onsdag 24. mars 2010

Burde-burde-blogg

I dag er ein slik dag der eg burde blogga. Eg har ein million ting i hovudet, og det beste hadde vore om eg berre fekk dei ned på... om ikkje papiret, så i alle fall noko som stiller i same kategori.

Men det er ikkje alt som verken let seg blogge, eller som bør bloggast. Så i staden for å skrive noko langt og meiningslaust for min eigen del, så skriv eg heller noko... vel, noko anna.

Langt og meiningslaust kan eg framleis skrive. Det har eg alltid vore god på. Om nokon gadd å lese ti binds bøker om ingenting hadde eg vore rik for lenge sidan...

Det var ein gong at eg hadde ein slik draum; om å bli forfattar. Den lev vel for så vidt enno, men den har moderert seg noko. Litt realist er eg, midt oppi alt. Men å skrive liker eg framleis. Sjølv om det dei siste åra mest har gått i fanfiction. På engelsk. Men det heng vel litt saman med at det har gått mykje i engelske bøker.

Dessutan let ikkje eit skrivehovud som berre virker mellom midnatt og halv fire om morgonen seg forene med ein 8-16 jobb. Så det blir bruddstykke, med eit auge på klokka, og ei formanande stemme i bakhovudet som tyt på at eg burde ha lagt meg for ein time sidan.

Ideane er der. Mange av dei og. Ein som eg så vidt har byrja på, ein annan eg framleis tygger på. 14.000 eg har forkasta. Nokre eg har skrive som stiler og innleveringar på skulen, men som eg har vurdert å blåse liv i att. Bygge på. Bruke på nytt.

Det var skrive eg eigentleg skulle gjere. Etter at eg rista av meg min fyrste draumejobb (advokat, takk til John Grisham som redda meg). Eg skulle bli journalist, eg. Det var berre det at eg blei så himla sjenert som tenåring, og sjølvtilliten stupte. No er eg så heldig å ha ein jobb der eg av og til får leike journalist likavel. Men ikkje halvparten så mykje som eg kunne tenkje meg.

Så draumen lev litt enno. For seint blir det nok aldri, men kanskje det er på tide å gjere noko med den no...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar