mandag 30. november 2009

Det magiske ordet; sesongstart

Det har gått ein knapp månad sidan eg tussla ut av Ullevaal, i gull-ørska og verken sikker på kvar eg var eller kva eg nettopp hadde vore med på. Eg har sett cupfinalen oppatt og oppatt, og får framleis frysningar langt ned i ullsokkane. Skulle tru at denne opplevinga skulle vere nok til å halde meg gåande til mars neste år.

Akk nei.

I dag blei terminlista for Tippeligaen 2010 lansert. Og kriblinga let ikkje vente på seg.

Kampane er ikkje sett opp ein gong, det er berre ei liste med datoar. Men likevel. Lengselen er der med ein gong. Etter krutsterk kaffi, og 30 minutt i kø. Etter stolpen min. Etter tribune-naboane våre. Etter å applaudere gutane våre ut på bana igjen, brøle etternavn når lagoppstillinga blir opplest. Etter å pipe på Peter Kovacs, synge "Vi e fra Ålsun', å vi holler aldri kjeft', diskutere taktikk i pausa. Brøle. Kjefte på dommaren. Juble. Hyle. Kome på jobb mandag med sprukka stemme og digert glis. Eller krype inn døra med hjarte i støvlane og mumlande kommentarar om at "ej forsten'kje mej på ditta lage...".

Eg lengtar etter ein dritforbanna Kjetil Rekdal rett etter kamp. Etter Anders Lindegaard sine verbale krumspring i media. Gliset til Glen Robert når han har scora eit avgjerande mål.

I dag er det 30. november. 14. mars brakar det laus.

Det er ALT for lenge til...

fredag 20. november 2009

Det slår meg at denne "norsk blogg"-ideen ikkje har gått heilt etter planen

No skal det seiast at eg har lege rett ut med det som mest truleg er Svineinfluensa dei siste to vekene. Men det orsakar ikkje at eg ikkje har oppdatert på snart ein månad. Ei heller er det mangel på ting å skrive om som kan ta skulda. Så, no freistar eg å ta meg sjølv i nakken og gir dykk herved ei oppsummering av den siste månaden. I meir eller mindre humoristiske tonar.

La meg få byrje me å anbefale alle å IKKJE få svineinfluensa. No veit eg ikkje om det er den eg har hatt, men symptoma stemmer godt. 4 samanhengande dagar med 40 i feber, pluss nokre dagar før og etter med noko lågare temperatur (dog framleis feber), er ikkje å anbefale. Prøvde meg på jobb i dag for fyrste gong på ei veke. Måtte snu i døra. Har knapt nok ete noko som helst dei siste 7 dagane, og det eg har ete har vore så snilt å kome opp att med ujamne intervallar. I dag har eg ete ein halv hamburger, kald, og drukke masse lunka vatn (ein skal visstnok drikke lunka vatn).

Men no er det håp in a hanging snor. Har fått hostesaft av legen, som visstnok skal løyse opp slim. Problemet er berre at eg har sperre på hostesaft, har ikkje smakt det på mange, mange år. Kva er oddsa for at den smakar appelsin eller noko sånt?

På toppen av det heile er katten djupt fornærma på meg. Har vore heime hjå mamma og pappa den siste veka, og Tango blir berre meir og meir oppgitt over at eg verken gidd å leike eller springe eller ta han med ut eller noko. Makan til eigar...

Har så smått innsett at eg blei sjuk i Oslo. Anten på veg til, i sjølve byen, eller på veg heim. Lite søvn og mykje adrenalin verkar som ein særs dårleg kombinasjon. Neste gong Aalesund havnar i cupfinalen tek eg fly. Same kor redd eg er. Nattbus må vere den værste reisemåten nokon gong.

Men det er om lag det einaste eg har å utsette på Oslo-turen. Alt gjekk knirkefritt. Frame i Oslo i halv sju tida laurdag morgon, taxi til hotellet og der fekk vi faktisk sjekka inn og ete frukost. Så vi rakk å sove nokre timar før det var på med oransj igjen, og rett ut i hjertet av Oslo. Eller, Lille-Ålesund som det nok burde vore omdøypt denne helga. Samme kvar vi snudde og vende oss var det oransj. Saras Telt var smekkfullt heile laurdag. Og spikersuppa var ein opplevelse!

Å stå der, midt i Oslo å synge Aalesund-sangar, og ikkje minst Sunn Møring, av full hals... Og kanskje størst av alt då Magne Fremmerlid song "You raise me up". Sikker på at alle hadde gåsehud langt ned i joggeskoa.

Alt var midt i blinken. Stemninga, folkehavet, oppladinga. Kjetil Rekdal sin "når vi ska knuse Molde i morra, å de gjør vi!" til ellevill jubel frå eit uendeleg oransj hav i Spikersuppa.

Fram til søndag. Og drosje opp til Ullevaal. Å kome inn på stadion, den største eg har vore på, og innsjå at NO. No er det alvor. No skal vi faktisk vise at vi kan. Ej hadde nok meir håpet enn trua, men med FFK-Sarpsborg friskt i minne, og det velkjende "cup er cup" svirrande i bakhovudet var eg smått optimist.

Og stå på Ullevaal å syngje "Ja vi elsker..." var stort. Kanskje noko av det mest spesielle eg har vore med på på ei fotballbane. Og å sjå andletet til Michael Andreassen, stemningsansvarleg i vår ende, der han gjekk framføre oss med eit glis og berre sa "fantastisk" for seg sjølv av og til. Eller som han og sa ei gong, då det blei sett over til han på storskjermen "Jeg trenger ikke å si noe jeg, her bare synger dem".

Og sitje rett bak mål-målet. Eg var faktisk ikkje så nedbrutt til pause, ein-null var då ikkje mykje til leiing.

Så blei Fredrik Carlsen utvist. Då var eg ganske sikker på at slaget var tapt. Og MFK verka ganske sikker på siger, slepte seg nedpå og kom aldri opp att.

Fem minutt etter utvisinga er Diego Silva på veg igjennom. Han blir felt, alle roper på straffe og medan dette skjer kjem Glen Roberts snikande. 1-1. Det eksploderte bak meg og oppover tribuna. Vi lukta ekstraomgangar allereie, kanskje til og med siger.

Og ekstraomganger vart det. Igjen, med eit mål til Molde og ei slags snikande kjensle av at no var det i alle fall gjort.

Så kom Tor Hogne Aarøy.

Eg veit ikkje kor mange gonger eg har sett opp att angrepet. Passninga til Ville Jalasto som vender og skyt fart på kanten. Innlegget som sprett høgare på ein Molde-spelar og Tor Hogne som mest berre heng der og ventar på ballen.

Som går i mål!

2-2, og andre ekstraomgong er snart slutt. 2-2, og Molde har spelt med ein mann meir i nesten 70 minutt. Og leia to gonger!

Straffekonk.

For fyrste gong i ein norsk cupfinale får vi straffekonk. Så klart gjer vi det, oss sunnmøringa ska no ha mest muli for pengane.

I det Helgerud bles for full tid i andre ekstraomgong snur pappa seg til meg; "Lindegaard på straffe."

Eg tenkte det same sjølv. Og han innfrir. Om ikkje så mange som han sjølv vil, så innfrir han ein gong. Og det held. Blikket til Amund Skiri, i det han går opp for å ta den avgjerande straffa, er nesten like iskaldt som sjefen sjølv sitt blikk i Frankrike for nokre år sidan.

Skudd.

Stang INN.

Og Ullevaal eksploderer!

Eg kan så klart freiste å forklare dei kjenslene som går igjennom deg i det du skjøner at favorittlaget ditt har blitt Noregsmeister. Det er berre det at eg hugser ikkje. Eg hugser flagg, og jubel, og synging og at eg brølte ein del "JAAAAAAAAAAAAAAA". Eg hugsar gliset til Ville Jalasto, Glen Robert si elleville flørting med alle kameralinser han fann, andletet til Trond Fredriksen som ENDELEG fekk vinne noko med klubben han har levd for i alle desse åra. Kjetil Rekdal, i nokre augeblink vill julbel. Anders Lindegaard, heilt klart langt forbi rørt.

Det var berre vidunderleg. Hinsides. Ei oppleving eg aldri vil få igjen. Ikkje om AaFK kjem til Ullevaal igjen. Ikkje om det mot alle odds skulle bli AaFK-MFK igjen. Denne kampen kjem det aldri maken til.

Og eg var der