onsdag 14. juli 2010

Lazy days

Det har vore stille her i det siste. Og det er fordi det har vore stille her [slår ut med armane] i det siste. Eg har nett kome heim frå slektsbesøk, og det skjedde ingenting der heller.

Bortsettfrå at eg har konstantert at eg ikkje får sove i same rom som ei som snorker, og ei som snakker i søvne. Og at sofaen til mormor er ganske god å sove på.

Elles kan eg summere opp den siste veka ganske greit; regn, regn, sol, regn regn, ostehornbaking, regn, fjelltur m/regn, lokaloppgjer (men eg har jo lova å ikkje fotballblogge her) og ja, du gjetta det; meir regn.

Ja, og så hadde eg besøk av vennine med sjarmør på åtte månader forrige torsdag. Han var veeeeeldig skeptisk til meg i om lag fem minutt, heilt til han oppdaga at eg laga rar grimase når han såg på meg. Etter det var eg godtatt.

... vil ha sånn eg og ...

Altså, ikkje no på sekundet. Men ja. Eg vil havne i ein situasjon der eg i alle fall har ingrediensane klar, sånn at når begge vi to som er i den situasjonen begge er klar for å havne i den situasjonen saman så er det berre å sette i gong.

... altså, kortfatta; vil ha mann. Og romantiske kveldar i mange år framover. Og så baby. Når vi begge er klare. Og hus. Men ikkje stasjonsvogn. Med mindre han går med på å køyre den. Men den tid den sorg.

Så ja. No som eg har skremt vekk alle potensielle friarar som les denne bloggen så kan vi gå over til mindre kontroversielle tema.

Det regner forøvrig framleis ute. Og det er mørkt. Og kaldt. Og eg er ikkje heilt sikker på om det framleis er juli ...

Eg går framleis med den kjensla av at eg berre har ferie. At eg skal byrje å jobbe att snart.

Og det skal eg jo, for så vidt. Eg veit berre ikkje når. Eller kvar. Eller med kva.

Defying gravity; not sho bad axchually

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar