onsdag 6. januar 2010

Interview with the vampire

Med om lag 80 sider att, og vedvarande gåsehud, må eg vedgå at denne er på veg til toppen av favoritt-lista mi.

Heilt sidan eg starta har det slått meg kor nydeleg språket er, kor gripande forteljinga er. Rett nok har den ein del forhaldsvis ekle undertonar, men Anne Rice ballanserer på grensa og held seg akkurat innanfor kva eg orkar å lese.

Eg er kanskje meir fasinert av språket enn sjølve handlinga. Historia i seg sjølv er like tragisk som den er vakker. Men det er måten den blir fortalt på som fengjer mest. Eg ser for meg stadane; Point du Lac, dei mørke bakgatene i New Orleans. Claudia som eit lite lys i enden av ei mørk gate, ein stakkars person på veg bort for å hjelpe det uskuldige lille barnet. Middelhavet, svart under båten. Klosteret på toppen av fjellet, den haltande vampyren. Andleta til offera i det tennene til Louis, Lestat eller Claudia synk ned i dei.

Orda åleine er rett og slett nok til å skape levande bilder. Kanskje har nokon det slik med alle bøker dei les. Eg innrømmer at fantasien min er nok så god, og at eg ofte ser for meg det eg les. Men ikkje på denne måten. Ikkje så detaljert, så ekte.

Blir nok til at eg ser filmen, Tom Cruise til tross. Eg må berre sjå korleis dei har festa ei slik historie til film.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar