torsdag 8. juli 2010

Filmtips (med fare for fabling etterpå)

Only you

A love story written in the stars



Som liten leiker Faith og bror hennar med eit Ouija-brett, og der får ho opp namnet på sjelevenen sin. Når ei spåkone ser det same namnet i krystallkula si er ho overbevist; Damon Bradley er mannen ho skal gifte seg med.
15 år seinere skal Faith gifte seg. Men ikkje med Damon Bradley. Ti dager før bryllupet ringer det faktisk ein ved det namnet for å snakke med forloveden hennar, og ho hiv seg på eit fly til Italia på jakt etter drømmemannen.
Og ho finn han. Det er berre eit problem; han har feil namn.

Eg skal aldri aldri aldri snakke stygt om gamle filmar igjen. Aldri! Eller, gamle? Only you er fra 1994. Ikkje så gammal, trass alt.

Eg drit i at denne er forutsigbar. At du skjøner kva som kjem til å skje den augeblinken Marisa Tomei dulter borti Robert Downey Jr. i ei travel, italiensk bakgate. Det er sukkersøtt, klisette, romantisk som berre juling og eg elsker kvart eit minutt.

Om du kjenner deg håplaust singel... så kjem ikkje denne til å hjelpe i det heile teke. Men sjå den likevel.

- * -

Det er eigentleg sånne filmer eg ikkje bør sjå. Eg har ein god porsjon håplaus romantiker i meg frå før, denne hjelp overhodet ikkje på den diagnosen.

Ikkje det, det var verre før. Då trudde eg at det skulle vere sånn. No drøymer eg berre om at det skal vere sånn. Det treng ikkje å stå skrive i stjernene, han treng ikkje å dukke opp som ein ridder på kvit hest. Det hadde berre vore ein ekstra bonus.

Men eg liker å drøyme meg vekk. Å sjå slike filmar, og så tillate meg sjølv å tru at det er sånn. I alle fall ei stund. Dessutan veit vi alle at når vi blir forelska så er det sånn. Då står det skrive i stjernene. Du berre såg det ikkje sjølv.

Det hadde forøvrig ikkje skada å sett ut som Marisa Tomei. Just saying ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar