onsdag 9. desember 2009

Singel i desember

I går var eg på shopping. Rett nok er eg ferdig med alle julegåvene, men det var berre det at eg blei ferdig med Secret Files: Tunguska på mandagskvelden. Og så oppdaga eg at det fans eit Fable II, og då var igrunn saken biff; rett i bilen etter jobb og til næraste spele-butikk... 45 minutt ein veg.

Men nok om det.

Shopping-senter i desember er eit mareritt for meg. Eg hatar kø, eg hatar trengsel, eg hatar folks som skal sjå på ALLE boksane sånn i tilfelle den eine er litt annleis enn den andre. Eller som skal betale med småpeng når køa er 4 km lang. Eg har enkelt og greit ikkje tålmod med sånt.

Men det har sine fordelar med shopping i desember. Det er den einaste gongen i året eg er takksam for at eg er singel og barnlaus. Eg tykjer regelrett synd i foreldre drassande på to vogner og ein sju-åring som spring sikk-sakk mellom xbox-spel, dvd'ar og radiostyrte duppedittar. Medan toåringen sit i vogn og beljer fordi ho for det fyrste ikkje vil sitje i vogn, men eigentleg vil ho ikkje gå heller. Og den dukka dei gjekk forbi på Brio, den berre SKAL ho ha. Den og ein bolle. Og is. Og sjokolade.

Beljinga har vekt minstemann i vogna si, no vil han og ha merksemd. Putt, eller aller helst pupp. Så då blir det å finne ein kafè der mor kan amme, medan far prøver å få toåringen til å forstå at ho må ete skikkelig mat og ikkje kan få chips no fordi dei skal heim til middag. I mellomtida har sjuåringen sett seg ut ein leikebutikk, og sneke seg unna...


Medan eg går der åleine, med Game-stop som einaste mål for auge. Kanskje ein kopp kaffi, om eg finn eit ledig bord. Og ein liten tur innom H&M.

Akkuart i desember har singellivet heilt klart sine fordelar....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar