søndag 4. juli 2010

Filmtips: Dorian Gray

(eg lover det kjem ein skikkelig blogpost att snart)

Forever Young. Forever Cursed.


Unge Dorian Gray (Ben Barnes) kjem til London. Han har arva hus og formue etter bestefar sin, og blir introdusert for fiffen i byen. Der møter han den sjarmerande og kynisk Lord Wotton (Colin Firth), og fell snart for hans sjarm. Samstundes blir det laga eit portrett av Dorian, og biletet viser seg etterkvart å ha ei urovekkande effekt. Trass eit liv der Dorian gir etter for alle tenkjelege fristelser, forsett han tilsynelatande å vere evig ung. Men alt har sin pris.

Denne anbefalast under tvil. Ikkje fordi den ikkje er verdt å sjå, men fordi eg må sjå den ei par gonger til før eg verkeleg kjem under huda på den. Filmen er basert på ei bok av Oscar Wilde, og det aner meg at store deler av boka har blitt utelatt i filmen. Samstundes må ein liksom berre sjå korleis det heile ender.

Dessutan er det verdt å sjå ein kvar film der Colin Firth freister å spele skurk.

2 kommentarer:

  1. Jeg ELSKER den boka! Den er fantastisk! Jeg leste store deler av den på en benk ved ei elv midt på sommeren, fra morgen til kveld.

    Denne filmen må jeg desidert få med meg. Hurra!

    SvarSlett
  2. Eg må absolutt lese denne boka, eg sit med hol eg er sikker på bokversjonen fyller :) Den må berre stille seg i kø bak Sherlock Holmes-samlinga som kjem neste veke :P

    SvarSlett