Men vampyrar... Kanskje noko av det farlegaste du kan komme ut for (om dei hadde eksistert). Bygd for å trekkje til seg byttet, innbydande, vakre. Raskare enn noko levande vesen, sterkare. Når du aner uråd, er det allereie for seint.
Dette let eg meg fasinere av. Av Edward Cullen, Angel, Bill Compton...

Dessutan har eg sakna Stephen Moyer, som eg stort sett berre har sett som prins Phillip i Princess of Thieves. Der han var litt for søt og uskuldig etter min smak, om enn romantisk som få. Å få han som farleg vampyr er perfekt.
Greit nok, overnevnte tre er av den litt meir godslege sorten vampyr. Som aller helst ikkje vil vere slemme og drikke blod. Noko eg, skremmande nok, tykjer er litt keisamt. Er ikkje halve morroa med vampyrar at dei skal vere farlege? James frå Twilight er mykje meir tiltrekkande enn Edward. Farleg, ja. Dødleg? Utvilsomt. Sexy? Hinsides. For ikkje å snakke om Spike i Buffy. Storkjefta, vakker, attpåtil United-supporter...
Trur eg skal vere glad for at vampyrar ikkje eksisterar. Er stygt redd for at eg, naiv og forelska, hadde gått ein rask død i møte. Trøsta får vere at salstala til Twilight, og sjåertala til True Blood, vitnar om at eg ikkje er åleine om akkurat det...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar