onsdag 3. mars 2010

Same procedure as every year

Det byrjer å nærme seg ei kritisk tid på året igjen. Og eg hadde igrunn lova meg sjølv å ikkje stresse med dette i år. Eg fekk igrunn svar på det eg lurte på i fjor, i slutten av mai. Så eigentleg er det vekkasta både tid og energi.

Men, hadde det vore så enkelt at ein berre kunne fortalt det til hjartet sitt, då hadde eg ikkje hatt dette problemet i det store heile. Då hadde eg teke knekken på det med enkel logikk for lenge sidan. Då hadde eg spart meg all grublinga, både før og etter mai i fjor.

Eg slit med å skjøne det, eigentlig. Kvifor all evene til å kommunisere stopper opp når han er i nærleika. Kvifor eg ikkje klarer å konstruere setningar, kvifor eg ikkje klarer å koble hjerna og munnen. Kvifor eg ikkje kjem på dei rette tinga å seie før eg er vel heime, og irritert på meg sjølv. Det er jo ikkje det at eg ikkje vil komme på smarte ting å seie. Å dei få gongane eg får stokka orda, og faktisk opna kjeften, så er vi jo einige. Eg er jo ikkje ein komplett idiot. Og kjeften fungerer ganske bra ellers om dagane.

Berre ikkje saman med han.

Det verker for meg heilt ulogisk. At det du treng mest for å bli betre kjent med ein person, det du er avhengig av i selskap av andre, skal kollapse så totalt. Korleis i all verda skal to personer bli kjent med kvarandre om den eine ikkje klarer konstruere enkle setninger ein gong?

Eg har prøvd å gi opp og. Fortelje meg sjølv, lure meg sjølv til å tru at eg like godt kan vere meg sjølv, for eg kjem ingen veg med den eigentlege agendaen min. Så dette tullet med å vere nervøs, og redd for å seie feil ting er det berre å slutte med. Han er ikkje interessert, det er ikkje vits å prøve å imponere han på den måten.

Det går bra... heilt til dagen er der. Heilt til eg veit eg skal treffe han igjen. Då blir eg brått nervøs, bekymra, får sommarfuglar i magen. Så byrjer eg å tru det kan gå bra. At kanskje alt går betre denne gongen. Og så er eg så dum at eg tek med meg den innstillinga.

Og så blir eg skuffa. Igjen.

Eg har ingen illusjoner om at det skal bli annaleis i år. Håp, ja. Men eg veit at det same skjer. Eg trudde kanskje eg hadde tatt knekken på det no, men etter kvart som dagen nærma seg så viser det seg at neida; her er alt ved det same gamle.

Somme dager hadde det vore innmari om hjerna hadde ein av-knapp...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar