onsdag 24. februar 2010

Det skal ikkje løne seg å vere singel

Har nettopp vore i banken for å sjå på sjansane mine til å få lån til eigen bolig. Vi kan trygt seie at dei er lik null. Med låg inntekt, billån og studielån sitt eg att med raude tal etter betalte avgifter.

Ikkje at dette kom som noko som helst form for bombe. Eg strauk kanskje nesten i matte på VGS, men nokre ting skjøner ein sjølv utan ingeniør-utdanning. Det einaste eg kan håpe på er at eg anten plutselig vinn i lotto, eller at mannen i mitt liv kjem ramlande.

Ingen av dei verker spesiellt trulege.

No hadde eg ingen planer om å flytte på dagen, eg bor fint og billig eg. Men før eller seinere må eg og kjøpe min eigen bolig. Og eg nekter å vere dame a'la Fornuft&følelser, og sitje fint å vente på at det skal kome ein mann å redde meg. Det er berre at det verker som det er slik det skal vere.

2 kommentarer:

  1. Selv sitter jeg og venter på at en passende dame skal komme og redde meg. Tror ikke det er meningen at menn skal være single heller.

    SvarSlett
  2. Det er eigentleg underleg at det er så mange av oss. Ingen *vil* jo vere singel... eller, ytterst få i alle fall.

    SvarSlett