søndag 31. januar 2016

Hekta

Ikkje det at eg i det heile tatt tvilte på korleis dette kom til å ende, men sånn i tilfelle nokon skulle sitje der ute å lure veldig; eg er totalt hekta på vinyl.

Sidan platespeleren kom i hus ein månads tid før jul i fjor har det berre gått ein veg. No hadde eg rett nok ei ganske stor platesamling allereie før speleren kom i hus, og den fyrste veka tenkte eg at "ditte bli dyr hobby, ej he allereie brukt meir på tilbehør enn ej he på plate".

Det varte ikkje lenge ...

Og det er ikkje berre det at eg har sakna å gå på faktisk butikk og bla i faktiske cover og kjøpe med seg faktiske kopiar heim. Sjølv om det definitivt er noko av det kjekkaste eg har tatt opp att på lenge.

Men det er like mykje sjølve ... heile ... ALT!

Å sitje der på golvet attmed platespeleren medan eg (forsiktig!) tek plata ut av coveret.

... eg elsker formatet på platecover! Ikkje spør meg kvifor, eg har verken ei rasjonell eller estetisk forklaring. Eg berre elsker det.

Og når plata er vel ute av coveret, må eg snu og vende og sjekke at det ikkje på mystisk vis har dukka opp riper sidan sist eg spelte den.

Det å ha ein faktisk ting som skal brukast på ein faktisk spelar igjen. Og heile denne omstendelege prosessen, fordi vinyl er mykje meir sårbart enn CD-plater (innbiller eg meg i alle fall), og fordi platene er større og vanskelegare å handtere (eg har akkurat litt for små hender, trur eg). Så det er om å gjere å få plassert plata så forsiktig som mogeleg på speleren.

Og så gå over med platebørste sånn i tilfelle det er støv på den.

Og så må den lille plastduppeditten av pickup'en. Stiften må studerast, sånn i tilfelle det heng att noko rusk frå sist gong. Av og til innbiller eg meg at det gjer det, og så må eg fram med den bittelille børsta og flaska med rensevæske. Og igjen; forsiktig, forsiktig, forsiktig, i rett rettning og med den stødigaste handa eg klarer å få til, børste over stiften slik at den skal vere rein og fin og plukke opp lyden best mogeleg.

... eg er livredd for å øydelegg stiften. For det første er det dyrt å kjøpe ny, og for det andre så tør eg ikkje tenkje på korleis eg skal klare å bytte den sjølv ...

Så er det på med speleren, og opp med spaken som løfter arma. Og så har eg sånn herleg, enkel speler at eg sjølv må flytte arma til eg trur at stiften treff innanfor kanten på plata, men utanfor det sporet der musikken starter.

(mogeleg dei fleste platespelarar er manuelle akkurat på dette, eg hugser berre at på pappa sin gjekk dette av seg sjølv)

Ned med spaken, og så det bittlelille 'pop'-et når stiften treff sporet. På med lokket. Platecoveret på display oppå speleren. Kun fordi det ser veldig kult ut, og gjer seg som instagram-bilete.

Og enda ein favoritt-ting; når plata først speler, så speler den. Då har du bitta deg til alle songane på den sida. Du kan ikkje spele fem sekund av ein song, bestemme deg for at du ikkje liker den, og så hoppe til neste. Du kan ikkje sette favorittsongen din på repeat. Du kan ikkje hoppe over den du eigentleg ikkje liker.

Du må høyre på alt. Heldigvis. For om du ikkje liker ein song på fyrste forsøket, så vil ikkje det seie at du ikkje liker den. Nokre songar er ... for å nytte eit engelsk uttrykk som er så godt at det aldri kan oversetjast til norsk å gi like god meining; acquired taste.

I Spotify er det alt for lett å vere kresen. Med platespeler har du ikkje det valget.

Og så må du faktisk opp av stolen, eller sofaen, eller sakkosekken, eller kva du no sit i, sånn om lag midtvegs i plata. For då må du "snu kassetten". Og gjenta mykje av det same ritualet ein gong til.

Løfte stiften med spaken, dytte den (forsiktig!) til side, stoppe plata. Børste både stift og plate før du snur den.

(det er mogeleg eg er vel paranoid, men eg er selektiv perfeksjonist, og dette er eit av tilfella der dette gjer seg gjeldande)

Line opp stiften igjen, høyre den uforklarleg tilfredsstillande lyden av stiften som treff spora. Og så nyte side to.

Og når du er ferdig med å lytte så er det på'n igjen. Løfte og børste og sjekke for riper og sånn. Løfte plata av spelaren, legge den varsamt tilbake i innerlomma, utan å kome borti eller skli den for brutalt nedi.

Putte coveret tilbake på plassen sin i hylla, og konstanterer at om tre-fire-fem platebutikkbesøk til så har du fatisk plassproblem.

Børste av stiften, og så studere den før du set på plastikkdingsen igjen sånn i tilfelle det ser ut som noko er alvorleg gale. Noko det aldri gjer fordi a) eg aner ikkje kva eg skal sjå etter, og b) stiften er bittebitteliten og så gode auge har eg aldri hatt.

Kort fortalt; eg ELSKER det. Elsker å dulle med plater og speler og stift, å børste og blåse og spraye med rensespray. Dildre med opplining av stiften. Suselyden på slutten av plata, og den lille 'poof'en som avbryt den av og til for å fortelje deg at no må du lette på rompa og bytte side.

Og eg elsker at det ikkje speler noko rolle om eg sett på ei splitter ny plate eg nett har teke plasten av, eller ei gammal, litt velbrukt ei som mamma eller pappa kjøpte før eg i det heile tatt var på teiknebrettet. Beatles og Kinks (gode gamle) knitrer rett nok ein del meir enn Maria Mena og The Smiths (kjøpt splitter nye), men akkurat det er egentleg greit. Det blir liksom litt ekstra nostalgi av det.

Og eg elsker at plater framleis eksisterer. At vinyl framleis er noko du får kjøpt. Og ikkje berre nye utgivingar av gamle plater, men massevis av nye artistar og. Dei fleste, verker det som. Eg elsker at denne teknologien, som er "eldgammal", framleis lev i beste velgåande. Og at den har forandra seg så lite at det ikkje speler noko rolle om platespeleren min var kjøpt i 2015, og "Saturday Night Fever"-soundtracket til pappa var kjøpt i 1977-78. Når eg legg plata ned på speleren så høyrast BeeGees akkurat sameleis ut som fyrste gongen pappa gjorde det same.

... nesten i alle fall.

Eg elsker at noko så ... omstendeleg, faktisk er så populært. Og eg skjøner veldig godt kvifor.

Eg har som nevt alltid vore fasinert av dette formatet. Så eg bør overhodet ikkje vere overraska over kor gira eg no har blitt, berre på litt over to månader. Eg er stygt redd for at det berre kjem til å bli verre og verre.

Og det er heilt greit. Det finnast betydeleg verre ting å vere hekta på enn musikk. Det finnast rett nok betydeleg billigare ting å vere hekta på enn vinyl, men det får heller stå si prøve.

... og så står det litt på manglande viljestyrke og, ikkje berre på prisen ...

torsdag 14. januar 2016

Always

Då eg oppdaga Harry Potter-bøkene, var det Severus Snape som var den som først sette seg fast i hovudet mitt. Eg fekk liksom ikkje til at nokon kunne vere så einsida, så tilsynelatande berre sur, bitter og grinette. 

Snape blei favoritten min heilt frå starten av, og eg har brukt mange timar på å forsvare kvifor. Eg blir nok aldri ferdig med å forsvare kvifor. 

Men dette handler ikkje om Severus Snape. Ikkje eigentleg. Dette handler om det som hende då eg såg den fyrste Harry Potter-filmen, og for fyrste gong såg Alan Rickman giv liv til karakteren eg hadde blitt så glad i. 

For det var då eg blei glad i Alan Rickman og. 

Han blei favoritten med ein gong, og har vore det sidan.

Den djupe stemma, som var like god trøstande som skremmane. Augene som kunne vere så triste, eller så sinna, eller så dømmande, alt etter kva ein trong. Og det herleg skeive smilet som lyste opp heile adletet.

Eg ser at dei fleste som deler nyhenda trekk fram Severus Snape, og/eller Hans Grüber. Og bevares, Alan skal ha kredit for begge dei rollene. 

Men han spelte også så mykje meir. 

Hvis du, som eg, har tenkt å ha ei privat lita minnestund, så kjem det her eit knippe forslag;

Judas Kiss
Ein IT-gründer blir kidnappa, og under aksjonen blir guvernørfrua skoten og drept. David Friedmann får, meget uvillig, i oppdrag å granske saka. Samstundes må ham samarbeide med FBI-agent Sadie Hawkins, eit samarbeid som ikkje akkurat går knirkefritt.

Eit typisk tilfelle av "ingenting er slik det ser ut". Ikkje la deg skremme av dei fyrste fem minutta, denne er verdt tida di. Om ikkje anna for å høyre Alan snakke med sørstatsdialekt. 


Truly, madly, deeply
Nina er enke, men i sorga får ho besøk av spøkelset til ektemannen Jamie. Lenge er alt fryd og gammen, men før eller seiner må ho velje mellom draumane og den verkelege verda.

Truly madly deeply


Dark Harbor
Eit skrantande ekteskap, ei helg ved kysten, ein fremmed i vegkanten ...
 

På veg til kysthuset sitt finn David og Alexis finn ein forslått gut i vegkanten. Han nektar dei å ringe politiet, og dei gir han skyss til næraste by. Men neste dag dukker han opp att.

Dark Harbor er kanskje ein av dei beste filmane eg aldri hadde høyrt om. Den blei kjøpt primært for Alan, men det tek om lag fem minutt før du er så hekta at du gløymer kven som er med. Du lurer stadig på kva som skjer, og akkurat når du trur du har forstått det viser det seg at du har mistyda alt.

Dark Harbor er ein film du må sjå fleire gonger. Den er faktisk best på 3.-4. forsøk, det er fyrst då du byrjer å sjå alle dei små detaljane du gjekk glipp av dei fyrste gongane.


Dogma
Bethany har eit ganske normal, på grensa til keisamt liv. Heilt til ho ein natt blir vekka av ein snakkande stolpe av ild på soverommet sitt. 

Etter at ho har sløkt den, står ho att med ein klissvåt og kjempesur engel som viser seg å vere Metatron, stemma til Gud. Han fortel ho at ho skal ut på eit heilagt korstog; to englar freistar å kome seg inn att i himmelen, og må stoppast for ein kvar pris. 

Med seg på dette tilsynelatande umogeleg oppdraget får ho to profetar, av heller tvilsomt kaliber, og den 13. apostelen Rufus (som ikkje vart teke med i Bibelen fordi han er svart). Midt oppi heile greia har Gud forsvunne, og onde krefter, som har sin heilt eigen agenda, bistår dei to englane.

The Metatron acts as the voice of God. Any documented occasion when some yahoo claims that God has spoken to them, they're speaking to me ... or they're talking to themselves.

The Winter Guest 
Dette er Alan sin debut som regissør. Den fyljer fire historier på ein iskald dag i Skottland. Ikkje noko voldsomt drama, ingen eksplosjonar, ingen store, skumle ting. Berre ein liten, søt film som du blir heilt varm i hjartet av.

An awfully big adventure 
Seksten år gamle Sally Bradshaw blir med i ei lokal teatergruppe. Mellom mykje anna, treff ho her den mykje eldre P. L. O'Hara, ein kjent skodespelar som har kome "heim" for å spele Kaptein Krok ein ein lokal produksjon av Peter Pan. 

Filmen er basert på boka ved same namn, og handler mellom anna om det å bli vaksen. Den er ikkje lett å forklare kort, men den er fin, og vond og absolutt verdt å sjå. Sjå opp for slutten.

An Awfully Big Adventure

Sweeney Todd - The Demon Barber of Fleet Street

Benjamin Barker, eller Sweeney Todd, vender tilbake til London etter mange år i eksil. Han starter opp att som barberer i Fleet Street, der han leiger lokale av Mrs. Lovett.

Men Benjamin har ei bakhistorie han vil freiste å finne ut av. For mange år sidan blei han feilaktig anklaga og dømt, og når han finn ut motivet bak, og kva som har hendt med kona og dottera hans, klekker han ut ein ganske grotesk hevn. 

Eg veit at Alan eigentleg ikkje likte å havne i den "han som er så flink til å spele skurk"-båsa. Men HJELPEMEG så flink han var til akkurat det.
I have news for you, my friend. In order to shield her from the evils of this world, I have decided to marry my dear Johanna.

Eg kunne nevt fleire. Mange, mange fleire. Galaxy Quest, for eksemepl, som er ein parodi på m.a. Star Trek, og så god at Patrick Stewart går god for den. Eller hjarteskjerande Snowcake. Eller Mesmer, eller Perfume, eller Bottleshocked, eller Hitchhiker's guide to the galaxy eller eller eller ...

Hugse Alan for dei største rollene hans? Absolutt. Men hugs han for alt det andre og. For han var verkeleg fantastisk.