torsdag 24. juni 2010

15 blogger på ein gong*

1. Den der "blomer-under-puta"-greier trur eg vi tek med ei klype salt. Drøymde rett nok at eg var i eit ganske romantisk forhold med ein innmari flott mann. Men i og med at det var Robert Downey Jr., trur eg vi konkluderer med at det ikkje var blomane si forteneste ...


2. Eg er om lag 3 IKEA-prøveligg annonser unna å kjøpe Spotify Premium. Då får eg trass alt brukt det på iPhonen min og. Og 99,- i månaden er jo ikkje store summen. Eg bruker sikkert meir på sjokolade, om eg rekner over. Og sjokolade og musikk er jo dei to viktigaste tinga livet mitt ... ja, og AaFK.

3. TIPPELIGAABSTINENS! VM er vel og bra det, men no sakner eg verkeleg norsk fotball med middles ballmottak, spelarar eg stort sett kan namnet på og det å faktisk få sitje på ein arena og rope og skrike i lag med 10.000 andre gærningar.


4. Eg vil ha sommer. NO. Det var sol i går, rett nok. Men i dag vakna eg til skyer og duskregn att. Eg veit eg bur på Sunnmøre, men bittelitt finevêr må det då gå an å få be om?

5. Eg byrjer å lure på om overskrifta var litt vèl optimistisk. Men men, er det noko eg kan så er det å legge ut om ingenting.

6. Eg er framleis forvirra, forresten. Og no er eg attpåtil forvirra over at eg framleis er forvirra. Det skal søren ikkje vere enkelt. Deler av livet burde absolutt ha bruksanvisning. Eller kanskje fasit.

7. Eg har nesten utelukkande høyrt på The Futurist i ei veke i strekk. Det er, om mogeleg, det finaste albumet eg nokon gong har eig. Den mannen burde låsast inn i eit studio, og ikkje sleppe ut at før han har spelt inn eit nytt. Gjerne med In my dreams på. For eg fann orginalen. Og fysj! Og Iris. For la oss innsjå det; han hadde gjort originalen til skamme.

8. City of Angels er forøvrig ein ond ond ond film. "Sjå den, den e KJEMPESØT!" Kjempesøt my ass. Har ikkje vore så forbanna sidan Sweet November. Usj!

9. Ondaste reklameplasseringa ever:

For det fyrste må du ikkje bruke orda 'sugen' og 'kjæreste' i same settning. Ikkje med den hjerna eg har. For det andre kjenner eg meg litt støtt. Sida roper liksom "kom dej te helsikke ut i den virklie verda å finn dej en mann, i staden for å sete her å sikkle på gifte skuespelera du aldri kjem te å kome i nærheten av!". Og for det tredje så ja. Har du sett det litt sånn bedande, kvalpe-blikket der?

10. Dette går jo så det suser!

11. Når det er sagt så byrjer eg å gå tom for idear. Kven trudde det gjekk ann, liksom.

12. Eigentleg har eg ikkje tid til å sitje her. Eg skal rydde leilighet, handle inn til "komponer-din-eigen-pizza"-bursdagsfeiringa i morgon, lage kjøttkaker og rekke å gru meg litt til tannlegetimen min i morgon.

13. Seriøst; kven i helsikke set opp folk med tannlegeskrekk til time dagen før dei har bursdag? Er dett hevn for den gongen eg spytta på han, liksom?
... altså, eg spytta ikkje med vilje. Eg gurgla berre, og så var han tilfeldigvis veldig i nær akkurat då. Han er snill altså, tannlegen min. Og han har ikkje akkurat fått den enklaste pasienten i verda. Sist eg hadde hol sat eg på venterommet og grein av nervøsitet. Så eigentleg burde han fått blomer. For han er flink altså. Verkeleg!

14. Alle uteplantane mine lev enda! Til og med den med blomer på! Og eg har hatt dei i over ein månad. Kanskje det er håp for meg enda.


15. Således. No skal eg gjere nytte for meg. Faktisk. Snart. Etter at eg har leika meg litt med Garage Band.


* referanse, så klart, til Odd Nordstoga sin 15 songer på ein gong. Men det skjønte dykk jo alle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar