tirsdag 27. oktober 2009

Oppdatert nyttårsforsett

Lista veks med to bøker for kvart kryss.

[X] Dune - Frank Herbert

[X] Dune Messiah - Frank Herbert
[] Children of Dune - Frank Herbert
[] Sandworms of Dune
[X] Appelsinpiken - Jostein Gaarder
[X] Begynnelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Fortsettelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Slutten - Hans Frederik Follestad
[] Menn som hater kvinner - Stieg Larsson
[] Jenta som lekte med ilden - Stieg Larsson
[] Luftslottet som sprengtes - Stieg Larsson
[] The Italian - Ann Radcliffe
[] Mysteries of Udolpho - Ann Radcliffe
[] Den fjerde rytter - Agatha Cristie
[] Pride&Prejudice - Jane Austen
[] Northanger Abbey - Jane Austen
[] Emma - Jane Austen
[] Salme ved reisens slutt - Erik Fosnes Hansen
[] The Poe Shadow
[] Murder in the Rue Morgue - Edgar Allen Poe
[] Monster - Knut Nærum
[] Sneglemannen - Knut Nærum
[X] Tales of Beedle the Bard - JK Rowling
[] Silmarillion - JRR Tolkien
[] The Light Fantastic - Terry Pratchett
[] The Resurrectionist - James Bradley
[] A quiet belief in angels - R.J. Ellory
[] Dead Souls - Ian Rankin
[] The Host - Stephenie Meyer
[] The notebook - Nicholas Sparks
[X] The lost book of Salem - Kathrine Howe
[] Flammer - Ross Kolby
[] Jane Eyre - Charlotte Brontë
[] Falketårnet - Erik Fosnes Hansen
[] Kvinnen i kjøleskapet - Gunar Staalesen
[] Beretninger om beskyttelse - Erik Fosnes Hansen
[] Klokkene - Agatha Christie
[X] The lost symbol - Dan Brown
[] Phenomena: Profetiens utvalgte - Ruben Eliassen
[] Marked - PC Cast and Kristin Cast

Under stadi oppdatering...

... kjem aldri te å bli ferdi

mandag 12. oktober 2009

EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!

EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!EJ SKA PÅ CUPFINALE!!!!!!!!!!!!

fredag 9. oktober 2009

Yes, he can!

Men lat no mannen bevise at han kan før vi gir han ein av vår tids gjevaste prisar.

Eg tviler overhodet ikkje på at Obama, i løpet av si presidentkariere, kjem til å gjere seg fortent til Nobels Fredspris. Men eg veit ikkje heilt om eg tykjer han har gjort seg fortent til den allereie. Som nokon på Twitter bemerka;
Nominasjonsfristen for nobelprisen er 1. februar. Da hadde Obama vært president i 11 dager! Godt gjort!

Eg vil også gjerne ha Obama til Noreg (noko eg mistenkjer at Heidi og Are Kalvø har ein viss rett i å tru ligg bak). Eg skjøner at dette set Noreg på kartet. Eg skjøner alt det der.

Men eg skjøner framleis ikkje kva han har gjort for å fortene denne prisen allereie.

tirsdag 6. oktober 2009

Berre må ha det?

Eg er laktose-intollerant. Det er altså ein type allergi, ikkje noko eg har valgt å gjere av eiga fri vilje. Og eg har ikkje altid vore det, det kom av seg sjølv då eg var 16. Mjølk er noko av det beste eg veit, så det var forholdsvis surt (pardon the pun) å ikkje få drikke det lenger.

Difor er eg særs takksam for at det er laktoseredusert mjølk å få i butikkane. Og enda bedre vart det då det dukka opp laktose-fri mjølk.

Men.

Må den verkeleg koste +/- 32 kroner literen? Over 20 kroner meir enn "normal" mjølk. Sei at eg, som er litt over snittet glad i mjølk, drikk 2 liter i veka. Det er om lag 65 kroner i veka. For mjølk!

Eg er ikkje dummare enn at eg skjønar at det sikkert kostar meir å produsere denne mjølka. Og det er kjempeflott at det faktisk blir gjort. Men eg kan ikkje tenkje meg at eg er den einaste som tykjer det er litt stivt med 260 kroner månaden i mjølke-utgifter. Og dersom ingen kjøper denne nye mjølka, forsvinn den jo frå markedet.

No kostar rett nok den laktose-reduserte melka rundt 20 kroner, så den er ikkje billig den heller. Men smaksmessig er den heilt grei å drikke, om ikkje litt vel søt. Så for meg er valet ganske enkelt. 24 kroner i veka er kanskje ikkje mykje, men når du er einsleg å alt er dyrt frå før sparar ein der ein spare kan.

lørdag 3. oktober 2009

Nyttårsforsettet mitt

[X] Dune - Frank Herbert
[X] Dune Messiah - Frank Herbert
[] Children of Dune - Frank Herbert
[] Sandworms of Dune
[X] Appelsinpiken - Jostein Gaarder
[X] Begynnelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Fortsettelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Slutten - Hans Frederik Follestad
[] Menn som hater kvinner - Stieg Larsson
[] Jenta som lekte med ilden - Stieg Larsson
[] Luftslottet som sprengtes - Stieg Larsson
[] The Italian - Ann Radcliffe
[] Mysteries of Udolpho - Ann Radcliffe
[] Den fjerde rytter - Agatha Cristie
[] Pride&Prejudice - Jane Austen
[] Northanger Abbey - Jane Austen
[] Emma - Jane Austen
[] Salme ved reisens slutt - Erik Fosnes Hansen
[] The Poe Shadow
[] Murder in the Rue Morgue - Edgar Allen Poe
[] Monster - Knut Nærum
[] Sneglemannen - Knut Nærum
[X] Tales of Beedle the Bard - JK Rowling
[] Silmarillion - JRR Tolkien
[] The Light Fantastic - Terry Pratchett
[] The Resurrectionist - James Bradley
[] A quiet belief in angels - R.J. Ellory
[] Dead Souls - Ian Rankin
[] The Host - Stephenie Meyer
[] The notebook - Nicholas Sparks
[X] The lost book of Salem - Kathrine Howe
[] Flammer - Ross Kolby
[] Jane Eyre - Charlotte Brontë
[] Falketårnet - Erik Fosnes Hansen
[] Kvinnen i kjøleskapet - Gunar Staalesen
[] Beretninger om beskyttelse - Erik Fosnes Hansen
[] Klokkene - Agatha Christie
[] Phenomena: Profetiens utvalgte - Ruben Eliassen
[] The lost symbol - Dan Brown

Under stadig oppdatering...

... kjem aldri til å bli ferdig

fredag 2. oktober 2009

Blodig alvor

Når blei vampyrar så fasinerande? Når fann eg ut at hoggtenner og blodtørst var så innmari sexy? Eg, som har vore livredd for det meste sidan eg var gammal nok til å skjøne kor mykje det går ann å vere livredd for. Mørkret, telefonsamtalar, kranglar, seriemordarar, fly, strikkhopp, elverafting, voldtektsmenn, kveps... eg har rett nok vokse på meg litt vett, men eg er framleis ein forhaldsvis skeptisk person. Skrekkfilm er det værste eg kan sjå, med mindre eg ser dei på dagtid. Og då tenkjer eg ikkje på tåpelege filmar som Skrik eller Fryktens sommer, men meir på overnaturlege ting som The Dark og The Ring. For ikkje å snakke om Malstrøm *grøss*

Men vampyrar... Kanskje noko av det farlegaste du kan komme ut for (om dei hadde eksistert). Bygd for å trekkje til seg byttet, innbydande, vakre. Raskare enn noko levande vesen, sterkare. Når du aner uråd, er det allereie for seint.

Dette let eg meg fasinere av. Av Edward Cullen, Angel, Bill Compton...

... jepp, eg blei hekta på True Blood i går. Noko anna ville vore overraskande. Som notorisk ikkje-nedlastar utan Canal+ har eg ikkje hatt noko anna val enn å vente i spaning på at ein kanal eg faktisk tek inn skulle sende det. Atter ein gong redda NRK meg. Denne serien har eg verkeleg gledd meg til!

Dessutan har eg sakna Stephen Moyer, som eg stort sett berre har sett som prins Phillip i Princess of Thieves. Der han var litt for søt og uskuldig etter min smak, om enn romantisk som få. Å få han som farleg vampyr er perfekt.

Greit nok, overnevnte tre er av den litt meir godslege sorten vampyr. Som aller helst ikkje vil vere slemme og drikke blod. Noko eg, skremmande nok, tykjer er litt keisamt. Er ikkje halve morroa med vampyrar at dei skal vere farlege? James frå Twilight er mykje meir tiltrekkande enn Edward. Farleg, ja. Dødleg? Utvilsomt. Sexy? Hinsides. For ikkje å snakke om Spike i Buffy. Storkjefta, vakker, attpåtil United-supporter...

Trur eg skal vere glad for at vampyrar ikkje eksisterar. Er stygt redd for at eg, naiv og forelska, hadde gått ein rask død i møte. Trøsta får vere at salstala til Twilight, og sjåertala til True Blood, vitnar om at eg ikkje er åleine om akkurat det...