onsdag 30. november 2016

Det er ein grunn til at eg er singel, trur eg ...

Meg: *opner tinder*
Meg: Nei *swipe left*
Meg: Nope *swipe left*
Meg: Nei *swipe left*
Meg: Mann over 30 med capsen bakfram? Nope *swipe left*
Meg: Fjelltoppbilete? *swipe left*
Meg: Skibilete *swipe left*
Meg: Ølboks/vinglas/ølglas/spritflaske. Nope *swipe left*
Meg: ... nope *swipe left*
Meg: ... niks *swipe left*
Meg: ... åh, han var litt søt da ... *swipe left*
Meg: Karikaturteikning som profilbilete *swipe left*
Meg: Fjellturbilete igjen *swipe left*
Meg: Terrengsykkel. Nope. *swipe left*
Meg: Bar overkropp ... nope *swipe left*

... 'ingen flere matcher i ditt område'. Sett slikt.

fredag 21. oktober 2016

Kjære AaFK; ka he dokke gjort??

... altså, det speler overhodet inga rolle kva det er. Det einaste som speler ei rolle er at dykk held fram med å gjere det.

Seks kampar uten tap. Plassen 99,9% berga. Og vi speler steikje god fotball, midt oppi heile greia.

Dette hadde eg ikkje venta meg for to og ein halv månad sidan. Dette trur eg det er ytterst få som hadde venta seg for to og ein halv månad sidan.

Tusen takk. Tusen takk for at dykk fann att gløden. For at dykk viser at dykk både kan og vil. For at det aldri, aldri, aldri er keisamt å vere AaFK-supporter.

Kjærleiken har alltid vore der. Men no er trua og håpet restaurert. Eg gleder meg noko innmari til fortsettelsen!


fredag 22. juli 2016

Kjære AaFK; ka kan ej gjer?

Korleis kan eg hjelpe til? Korleis kan eg vere med på å snu dette?

Korleis i allverda kan eg vere med på å forhindre at klubben i mitt hjarte går heilt til grunne?

Det er med tungt hjarte eg skriv dette innlegget. Eg har starta på det mange gonger i år, og så tenkt at "nei, ej ska'kje ver sånn suksessupporter som surna i møte me en smule motgang".

Men no, kjære AaFK, no er det meir enn ein smule motgang. No er det heilt steikje gale.

Og det handler ikkje berre om tapet i dag. Tapet i dag var dråpen som fekk begeret til å renne over. Det har igrunn trua med å gjere det ganske lenge.

For dette går ikkje lenger. Det må dykk da sjå der borte også? At dette berre går ein veg. At det ikkje snur av seg sjølv. At mirakel er vel og bra, men ein kan liksom ikkje lite på at dei kjem.

Eg har vore med på nedrykk og opprykk. På to cupfinalar, med maks uttelling. På Europa League, der vi har gitt både den eine og den andre ein nasestyvar. På fjerdeplass i serien, og ekte tangofotball.

Og for all del; eg har vore med på nedturar og. Det høyrer med i fotball, og oppturane blir så mykje større av det.

Men no byrjer nedturane å kome litt vel tett. Ikkje berre for min del, men for dykkar og.

Og dette er ikkje kritikk av laget åleine. Eg tviler ikkje eit sekund på at dykk gjer så godt dykk kan. Og eg skjøner veldig godt at dykk blir oppgitt, og at det blir vanskeligare og vanskeligare å finne motivasjonen til å gå på kamp etter kamp. Og eg skulle så inderlig ønske at det var noko eg kunne gjere for å hjelpe.

Det handler heller ikkje berre om trenarane. Eg tviler ikkje eit sekund her heller, på at heile trenerteamet har hjartet og entusiasmen på rett stad. Det er berre at no må det meir til. Ein kan diverre ikkje vinne fotballkampar på entusiasme åleine.

Og ansvaret for dette kviler lenger oppe. På dei som driv denne klubben. Dei som tek avgjerder om spelarar, trenarar. Dei som styrer skuta.

No skal eg glatt innrømme at eg veit ganske lite om å drive ein fotballklubb. Men eg er ikkje åleine om å sjå at rota til dette problemet ligg i toppen, ikkje bunnen.

Vi har mista spelarar som Hamed Allah. Ulvestad. Barrantes. Leke James. Og vi har diverre ikkje klart å erstatte dei. Vi har solgt oss ut og nedover på tabellen, rett og slett. Og det er vondt å sjå på, for vi hadde noko på gong i Aalesund. 

Og det er ikkje stort betre på trenersida. Korleis i allverda kan leiinga i ein Tippeligaklubb bomme så fatalt på trener-tilsettjinga at dei må sparke den same treneren etter fire serierunder? Kanskje var det billigare å finne ei løysing innad i klubben. Men eg er redd at den løysinga i lengda vart dyrere enn de hadde tenkt, både økonomisk og på andre måter. 

For kven vil vel til ein klubb der ingenting er på stell? Der alt er berre kaos, og den sportslege kurva stuper? For eg er redd for at det er det ryktet AaFK har akkurat no. Det er i alle fall slik det ser ut for oss på utsida. Og det kan umogeleg gjere det lettere å skaffe nytt blod.

Og hversåsnill å ikkje tru at eg er ein sytete supporter, for det er så langt frå sanninga som ein kan kome. Eg skal med glede legge meg skinnflat om dykk motbeviser meg i nærast framtid. Men all trua, håpet og kjærleiken i verda held ikkje no lenger. Det handler ikkje om å vere storforlangande. Eg treng ikkje seriegull og champions league å di greian der. Eg hadde det kjempefint midt på tabellen eg, med greie prestasjonar i cup'en i ny og ne.

Det heiter "klubben i mitt hjerte" av ein grunn. For det er her dykk er. I hjartet mitt. Eg er så uendeleg glad i klubben min, og difor gjer det så uendeleg vondt å sjå på at den rakner.

Det er difor det sit så langt inne å skrive dette innlegget og. Eg vil så gjerne ha trua, eg har gjort mitt beste for å halde på den dei siste åra. Men no held det ikkje med håp og tru lenger. No må det skje noko her.

"- gjør noe med deg" står det på arma mi. Og som eg seier til barna på jobb; "de kjem te å stå der heilt til ej bli gammal dame me grått hår". Det kjem til å stå der uansett korleis denne sesongen ender. Uansett korleis neste sesong ender. Eg er ikkje mindre stolt oransje og blå av alt dette. Eg tek ikkje capsen min og går. Dette er ikkje eit ultimatum.

Det er ei bøn. Ei bøn om at de som sitt på toppen av klubben eg er så uendeleg glad i skal våkne og sjå kvar vi er på veg. Og gjere noko med det før skuta går på grunn. For det er dykk som sit med makta her. Det er i toppen dette må starte.

Og starter det ikkje snart no, så må kanskje nokon av dykk vurdere om dykk skal finne ein annan topp å sitje på, og gi stafettpinnen viderer til nokon med nye tankar og idear. Nokon med ny giv.

For de er i ferd med å øydelegge alt det flotte vi hadde. Sakte, men likevel akk så sikkert. 

Og vi kan snu det. Det er kanskje for seint i år, men om vi starter jobben no ... kven veit?

Og om det er noko eg kan gjere så må de berre seie frå. Eg skal møte opp, rope og hoie og heie og klappe alt eg makter. Men det har eg gjort i 11 år no, så eg trur ikkje det åleine er nok.

Så hvis eg gjer så godt eg kan, lover de der oppe på kontoret å gjere det same? For det er ikkje berre ein fotballklubb de styrer. Det er hjarte til så, så mange. Og det finns kanskje større sorger i verda, men eg skal love at for oss som elsker AaFK så er denne stor nok akkurat no.

tirsdag 5. juli 2016

Små barn; små gleder. Store barn;

Favorittbandet sin debutsingel på vinyl femten år etter at den først kom ut på CD.


Tilogmed signert.

Her skal det liksom kome ein eller annan klisje om at "de ska'kje så mykje til for å glede mej". Men altså, for meg er dette ganske mykje.

For The Margarets har alltid forstått. Dei sang om alle dei tinga eg kjende på, men ikkje klarte å snakke om. Eller som eg trudde eg var åleine om. Dei sang om dei tinga som gjorde at eg kjende meg håplaus og ubrukeleg.

Og såleis var det i alle fall nokon som forstod. Kva enn eg kjende på, så hadde The Margarets ein song om det. Dei song om å ikkje våge å ta sjansen. Om å stå på sidelinja og sjå livet gå forbi deg, utan å våge eller evne å vere ein del av det. Om å ikkje passe inn, å vere annaleis, om å lengte etter ting ein ikkje visste korleis ein skulle få tak i.

Og det beste var at det verka som dei fleste av desse sangane alltid hadde ein tone av håp. Eit trøstande klapp på skuldra, nokre forvissande ord om at det var greit å vere redd for mørket, eller føle seg liten og hjelpelaus, men at det vart betre til slutt. Du treng ikkje å vere sterk heile tida. Ingen er sterk heile tida. Så berre sov med lyset på, hald ut til i morgon, eller neste dag, eller neste veke. Det blir betre.

Etter kvart som eg har blitt eldre har sangane berre vekse på meg. Tekstane har berre blitt viktigare og viktigare, jo betre eg (trur eg) har forstått dei. The Margarets har blitt musikken eg tyr til når det er kaos i hovudet, og som alltid stilner dette.

Så ja. Det er kanskje berre eit pappcover med ei lita, svart plastikkplate inni, med to songer som eg har både på CD, i iTunes, i Spotify og stort sett alle andre stader eg høyrer på musikk. Det høyrast liksom ikkje ut som ei stor greie.

Men for meg er det ei veldig stor greie. Så det skal kanskje ikkje så mykje til for å glede meg. Men dette gleder meg mykje.

mandag 4. juli 2016

Vi må snakke om Sondre Justad

Vi må. Rett og slett.

Disclaimer: Eg var på Sommerfesten på Giske i går, og er for augeblinken forholdsvis nyforelska (les; totalt både fortapt og forgapt). Og eg var ganske glad i han fra før altså.

Sondre Justad var ein tilfeldigheit. Slik er det med ganske mange av favorittartistane mine. Fiction Plane varma opp for Sting på Romsdalsmuseet for nokre år sidan. Vokalisten i COLOUR OF BONE speler ein av favorittrollene mine i TV-serien "Whitechapel". Paolo Nutini var gjest i ein episode av "The Graham Norton Show".

Slik var det med Sondre og. Eg såg eit kvart intervju med han i januar, uten å høyre ein tone av musikken hans. Men det var eit eller anna som berre sa meg at han der kom eg til å like.

Ei veke seinere kjøpte eg "Riv i hjertet". Og la den på platespeleren med ein gong eg kom heim.

... eg elsker å ha rett.

Og eg elsker musikk som treff meg rett i hjartet. Eg treng verken ein grunn eller ei forklaring eller noko som helst. Det er berre å la det hende.

Kjærleik ved fyrste tone.

Så eg var forholdsvis happy då eg oppdaga at han skulle spele på Sommerfesten i år. Eg har gleda meg ganske lenge.

Det haldt på å ikkje bli. Klokka var halv fem, eg var klissvåt (tross både regnklede OG poncho), småkald, allereie litt forkjøla, og vurderte seriøst å droppe heile greia og reise heim til tørre sokkar og eit varmt pledd. Han kjem trass alt til Terminalen i haust, tenkte eg.

Men heldigvis, HELDIGVIS, hadde eg bestemt meg for å få med meg Man Made (som forøvrig absolutt var lurt å få med seg, men det får bli ein annan musikktips-post). Og etter at dei var ferdige så var det berre ein soundcheck til Sondre skulle på scena, så då vart eg verande.


HELDIGVIS! HJELPEMEG så bra denne fyren er live! Altså, han var allereie meir enn bra. Men HJELPEMEG så bra denne fyren er live!

Eg har ikkje ord. I det heile tatt. Det beste biletet eg kan gi på kor fantastisk opplevinga var, er at før han starta hadde eg vondt i beina, ryggen, skuldrane og stort sett alle andre stader. Etter at han var ferdig gjekk eg heile vegen frå festivalområdet tilbake til Ytterland (over denne brua, mellom anna) med eit stort smil. Og heldigvis heilt åleine slik at eg kunne synge.

Altså, makan til energi og humør og smil og det går ikkje an å ikkje bli forelska. På alle tenkjelege måter. Så får eg heller vere sånn på grensa til cougar (han er jo berre ein gutunge, eigentleg). For det handler om heile pakka her. Musikken. Tekstane. At mannen er fin å sjå på, og heilt herlig, er berre ein bonus.

Og altså, eg har høyrt "Riv i hjertet" forholdsvis mange gonger. Men i går så slo det meg plutselig kva den handler om. Og då vart alt enda betre.

Eg veit eigentleg ikkje kva eg meiner med denne blogposten. Sånn reint bortsettfrå at "DETTE ER FANTASTISK MUSIKK DU MÅ HØYRE PÅ DEN!" og den vanlige greia med at "det hjartet er fullt av bla bla bla".

Så ja. Om du ikkje allereie har gjort det; høyr på denne musikken. Og om du har sjansen; kom deg på konsert med denne karen. Du kjem ikkje til å angre. 

torsdag 16. juni 2016

Eg skal blogge igjen altså

Eg lover. Dyrt og hellig. Eg har sånn tre nesten-ferdige innlegg, og eit fjerde eg skal starte på når eg kjem på korleis.

Eg må berre skru på hovudet mitt igjen. Innsjå at no har eg fri. No er alt som heiter skulebøker forhåpentligvis ein saga blott (med mindre eg må ta opp att ein eksamen, eller lese meg opp til jobb, men det blir langt frå like intenst).

Så det kjem ting her etter kvart. Like uforutsigbart, bablette og einspora som det har vore hittil.

Men ein ting kan eg i alle fall skrive, sånn berre for å ha oppdatert litt.

EG SKAL PÅ MORRISSEY-KONSERT :D

torsdag 12. mai 2016

Tusen takk, Agnete

Dette skal ikkje handle om Eurovision, eller "Icebreaker", eller korvidt det var rett eller gale at vi ikkje gjekk til finalen.

Bortsettfrå at det var heilt rivruskande gale.

Dette skal handle om Agnete.

For nokre veker sidan takka eg "Jeg mot meg"-gjengen for at dei viste Norge korleis det er å leve med ei psykisk liding. For at nokon våga å stå fram, å vise den ærlige, nakne sanninga.

For det er dette som må til. Det må opp og fram i lyset. Skal fordomar og myter knusast, må sanninga fram. Det må snakkast om.

No fortener Agnete ei takk og. Som har vore så ærlig. Som har våga å stå midt i verdas største sirkus og seie at "dette er det eg treng". Som ikke har skulda på noko anna, men sagt det som det er.

For det er det som må til. Det må seiast som det er. Og det er kjempeskummelt, tru meg. Men når nokon faktisk finn styrken til å gjere det ... då betyr det så mykje for så mange.

Tusen takk, Agnete. Tusen, tusen takk.

Og du kan vere stolt av innsatsen din frå start til slutt i dette, sjølv om Europa ikkje var einige denne gongen. Og vit at vi er mange som er stolte både av og med deg.