tirsdag 5. juli 2016

Små barn; små gleder. Store barn;

Favorittbandet sin debutsingel på vinyl femten år etter at den først kom ut på CD.


Tilogmed signert.

Her skal det liksom kome ein eller annan klisje om at "de ska'kje så mykje til for å glede mej". Men altså, for meg er dette ganske mykje.

For The Margarets har alltid forstått. Dei sang om alle dei tinga eg kjende på, men ikkje klarte å snakke om. Eller som eg trudde eg var åleine om. Dei sang om dei tinga som gjorde at eg kjende meg håplaus og ubrukeleg.

Og såleis var det i alle fall nokon som forstod. Kva enn eg kjende på, så hadde The Margarets ein song om det. Dei song om å ikkje våge å ta sjansen. Om å stå på sidelinja og sjå livet gå forbi deg, utan å våge eller evne å vere ein del av det. Om å ikkje passe inn, å vere annaleis, om å lengte etter ting ein ikkje visste korleis ein skulle få tak i.

Og det beste var at det verka som dei fleste av desse sangane alltid hadde ein tone av håp. Eit trøstande klapp på skuldra, nokre forvissande ord om at det var greit å vere redd for mørket, eller føle seg liten og hjelpelaus, men at det vart betre til slutt. Du treng ikkje å vere sterk heile tida. Ingen er sterk heile tida. Så berre sov med lyset på, hald ut til i morgon, eller neste dag, eller neste veke. Det blir betre.

Etter kvart som eg har blitt eldre har sangane berre vekse på meg. Tekstane har berre blitt viktigare og viktigare, jo betre eg (trur eg) har forstått dei. The Margarets har blitt musikken eg tyr til når det er kaos i hovudet, og som alltid stilner dette.

Så ja. Det er kanskje berre eit pappcover med ei lita, svart plastikkplate inni, med to songer som eg har både på CD, i iTunes, i Spotify og stort sett alle andre stader eg høyrer på musikk. Det høyrast liksom ikkje ut som ei stor greie.

Men for meg er det ei veldig stor greie. Så det skal kanskje ikkje så mykje til for å glede meg. Men dette gleder meg mykje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar