lørdag 16. januar 2010

MGP 2 - skikkelig blogg

Eg har liksom ikkje kome i gong med MGP-blogging i år. Forrige veke hadde eg faktisk besøk under MGP, trass at ingen eg kjenner er spesiellt glad i konseptet. Men eg hadde i alle fall selskap då eg såg det, og dette døyva trongen til å blogge. For kva er vel MGP, om ikkje ein sjanse for folk å meine akkurat det dei vil om ein haug med melodiar, kjolar, koreografi o.l utan nokon bakgrunn for det. Elsk eller hat, er det ikkje det som er morroa med MGP?

Sjølv elsker eg MGP. Og ESC. Heilt sidan eg var 8 år, og fekk sete oppe å sjå alle sangane i Roma i 1991, har eg vore spikra framfor skjermen kvart år. Eg hugser enno at den fyrste MGP-favoritten min var Kjetil Stokkan sin Brandenburger Tor frå 1990. Og sidan har det går slag i slag. Og eg har vore like indignert kvar gong vi ikkje har vunne når ein av favorittane mine har vore med.

Første gong eg verkeleg hadde trua på ein norsk MGP-vinnar var i 2001. Då sendte vi Haldor Lægreid med On My Own. For den som ikkje hugser korleis det gjekk, fekk vi 3 poeng av Portugal og måtte dele sisteplassen med Island. Gedigen nedtur for underteikna. Og Haldor Lægreid forsvann frå... nei, la oss vere ærlege; Haldor Lægreid vart mobba ut av rampelyset. Avisframsidene fekk sisteplassen til å sjå ut som eit brotsverk på høgde med overlagt drap. Sidan har vi diverre høyrt fint lite frå mannen som har ei av dei beste stemmene i Noreg.

Det har skjedd noko med MGP dei siste åra. Eg hugser framleis med gru 1997, då vi presterte å sende Tor Endresen til Dublin. Det gjekk som det berre måtte gå; Norway, zero points. Etter det trur eg det var fleire som fekk opp augene. No skal eg ikkje kome å sei at alt vi har sendt til ESC sidan har vore i verdsklasse, men det skjedde noko etter den sisteplassen.

Meeen, det var ikkje svunne tider eg skulle blogge om. Er berre så utrulig lett å rote seg vekk i mimring når ein leiter etter ein spesiell MGP-sang på youtube.

Forrige fredag må eg seie meg nøgd med utfallet. At Maria Haukaas Storeng gjekk videre var vel like overraskande som at Siv Jensen er sur på noko. At
Keep of Kalessin gjekk videre er eg heller ikkje videre overraska over. Ser gjerne at Bjørn Johan Muri fyljer dei etter sistesjansen. Og det slår meg at kanskje nokon burde hindre Gaute Ormåsen i å skrive fleire av songane sine sjølv *grøss* Men men, kvar si lyst.

Kveldens finale veit eg ikkje heilt kva eg skal seie om. Bevares, Maria Arrendondo kan synge (de veit vi jo strengt tatt frå før), men eg tviler på at denne sangen stikk seg ut i den internasjonale finalen. Heine Totland er kanskje den mest sjarmerande mannen i Noreg, men eg må innrømme at eg er overraska over at han gjekk videre. Nøgd, men overraska. Venke Knutson sin song har eg lite til overs for.

Alexander Stenerud derimot. DEN liker eg. Det har eg allereie sunge 200 gonger i kveld. Men, vinne den internasjonale finalen? Alas, no. Men når det er sagt så skal nivået ganske høgt opp i neste finale før eg ombestemmer meg.

MGP 2010: Alexander Stenerud FTW!

Foto: Fredrik Arff/Dinamo/NRK

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar