mandag 8. februar 2010

#frustrert

Jada, eg veit det. Eg køyrer Yaris. Den er liten. Og dei fleste andre som køyrer Yaris er frå 70 år og oppover (ikkje medrekna dei som har Yaris som jobb-bil... noko eg merkeleg nok og har). Folk frå 70 år og oppover held skjeldan fartsgrensa, dei ligg som regel litt under. Er det glatt/snø/regn/mørkt, ligg dei ofte enda lenger under.

Så i teorien kan eg forstå at folk som ser ein Yaris automatisk tenkjer på å køyre forbi så snart dei har sjansen. Det er som kjent bil nummer 2 som skaper køa.

Det eg derimot ikkje skjøner er dei som må forbi uansett. Dei som må forbi sjølv om du ligg på fartsgrensa, eller i mitt tilfelle litt over. Dei som ser ein liten bil og tenkjer at stakkars børstraktoren deira ikkje kan nedverdigast til å ligge bak noko slikt. Og eg skjøner i alle fall ikkje dei som køyrer forbi, for så å køyre saktere enn meg!!

Kjære alle som har større bil enn meg; det er ikkje det at Toyota Yaris ikkje går fortere en 60-65 km i timen i 60-sona/70-75 km i timen i 70-sona/80-85 km i timen i 80-sona and so on and so forth. Det er heller ikkje det at eg ligg her å køyrer lovlig for å plage deg.

Det er rett og slett berre slik at eg ikkje har råd til å få bot fordi du har det travelt.

2 kommentarer:

  1. Hi hi. Den kjenne eg igjenn. Tenk kor det var då eg hadde liten og gammal Skoda! No he ei allefal ein ENDÅ ELDRE Tayota.

    SvarSlett
  2. Du he reinaste rånebilen du, ska ej sei dej :P Ingen so tør å kjøre forbi dej!

    SvarSlett