søndag 1. august 2010

Grinefilm

Inspirert av denne artikkelen; eit knippe grinefilmer.

Eg tykkjer grinefilmer er litt greit, av og til. Det er liksom godt å få gråte skikkelig, ein kjenner seg jo betre etterpå.

Det bør takast med i betraktninga at eg grin for den minste lille ting. Og eg må nesten fortelje kvifor dei får meg til å grine, så om du ikkje vil ha slutten på nokon av dei øydelagt så bør du kanskje styre unna.

Bridge to Terabithia
Uff ... denne overraska meg. At Leslie døyr kom heilt ut av ingenting, og det var vondt. Eg såg den heldigvis åleine fyrste gongen, for eg hiksta meg igjennom siste halvtimen. Heilt forferdelig.

Sense and Sensibility
Erm, altså. Ja. Slutten på denne, når Edward dukker opp att, og ikkje har gifta seg med Lucy likevel. Og Elinor berre knekk saman. Og når Marianne, Margareth og mora står ute, og Margareth klatrer opp i hytta si for å sjå kva som skjer. I den augeblinken ho seier "He's sitting next to her... He's kneeling down!". Då knekk eg saman. Aner ikkje kvifor. Men det hender kvar gong.
Eg har fresten aldri grine så mykje av ei bok som eg gjorde når eg las Sense&Sensibility. Bortsettfrå kanskje Deathly Hallows

Life is beautiful
Fine fine fine fæle fæle filmen! Denne er så fantastisk god i seg sjølv. Men HERREGUD som eg grin på slutten! Denne vil eg ikkje øydelegge for folk ein gong, men hvis du ser denne og ikkje bryt saman av måten den slutter på, så hadde eg bestillt legetime pronto. For då er det noko seriøst gale med deg!


Courage under fire
Dette er ikkje sånn stortute-film, akkurat. Men det er sånn "klump-i-halsen-heile-filmen"-film.

Sweet November
Eg hater denne filmen. HATER. Fine filmer skal ikkje slutten sånn. Eg stortuter på slutten, og kjefter og smell på dei som har laga den. DUMME filmen!

Anna and the King
Kjempegrinefilm! Folk som ikkje får kvarandre på slutten er genrellt noko tull, men det som gjer denne ekstra gale er at du veit at det ikkje er nokon måte det kan ordne seg på heller. To personar som verkeleg er så umåteleg forelska, men som ikkje kan få kvarandre fordi absolutt alt står i vegen. Hulk!

Atonement
Denne bør vere sjølvforklarande. Har du ikkje sett den; sjå den. Ta med Kleenex. MYKJE Kleenex.


Just like heaven
Denne filmen går inn for at du skal grine, og bruker alle hjelpemiddel. Og det skal som kjent ikkje så mykje til hjå meg. Snfs, hulk, snufs.

Hamlet
Det må vere Kenneth Branagh-versjonen, for meg. Eg elsker måten han speler Shakespeare på. At Hamlet får deg til å grine er vel akkurat slik William ville ha det. Kan jo ikkje skuffe mannen, heller.

Sliding Doors
Denne filmen er, i mangel på betre norsk ord, innmari sneaky. Den kunne blitt ein sånn Sweet November/City of Angels-film, men den lurer seg unna i siste augeblink.
... ikkje at det hindrer meg å grine så eg rister når Helen blir påkøyrt og døyr.

Og sist men ikkje minst, og dette er FLAUT men;

Free Willy

Ja. Denne får meg til å grine. Og eg veit AKKURAT kvifor; eg hater tanken på å måtte gi slepp på kjæledyret sitt, anten det er ein hund som må avlivast eller ein spekkhoggar som skal setjast fri. Eg hater det. Eg hugser framleis med gru kor knust hjartet mitt var då den fyrste katten vår døydde. Det er den verste kjensla i verda. Og den kjem att kvar gong ungar (eller vaksne) på film må ta farvel med eit dyr dei er glad i. Så ja. Spekkhogger over steinrøys og ut i havet = Linn stortuter.

Sånn er det berre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar