fredag 9. oktober 2009

Yes, he can!

Men lat no mannen bevise at han kan før vi gir han ein av vår tids gjevaste prisar.

Eg tviler overhodet ikkje på at Obama, i løpet av si presidentkariere, kjem til å gjere seg fortent til Nobels Fredspris. Men eg veit ikkje heilt om eg tykjer han har gjort seg fortent til den allereie. Som nokon på Twitter bemerka;
Nominasjonsfristen for nobelprisen er 1. februar. Da hadde Obama vært president i 11 dager! Godt gjort!

Eg vil også gjerne ha Obama til Noreg (noko eg mistenkjer at Heidi og Are Kalvø har ein viss rett i å tru ligg bak). Eg skjøner at dette set Noreg på kartet. Eg skjøner alt det der.

Men eg skjøner framleis ikkje kva han har gjort for å fortene denne prisen allereie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar