mandag 30. november 2009

Det magiske ordet; sesongstart

Det har gått ein knapp månad sidan eg tussla ut av Ullevaal, i gull-ørska og verken sikker på kvar eg var eller kva eg nettopp hadde vore med på. Eg har sett cupfinalen oppatt og oppatt, og får framleis frysningar langt ned i ullsokkane. Skulle tru at denne opplevinga skulle vere nok til å halde meg gåande til mars neste år.

Akk nei.

I dag blei terminlista for Tippeligaen 2010 lansert. Og kriblinga let ikkje vente på seg.

Kampane er ikkje sett opp ein gong, det er berre ei liste med datoar. Men likevel. Lengselen er der med ein gong. Etter krutsterk kaffi, og 30 minutt i kø. Etter stolpen min. Etter tribune-naboane våre. Etter å applaudere gutane våre ut på bana igjen, brøle etternavn når lagoppstillinga blir opplest. Etter å pipe på Peter Kovacs, synge "Vi e fra Ålsun', å vi holler aldri kjeft', diskutere taktikk i pausa. Brøle. Kjefte på dommaren. Juble. Hyle. Kome på jobb mandag med sprukka stemme og digert glis. Eller krype inn døra med hjarte i støvlane og mumlande kommentarar om at "ej forsten'kje mej på ditta lage...".

Eg lengtar etter ein dritforbanna Kjetil Rekdal rett etter kamp. Etter Anders Lindegaard sine verbale krumspring i media. Gliset til Glen Robert når han har scora eit avgjerande mål.

I dag er det 30. november. 14. mars brakar det laus.

Det er ALT for lenge til...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar