lørdag 19. juni 2010

Til opplysning

Om du finn det for godt å sjå A guide to recognizing your saints, så har eg eit lite råd:

IKKJE GJER DET!

Den er ikkje litt verdt det ein gong. Ikkje ein gong for Robert Downey Jr. Der er rett nok eit ganske fint stillbilete av han under rulleteksten, men alvorleg talt; det finn du på nett og. Utan tekst over.

Eg meiner det; ikkje sjå den filmen.

Ikkje gjer det.

... berre... ikkje

fredag 18. juni 2010

Kunsten å lese cover

Hadde filmkveld i går. Etter nøye gjennomtanke, og dilemma-lufting på twitter, enda eg opp med Short Cuts og Kiss kiss bang bang. Rekk jo fint to på ein kveld, skulle jo ikkje tidleg opp. Så eg poppa eit par kilo popcorn, stappa Short Cuts i Xbox 360'en, og rigga meg til i sofaen med det eg trudde var ein slags "amerika sitt svar på Love Actually".
... joda.

Fyrste feil var å tru at denne var ny. Kvar eg hadde fått for meg at den var ny veit eg ikkje, men til opplysning er Short Cuts frå 1993. Eg var altså 10 år då denne vart laga. Som sett litt perspektiv på kor mykje eldre enn meg Robert Downey Jr. er. Sidan han var vaksen allereie i denne.
... ja, eg kjøpte den for Robert Downey Jr. What else is new? Meeen, som så mange gonger før; came for the man, stayed for the plot

For for det andre; namnet på filmen bør ikkje brukast som måleeinheit for filmen si lengde. Med mindre du tek Tolkien-sitatet "Short cuts make for long delays" med i reknestykket. For SHORT cuts varer i 3 timer. Nei beklager. 3 timer og 18 minutt. Short my ass.

Men, desse to forhaldsvis store mistydingane sett til sides; For ein film! Tre timer gjekk fort som fy, eg blei heilt oppslukt i alle historiene. Samanlikninga med Love Actually var ikkje heilt på bærtur, men på same tid kjennast det heilt feil å nemne dei i same settning. To heilt ulike filmar. Utan at eg på nokon måte kort kan oppsumere Short Cuts. Annan enn å seie at det er ein haug historier som alle høyrer saman.
Så, om du har regn og tre timer til overs; sjå Short Cuts. Stol på meg, det er verdt det.
(dessutan regner det. kva anna skal du gjere?)

Men, det blir ikkje filmkveld av berre ein film. Og eg hadde bestemt meg for å rekke Kiss kiss bang bang i går og. Dessutan var det popcorn att.

Kiss kiss bang bang er GENIAL! Altså, ikkje sånn banebrytande haleluja-kvifor-har-ingen-laga-sånn-film-før genial. Genialt for meg er ting eg simpelten elsker. Og denne elska eg frå fyrste stund. Robert Downey Jr. som forteljar! #WIN

... ja, Robert Downey Jr. var i denne og. Det går mykje i Robert Downey Jr. for tida. Og, nei. Eg har ikkje tenkt å korte ned namnet til Robert Downey Jr., til for eksempel RDJ. Det er litt som med Bård Vegar Solhjell. Det blir berre feil å korte ned.

/sidetrack

Kiss kiss bang bang var det vi snakka om. Fine fine filmen. Rare, morosame og bittelitt romantiske filmen. Men fine fine fine filmen. Og Robert Downey Jr. i hovudrolla til tross; noko av det beste med heile filmen er Val Kilmer som homofil privatdetektiv. Trur samtlige av replikkane vart levert dryppande av sarkasme.

Seriøst; perfekt film. Sjå den!

Og så rakk eg ein av kortfilmane på Eros. Altså, den einaste kortfilmen eg hadde tenkt å sjå. Den med Robert Downey Jr. I svart/kvitt. Med hatt. Og dress. Og vannkjemma hår. Og den som trudde at denne skulle handle om erotikk tok skammeleg feil... sånt reint bortsettfrå den effekten du får av å sjå Robert Downey Jr. liggande....

ANYWHO; denne var faktisk litt søt. Og morosam. Alan Arkin som psykolog. Litt omstilling, sist eg såg han var han harsj-røykande bestefar i Little miss sunshine (som forøvrig er genial den og).
Men alvorleg talt. Denne var litt søt. Equilibrium heiter den. Må ikkje forvekslast med ekle Sean Bean-filmen.

Etter denne var det framleis popcorn att. Men klokka var og halv 3 på natta. Så eg får ta resten i kveld; A guide to recognizing your saints. Og Casablanca. Eller Lost in Austen. Eller Clarissa. eller alle fire.

... eg byrjer å bli litt for gla i å ha fri ...

torsdag 17. juni 2010

tirsdag 15. juni 2010

Vakraste ordet i det norske språk;

Leveringsbekreftelse

Filmane mine er på veg :D Noko som vil seie at eg mest truleg har dei i morgon. Som passer innmari bra, sidan det er meldt shtøggevêr i nokre dagar.

Gler meg til å omsider få sett Clarissa. Og Interview with the vampire. Og Lost in Austen.

Så får det heller vere at eg må vente på den eine filmen eg eigentleg gjekk inn for å bestille. Eg skal nok få å gjere likevel :P

mandag 14. juni 2010

Har gleda samleren i meg

Det som byrja som ein liten snartur innom Platekompaniet ... jammen der har vi jo feilen med ein gong. Det er ingenting som heiter "snartur innom Platekompaniet". Uansett;

Eg skulle berre ha Wonder boys. Som har gøymt seg for meg *host*kastavekk*host*

Men det var salg på Platekompaniet. Det er alltid salg på Platekompaniet. Så eg enda opp med sju filmar. Eller nei. Seks filmar. Og ein mini-serie. I'm a weak, weak person.

MEN, til mitt forsvar så kosta mange av dei berre 59,- Og så fann eg Clarissa, og den har eg leita etter i seks år.

Så ja.

... so so so weak!

søndag 13. juni 2010

onsdag 9. juni 2010

Eg må blogge om noko eg ikkje kan blogge om

Altså, eg kan blogge om det. Men eg kan liksom ikkje blogge om det.

Og eg veit ikkje kvar eg skal byrje. For om eg byrjer med byrjinga så blir det ganske opplagt kva det gjeld, og då er det liten vits i å vere kryptisk. Dessutan er eg ikkje sikker på kva for ei byrjing eg skal byrje med.

Vanligvis hadde eg snakka med ei vennine om dette. Men eg liker ikkje å gi folk rett. Så det kan eg ikkje gjere. Dessutan blir alt så mykje større når ein deler det. I alle fall løyndomar. Og dette er ein løyndom.

Ikkje ein stor ein. Ikkje ein farleg ein. Ikkje ein ekkel, skummel eller straffbar ein. Men det er ein løyndom som må haldast på for min eigen del. Hovudet mitt klarer fint å analysere ting i hæl på eigenhand, eg treng ikkje hjelp. Og om eg fortel nokon dette så kjem eg til å få langt meir hjelp enn kva som sunt er.

Altså, dette er ikkje mi eiga skuld ... eller, det er det jo. Men det er krefter eg ikkje rår over; hjartet mitt, og draumane mine. Ikkje dei eg har på dagtid, dei har eg nokolunde kontroll over.
Men dei eg har på nattestid. Dei har laga trøbbel for meg mange gonger. Men vanligvis skal det litt meir til en berre ein.

No skal det seie at denne eine ikkje hadde betydd noko om den ikkje hadde glidd fint inn i ei linje av andre ting eg har grubla over det siste året. Eg har ein tendens til å slå til med innmari levande draumer (vi snakker "kjenner lukta av parfyma til morderen"-levande), og den i natt var ... oh man! Altså, ikkje skitten. Berre levande.

Litt for levande. Eg kjenner det framleis i mellomgolvet når eg tenkjer på den. Og det er fyrste gong eg faktisk har kjent det i mellomgolvet. Eg har kjent etter i eit år, og konkludert med at "nei, sorry." Men no, plutseleg ...

Uff. Dette gjer veldig mykje veldig mykje meir komplisert. Sjølv om det eigentleg er ganske enkelt. På papiret. Og i praksis og. Trur eg. Kanskje. I alle fall frå mi side. Berre at no er det sikkert for seint. At det har blitt enkelt, altså.

Av og til skulle eg VERKELEG ønske eg visste kva eg ville!!