lørdag 3. juli 2010

Filmtips: Zodiac

There's more than one way to lose your life to a killer



Basert på den sanne historia om ein seriemorder i San Francisco Bay-området i 1970-åra. Han kaller seg Zodiac, og sender brev til politiet og pressa med koder, der han utfordrer dei til å ta han før han drep fleire. Både politimenn og reportarar blir besatt av å fange han.
Filmen er basert på boka til Robert Graysmith, som vi også treff i filmen.


Eg elsker gåter. Og krim. Og puslespel. Og koder. Og alt sånt. Så faktisk; denne filmen kjøpte eg heilt uavhengig av at Robert Downey Jr. er med i den. Denne går under Innfallsprinsippet. Den såg berre innmari spennande ut.

Eg tok ikkje feil.

Dessutan er det noko med sanne historier, anten dei er litt pussa på eller ikkje. Og til å vere amerikansk så er denne overraskande bra pussa på. Ikkje noko Hollywood her i garden. Historia er spanande nok i seg sjølv, og det faktum at den er sann gjer det berre enda verre. Dessutan er skodespeler-prestasjonane knallgode (mellom anna Jake Gyllenhaal, Mark Ruffalo og Robert Downey Jr.)

Om du liker krim og gåter er denne absolutt for deg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar