torsdag 11. mars 2010

#sint

Eg plar som regel ikkje å vere sinna for slike ting før nærare sommar og feriertid, men saker som dette gjer meg verkeleg provosert!



Det er få ting eg blir så sinna på som folk som behandler kattar som forbruksvare! Du ser det kvar sommer; folk reiser på ferie, og let katten seile sin eigen sjø. Eller som over, dei dumper den i håp om at nokon forbarmer seg... eller kanskje bryr dei seg ikkje i det heile teke, kva veit vel eg?

Dyrebeskyttelsen sine kattehus renn over av stakkars, utsulta, gløymde kattepusar i alle aldrar som ikkje har gjort noko anna gale enn å bli adoptert av ein familie ikkje ser på dei som levande vesen.

Kor vanskeleg kan det vere? Då eg var lita hadde vi og katt, men det var alltid nokon i nabolaget som ville ta på seg å mate ho den/dei vekene vi var på ferie. Vi har katt no og, men han er innekatt så han sender vi på kattepensjonat. Er da tross alt vi som har bestemt oss for å ha katt, då skal ikkje han lide fordi vi skal på ferie.

Kva lærer eigentleg borna av dette? At det er heilt greit å kvitte seg med eit levande på same måte som ei øydelagt leike, eller eit par sko med hol i? Eller lyg dei til ungane, og seier at katten har blitt påkøyrd eller liknande? Eg hugser då katten min døyde då eg var 9. Eg var knust i vekesvis etterpå. Er det verdt det å sjå poden så lei seg?

Det er veldig enkelt; hvis du ikkje vil/har tid/har lyst på dyr; Ikkje skaff deg dyr!

1 kommentar:

  1. Heilt enig. Og eg meiner også et kattar, slik som blandingshondar no ofte blir, selde for ein god del pengar. Då blir det verre for folk å berre dompe, då har dei "invistert" i noko.
    Nei, fy på alle som berre dompar dyra sine.
    Men kansje katteeigare skulle tengt over kor enklare det eigentlig er med kastrerte kattar, så slepp mei problemet.

    SvarSlett