fredag 15. januar 2010

"De e fredag"

Dette er favoritt-unnskyldninga mi. Eg bruker den heile veka. I dagane fram mot fredag, sleng eg berre på eit 'snart'. Bortsettfrå mandag. Då har eg ei anna unnskyldning; "De e mandag".

Desse unnskyldningane er fine, dei funkar på nesten alt av trivielle problem i kvardagen. Det er så klart ikkje det du seier til ein kunde som har fått feil i annonsa si, eller nokon som ikkje har fått avisa si på 2 veker. Men til alt anna er den ganske kurant;

Dårlig vits som ingen ler av?
Sleng på "De e fredag", då trekk dei i alle fall alltid på smilebandet. Evt kan den kombinerast med "bør vite betre enn å prøve å vere morosam etter 12 på ein fredag".

Mail som skulle vore sendt over til nokon for 3 timar sidan?
"Å herregud, he ej klart å glømt de? Jaja, de e fredag".

Fellesmail til alle kundane der bestillingsfristen for annonsa kjem mandagen etter at annonsa skulle stått på trykk?
... vel, denne gjekk rett nok ut på ein mandag. Så unnskyldninga her vart "bør nok ikkje sende mail før eg har fått i meg vekas første kaffi".

Litt for mange turar innom klikk.no/twitter/vgnett/younameit?
Her treng du ikkje ein gong seie at det er fredag. Her veit alle kvifor


Nugatti på brødskiva på ein litt-over-middels-slankeorientert arbeidsplass?
"De e fredag. De e snart helg. I helga e de løv å kose sej."

Eg slit forøvrig med å få gehør for mi favoritt-unnskyldning #2. Eller, 'rettferdiggjering' er vel eit betre ord. Eg meiner, trass at eg møter motbør kvar enn eg snur meg, at alt du et kan brytast ned til at det er sunt. La oss ta nokre glitrande eksempel:

Potetgull (m/paprika)
Paprika er ein grønsak. Grønsaker er sunt. Potet er sunt (med mindre du spør visse slankeekspertar).
Ergo; potetgull med paprika er sunt

Sjokoladekjeks.
Sjokolade kjem frå kakaobønner. Bønner står i alle slankeoppskrifter, ergo må de vere sunt.
Det er mjøl, sukker, smør og egg (t.d.) i kjeks. Mjøl kjem frå kornplanter. Plantar er sunne. Sukker kjem frå sukkerør. Igjen, ein plante. Plante sunn. Smør kjem frå melk. Melk er sunt. Og om du skal krangle; kvar kjem melk frå? Kua. Og kva et kua? Gras. Og kva er gras? Nettopp, ein plante. Sunt. Egg = sunnt.
Ergo; sjokoladekjeks sunt. Dessutan har mange sjokoladekjekstypar nøtter og/eller havregryn etc. Og det er i alle fall sunt!

Sjokolade
1. Sjokolade, igjen, frå bønner. Bønner sunt
2. Det finnast utallige forskningsraportar om sjokolade, som alle konkluderer at det er bra for t.d. stress. Stress i seg sjølv er usunt, som vi alle veit. Sjokolade hjelp mot stress.
Ergo; sjokolade = sunt

... føler denne blogposten sklei litt ut... men men. De' e fredag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar