mandag 26. oktober 2015

Må vi verkeleg velge kven vi skal bry oss om?

Facebook er ein særs opplysande stad for tida. Og slettes ikkje på ein god måte.

Eg blir heilt skremt av kva voksne (trudde eg), oppegåande (trudde eg) menneske kan ha ut av seg om andre menneske. Dette er sjølvsagt ikkje noko nytt på nokon måte, men i lys av alle dei som er på flukt til Europa i desse tider har det blitt enda meir synlig.

At det går an å snakke slik om andre menneske! Det er ikkje kyr eller sauer vi blir "oversvømt" av. Det er menneske!

Det speler faktisk inga rolle kvifor dei kjem, heller. Kva motivasjonen deira er, eller korleis dei hadde det i det landet dei reiste frå.

DET ER SNAKK OM MENNESKE!

Eg vil ikkje vere med på at det skal vere greit med den ordbruken som har florert på Facebook den siste tida. At denne oss/dei-greia har blitt så ekstrem at dei har blitt redusert til noko som ikkje er verdt ein dritt. Som verken fortener hjelp eller medkjensle.

Og så har vi det evigvarande argumentet som kjem kvar gong dette er eit tema; det er mykje bedre om vi bruker tid å ressurser på å hjelpe dei som ikkje har det bra i Noreg.

Og eg er heilt einig i at vi skal hjelpe dei som ikkje har det bra i Noreg og. Sjølvsagt skal vi det.

Men når blei det greit å kategorisere kven som fortener hjelp ut frå kvar dei kjem frå? Når blei det greit å oversjå menneske i nød fordi dei ikkje "høyrer til her"? Kven i allverda er det som legg føringar for kven som fortener å blir teke vare på, og kven som skal gå for lut og kaldt vatn fordi "dei burde haldt seg der dei var"?

Er det verkeleg eit slikt land vi vil ha? Ei slik verd? Der kvar og ein sit på si eiga tue, og nåde den som prøver å klatre opp for eg var her først?

Dei siste åra har eg jobba med å lære meg at alle har lov til å ha si eiga meining, og at eg godt kan vere ueinig men at eg likevel skal respektere dei. At ein ikkje skal styre kva andre meiner, eller øverkøyre dei om ein er ueining berre fordi ein er overbevist om at ein har rett.

(Ikkje fordi eg gjorde dette før, altså. Men i lys av den framtidige jobben min så blir det ekstra viktig å både tenkje slik sjølv, og klare å hjelpe andre til å sjå denne tankegangen.)

Eg kjenner det held hardt akkurat no. Eg kjenner at eg for ein gongs skuld er glad for at eg ikkje er den som roper høgast.

For akkurat no er nyhendestraumen min på Facebook full av folk eg har lyst til å plukke opp og filleriste. Kommentere kvart einaste innlegg som starter med "send faenskapet ut att" eller "steng grensa, vi vil ikkje ha sånt pakk". Veit at eg eigentleg bør også, at det er feigt å berre scrolle forbi utan å ta eit standpunkt.

Og det handlar ikkje primært om gode/dårlige argument. Eller som i mange tilfelle; mangel på argument i det heile teke.

Det handlar ikkje om at alle skal meine det same som eg. Eller at eg nødvendigvis har kjemperett i alt.

Det handlar om menneskesyn. Det handlar om korleis ein vel å ordlegge seg når ein snakker om andre menneske. Det handlar om "kven som er viktigast", om at det i det heile teke finnast ein idè om at nokon er viktigare enn andre.

Kor i allverda kom den ideen frå??

Det handlar om menneske, til sjuande og sist. Menneske med ulike skjebner, akkurat som oss. Barn utan foreldre, fedre som har reist frå framilien i håp om å finne ein trygg stad å hente dei til (utan å vite om dei i det heile teke har ein familie å hente når dei kjem fram). Menneske som reiser frå ein kvardag dei fleste av oss ikkje kan byrje å forestille seg ein gong.

"Eg veit korleis du har det" har blitt ein slik ting ein eigentleg ikkje burde seie lenger. For ingen veit korleis nokon har det, eigentleg. To personar kan ha angst, og oppleve det totalt ulikt. To personar kan ha kreft, og oppleve det totalt ulikt. To personar kan vere fattige, eller sjuke, eller einsame, og oppleve det totalt ulikt.

Men at personar som har det fælt har det fælt, og at dei fortener medkjensle, det er vi alle ganske einige om. At vi bør strekke ut ei hand, seie gode ord, gjere noko for at å gjere dagen til desse menneska litt betre. For å hjelpe og trøste, så godt vi kan og evner.

Kanskje vi burde tenkje på å strekke den handa litt lenger?

(Og absolutt ALL ære til dei som gjer dette. Som reiser ut for å hjelpe, som organiserer hjelpegrupper og samler inn klede og gjer så uendeleg mykje meir enn eg sjølv kjenner at eg kunne gjort. For det er mange av dei også, altså. Og dei fortener verkeleg ros.)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar