torsdag 1. juli 2010

Elsk/hat-forhold

Det slo meg, midtvegs i Chances are i dag, at tre romantiske filmar på ein dag umogeleg kunne vere bra for den håplause romantikeren eg er.

Eg tok faktisk feil.

Eg aner ikkje kva det er med meg for tida, men det kjennes som nokon har gitt meg ei sprøyte med optimisme. Sånn romantisk optimisme.
... altså, det må vere ein form for injeksjon, for på den reint praktiske sida er det ingen grunn til at eg skal kjenne det slik.

Eg elsker eigentleg å vere forelska. Både på godt og vondt. Elsker å alltid ha noko i tankane som får meg glad. At berre tanken på eit litt skeivt smil, eller måten luggen fell på, eller korleis han sparker i bakken når han er flau, kan få meg til å smile. Eg elsker den kjensla av at alt betyr noko, om enn berre for meg. Alle blikk, alle ord, det faktum at han har gissa kva favorittlaget mitt er enda eg ikkje har fortalt han det.

Eg elsker å drøyme meg vekk. Å la dagdraumane ta overhand, og la dei gå så langt at eg til slutt må riste kraftig på hovudet for å finne tilbake til røynda. For så å drøyme meg rett tilbake att, like etterpå.

Elsker å gå å spare på små settningar, kanskje berre eit ord, i fleire dager og smile ved tanken på korleis det vart sagt. Elsker å tenkje på at kanskje akkurat denne gongen, så tyda det noko anna. At kanskje det smilet skulle seie noko meir.

Eg syng heile tida når eg er forelska. Eg ser berre dei positive tinga. Eg gløymer rett som det er at vi to ikkje er dei einaste i verda. Og dette sjølv om eg kanskje eigentleg berre beundrer han på ein viss avstand.

Eg rett og slett elsker å vere forelska.

Og nett derfor uroar det meg at eg ikkje er meir uroa over at eg ikkje er forelska akkurat no. *

Eigentlig burde eg ha panikk. For eg har på ein måte gått tom for prospekt. Og eg er ikkje den flinkaste i verda til å finne nye. Det er trass alt skummelt, det kan jo hende eg faktisk finn eit. Eg er litt pyse sånn. For tenk om nokon skulle forstå at eg er forelska. Og, om vi ser på alt det overnenvte, så er eg ganske sikker på at eg har 'forgapt' skrive i panna med raud tusj når eg er på mitt verste. Tenk så fælt om nokon skulle forstå at eg er det. At eg faktisk har funne nokon som kanskje kan gjere meg lukkeleg.

Eller tenk om han skjøner det. Det er enda verre. Det blir påstått at "it's better to have loved and lost, than never to have loved at all". Eg er ikkje heilt med på den. For den augeblinken du fortel nokon kva du føler, kor sterkt du føler, då er du den mest sårbare personen i heile verda. Og det skal ikkje mange orda til for å knuse deg til pinneved, og redusere hjartet ditt til ein hard, iskald liten klump som sig ned i magen. Eg er stadig like forundra over at folk våger. Å gi andre ei slik makt over seg sjølv. Å gi nokon sjansen til å knuse deg med eit enkelt 'nei'.

Då er det faktisk nesten betre å leve i uvissa. Då kan ein i alle fall late som den personen kanskje kunne kjenne noko av det same.

Samstundes vil eg gjerne og. Finne nokon eg kan gi den sjansen. For uansett kor mange gonger eg feiler, uansett kor mange gonger eg har måtte innsjå at dette ikkje går vegen heller, uansett kor mange gonger eg har hatt bruk for Someone like you som terapi ... eg gir liksom ikkje opp, uansett.

Om det er ei form for styrke, eller berre sjølvpining, har eg enno ikkje funne svaret på.


* (Robert Downey Jr. tel ikkje då han er; kjendis, gift og langt utanfor mi rekkevidde (både geografisk og reint praktisk (altså, som i 'kjem-ikkje-til-å-ha-sjans-om-eg-prøver-ein-gong" (for han er ikkje så høg da, han er faktisk ganske liten (av vekst altså (usj, dette blir berre feil uansett))))))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar