mandag 21. mars 2016

For sta for mitt eige beste

Eg har aldri vore den som roper høgast. Det er igrunn skjeldan at eg roper i det heile teke. Ikkje er eg den som proklamerer meiningane sine høgast heller, eller kjem med det først forslaget når nokon spør "ka oss ska finne på?". Og eg er heller ikkje den som protesterer høglytt om eg ikkje er einig i ting.

Det er ikkje det same som at eg ikkje har meiningar, eller at eg ikkje veit kva eg vil. Eg har berre blitt litt for flink til å velge kva kampar eg skal ta.

For eg veit kva eg vil altså. Eg er forferdelig sta, når eg vil, og kan sette meg så kraftig på bakbeina at sjølv ein 3-åring blir utkonkurert. Noko som forøvrig kjem godt med i jobben min ...

Men av og til så ender eg opp med å vere litt for sta for mitt eige beste.

Særleg når det kjem til bøker/musikk/TV-seriar. Oppigjennom åra har eg ungått å sjå ganske mange seriar og filmar som "alle" skryt av. Nett fordi "alle" skryt av dei. Eg har for eksempel to sesongar av "Himmelblå" ståande i DVD-stativet. Eg har ikkje sett ein einaste episode.

I det siste har eg heldigvis blitt veldig flink til å ta imot musikkforslag. Og som eit resultat så har det ramla inn ein del nye favorittartistar i det siste. She&Him, Mark Kozelek, Belle&Sebastian.

Og så dei som dette innlegget skal handle om. For om ikkje dei bør vere spikeren i "no må du slutte å ver så sær"-kista, så veit ikkje eg.

The Smiths. Eg snakker om The Smiths.

http://rokpool.com/category/tags/the-smiths

Eg har høyrt om The Smiths før altså. Eg har høyrt om The Smiths mange gonger. Eg er trass alt Margarets-fan.

Men av ein eller annan uforståeleg grunn hadde stapeisen i meg bestemt seg for at The Smiths skulle ho i alle fall ikkje høyre på.

... når eg endeleg får skaffa ein life-size, fungerande TARDIS så går første turen tilbake i tid for å riste fornuft inn i ho som bestemte meg for det ...

Det starta med "Meat is Murder"-plata. På anbefaling frå ein som absolutt veit kva han snakker om når det gjeld The Smiths. Og hadde han ikkje spurt om eg hadde høyrt på dei, og forsiktig anbefalt dei, så hadde eg mest truleg framleis haldt på den uforståeleg sta haldninga om at eg av ein eller annan grunn ikkje skulle høyre på denne gjengen.

Men akkurat denne gongen lot eg meg (ganske lett) overbevise. Det har litt med at det ikkje er første gong at han har truffe med musikkforslaga sine, og litt med at etter at platespeleren kom i hus og eg byrja å kjøpe musikk igjen, så har eg blitt mykje flinkere til å gi nye artistar ein sjansen.

Så eg drog heim med "Meat is Murder". Eg trur kanskje eg hadde høyrt sånn ein og ein halv Smiths-sang før dette, men i det store og heile var eg forholdsvis Smiths-jomfru. Det einaste eg visste var at dei visstnok var litt sånn acquired taste, så eg var budd på at dette kunne ende opp med å vere ganske rart. Men no er eg forholdsvis glad i rart, så lenge det blir gjort skikkelig.

Det var igrunn gjort med fyrste sangen. Det var igrunn gjort med introen på fyrste sangen. The Headmaster Ritual. Det skulle ikkje meir til. Og det vart berre enda betre etter den.

Eg spelte den plata ganske mange gonger den veka. For sikkerhets skuld. Eg hadde trass alt vore så sta på at eg ikkje skulle høyre på denne gjengen at det sat litt langt inne å innrømme at eg hadde teke feil.

Men heldigvis ikkje veldig langt inne. For allereie dagen etter fyrste forsøk så gjekk eg å mumlesang på "That joke isn't funny anymore". Som, om eg skal velge ein favoritt, i alle fall er ein av dei.

Dette er om lag to månader sidan, og på dei to månadane har eg gått frå å sånn cirka vite at The Smiths eksisterer, til å eige "The Smiths", "Hatful of Hollow", "Meat is Murder", "The queen is dead", Morrissey sin sjølvbiografi samt ei samling intervju med han, og to Morrissey konsert-DVDar.

Kort sagt; frelst. Heilfrelst. Totalt, 100% solgt. Du kan ikkje be meg om å kome med favorittsongar ein gong, for då må eg kome med alle.

Eg skulle ikkje høyre på denne musikken, eg. TENK AT EG IKKJE SKULLE HØYRE PÅ DENNE MUSIKKEN! FYTTIKATTA SÅ KORKA EG KAN VERE AV OG TIL!

For ikkje berre er det musikk som berre ... pang, traff. Men dei tekstane da! For oss som liker å lese alt for mykje i sangtekstar så er jo The Smiths ei velsigning! For ikkje å snakke om "nikke gjenkjennande"-faktoren. KVAR VAR DENNE MUSIKKEN DÅ EG VAR TENÅRING?!?

... den var der den. Den har vore der heile livet mitt. Då den første Smiths-plata kom i 1984 var eg om lag sju månader. Dei var vel strengt tatt ferdig å spele inn musikk nesten før eg var ferdig med å bruke bleie. Så at eg ikkje oppdaga dei då er vel for så vidt å tilgi.

Men eg har jo visst om dei lenge! Og så eg da, som nytta store deler av tida frå eg var 17-25 på å kjenne meg att i sangtekstar, og tenkje at den og den artisten måtte ha direkte tilgang til dagboka mi. Eg hadde hatt SÅ GODT av The Smiths på den tida.

Men når det er sagt, så har det vore veldig kjekt å oppdage dei no. Og sjølv om eg nok har blitt litt eldre dei siste åra, så kjenner eg att dei kjenslene og opplevingane som dukker opp i tekstane. Eg har vore der, sjølv om eg kanskje ikkje er der no lenger.

Og oppå heile greia så snubla eg meg ut på youtube for å finne liveklipp av The Smiths, og sidan det så har eg vore totalt forelska i Morrissey.

http://www.gigslutz.co.uk/listen-morrissey-unveils-full-length-version-of-new-single-istanbul/


... joda, eg veit at han overhodet ikkje er verdas mest uproblematiske person, og at han har ein tendens til å trakke i salaten med begge beina først. Men eg tenkjer at så lenge eg er klar over feila has, så er det heilt greit å vere forgapt.

For skal eg vere heilt ærleg så er det heilt umogeleg å ikkje vere det. For ein fantastisk fasinerande, karismatisk, sjarmerande, merkeleg, sjølvsikker, usikker, beskjeden, velformulert raring av ein mann! Anten du les tekstane, eller ser konsertane, eller leiter opp TV intervju (dette var det første eg såg, og eg sat at som eit lettere sjarmert spørsmålsteikn) så må du berre bli fasinert.

Kanskje det berre er meg. Eg er over gjønasnittet nyskjerrig. Og når eg da snubler over folk som er litt vanskeleg å forstå seg på, så blir eg ti gonger ivrigare på å gjere nettopp det. Og med Morrissey har eg verkeleg fått noko å bryne meg på.

Så ja. Eg sitt med Smiths og Morrissey til langt oppover øyrene for tida. Og etter å ha stått fast i noko heilt anna nesten heile det forrige halvåret, så var det kanskje på tide med litt forandring. Og eg har det VELDIG fint her eg sitt altså.

Eg skulle berre ønske eg hadde satt meg her for lenge sidan.


... berre sånn i tilfelle nokon lurer (og det er det nok ingen som gjer, men eg har for vane å dekke alle eventualitetar eg kjem på); ja, Morrissey er like steikje attraktiv med grått hår og litt meir mage som han var med høgt hår og biblotekarbriller. Av alle hindringar eg har når det gjeld slike ting, så har alder aldri vore ei av dei ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar