mandag 7. juni 2010

Har funne ein sånn sang igjen

Du veit, ein sånn sang som kryp inn øyrene dine og gøymer seg i ein krok. Som dukker opp heile tida, som du konstant går og nynner på.

Men dett er ikkje I kissed a girl and I liked it, eller Poker face eller (gud forby!) Rosa helikopter. Nei nei nei. Dette er ein fin sang. Ein sånn sang det ikkje går ann å mislike. Ein sang eg nynner på med glede. Og syng, etter at eg endeleg lærte meg teksten. Ein sånn god liten sang, ein sånn du let att augene og nyt.

Og sidan eg er generøs av meg så kan eg jo ikkje la vere å dele;


Robert Downey Jr - Man like me. Kanskje den vakraste sangen nokon gong. Enjoy.

Og når du har forelska deg; sjekk ut albumet The Futurist frå same mann. Spesiellt hans versjon av Smile. Vakkert!

søndag 6. juni 2010

Eg lærer liksom aldri eg...

For om lag 2 år sidan, rundt desse tider på året, fekk eg det for meg at eg skulle vere lur. Altså, eg er jo lur. Kjempelur. Men akkurat det eg fekk for meg då var ikkje lurt i det heile tatt.

Eg fann ut at sidan det var midt på sommeren, og lyst og sånn, så kunne eg endeleg sjå The Dark.

Altså, la oss fastslå noko ein gong for alle; IKKJE SJÅ THE DARK! Seriøst, stay clear! Einaste grunnen til at The Dark står i DVD-stativet mitt (og der har den stått sidan sommeren for to år sidan, utanom når eg dreg den fram, viser den til gjester og seier 'for Guds skyld, må ALDRI sjå dinne filmen') er Sean Bean. Onde onde Sean Bean. Som verkeleg må slutte å spele i ting som The Dark, Silent Hill, The Hitcher ...

Uansett; eg skulle sjå The Dark. Midt på sommeren, på lyse dagen. Då måtte det jo gå bra.

... sitat Raske menn; eh, neeeeeeej

Eg sov ikkje ein time den natta. Eg har ikkje vore så skremt av ein film i mitt liv. No ser eg rett nok ikkje mykje skrekkfilm, men er til gjengjeld lettskremt. Og den skremte vettet av meg.

... 2 år seinere, og eg har gløymt alt. Og, sidan eg er i ferd med å drukne meg sjølv i Robert Downey Jr-filmar (har sett Iron Man tre gonger på ei veke), så ja. Etter elendigheta som var U.S. Marshals (seriøst; du får aldri att dei to timane og 13 minutta) trong eg meir. Som kjent; too much of a good thing is delicious.

Kvifor eg valde Gothika er derimot eit mysterie.

Eg har prøvd å sjå Gothika ein gong før. Stikkordet i den settninga er prøvd. Eg skrudde av etter ti minutt, vel overbevist om at ikkje ein gong RDJ var verd dette. Og det er jo ikkje som eg ikkje har andre filmer med Robbie; Wonder boys (awesome, forresten), Chances are, Zodiac, The singing detective ... for å nemne nokon. Så kvifor, i allverdas land og rike, eg valde Gothika er hinsides mi fattning. Men eg gjorde då ein gong det.

Så, med puta mi klar i tilfelle æsjascener, gjekk eg laus. Og det gjekk bra. Eg har sett Gothika ... eller, eg har sett halve Gothika. Andre halvparten forsvann bak ei pute. Meeeen, eg fekk sett slutten. Og då har eg jo pr definisjon sett den. Og den var slett ikkje verst. Og så ... ja, altså; SPOILER

Det einaste som redder meg frå mareritt er om skumlingen døyr på slutten. Då søv eg som ein stein. Skulle han/ho derimot overleve, som fks Henry Darius i CSI:NY, då er det verre. Eller om han/ho allereie er daud, men likevel dukker opp (The Dark) så ja. Då slit eg.
Men, skumlingane døyde i Gothika. Og ho som var skummelt og blondt gjenferd var eigentleg ikkje skummel likevel. Så då er det greit, liksom.

Likevel; eg legg meg ikkje i kveld før eg har kome gjennom eit heftig antall RDJ-intervju på youtube. Sånne der han verken er mistenkjeleg FBI-agent eller litt tvetydig metalsjukehus-lege. Dessuten rekner eg med at min nye helt Iron Man redder meg om nokon skumlingar kjem for å ta meg.

... jo takk, eg har det heilt fint i mi ega lille verd eg. Ska'rru vær'la?

lørdag 5. juni 2010

E'kje berre berre

Har hatt to særs lange dagar. Det som starta som eit legebesøk for søster'n, enda på sjukehus med overnatting og narkose. Utan at det er så alvorleg som det høyrast ut, det er berre snakk om ein tvilling. Men å forklare ein generellt skeptisk autist at det berre er å lokalbedøve og tømme, det er ikkje så lett. Då blir einaste løysing full narkose. Og overnatting.

Men no er jenta frisk og rask att, tvillingen er tømt og ho er heime i leiligheta. Men det har vore ein lang både fredag og laurdag, både for oss og henne. Mest for henne, så klart. Så med den månaden farmor hadde tidlegare i år, og desse to dagane her, så ser eg helst at vi slepp fleire sjukehusopphald i denne familien på ei stund.

Bygones

Eg skulle berre ein liten tur innom youtube, for å finne litt Ally/Larry-klipp og mimre om gamle dager. Så fann eg denne, og då var det gjort.



Ally McBeal er, den dag i dag, den absolutte favorittserien min. CSI, NCIS, Bones, Cold Case, Wire in the blood, Waking the dead... dæven, eg ser mykje krim! Men uansett, det var ikkje poenget. Poenget var at ingen av dei slår Ally.

... før eg fortsett bør det poengterast at eg veit at Ally McBeal er ein TV-serie. Det visste eg då og. But bear with me.

Ally er liksom tvillingsjela mi. Overaktiv fantasi, overanalyserande hovud, og den der kjensla av å ville krympe til Tommelise-storleik og gøyme seg bak eit stolbein... been there! Så då serien kom på TV var det det beste som kunne hende meg. Ein kveld i veka kunne eg sette meg ned i selskap av ei som var like nevrotisk og småsprø som meg.
Eg greidde alltid å finne ein identifiserande faktor i Ally McBeal-episodane, alltid noko eg kunne koble til hendingar i mitt eige liv. Eg hadde jo også ein Billy.
Snakke til meg sjølv; check
Egen bakgrunnsmusikk; check (no danser eg til denne både titt og ofte)
Problem med å finne den rette; check check and double-check

Skalerte ned til ein 16-åring si verd var alle problema til Ally også mine. Hadde eg kjærleikssorg, hadde ho det alltid og ... ok, her var oddsa rett nok gode, ho hadde alltid kjærleikssorg. Men i bunn og grunn kjende eg meg att. Eg hadde nokon å dele mine sære, lille ting med.

Eg følte med Ally. Kanskje litt vel mykje, med tanke på at ho var ein figur på TV. Men eg håpa håpa håpa at det skulle ordne seg for henne. Innerst inne fordi eg tenkte at når vi hadde alt anna til felles, kom vi til å få det til felles og. Det var derfor eg var så glad då Larry dukka opp.

Larry Paul. Han var ... perfekt. Både for meg og Ally. Morosam, eksentrisk, sjarmerande. Men med ei melankolsk side, ting du måtte lokke ut av han. Ein mann som kunne redde oss, men som vi samstundes måtte redde og. Han var siste brikka i puslespelet Ally McBeal, og eg var sikker på at serien kom til å ende med dei, lukkelege.

Eg tilga aldri David E. Kelly for at han gav Robert Downey Jr. sparken då rusproblema hans blussa opp att. Eg skjønte heile den greia med godt eksempel og skikkeleg folk og alt det der. Men David E. Kelly skjønte ikkje at han hadde knust Ally og min sin illusjon for alltid.

For Larry var perfekt. Larry var mannen Ally venta på, den som kunne gi verda hennar meining. Og Larry enda opp med å bli mannen eg venta på og. Altså, ikkje Robert Downey Jr. eller Larry Paul. Men ein mann som han. Ein som såg alle dei søte små raritetane våre, men som likte oss likevel. Som ikkje lot seg skremme. Som skaffa Sting som underhaldning på bursdagen vår.

Dette tok David E. Kelly frå oss. Og serien vart aldri det same etterpå. Eg håpa kvar veke, kvar nye episode og kvar sesong at nokon hadde ombestemt seg. At Ally skulle opne døra når det ringte på om kvelden (det var jo alltid nokon som ringte på om kvelden), og der skulle Larry stå. Og så skulle dei leve lukkeleg alle sine dager.

Men nei. I staden rota dei inn ei dotter teke ut av ingeting og Jon Bon Jovi. Nei nei nei.

Den dag i dag blir eg irritert, nesten litt lei meg, når eg ser klipp av Ally og Larry. Det er noko anna å sjå Wendy og Hodges (CSI). Den serien pågår enda, ting kan skje.

Men Ally og Larry får aldri kvarandre. Og eg veit, eg skreiv nett eit blogginnlegg der eg argumenterte for det stikk motsette av dette. Men det var annaleis. Dette er annaleis. Det handla om den perfekte mannen, den perfekte kjærleiken, det perfekte alt.

Verken Ally eller Larry var perfekte. Men dei passa perfekt saman.

fredag 4. juni 2010

Skrivesperre

If you want to be a writer ... write. (Epictetus)

Så det gjer eg. Før har eg bere skrive ting eg var nøgd meg, og gitt opp midtvegs i ting eg ikkje var nøgd med. Den tida er det slutt på. No skriv eg alt. Anten det er sprø blogginnlegg, rare dikt, eller berre side opp og side ned om å ha skrivesperre.

Og i morgon gjer eg det eg har planlagt i månadsvis; eg reiser til Ålesund, finn ein kafè og skriv. Og skriv. Og skriv. Så lenge eg kjøper mat der kan dei trass alt ikkje hive meg ut ... sant?

torsdag 3. juni 2010

Damn you, Richard Curtis!

Det er di skuld, alt saman!

Til opplysning; Richard Curtis er mannen bak Love Actually, Bridget Jones, Notting Hill og Four weddings and a funeral. Han representerer ein gjeng menneske som har øydelagt mykje for mange. Deriblandt meg.

Det er Richard Curtis si skuld at eg framleis venter på mannen som bretter underbuksene sine, som lærer seg portugisisk for meg eller som bur i hus med blå dør. Det er Richard Curtis si skuld at eg har hovudet i skyene.

... det bør nemnast at eg som regel berre er sinna på Richard Curtis ein gong i året, sånn om lag midtvegs i februar. Men eg blei nettopp bakhaldsangrepe av ein Hotel Babylon-episode om Valentine's day, og er litt på krigsstien.

Eg er veldig god på å ha svara når problema ikkje er mine eigne. Så når vennina mi utbryt, heilt på slutten av 27 dresses, "kor e dissa mannfolka i de virklie liv!?" har svaret mitt alltid vore det same;
Dei finns ikkje i det verkelege liv. Hadde dei gjort det, hadde Richard Curtis vore arbeidslaus.

Og ja, eg kjenner meg ekstra singel i dag. Det gjorde eg eigentleg før den hersens TV-serien.

Romantiske filmer er det best, og verste, eg veit. Og grunnen er enkel;
ALT ordner seg i dei.

Dette er bra fordi då kan eg i alle fall leve i den illusjonen. Om at alt ordner seg for snille piker. Om at mannen i ditt liv dukker opp, heseblesande, heilt på slutten for å erklære at han ikkje kan leve eit minutt lenger utan deg. Sjølv om han har snubla i kvar einaste setning så langt i historia, så kjem dette klokkeklart ut. Du er den einaste einaste eine, og det er berre deg. Berre deg.

Problemet er berre at dette gjer at eg lev i illusjonen. Eg har ei slags innebygd mekanisme, ei overtyding, om at alt ordner seg berre eg venter. Eg har jo vore snill jente heile livet. Eg fortener jo Richard Curtis-slutten min. Den perfekte mann kjem dalande kvart augeblikk. Han som veit alle dei rette tinga å seie, som heldt ope dører, dreg ut stoler, bretter boxershortsa sine og går ned på kne når han skal fri.

Det er ikkje sånn det fungerer. Hadde det vore slik, hadde vi ikkje sukka henført kvar gong nokon fortalde om ein slik mann dei faktisk hadde møtt. Eller kvar gong Richard Curtis set namnet sitt på noko.

Eller, Richard Curtis skal ha litt cred. Han starter trass alt Love Actually slik;
(...) It seems to me that love is everywhere. Often, it's not particularly dignified or newsworthy, but it's always there (...)

Og Love Actually er litt grei sånn ... actually. Alt går ikkje bra. Alt ender ikkje perfekt. Men du gløymer at Alan Rickman er utro (?) mot Emma Thompson, fordi Natalie får Statsministeren sin. Du gløymer stakkaren som er ulukkeleg forelska i kona til bestekompisen, fordi Colin Firth hopper på eit fly på juleaftan for å fri på (noget ustø) Portugisisk. Og som om ikkje det var nok, så har ho lært seg engelsk og. Just in cases.

Det er urettvist. Eg vil og treffe kjekk mann som skriv dårlege krimbøker og er livredd for ål! Evt berre ein mann. Som ikkje skriv bøker i det heile tatt. Og som fisker ål. I don't care.

Tru om Gud morer seg over slike som meg? Oss William Thacker'ane of the real world. Vi som snubler i orda heile tida, men som ikkje har nokon Richard Curtis som kan skrive dei rette replikkane for oss når det går for gale.

Du veit det, Gud, at eit av kriteria for at vi menneska skal halde fram med å reproduserer oss og leve på denne planeten du har putta oss på, så er det ei aldri så lita forutsettning at vi faktisk finn saman. Og held saman. Det hadde vore på sin plass med ein software-update.

Eller kanskje du kan open ein app-store. Eg melder meg frivillig som produktutviklar.

Alternativt kan du finne meg ein mann. Så skal eg slutte å klage. Lover.

tirsdag 1. juni 2010

En sånn der bøk

Rundt mars i fjor laga eg eit nyttårsforsett.

... ja, eg veit. Lovlig seint. Men dei ein lager nyttårsaftan held aldri likavel.

Uansett. Nyttårsforsettet bestod av ei milelang liste bøker eg ville igjennom. Ei liste som vaks for kvar handletur, eller for kvar nye forfatter eg oppdaga. Så, litt over eit år seinere er det på tide å oppsumere og anbefale litt bøker.

Akkurat her hadde cut-funksjonen som LiveJournal har vore eit gode, men eg finn no ein gong ikkje noko tilsvarande på blogspot. Så denne blir lang. Beklager.

Vi byrjer med lista i si oppdaterte tilstand:
[X] Dune - Frank Herbert
[X] Dune Messiah - Frank Herbert
[] Children of Dune - Frank Herbert
[] Sandworms of Dune
[X] Appelsinpiken - Jostein Gaarder
[X] Begynnelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Fortsettelsen - Hans Frederik Follestad
[X] Slutten - Hans Frederik Follestad
[] Menn som hater kvinner - Stieg Larsson
[] Jenta som lekte med ilden - Stieg Larsson
[] Luftslottet som sprengtes - Stieg Larsson
[] The Italian - Ann Radcliffe
[] Mysteries of Udolpho - Ann Radcliffe
[x] Den fjerde rytter - Agatha Christie
[] Kom til meg, død - Agatha Christie
[] Klokkene - Agatha Christie
[] Pride&Prejudice - Jane Austen
[] Northanger Abbey - Jane Austen
[] Emma - Jane Austen
[] Salme ved reisens slutt - Erik Fosnes Hansen
[] Falketårnet - Erik Fosnes Hansen
[] Beretninger om beskyttelse - Erik Fosnes Hansen
[X] The Vampire Diaries; The awakening - L.J. Smith
[X] The Vampire Diaries; The struggle - L.J. Smith
[] The Vampire Diaries; The fury - L.J. Smith
[] The Vampire Diaries; Dark Reunion- L.J. Smith
[X] The lost symbol - Dan Brown
[] Deception Point - Dan Brown
[] A fire upon the deep - Vernor Vinge
[] A deepness in the sky - Vernor Vinge
[X] Interview with the Vampire - Anne Rice
[] Queen of the damned - Anne Rice
[] Paktens voktere - Tom Egeland
[X] Åndebrettet - Tom Egenland
[] Lucifers evangelium - Tom Egeland
[X] Sirkelens Ende - Tom Egeland
[X] Dead Until Dark - Charlaine Harris
[X] Living Dead in Dallas - Charlaine Harris
[X] Club Dead - Charlaine Harris
[X] Dead to the world - Charlaine Harris
[X] Dead as a doornail - Charlaine Harris
[] Definitely dead - Charlaine Harris
[] Monster - Knut Nærum
[] Sneglemannen - Knut Nærum
[] A traitor to memory - Elizabeth George
[] A suitable vengeance - Elizabeth George
[] With no one as witness - Elizabeth George
[] Playing for the ashes - Elizabeth George
[] The Poe Shadow
[] Murder in the Rue Morgue - Edgar Allen Poe
[X] Tales of Beedle the Bard - JK Rowling
[] Silmarillion - JRR Tolkien
[] The Light Fantastic - Terry Pratchett
[] The Resurrectionist - James Bradley
[] A quiet belief in angels - R.J. Ellory
[] Dead Souls - Ian Rankin
[] The Host - Stephenie Meyer
[] The notebook - Nicholas Sparks
[X] The lost book of Salem - Kathrine Howe
[] Flammer - Ross Kolby
[] Jane Eyre - Charlotte Brontë
[] Kvinnen i kjøleskapet - Gunar Staalesen
[] The Associate - John Grisham
[] Dracula - Bram Stoker
[] Bridget Jones: The edge of reason - Helen Fielding
[] The boy next door - Josie Lloy&Emlyn Rees
[] Love, etc - Julian Barnes
[] The murder room - PD James
[] Not dead enough - Peter James
[] Labyrinth - Kate Mosse
[] Map of bones - James Rollins
[] The wire in the blood - Val McDermid
[] Sweetheart - Chelsea Cain

Det har blitt mindre lesing i det siste, av ymse grunner.

Så, kva anbefaler ein frå ei slik liste?
Vel, TrueBlood-bøkene er sjølvsagt. Om du liker vampyrar, varulvar, romantikk og snikskytarar og sånt. Det er kanskje ikkje litteratur i Jane Austen-stil, men det er fornøyeleg nok. Dei har forøvrig og kome på norsk no. Har lest ei linje, og fraråder på det sterkaste å lese dei på norsk. Fydda!

Liker du magi og hekser, er The lost book of Salem absolutt å anbefale. Eg handler bøker etter innfalls-prinsippet, og denne vart kjøpt på måfå. Utruleg kor ofte ein finn dei beste tinga slik. Den handler i alle tilfelle om ei som bruker sommerferien på å rydde det gamle huset til bestemora. Her finn ho ei eldgammal oppskriftsbok, og starter jakta på historia bak boka. Parallelt fyljer vi historia til ei av heksene i Salem.

Interview with the Vampire
er den vakraste boka eg nokon gong har lest. Ikkje reint historie-messig, den var både ekkel og fæl. Men språket er så nydeleg at du knapt treng å bruke fantasien. Bileta teikner seg i hovudet ditt heilt utan hjelp.

Eg er kanskje ei enkel sjel, men eg elsker De fire og han som gjør galt verre. Min type humor. Eg veit ikkje kva som fekk meg til å kjøpe dei bøkene ... eller, det gjer eg. Men det er ikkje så viktig. Det viktige er at dei er kjempemorosame. Frå Jesper Schtadig, damemagnet og arving til Turtle Wax-formua, til oppfinnaren Hai Tekk med sine smått galne oppfinningar ... det er berre herleg, morro, sprøtt, til tider direkte flaut og faktisk spanande oppi heile greia.

Den fjerde rytter var ei ganske utypisk Agatha Christie-bok. Vanlegvis styrer eg unna hennar bøker på norsk, men denne har eg hatt liggande ganske lenge og tenkte det var på tide å lese. Ingen Miss Marple eller Poirot, men ein hovudperson som roter seg inn i eit opplegg kalla "Den gule hest", som kan hjelpe deg å få tatt av dage personar du skulle blitt kvitt, utan mistanke.
Du ser deg litt over skuldra etter denne boka. Som i mitt tilfelle er eit kvalitetsteikn.

Åndebrettet er den verste boka eg har lese på ei stund. Ikkje det, boka i seg sjølv var ikkje så fæl. Eller, historia har jo gåsehudfaktor så det held. Men det er det overnaturlege aspektet i denne boka som laga trøbbel for meg. Eg vakna kvar natt, medan eg haldt på, overtydd om at nokon stod på soveromsgolvet mitt. Ein gong hugser eg at eg sa til meg sjølv "no må du få lest ferdi dinna helvettes boka". Igjen, eit kvalitetsteikn. Kudos, @tomegeland.

Akkurat no held eg på med Labyrinth av Kate Mosse. Eg er på side 86 av om lag 700, og det er litt tidleg å anbefale den til nokon som helst. Men den verker spanande. Eg har eit mål om å lese den ferdig i løpet av juni, og lover å gi tilbakemelding etter det :)

PS: Ser forøvrig at eg har ein tag som heiter 'fredagsboka'. Denne skulle da vitterlig brukast kvar fredag. Skjerpings, Linn!