torsdag 17. desember 2009

Julegåve-dilemma

- Ka du ønska dej te jul i år?

Vanleg vis er dette eit ganske lett spørsmål for meg. Det er alltid ein eller anna duppeditt, eller ei bok eller noko eg manglar som har gått fyken dei siste månedane. Ein CD eller ein film, eller et eller anna ubrukelig.

I år er det litt verre.

I år slit eg faktisk litt med å ynskje meg noko som helst. Eg fekk eigentlig julegåva mi 8. november... og for så vidt 30. august. Så når nokon spør i år så har eg berre eit svar; Ej veit ikkje.

Det verste eg veit er folk som ikkje veit kva dei ynskjer seg til bursdags- eller julegåve. Har mange gonger vurdert ein ny policy, der folk som seier "eg veit ikkje" eller "du treng ikkje kjøpe meg noko" rett og slett ikkje får noko. Kor mange venniner har ikkje fått sett med skåler med "kult" motiv, eller stearinlys eller noko anna nips dei sikkert aldri har brukt?

No har eg altså blitt slik sjølv. Men eigentlig er det ikkje det at eg ikkje ynskjer meg noko. Det er berre at denne lista er noko vanskeleg å oppfylle... for ikkje å snakke om å pakke inn.

1. Snø på Juleaftan
Ikkje eit lite snik av hagl som med godvilje kan likne på kvit mark. Nei nei nei. Eg vil ha minst ein halvmeter. Eg vil vakne på føremiddagen den 24. desember, tasse meg opp trappa i pyjamasen, sjå ut vindauge og bli møtt av digre Skomakergata-flukser med snø som legg seg over ei allereie snødekt heimbygd. Eg vil ha hattar på lyktene på verandaen, det blir så fint lys av dei då. Eg vil lage snølykt. Eller berre gå tur i snøen, med Norgesmester-lua dratt langt nedover øyrene, og kome heim med Curly Sue-permanent på det håret som ikkje fekk plass i lua.
Eg vil ha kvit jul. Det er alt for lenge sidan sist.

2. Nedbetalt studielån
Hadde gjort seg om det krympa litt no. Det hjelp jo ikkje å betale regningane, det store stygge Renteroggebyr-trollet et jo mesteparten av summen før den rekk å trekkast frå lånebeløpet. Så ein lotto-gevinst hadde ikkje skada.

3. Nokre ekstra timar i døgnet
Denne bør vel forklare seg sjølv.

4. Seng a'la Wallace&Gromit
Eg klarer tydeleg vis ikkje å stå opp for eiga maskin, så ei seng som praktisk talt står meg opp hadde vore saker.

5. Kjærast
I følge ein start.no quiz skal eg visst få ein slik i julegåve, men eg må innrømme at eg ikkje set min lit til det.

... i etterkant ser eg at punkt 5 skulle vore høgare prioritert. Og der ligg kanskje noko av problemet...

Så ja, det er ikkje det at eg ikkje ynskjer meg ting i år. Eg har berre blitt... litt kravstor.

No hadde det så klart ikkje skada med Photoshop til Mac... eller ein iPhone... kanskje ny DVD-speler, type sonefri (helsikkes vanskeleg å få tak i)... kanskje ei espresso-maskin... eller kanskje...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar