onsdag 3. mars 2010

To-delt

Eg kjenner meg splitta i dag. Ein del av meg er pottsur på at Annette Sagen ikkje blir første hopper i ny-Kollen likevel. Den andre har berre lyst til å gi Bjørn Einar Romøren ein "stakkars-liten-kom-hit-skal-trøste-eg"-klem.

Ein del av meg syns det heile er idiotisk. Den same delen kan ikkje forstå kvifor Sagen ikkje kunne prøvehoppa sjølv. At nokon måtte teste før det første "offisielle hoppet" seier seg litt sjølv, men har du sagt 'første hoppar' så har du sagt ' første hoppar'.

Den andre delen skjøner ikkje heilt problemet... eg mistenkjer at den andre delen er litt partisk. Men den delen slit litt med å vere forbanna. Den delen passer seg vel for å halde meir eller mindre kjeft, for den delen veit at den tek feil. Men den kan ikkje noko for det.

Bjørn Einar Romøren har alltid vore favoritten min. Eigentleg burde han slutte å vere det no... men eigentleg ikkje. Eigentleg burde han ha sagt 'nei' til å hoppe først. Men eigentleg, etter 6 år som Romøren-fan, kan eg skjøne kvifor han ikkje gjorde det.

På same tid er eg litt skuffa. Men ikkje så skuffa at eg ikkje tykjer synd i han. Han har fått sin del kjeft allereie, og det blir nok ikkje betre utover dagen. Og på ein måte har han fortent det. Men på ein annan måte er det ikkje han som fortener det mest.

Uff... eg er i det heile teke veldig splitta. Skulle ønske folk ikkje laga slike problem for meg *sukk*

Og så kan ein jo spørje seg, som denne twitraren;
Hadde folk vært like forbannet om Anette Sagen hadde sneket seg til et hopp om kommunen hadde valgt Romøren?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar