onsdag 11. august 2010

Sjeleven

Ein av dei fyrste tinga vi lærer når vi blir gamle nok til å skjøne dette med romantikk er 'sjelevener'. Den eine personen der ute som er der for deg, han eller ho som skal gi livet ditt meining. Som du har alt til felles med (i alle fall alt som er viktig).

Då eg var om lag 16 år oppdaga eg at sjelevener slett ikkje treng å ha noko med kjærleik å gjere i det heile teke. Du treng ikkje vere forelska i denne personen. Det treng ikkje å vere ein mann, treng ikkje å vere nokon du skal tilbringe resten av livet ditt med. Det kan vere kven som helst. Til og med ein oppdikta figur.

For i mitt tilfelle er det Ally McBeal.

Som kvinner flest har eg fått eit hovud som kan gjere ei fjør til eit heilt hønseri. Alt må igjennomtenkjast minst 34 gonger, helst frå alle tenkjelege (og utenkjelege) vinklar. Og dette er ikkje noko eg har byrja med dei siste åra. Nei nei, slik har det alltid vore.
Vi har jo alle lurt på om ikkje den guten likte oss fordi han kasta viskolær på deg. Eller gått og surra i dagesvis over ein kommentar vi var sikre på var tvetydig, vi visste berre ikkje kva tvetydinga var.

Eg trur dei fleste kvinner kjenner seg att her (og kanskje ein del menn og?). Men då eg var 16 år var eg ganske overbevist om at eg var åleine om sånne tankar. At eg var den einaste som skreiv utallige sider i dagboka mi om den gongen han smile til meg, eller forbanna meg sjølv i månadsvis fordi eg ikkje hadde utnytta det betre då vi var åleine dei fem minutta. Eg trudde, heilt ærleg, at eg var heilt åleine på akkurat det punktet.

Det var då Ally redda meg.

Ally McBeal har alltid vore, er framleis og vil alltid vere den absolutte favorittserien min. Ikkje berre fordi den var morosam, spanade, hjarteknusande og herleg eksentrisk. Men aller mest fordi Ally hadde (frå ein 16-åring sitt synspunkt) akkurat dei same problema som meg.

... neida, eg data ikkje tre menn på ein gong då eg var 16. Ei heller hadde eg for vane å angripe folk på gata. Eller sjå dansande babyar.

Men, eg har til dømes alltid hatt songer i hovudet, lik henne. Ein overaktiv fantasi, der dagdraumane utspeler seg som scener i hovudet (dog utan hallusinasjonar ... enno) Og, kvar gong eg hadde hjartesorg eller var generellt forvirra rundt temaet "menn", så kunne eg skru på TV'en og der var ho. Med "same" problem som meg. Berre ti gonger verre.

Kvar gong ho traff nokon som kunne vere den rette, så fekk eg att trua på kjærleiken (det bør nemnast at eg var 21 før eg traff den fyrste kjærasten min). Var eg lei meg, kom det alltid ein eller annan trist episode som gjorde at eg kunne grine i lag med henne. Det høyrast nok klin tulent ut, at ein TV-serie skal bety så mykje. Men Ally McBeal gjorde det for meg.

Dessutan har eg alltid vore litt ... pussig. Eg snakkar med meg sjølv, har rare små quirks. Tek meg ofte i å nynne eller synge offentleg (dog skjeldan høgt nok til å bli oppdaga). Eg kan høyre ein songtekst og heilt ærleg tru at denne songen er skrive for å fortelje meg noko, eller koble ein kvar song eg høyrer til kva enn eg føler nett no. Eg burde eigentleg hatt min eigen CGI-mann som sneik seg rundt og laga figurar for meg.
Kort sagt; eg er litt rar. Og med tida har eg lært meg å vere stolt av det.

Men det var ikkje så veldig stas då eg var 16. Så då var det godt å ha i alle fall ein person i verda eg kunne kjenne meg att i. Sjølv om ho kom frå sidene i eit manuskript.
Og tenk så glad eg var den dagen Larry tussla inn i livet til Ally. Det tok to replikkar å skjøne at han var drømmemannen hennar. Og dermed drømmemannen min.

... altså, ikkje det at eg går rundt og venter på at figuren Larry Paul skal ringe på døra mi. Pussig, ikkje gal. Det var mannen han representerte eg forelska meg i. Mannen eg visste eg måtte finne ein gong.

Han som såg alle dei rare små quirks'a mine, og elska dei. Som laga snømann på trappa mi som ei "vi sjåast snart"-helsing. Som alltid sa dei rette tinga. Sjølv om dei berre var rette for meg.

Eg var rasande då Robert Downey Jr. fekk sparken. Rasande! Og ikkje på Robert, overhodet ikkje. Eg var sinna på David E. Kelly. Den dagen han skreiv Larry Paul ut av serien for godt, døyde Ally McBeal in mine auge. For det var alt for tydeleg, då han dukka opp bak flyttekassene i den fyrste episoden i sesong fire, at dette var mannen. Han ho skulle gifte seg med. Slutten på endelause timar med 'searching my soul'. Larry Paul var fyrste steg mot slutten på favorittserien min. Og det var heilt greit.

Men då Robert, og Larry, forsvann, forsvann og den perfekte slutten. I mine auge eksisterer sesong fem knapt. For meg slutta serien den dagen Larry vart borte.

Dette byrjer å bli alvorlig lenge sidan. Og sidan då har Ally McBeal dukka opp på TV med ujamne mellomrom. Og ein ting har slått meg kvar gong; ho er framleis sjelevenen min.

Eg kunne skru på ein tilfeldig episode på ein tilfeldig kanal, og uansett hadde ho framleis dei same problema som meg. Eg kunne sette meg ned, nikke igjennkjennande og tenkjer for meg sjølv etterpå at eg ikkje var åleine. Eg delte rett nok skjebne med ein rollefigur i ein TV-serie. Men det var likevel betre enn ingenting.

I det siste har eg kjent meg håplaust singel. Ikkje at eg har jobba så hardt for å gjere noko med det heller, eg har liksom gått litt tom for idear. Men etter to dager med Ally McBeal-episodar (i dag byrja eg på Larry-sesongen) så er det liksom ... greit.

For, same kor innmari ho roter det til, så ordner det seg på eit vis til slutt. Og når det ordner seg for henne, så veit eg at det kjem til å ordne seg for meg.

Ho er jo sjelevenen min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar