse små plater. Eg fekk platene, katten fekk kassa, og mamma og pappa fekk mimra litt.

Nokre dagar seinere dukka platene til pappa opp, nedestøva i ei skuffe og lagra i stablar (pappa da *oppgitt sukk*)

Kort fortalt vart helga nytta til å snu og vende (FORSIKTIG) på gamle LPar for å sjekke om dei hadde flekkar eller riper. Utan at eg heilt visste kva eg såg etter, men eg konstanterte etter kvart at dei alle fall måtte vaskast før dei blei lagt på ein splitter ny (enno ikkje innkjøpt) platespeler.

Men så var det korleis ein gjer slikt da, utan å gjere vondt verre. Eg har over gjennomsnittet skrekk for å øydeleggje ting, og tanken på å kanskje ha sitte der med ein skitten men heilt fint spelbar kopi av Abbey Road, for så å øydeleggje den som resultat av uvitenhet, var nesten til å bli kvalm av.

For ein gongs skuld svikta google meg i søken etter bruksanvisning. Då er det steikje kjekt å ha platebutikk i nærleiken. Med kjempekjekke folk bak disken som overhodet ikkje fekk meg til å kjenne meg som den vinyl-amatøren eg eigentleg er. Eg fekk spurt alle dumme spørsmåla eg hadde, utan å kjenne meg dum i det heile tatt.

Og fekk konstantert at det nok er best å få jobb og sånn i orden før eg byrjer å handle plater for alvor. For her blir det vanskeleg å begrense seg. Sjølv om eg klarte å stoppe med ei denne gongen (eg kunne ikkje gå frå Sting, han såg så intenst på meg).

Så no må eg berre finne ein kveld der eg ikkje drukner i organisasjonsteori eller arbeidskrav om baksidene ved velferdsstaten, så skal eg sette meg ned og freiste å berge skatten min så godt som mogeleg.

Og så må eg muligens klare å overtyde Julenissen (aka pappa) om at det kanskje er like greit om eg berre får julegåva mi no, liksom. Sidan eg veit kva eg får likavel ...

Kjenner eg gleder meg noko INNMARI til den kvelden speleren er i hus, platene er reine, og eg kan ha musikalsk kistefornøyelse med ting eg har høyrt om, ting eg nesten har høyrt om og ting eg aldri i mitt liv har høyrt om.

Kryss gjerne fingrane for at Beatles-platene virker. For om ikkje noko anna er inntakt, så håper eg VERKELEG dei er det.

Klynk
Trippelklynk
Trippelklynk 
 
Trur ikkje eg kan love at denne blir så veldig mykje spelt ...





lørdag 21. november 2015

Fredagsboka: Og dermed var det ingen - Agatha Christie

Ein dag forsinka grunna snø.

... altså, snø har lite å seie for blogging. Men eg var for opptatt med å sitje å sjå på snøvêret i går til å kome så langt at eg fekk blogga.

*
 
"Ti små negerbarn" er tittelen på et gammelt barnerim som forteller om hvordan ti barn blir tatt av dage. Nøyaktig etter samme oppskrift mister hovedpersonene i denne boken livet. Ti mennesker - samlet på en øde øy - blir drept en etter en. Ingen vet hvem som er morderen, eller hvor han skjuler seg.


Eg veit eigentleg ikkje om denne boka treng nokon introduksjon, eller forklaring på kvifor den bør lesast. Det er Agatha Christie, det bør vere grunn nummer ein, to, tre og fire. Og om du (som eg) er glad i Poirot, og då særs Captain Hastings, så finns den som lydbok lest av Hugh Fraser. Absolutt å anbefale. 

Men akkurat difor blir ikkje dette ei bokanbefaling lik dei eg har skrive før. For denne boka blir er eit flashback for meg. Dette er den fyrste Agatha Christie-boka eg leste, og det var då eg forelska meg i bøkene hennar. 

Eg var om lag 13-14 år, og hadde for alvor oppdaga kor gøy det var med bøker. Men bøkene i ungdomsavdeling av biblioteket handla om ting som fengja meg fint lite. Dessutan stod det så veldig mange spanande, gamle bøker rundt om i dei andre delane av biblioteket. Det var mykje meir spanande å snoke i desse, på jakt etter noko som såg fristande ut (allereie då hadde eg forkasta "ikkje døm ei bok etter coveret"-prinsippet). 

Under ei av desse oppdagelsesferdene, dukka denne boka opp. I noget eldre, godt lest utgåve, med cover som gjekk i gult og kvitt, og under orginaltittelen "Ti små negerunger", etter diktet personane i boka blir teke av dage etter. 

Eg veit ikkje kvifor, men noko i meg sa "denne!". Så eg lånte, tok med heim og leste. 

Hadde det vore i dag, hadde denne vore utlest på nokre timar. Men fjorten år gamle meg var litt meir lettskremt, så eg måtte legge den frå meg når det vart for skummelt. Men eg hugser at eg elska den. 

Og slik starta fasinasjonen min for krim. Det starta med Christie, og sidan har det balla på seg. Sjølv om eg har jamna ut utvalet litt dei siste åra, så har eg nok heilt klart lest mest krimbøker i mitt liv. Og eg blir aldri lei. Ei heller av TV-seriar, og då aller helst britiske (så klart). 

Sidan fyrste gongen eg leste denne boka har eg lest den om lag 50 gonger til. Det speler inga rolle at eg veit korleis det ender, eg får framleis frysningar nedover ryggen kvar gong det hender noko skummelt. Eller kvar gong eg les diktet i boka. Eg får framleis frysningar når eg les det siste kapittelet. Eg får frysningar berre eg tenkjer på det.

Det einaste eg ikkje forstår med denne boka er at ingen har tenkt tanken å lage film av den. Og om nokon kunne tenkje seg å gjere det, så har eg ein ide eller to om rollebesettninga ...

fredag 13. november 2015

Fredagsboka: 13 gode grunner - Jay Asher

På vei hjem fra skolen finner Clay Jensen en pappeske med kassetter utenfor trappa si. Kassettene er fra Hannah Baker, en jente i klassen hans som døde 14 dager før. Han vil ikke ha noe med disse kassettene å gjøre. Hannah er død. Og hemmeligheten hennes bør bli begravd med henne. Men så hører han Hannahs stemme si at han er en av de 13 grunnene til at hun er død.

Gjennom hele natten lytter Clay til Hannahs stemme. Han blir guidet rundt i den lille hjembyen, og oppdager på veien noe som forandrer livet hans for alltid. (X)

*

Første tingen først; eg las denne på engelsk. På engelsk heiter den '13 reasons why'. Den norske versjonen av tittelen irriterer meg, men eg kan ikkje gå innpå kvifor utan å ødelegge heile boka for dei som ikkje har lest den.

Som med dei fleste bøkene eg kjøper, aner eg ikkje kvifor eg kjøpte denne. Innfallsprinsippet er hovudregelen. Og så har eg lært meg å opne boka, og lese eit par linjer, sånn for å sjekke at eg liker språket.

Men det var eit sidespor.

Denne boka vart kjøpt etter innfall. Då eg kom heim den ettermiddagen kraup eg opp i sofaen med den, berre for å lese første kapittel slik at eg fekk litt inntrykk av kva eg hadde kjøpt.

Seks og ein halv time seinere la eg den fra meg, utlest.

Det var verkeleg umogeleg å legge den frå seg.

Og eg gret. Og gret. Og gret. Og dette er merkeleg nok eit av mine hovukriterier for om eg har likt ei bok. Jo meir eg gret, jo meir gripen har eg blitt av boka. Og denne gret eg av heilt frå fyrste kapittel.

Eg kan ikkje seie så mykje om kvifor, utan å øydelegge kva boka handler om. Skildringa over gir eit godt bilete på kva du begir deg ut på. Resten av reisa må du ta åleine.

... kan vere lurt å ha Kleenex liggande, hvis du (som meg) er av den sentimentale sorten ...

tirsdag 10. november 2015

Kunsten å ha akkurat passe dårlig samvittighet

Eg innrømmer det; dei siste vekene har eg syns vel mykje synd på meg sjølv.

Joda, eg veit. Det er alltid nokon som har det verre. Men det er berre det at ut frå den logikken så er det berre ein einaste person i verda som har lov å ha det fælt i gongen.

Og ikkje får eg det noko betre av at andre har det verre, heller. Då får eg det heller enda verre fordi eg oppå kva enn det no er eg plagast med, attpåtil må plagast med dårlig samvittighet fordi eg veit at eg eigentleg ikkje har lov til å klage.

Det er ikkje det at eg har hatt det så horribelt grusomt i det siste heller. Men når ein har kombinasjonen 'irritabel tarm' og 'evna til å uroe seg over det aller meste', så er det ikkje til å kome ifrå at det er perioder der eg tilbringer meir tid på do enn nokon annan plass.

Slik har det vore i det siste. Eg har stressa med skulearbeid, eg har stressa med økonomien min, eg har stressa med jobbjakt .... eg prøver febrilsk å ikkje stresse, men av og til går det berre ikkje. Og oppå toppen av det heile så blir eg stressa av at eg blir stressa.

"Du må lære deg å roe deg ned." ... ja, du har heilt rett. Kvifor i allverda har eg ikkje tenkt på det før?

Og det å roe seg ned er ikkje berre berre det heller. Den medalja har og ei bakside, og denne heiter "dårlig samvittighet".

Kvar gong eg prioriterer noko som helst framføre skulearbeidet mitt, så sit eg der med middels til dårlig samvittighet fordi eg veit at det er viktigare ting eg burde gjere. Kvar gong eg takker nei til sosiale arrangement for å prioritere skulearbeid, så har eg dårlig samvittighet fordi eg veit at eg har godt av litt fritid og.

"Jammen du har valgt å vere student." ... det er det ikkje andre som seier, altså. Det er stemma i hovudet mitt. Snusfornuften min. Den er så skråsikker på akkurat dette at om eg finn på å klage mi naud til nokon, så tek eg meg sjølv i å ta brodden av den verste uroa med "men ej he no velgt det sjøl". 

For ikkje så lenge sidan lot eg vere å søke på ein jobb fordi eg eigentlig ikkje hadde lyst på den. Stillinga var heilt grei, men det var staden og pendleravstanden, og tanken på å eventuelt flytte nærare om eg fekk jobben, som stoppa meg.

Samtidig sit eg her med dårlig samvittighet. Fordi eg er arbeidsledig. Fordi eg burde søkje på absolutt alt som dukker opp av jobbar. Enda eg veit, så alt alt for godt, kva som hender (i alle fall med meg) om eg blir for lenge i ein jobb eller arbeidsstad der eg ikkje trivast.

Eg har dårlig samvittighet kvar gong eg kjøper noko eg strengt tatt ikkje treng. Og til opplysning; mat står på denne lista. For eg har jo regningar som skal betalast, og alt utanom å betale desse blir sett på som luksus.

Så når det blir for mykje av alt dette, så seier magen min at no får nok vere nok. Og så må eg leve på tørre knekkebrød og vatn i nokre dagar, for å sleppe å springe konstant på do. Eller ha Imodium i bakhand kvar gong eg skal ut av huset.

Etter ei og ei halv veke med ein mage som overhodet ikkje vil samarbeide, så syns eg veldig synd på meg sjølv. Og bur åleine, så eg har ingen å klage til heller.

Og dessutan; hadde eg hatt nokon å klage til, så hadde den innleiande problemstillinga gjort seg gjeldande igjen; det er alltid nokon som har det verre.

Så då sit eg her. Og syns synd på meg sjølv i det stille. Og et snop (som magen heller ikkje er spesiellt glad i, men nokre gleder må ein få ha).

... lurer på kor gale eg må ha det før eg får lov, av meg sjølv, til å syns synd på meg sjølv utan dårlig samvittighet ...


fredag 6. november 2015

Fredagsboka: Life's that way

“… give a ferocious hug to the ones you love most. You never know when you might want that hug with all your soul, and not be able to give it or get it.” 

Jim Beaver er ein amerikansk skodespelar, mellom anna kjent frå Deadwood og Supernatural. I 2003 opplevde han både at dottera på to år fekk diagnosen autisme, og at kona Cecily fekk lungekreft. 

Tida som fulgte var tung og hektisk. For å halde familie og vener oppdatert på kva som hend i liva deira, byrja Jim å sende ut e-postar kvar kveld med oppdateringar. 

Denne boka er ei samlig av alle desse e-postane. 

*

Av og til ramler du over ting tilfeldig. Eller av rare og eigentleg ikkje så veldig gode grunner. Denne boka var litt av begge deler; eg er kjempefan av Supernatural (og veldig glad i både Jim og rollefiguren hans Bobby), og eg har vokse opp med ei søster med autisme-diagnose. Då det spratt opp ei twitter-melding frå Jim om at alle som bestillte boka hans fekk den signert, så kunne eg ikkje la vere. 

Eit par veker seinere hadde eg boka i handa, og byrja å lese mest av rein nyskjerrighet. Det skulle vise seg å bli ei heilt anna oppleving enn eg hadde venta. 

Boka er varm og trist og morosam, og den gir eit innblikk korleis det er for ein familie å oppleve noko som dette. Jim er ein reflektert og velformulert fyr, og i denne boka er han dønn, nesten smertefullt ærlig. 

Eg gråt og eg lo om kvarandre, og eg har lova meg sjølv at om eg nokon gong treff Jim så skal han få ein god klem. 

Eg aner ikkje om denne boka er å oppdrive på norsk, og eg har ikkje leita heller. Eg har alltid hatt ei greie med at bøker som er skrive på engelsk skal lesast på engelsk. Og om vanlige bøker misser noko (etter mi meining) når dei blir oversatt, så misser denne enda meir. Då blir det liksom ikkje orda hass lenger. 

Kvifor anbefale denne boka? Fordi den gir eit innblikk i sorg. Fortvilelse. Forvirring. Kjensler. Kva som kan gå føre seg i hovudet på nokon som går gjennom ein tung livssituasjon. Det går aldri ann å "vite korleis nokon har det". Men det går ann å lese denne boka, og få ein versjon. Den har i alle fall endra måten eg tenkjer på. 

Boka kan bestillast her.

tirsdag 3. november 2015

Kvardagsøyeblikk

I dag blei eg stoppa på gata i Ålesund av ein mann og ei dame. Dei fortalde at dei gjekk rundt i byen for å spørje folk om det var noko i livet deira dei kunne be for. Sidan eg verken veit kva eller kven eg trur på lenger, eller om eg trur på noko i det heile teke, så takka eg høffeleg nei.

Mannen spurde om det ikkje var nokon i familien min som trong det, kanskje nokon som var sjuke eller hadde det vanskeleg. Og eg svara han heilt ærleg at det var det ikkje, heldigvis.

Dama spurte om dei kunne be for meg, og for Jesus i hjartet mitt. Akkurat dette vart eg litt satt ut av, fordi eg nok med ærlighet kan seie at han ikkje har så alt for stor plass der. Og dette merka ho som spurte.

Men i staden for å sjå dette som ein sjanse til å pushe på litt, trekte ho spørsmålet med ein gong å sa at "om du ikkje vil prate med meg om dette så er det heilt greit altså."

Dei spurde igjen om eg var heilt sikker på at det ikkje var nokon dei kunne be for, og eg svara at det var det ikkje og at dei nok burde finne nokon andre som trong det meir.

Så sa dei takk, og eg sa takk, vi smilte til kvarandre og gjekk kvar vår veg.

I etterkant angrer eg. Ikkje på at eg ikkje ba dei be for nokon, altså. Men for at eg ikkje snudde meg og sa det eg tenkte der vi gjekk vidare i kvar vår rettning;

For ein fantastisk ting å gjere! Uansett motivasjon. Å gå rundt slik og tilby seg å be for folk dei overhodet ikkje kjenner. Ei bøn for meg personleg betyr kanskje ikkje så mykje. Men eg veit kor mykje det må bety for dei.

Det skulle eg fortalt dei, uansett korleis eg sjølv ser på religion. At eg syns dette var ein fantastisk flott ting å gjere, og at dei fortente ros for å gjere det.

Og inni meg er eg takksam for måten dei gjorde det på. Dei var verken insisterande eller pågåande, og når eg vart usikker trakk dei seg umiddelbart.

For meg har tru blitt eit forferdeleg komplekst og personleg tema, og slett ikkje noko eg sett meg ned å diskuterer med kven som helst. Både fordi eg er redd for kva andre skal meine, og fordi eg er redd for at dei som trur på "rett" måte skal bli fornærma av min heilt eigen versjon av ting.

Og det slo meg i dag at slik desse to møtte meg er akkurat slik eg vil møte, og bli møtt. Med respekt. Dei forstod nok at eg ikkje var djupt personleg kristen. Men i staden for å nytte høvet til å frelse meg så lot dei samtalen gå, og bli avslutta, på mine premiss.

Resultatet er at eg sit att med ei litt varm kjensle for to personar eg aldri hadde møtt før, og aldri kjem til å møte igjen.

Det kostar så forferdeleg lite møte andre menneske på denne måten. Men det løner seg så forferdeleg mykje.