tirsdag 24. november 2015

Kistefornøyelse

I år har eg ønska meg ein ting til jul. Berre ein einaste ting.

Platespeler.

... og fornya sesongkort på CLS, men det har eg allereie fått så det tell ikkje ...

Eg har sagt klart ifrå til alle baugar og kantar i familien at det er platespeler, platespeler og platespeler som står på lista.

Og eg har oppført meg eksemplarisk i år, så eg kjenner meg ganske trygg på at eg får viljen min.

Så eg har tjuvstarta samlinga mi.

Den fyrste plata kjøpte eg fyrste oktober, etter GISKE sin konsert. Den andre kjøpte eg ei veke seinere.

Etter det var det eigentleg gjort. To plater, og eg var allereie hekta.

No har eg alltid vore fasinert av LPar, heilt sidan eg var lita og det stod ein stabel i lag med platespeleren til pappa. Eg kan ikkje hugse å ha spelt dei akkurat (eg trur ikkje eg fekk lov). Men eg hugser at eg og ein kompis brukte å snike oss til å ta dei ut av lommene for å sjå på desse rare greiene som visstnok spelte musikk.

(då eg var lita var det kassett som var tingen)

Etter kvart som eg vart eldre, og musikkinteressa mi vaks, vart platene berre meir og meir fasinerande. Men eg hadde på ein måte forsona meg med at det nok ikkje var mogeleg å få tak i platespeler sånn heilt utan videre.

(og pappa sin har vi frå før konstantert at nokon har øydelagt)

Så dei stod framleis på rad og rekke, utan å eigentleg bli nytta til anna enn hyllefyll. Til slutt rydda pappa dei vekk for å få plass til noko anna. Men han fekk streng beskjed om å lagre dei, spare på dei, til den dagen eg vann i Lotto og kunne reparere platespelaren hans.

Sidan då (men ikkje før no i det siste) har eg oppdaga at ikkje berre er platespeler relativt lett å få tak i, men det er ikkje ein tredjedel så dyrt som eg hadde trudd.

Så forrige veke leita eg fram lommelykt, og klatra opp på mørkeloftet (der eg ikkje har vore sidan eg var 13-14 og oppdaga at det var kvepsebol der oppe). Eg visste at ein plass mellom julepynt, gamle leiker, leikekomfyrar og uendelege mengder dyner og soveposar så stod det ei kasse med singel-plater.

... EPar? Sjutommer? Eg er ikkje heilt inne i språkbruken enno.

Uansett, eg gravde meg gjennom kassevis av gamle skulebøker og trakka på minst fem daude humler. Men til slutt dukka den opp. Ei kasse med ei heil grødemasse små plater. Eg fekk platene, katten fekk kassa, og mamma og pappa fekk mimra litt.

Nokre dagar seinere dukka platene til pappa opp, nedestøva i ei skuffe og lagra i stablar (pappa da *oppgitt sukk*)

Kort fortalt vart helga nytta til å snu og vende (FORSIKTIG) på gamle LPar for å sjekke om dei hadde flekkar eller riper. Utan at eg heilt visste kva eg såg etter, men eg konstanterte etter kvart at dei alle fall måtte vaskast før dei blei lagt på ein splitter ny (enno ikkje innkjøpt) platespeler.

Men så var det korleis ein gjer slikt da, utan å gjere vondt verre. Eg har over gjennomsnittet skrekk for å øydeleggje ting, og tanken på å kanskje ha sitte der med ein skitten men heilt fint spelbar kopi av Abbey Road, for så å øydeleggje den som resultat av uvitenhet, var nesten til å bli kvalm av.

For ein gongs skuld svikta google meg i søken etter bruksanvisning. Då er det steikje kjekt å ha platebutikk i nærleiken. Med kjempekjekke folk bak disken som overhodet ikkje fekk meg til å kjenne meg som den vinyl-amatøren eg eigentleg er. Eg fekk spurt alle dumme spørsmåla eg hadde, utan å kjenne meg dum i det heile tatt.

Og fekk konstantert at det nok er best å få jobb og sånn i orden før eg byrjer å handle plater for alvor. For her blir det vanskeleg å begrense seg. Sjølv om eg klarte å stoppe med ei denne gongen (eg kunne ikkje gå frå Sting, han såg så intenst på meg).

Så no må eg berre finne ein kveld der eg ikkje drukner i organisasjonsteori eller arbeidskrav om baksidene ved velferdsstaten, så skal eg sette meg ned og freiste å berge skatten min så godt som mogeleg.

Og så må eg muligens klare å overtyde Julenissen (aka pappa) om at det kanskje er like greit om eg berre får julegåva mi no, liksom. Sidan eg veit kva eg får likavel ...

Kjenner eg gleder meg noko INNMARI til den kvelden speleren er i hus, platene er reine, og eg kan ha musikalsk kistefornøyelse med ting eg har høyrt om, ting eg nesten har høyrt om og ting eg aldri i mitt liv har høyrt om.

Kryss gjerne fingrane for at Beatles-platene virker. For om ikkje noko anna er inntakt, så håper eg VERKELEG dei er det.

Klynk
Trippelklynk
Trippelklynk 
 
Trur ikkje eg kan love at denne blir så veldig mykje spelt ...





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar