tirsdag 6. oktober 2009

Berre må ha det?

Eg er laktose-intollerant. Det er altså ein type allergi, ikkje noko eg har valgt å gjere av eiga fri vilje. Og eg har ikkje altid vore det, det kom av seg sjølv då eg var 16. Mjølk er noko av det beste eg veit, så det var forholdsvis surt (pardon the pun) å ikkje få drikke det lenger.

Difor er eg særs takksam for at det er laktoseredusert mjølk å få i butikkane. Og enda bedre vart det då det dukka opp laktose-fri mjølk.

Men.

Må den verkeleg koste +/- 32 kroner literen? Over 20 kroner meir enn "normal" mjølk. Sei at eg, som er litt over snittet glad i mjølk, drikk 2 liter i veka. Det er om lag 65 kroner i veka. For mjølk!

Eg er ikkje dummare enn at eg skjønar at det sikkert kostar meir å produsere denne mjølka. Og det er kjempeflott at det faktisk blir gjort. Men eg kan ikkje tenkje meg at eg er den einaste som tykjer det er litt stivt med 260 kroner månaden i mjølke-utgifter. Og dersom ingen kjøper denne nye mjølka, forsvinn den jo frå markedet.

No kostar rett nok den laktose-reduserte melka rundt 20 kroner, så den er ikkje billig den heller. Men smaksmessig er den heilt grei å drikke, om ikkje litt vel søt. Så for meg er valet ganske enkelt. 24 kroner i veka er kanskje ikkje mykje, men når du er einsleg å alt er dyrt frå før sparar ein der ein spare kan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar