onsdag 28. juli 2010

Ikkje-filmtips

Med nyskaffa DVD i går (som attpåtil byrja på -f) måtte eg ommøblere litt i DVD-stativet. Og då slo det meg; kanskje det er på tide å nemne nokre filmer ein ikkje bør sjå?

No er det så klart med film som med mannfolk, fotballag, brus osb; kvar sin smak. Men det står nokre filmer i samlinga mi som nok aldri kjem til å bli spelt igjen;

Envy
Tim og Nick er bestekompisar, naboar og kollegaer. Men vennskapet blir sett kraftig på prøve når Nick (Black) blir rik på oppfinninga si Vapoorizer, ein spray som bokstavelig talt får hundebæsj til å forsvinne. Etter kvart som formua til Nick veks, blir Tim berre grønere og grønere av sjalusi.

Kombinasjonen komedie, Ben Stiller og Jack Black kan umogeleg slå feil, ikkje sant? Envy er unntaket som bekrefter regelen.
Ikkje det, Envy freister å vere morosam. Litt for hardt, til tider. Og den feiler, gong på gong. Den blir faktisk litt flau. Og er ikkje verdt tida di.

A guide to recognizing your saints
Forfatteren Dito vender tilbake til nabolaget han vaks opp i etter 15 år, fordi faren hans har blitt sjuk. Vi blir teke med tilbake til ungdomstida hans i glimt, og får historia om kvifor han til slutt rømte frå livet der. Men er det for seint å kome heim?

Huff ... eg mista interessa fire gonger i løpet av det fyrste kvarteret. Denne er umåtelig keisam og langdryg. Og klaustrofobisk. Og trist. Har eg nemt keisam? Og klaustrofobisk?
Den kunne vore interessant. Ein sånn film du berre må sjå korleis det går i til slutt. Men det er den ikkje. I staden tek du deg i å sjå på klokka, ramle ut av historia utan å føle du har gått glipp av noko når du ramler inn att, eller bli meir interessert i Twitter enn det som foregår på skjermen.
Denne kunne vore god. Det er den ikkje.



Dr. T and the women
Dr. T (Richard Gere) er omringa av kvinner. Ikkje så rart kanskje, når han er gynekolog. Heime har han ei lesbisk datter som skal gifte seg (med ein mann), ei datter som ser konspirasjoner alle stader, ei kone som er i ferd med å få nervøst samanbrudd og ei svigersøster som roter seg borti alt. Livet er mildt sagt komplisert.

Denne har potensiale til å vere morosam og søt. Eller i alle fall litt interessant. Den er ikkje det. Ikkje i det heile teke. Ikkje litt ein gong. Du får rett nok fysisk vondt av situasjonen til kona hans, Kate, men du får og fysisk vondt av kor dårleg filmen er. Og før du veit ordet av det er den slutt. Og sjølv om eg forstod kor dei ville med slutten, så funker den overhodet ikkje.

Nei, nei og atter nei. Ikkje ein gong for Richard Gere.

Friends with money
Fire venniner. Tre gifte og rike, den fjerde (Olivia) tidlegare lærar og no hushjelp. Ekteskap i ulike stadier av 'lukkeleg' og problem problem problem.

Stort meir konstruktivt kan eg ikkje seie om plottet i denne filmen. Den freister nok å skildre korleis det er å vere "fattig" mellom rike, men ja ... nei. Dette går berre ikkje. Ikkje skjøner du historia, ikkje er den spanande, ikkje treff den deg på nokon måte. Det blir berre keisamt.

The 13th warrior

Ein araber fyljer med ei gjeng vikingar på tokt for å øydelegge Wendol. Filmen er basert på boka "Eaters of the dead", og har mellom anna Antonio Banderas i hovudrolla og vår eigen Dennis Storhøi som "sidekick".

Eg trudde ærleg talt ikkje at det var mogeleg at ein film med så spanande tema kunne vere så (for å bruke eit sunnmørsuttryk) dørgande kjedli! Eg brukte heile filmen på å studere engelsken til Dennis Storhøi og lure på kva for ei scene det var han nesten drukna under.

Liker du gudar og mytologi og moster og di greian der er det mist 20 filmer som kjem før denne på lista. Kanskje til og med fleire enn det.



Dette er filmer eg aldri skal sjå igjen (i alle fall ikkje frivillig). Det finnast sikkert nokon som liker desse og. Men huff. Nei. Berre. Huff

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar