fredag 18. juni 2010

Kunsten å lese cover

Hadde filmkveld i går. Etter nøye gjennomtanke, og dilemma-lufting på twitter, enda eg opp med Short Cuts og Kiss kiss bang bang. Rekk jo fint to på ein kveld, skulle jo ikkje tidleg opp. Så eg poppa eit par kilo popcorn, stappa Short Cuts i Xbox 360'en, og rigga meg til i sofaen med det eg trudde var ein slags "amerika sitt svar på Love Actually".
... joda.

Fyrste feil var å tru at denne var ny. Kvar eg hadde fått for meg at den var ny veit eg ikkje, men til opplysning er Short Cuts frå 1993. Eg var altså 10 år då denne vart laga. Som sett litt perspektiv på kor mykje eldre enn meg Robert Downey Jr. er. Sidan han var vaksen allereie i denne.
... ja, eg kjøpte den for Robert Downey Jr. What else is new? Meeen, som så mange gonger før; came for the man, stayed for the plot

For for det andre; namnet på filmen bør ikkje brukast som måleeinheit for filmen si lengde. Med mindre du tek Tolkien-sitatet "Short cuts make for long delays" med i reknestykket. For SHORT cuts varer i 3 timer. Nei beklager. 3 timer og 18 minutt. Short my ass.

Men, desse to forhaldsvis store mistydingane sett til sides; For ein film! Tre timer gjekk fort som fy, eg blei heilt oppslukt i alle historiene. Samanlikninga med Love Actually var ikkje heilt på bærtur, men på same tid kjennast det heilt feil å nemne dei i same settning. To heilt ulike filmar. Utan at eg på nokon måte kort kan oppsumere Short Cuts. Annan enn å seie at det er ein haug historier som alle høyrer saman.
Så, om du har regn og tre timer til overs; sjå Short Cuts. Stol på meg, det er verdt det.
(dessutan regner det. kva anna skal du gjere?)

Men, det blir ikkje filmkveld av berre ein film. Og eg hadde bestemt meg for å rekke Kiss kiss bang bang i går og. Dessutan var det popcorn att.

Kiss kiss bang bang er GENIAL! Altså, ikkje sånn banebrytande haleluja-kvifor-har-ingen-laga-sånn-film-før genial. Genialt for meg er ting eg simpelten elsker. Og denne elska eg frå fyrste stund. Robert Downey Jr. som forteljar! #WIN

... ja, Robert Downey Jr. var i denne og. Det går mykje i Robert Downey Jr. for tida. Og, nei. Eg har ikkje tenkt å korte ned namnet til Robert Downey Jr., til for eksempel RDJ. Det er litt som med Bård Vegar Solhjell. Det blir berre feil å korte ned.

/sidetrack

Kiss kiss bang bang var det vi snakka om. Fine fine filmen. Rare, morosame og bittelitt romantiske filmen. Men fine fine fine filmen. Og Robert Downey Jr. i hovudrolla til tross; noko av det beste med heile filmen er Val Kilmer som homofil privatdetektiv. Trur samtlige av replikkane vart levert dryppande av sarkasme.

Seriøst; perfekt film. Sjå den!

Og så rakk eg ein av kortfilmane på Eros. Altså, den einaste kortfilmen eg hadde tenkt å sjå. Den med Robert Downey Jr. I svart/kvitt. Med hatt. Og dress. Og vannkjemma hår. Og den som trudde at denne skulle handle om erotikk tok skammeleg feil... sånt reint bortsettfrå den effekten du får av å sjå Robert Downey Jr. liggande....

ANYWHO; denne var faktisk litt søt. Og morosam. Alan Arkin som psykolog. Litt omstilling, sist eg såg han var han harsj-røykande bestefar i Little miss sunshine (som forøvrig er genial den og).
Men alvorleg talt. Denne var litt søt. Equilibrium heiter den. Må ikkje forvekslast med ekle Sean Bean-filmen.

Etter denne var det framleis popcorn att. Men klokka var og halv 3 på natta. Så eg får ta resten i kveld; A guide to recognizing your saints. Og Casablanca. Eller Lost in Austen. Eller Clarissa. eller alle fire.

... eg byrjer å bli litt for gla i å ha fri ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar