tirsdag 3. november 2015

Kvardagsøyeblikk

I dag blei eg stoppa på gata i Ålesund av ein mann og ei dame. Dei fortalde at dei gjekk rundt i byen for å spørje folk om det var noko i livet deira dei kunne be for. Sidan eg verken veit kva eller kven eg trur på lenger, eller om eg trur på noko i det heile teke, så takka eg høffeleg nei.

Mannen spurde om det ikkje var nokon i familien min som trong det, kanskje nokon som var sjuke eller hadde det vanskeleg. Og eg svara han heilt ærleg at det var det ikkje, heldigvis.

Dama spurte om dei kunne be for meg, og for Jesus i hjartet mitt. Akkurat dette vart eg litt satt ut av, fordi eg nok med ærlighet kan seie at han ikkje har så alt for stor plass der. Og dette merka ho som spurte.

Men i staden for å sjå dette som ein sjanse til å pushe på litt, trekte ho spørsmålet med ein gong å sa at "om du ikkje vil prate med meg om dette så er det heilt greit altså."

Dei spurde igjen om eg var heilt sikker på at det ikkje var nokon dei kunne be for, og eg svara at det var det ikkje og at dei nok burde finne nokon andre som trong det meir.

Så sa dei takk, og eg sa takk, vi smilte til kvarandre og gjekk kvar vår veg.

I etterkant angrer eg. Ikkje på at eg ikkje ba dei be for nokon, altså. Men for at eg ikkje snudde meg og sa det eg tenkte der vi gjekk vidare i kvar vår rettning;

For ein fantastisk ting å gjere! Uansett motivasjon. Å gå rundt slik og tilby seg å be for folk dei overhodet ikkje kjenner. Ei bøn for meg personleg betyr kanskje ikkje så mykje. Men eg veit kor mykje det må bety for dei.

Det skulle eg fortalt dei, uansett korleis eg sjølv ser på religion. At eg syns dette var ein fantastisk flott ting å gjere, og at dei fortente ros for å gjere det.

Og inni meg er eg takksam for måten dei gjorde det på. Dei var verken insisterande eller pågåande, og når eg vart usikker trakk dei seg umiddelbart.

For meg har tru blitt eit forferdeleg komplekst og personleg tema, og slett ikkje noko eg sett meg ned å diskuterer med kven som helst. Både fordi eg er redd for kva andre skal meine, og fordi eg er redd for at dei som trur på "rett" måte skal bli fornærma av min heilt eigen versjon av ting.

Og det slo meg i dag at slik desse to møtte meg er akkurat slik eg vil møte, og bli møtt. Med respekt. Dei forstod nok at eg ikkje var djupt personleg kristen. Men i staden for å nytte høvet til å frelse meg så lot dei samtalen gå, og bli avslutta, på mine premiss.

Resultatet er at eg sit att med ei litt varm kjensle for to personar eg aldri hadde møtt før, og aldri kjem til å møte igjen.

Det kostar så forferdeleg lite møte andre menneske på denne måten. Men det løner seg så forferdeleg mykje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar