Viser innlegg med etiketten rune berg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten rune berg. Vis alle innlegg
onsdag 21. oktober 2015
Betre seint enn ikkje i det heile teke
Eg burde ha oppdaga dette for lenge sidan.
Eg har vore The Margarets-fan så lenge eg kan hugse. Eg burde så absolutt ha fått med meg at denne plata kom ut for tre år sidan.
Og kjøpt den på dagen.
Og forelska meg i den då.
Men no har det seg slik at eg ikkje oppdaga den før i haust. Nærare bestemt, rundt tredje oktober.
Men så har eg forelska meg så grenselaust i den no at eg føler det gjer litt opp for dei tre åra som har gått utan at eg har fått den med meg.
Ikkje det, det er overhodet ikkje fyrste gongen eg har vore seint ute med å oppdage noko som alle andre allereie har prisa i månedsvis.
Men denne skulle eg gjerne oppdaga litt før. Veldig mykje meir før, faktisk.
Når det er sagt, så er eg veldig veldig veldig glad for at eg oppdaga den no. For hjelpemeg så fin!
Hølå - Rune Berg
Favorittane hittil er "All my time", "Breaking News" og "Soulless instead".
Men heile greia er eigentleg kjempefin, så dette kjennast litt feil å trekke fram favorittar, sånn når eg får tenkt meg om.
Bortsettfrå at eg må trekke fram "Pass it on". Som eg høyrde for fyrste gong under GISKE sin konsert fyrste oktober. Og som eg merka meg fordi den var så fin (og passa så godt til historia den var med på å tonesette). Men som eg aldri trudde eg kom til å finne att, for ikkje visste eg verken kva den heitte eller kvar den kom frå.
Eg byrjer å skjøne at eg ikkje er sånn forferdelig god på dette her lenger, for same kor mange fine ord eg prøver å leite fram for å gi dette innlegget litt ekstra svung, så ender eg opp med å seie det same; denne plata er så fin!
Men den er det. Den er så fin. Og personleg, innbiller eg meg. Og midt oppi heile greia så kjenner eg meg litt att i den (utan at eg er heilt sikker på at det var meininga).
Så ja. Anbefalast. Varmt.
Kjempevarmt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)