torsdag 8. juli 2010

Kjeder meg - lager blogg-ting

Eller, lager? Stel frå Førkveld, heiter det.

Du kan invitere fem personar til middag, uavhengig av om dei er ekte, eller framleis er i live. Kven inviterer du, og kvifor?

Prinsesse Diana

Ho er alltid den fyrste eg tenkjer på i sånne samanhengar. Eg slit litt med å heilt forklare kvifor, men eg har alltid likt henne. Ho var ein fantastisk person. Ikkje perfekt, men fantastisk. Eg kunne lært så mykje av henne, ho må ha så mykje å fortelje. Eg hadde nesten ikkje trengt fleire gjestar.

Farfar
Farfar døyde lenge før eg var på teiknebrettet. Lenge før pappa i det heile teke hadde truffe mamma. Så eg har berre høyrt pappa fortelje om kven han var. Og eg får for meg at han var ein ganske kul person. Alltid med ein god kommentar, ein liten ertekrok, men snill og god på bunn. Då eg var liten brukte eg å snakke med han, eg hugser eg alltid tenkte at han passa på meg på eit vis. Det hadde berre vore så gøy å kunne treffe han.

Ole Gunnar Solskjær

Favorittspelarar kjem og gjeng, men Ole Gunnar kjem alltid til å sitje att. Mykje fordi han er så utypisk englands-proff som dei kan bli. Han stiller litt i same klasse som Diana, dog på ein litt annan måte; ein person eg sikkert kunne snakka med i evigheter (om eg hadde våga å spørre om alt eg lurer på). Dessutan må eg jo fortelje han om særoppgåva eg skreiv om han på ungdomsskulen.

JK Rowling

Så klart. Og eg skulle prøvd å la vere å spørre om ALLE HP-relaterte tinga eg ville. Utan at eg trur eg hadde lukkast med det. Men eg kunne absolutt spurt ho ut om det å vere forfatter, om korleis det er å ha ei heil VERD ventande på den neste boka, om å takle forventningspress. Og litt om Lily og Severus. Eg må jo berre.
Og takka for for Harry Potter-serien, som har vore så mykje meir for meg enn berre ein bokserie.

Robert Downey Jr.

Før du slutter heilt å ta meg seriøst, så høyr grunnen min:
Han verker sjølvklart som eit logisk val kun fordi han har vore det einaste eg har snakka om i tre veker. Men, tenk på dette;
Tenk for eit liv! For ei historie. Og han snakker jo gjerne om det, virker det som, så lenge det går på hans eigne premiss. Og det skulle det jo gjort. Dessutan er det meir enn det; yrket hans, musikken hans. Eit innblikk i livet som skodespeler, kva gjer at du vel akkurat den filmen, det skriptet, den rolla? Korleis forberede seg til ei spesiell rolle. Og dette er jo eit middagsselskap, ikkje eit intervju med Vanity Fair, så svara ville kanskje vore ærlegare.


Så, der har du min gjeng. Eg skulle sikkert vore skikkelig djup og valgt Jane Austen, eller Abraham Lincoln eller Graham Bell eller nokon i den duren. Men, då hadde nok samtalen gått over hovudet på meg. Så eg står for vala mine. (med forebehald om at eg ombestemmer meg ;)

Kven er dine?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar