onsdag 28. oktober 2015

Forelska

... nei, ikkje sånn forelska. Dessverre. Som vanlig.

Det slår meg at i det siste så har eg nytta uttrykket "forelska i musikken" forferdelig mange gonger.

(... i alle fall minst to)

Men det er eit uttrykk eg "alltid" har nytta. Stort sett på engelsk, men likavel. Eg snakker stadig om at eg har forelska meg i den og den artisten, eller det og det bandet. Og då meiner eg for ein (fleire) gongs skuld ikkje den faktiske artisten eller det faktiske bandet (sjølv om det hender det også, altså), men musikken deira.

Og når eg tenkjer meg om så er det akkurat slik det er når eg finn ny favorittmusikk; eg blir rett og slett litt forelska.

... tru meg, eg veit kva eg snakker om. Eg blir forelska lett som berre det, og alt for ofte. "No more crushes" av Number Seven Deli blir litt som å høyre på mi eiga dagbok, for meg.

Så difor veit eg akkurat kva eg snakker om når eg seier at eg blir forelska i musikk. For det artar seg litt på same måten.

Det starter gjerne med ein halv song ein stad. Radio, ei reklame på TV, eller siste resten når eg zappar forbi enda eit talk show eg ikkje vil sjå (eg er forferdelig kresen på sånt). Akkurat nok til at eg stopper opp, høyrer etter, merker meg navnet og legg det på minne til neste gong eg er innom Spotify.

Eller så tjuvstarter eg, og oppdager at folk eg allereie var ganske glad i faktisk er ganske flinke til å synge og (som Robert Downey Jr. eller Laurence Fox).

Men uansett så starter det alltid med den same kjensla. Den litt uforklarlige kjensla ein også har når ein blir forelska i ein person; ein veit ikkje alltid heilt kva det er (ikkje med det same), men noko berre treff.

Og så må du ha meir.

Av og til så oppdager du at du tok feil. Litt som du ofte fell for nokon med fint smil eller brune auge eller svart BMW (man har da vært fjortis), for så å oppdage, når du blir betre kjend med dei, at det omtrent berre var den eine tingen som var fristande. At det gjerne trengs litt meir enn tre takter (eller krølla hår) for å bygge eit langt og meiningsfullt forhold.

Andre gonger seier det pang. Og så sit du i saksa for life.

Når det gjeld personar, er dette overhodet ikkje ein fordel. Tru meg. Det einaste som er meir irriterande enn å forelske seg fortere enn folk flest trekk pusten, er når du aldri heilt klarer å legge frå deg desse forelskingane.

Men når det gjeld musikk så er det ei velsigning.

For uansett når du forelsker deg i musikk, så forblir du ofte forelska heile livet. Sjølv no, 19 år etter at eg spelte "As long as you love me" (og då snakker vi Backstreet Boys altså, ikkje sånn Bieber-tull) så mykje at eine bestevennina mi fekk kvalmefornemelsar berre ho høyrde første tonen, kan eg framleis trekkje på smilebandet når eg høyrer den. Eg hadde ikkje forelska meg i den i dag, hadde nok ikkje valgt den om eg berre kunne høyre på ein song resten av livet.

Men eg er litt glad i den enda, altså.

Det er det som er så fint med å forelske seg i musikk; du treng ikkje å kome deg over det. Det er ingen som ser deg i augene og alvorleg seier at "veit du ka, no he du vør Sondre Lerche-fan sia 2001, no e det overpåtide at du finne dej nokken andre".

Sondre Lerche var forøverig ein sånn "kjærleik ved første tone"-ting. Eg har skrive om det før, og tillet meg å sitere meg sjølv;

"Eller den gongen Sondre Lerche stod på scena under HitAwards på TV2. Alle andre hadde stilt med sceneshow av dimensjonar, playback og gudane veit kva. Sondre kom åleine med gitar, mikrofon, knall blå auge og sin heilt eigen koreografi. Eg var solgt."

Det er eg enno.

I det siste har eg oppdaga at eg har ein såkalla "tell", eit tegn som åtvarer mot at no, no er det i ferd med å hende igjen. Det hender når eg trykker på "play" fyrste gongen, og ordet "åh!" dett ut av meg før det har gått tre takter.

Det hende i mai i år. Det hende igjen for eit par veker sidan.

Og det er litt trist å seie det, men dei to gongane er dei første på lenge.

Eller, eg hadde eit kort og intenst forhold med Colour of bone i fjor haust. Vi treffast framleis av og til, og eg er framleis like glad i dei altså.

Men det er lenge sidan eg rett og slett slutta å finne favorittartistar over ein lav sko. Det var ikkje før no i sommer at det gjekk opp for meg kvifor.

Spotify.

Hersens fantastiske spotify.

For kva gjer du på Spotify? Jo, du høyrer ein fin sang ein plass. Og så leiter du opp akkurat den sangen på Spotify, og putter den inn i altmuligrart-spelelista di (mi heiter "Fine fine FINE sangane" og i skrivande stund har den 841 songar). Av og til lagrer du artisten, eller lager speleliste med alle sangane deira og tenkjer "den skal eg høyre på når eg får tid".

Eg får aldri tid lenger. Eg tek meg ikkje tid lenger.

Stereoanlegget mitt gjekk fyken om lag eit år eller to etter at eg flytta inn i leiligheta eg bur i no. Det gjekk fyken om lag samstundes som iTunes blei ei greie. Og sidan eg verken var særleg rik, eller hadde allverdas med plass, fann eg ut at å investere i nytt eigentleg var dumt. Eg hadde datamaskin, eg hadde iPod og eg hadde apple-konto.

Økonomisk, plassbesparande og så mykje meir praktisk fordi det var plass til UENDELEG med musikk på den iPod'en. Eg pakka vekk CDane mine, digitaliserte dei eg var aller mest glad i, og fekk plass til akvarium i staden.

Eg har eigentleg ikkje angra, før no i det siste.

No i det siste har eg verkeleg angra.

Det starta med GISKE-plata. Som eg allerie hadde kjøpt i iTunes og lytta til tre veker før eg kjøpte den i fysisk utgåve.

For somme ting må du berre ha, anten du har noko å spele dei på eller ikkje. Den einaste fungerande CD-speleren eg har no er i bilen. Og etter at eg øydela den første Robert Post CDen min ein haust eg pendla til Ørskog to dager i veka som vikarierande andre althorn (den fyrste og einaste gongen eg har spelt i meir enn eit korps i gongen), og dei dreiv med vegarbeid i Skjode med dertil humpette underlag, har eg lært at orginal-CDar ikkje skal i nærleiken av bilen ein gong.

(Enden på visa er at eg har to av Robert Post sin fyrste CD; ei signert utgåve (med øydelagt CD inni) som står til pynt, og ein usignert utgåve med CD som virker)

Uansett, "Carousel Magic Spell" er ein av veldig få CDar eg har kjøpt dei siste åra. Fordi eg ville ha den i hylla, ikkje berre på Mac'en.

Og det er fyrste gongen på veldig lenge at eg har vore i ein platebutikk. Utan CD-speler har det liksom ikkje vore vits. Og eg har rett nok vore innom Platekompaniet ein del gonger, men då har det vore filmar eller seriar som har stått på handlelista.

Men det var fyrste gongen på veldig lenge eg har vore i ein platebutikk.

Og hjelp som eg har sakna det.

Eg brukte å handle musikk litt etter det prinsippet ein ikkje skal handle bøker; åh, det coveret såg stilig ut!

Eg har veldig mange CDar eg traff blink med på denne måten.

Eg har også veldig mange som berre har blitt spelt ein gong.

Eg brukte å handle CDar etter stabelen. Eg brukte nesten å stå utanfor døra når det var ein CD på veg som eg gledde meg til.

Eg, som knapt nok sa eit pip til folk eg ikkje kjende frå eg var 11 til eg var 22, snakka ofte både mykje og lenge med dei som jobba i desse butikkane.

Eg kjøpte glatt CDar for ein song. Ofte høyrde eg berre på den, men ofte høyrde eg på fleire og oppdaga at det faktisk var opptil fleire som var fine.

Ei par dager etter at eg høyrde Live sin "Dolphin's cry" for fyrste gong kjøpte eg ALLE CDane deira.

Og ja, eg brukte forferdelig mykje penger på dette, men som eg sa då (og framleis kan seie no); ej verken røyke eller drikk, de e ditte ej bruka pengane mine på.

Og eg sakner det noko så innmari. Å gå å traske på platebutikk, bla i CDar, plukke med seg ein stabel bort til kassa og prøve å late som om det var heilt vanleg å kjøpe "Best of Britney Spears" og HIM sin "Razorblade Romance" i same slengen.

(eg har forøvrig ikkje slite ut verken den eine eller den andre)

Så no har eg teke ei skjefsavgjerd; no skal eg byrje å samle igjen.

Ikkje på filer, eller Spotify-spelelister, men på faktiske, fysiske CDar og plater. Og koste støv av kassa med CDar eg har stua vekke heime hjå mamma og pappa. Og berge LPane dei har liggande som ikkje har blitt spelt sidan nokon øydela arma på platespeleren til pappa då ho var lita.

(Eg meiner framleis det er hass eiga skuld når han er så blaut at han let niåringar leike med den)

Til jul i år treng eg strengt tatt penger. Eller fast jobb. Eller ny tørketrommel. Eller target spiss til Aalesund.

Men til jul i år ønsker eg meg platespeler. Gjerne nytt anlegg med heile pakka.

Og så får eg heller nytte romjula til å krangle med angsten min, og overbevise den om at det faktisk er heilt greit å gå på platebutikk å handle sjølv om ein knapt nok har lært seg å få plata ut av coveret utan å få fingeravtrykk på den.

For sjølv om eg har forelska meg i litt ny musikk i det siste, så kjenner eg at det på langt nær er nok. Og sidan musikk er det einaste eg har å forelske meg i for tida så har eg tenkt å gjere det så mykje eg berre makter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar